tirsdag 21. april 2015


 «Ytringsfrihet bør finne sted»
Denne formuleringa er henta frå 1814-grunnlova. Det betyr visstnok at det skal vera ytringsfridom i landet.
Torsdag 5. mars var Huset på Feda fylt til siste plass for å høyra Henrik Syse greia ut om  ytringsfridom og ytringsansvar.
I etterkant av Syse har eg tenkt på om vi ikkje også har noko som vi kan kalla ytringsplikt? Kanskje ytringsansvar og ytringsplikt nesten er det same? - Ikkje heilt det same. Slik eg ser det, blir ytringsansvar ofte feiltolka og resulterer i negativ sjølvsensur. Ein tenkjer gjerne at når han eller ho, som er høgare oppe på samfunnet sin rangstige, og har høgare sosial status enn det eg har, ikkje seier noko, så kan eg også teia stille. Men den situasjonen er farleg! Før ein veit ordet av det, er ein fanga i konsensusnettet, i fleirtallsnettet. (Den som tier, samtykker.) Det er ofte denne situasjonen som gjer mobbing mogelig i skule og arbeidsliv.
I 1930-åra såg Arnulf Øverland at det politiske klimaet og den sosiale utviklinga i Tyskland ville føra landet, Europa og verda ut i eit globalt inferno. Han såg sitt ytringsansvar, og i 1935 kom diktet «Du må ikke sove!». Han såg det slik at han hadde ansvar - plikt - til å seia i frå. For dette hausta han vondord: Hitler var ingen fare! Ja, han vart endåtil skulda for å vera krigshissar. «Verg deg, mens du har frie hender! Frels dine barn!  Europa brenner!»
I Bibelen finn vi fleire døme på  ytringsfrihet/ytringsansvar: Ein gong sat to blinde menner ved vegkanten. Då dei fekk høyra at Jesus frå Nasaret gjekk framom,  tok dei ansvar. No var anledninga, den gylne  augneblinken, komen. Dei påkalla merksemda til Jesus med høgmælte tilrop: «Jesus, du Davids son. Miskunna deg over oss!» Folkemengda bad dei dempa seg og oppføra seg som folk. Men dei gav seg ikkje og ropa berre endå høgare. Dei tok personleg ansvar i situasjonen! Jesus stansa og spurde kva dei ynskte. Og dei var konkrete: «Lat augo våre bli opna, Herre!» svara dei. Jesus fekk inderleg medkjensle med dei og rørte ved augo deira. Straks kunne dei sjå, og dei følgde han».
 Nokre kapittel lenger ute i evangeliet etter Matteus (Kp. 25) høyrer vi om den store og endelege dommen:
«For eg var svolten, og de gav meg mat; eg var tørst, og de gav meg drikke; eg  eg var i fengsel, og de vitja meg. Då skal dei rettferdige svara: Herre, når såg vi deg svolten og gav deg mat, eller tørst og gav deg drikke? Når såg vi deg framand og tok imot deg, eller naken og kledde deg? Og når såg vi deg sjuk eller i fengsel og vitja deg? Men kongen skal svara dei: Sanneleg, eg seier dykk: Alt de gjorde mot ein av desse minste syskena mine, det gjorde de mot meg.»
I dag kjempar Israel som nasjon og jødane som folk ein fortvila kamp. Meir enn 20 nabostatar har svore på at Israel skal slettast frå jordas overflate. (På karta deira er Israel ikkje teikna inn!)           Og situasjonen er at nasjonane i verda mest samstemte går mot Israel. Noko som fortonar seg mest som avskrift av profetiane i Bibelen. Og Norge har eit bispekollegium, eit kyrkjemøte og eit kyrkjeråd som er negative både til landlovnadane i Bibelen og til Israel. Dei er samde med Israel sine fiendar i deira tolking av Bibelen: «Jødane har ingen spesifikk rett til landet. Landløfta i Bibelen gjeld ikkje i dag for jødane. Jesus var palestinar.» «Eigedomsretten til landløfta tilhøyrer no kyrkja».
Vi kan også la tanken dvela ved den etiske situasjonen i vårt land. Svært mange av dei sosiale og kulturelle leiarane våre finn det vanskelig å skulla forhalda seg til føresegner (dei 10 boda) som er fleire tusen år gamle. Men boda er gjevne oss av Gud. Han som er frå æve til æve.
På den siste store dagen, når vi skal stå til rekneskap for gjerningane våre, spørst det om det er godt nok å seia at eg viste god folkeskikk og følgde fleirtalet: «Israel ligg i den senga dei sjølve har reidd opp! Dei kjempar som for livet og forstår visst ikkje at motparten er godviljens menn!» Og dersom det vert snakk om svolt, fengsel og lite klede, er eg då på trygg grunn om eg forsvarar meg med at vi i Norge hadde ei av verdas beste sosiale-lovgivningar? Difor var det ikkje så aktuelt med personleg innsats frå mi side.
I to tusen år har kristendommen som religion vorte definert som trua på Jesus som Kristus (Messias) og at ein følgde den moralen som ein finn beskriven i Bibelen (dei 10 boda). Slik er det ikkje lenger. No har bispekollegiet, dei teologiske lærestadane og mange prestar tilteke seg sjølv makt og myndighet til å omskriva religionen slik at han blir politisk korrekt og i samsvar med mote-tankar i tida. Sterke krefter arbeidar f.eks. for at likekjønna par skal kunna vigslast i kyrkjene. Det Bibelen kallar synd, vert erklært for å vera rett kristen tru og moral.  
Dei prestane og biskopane som hevdar at eit læresyn er rett fordi det har kyrkjelege fleirtalstilslutningar på si side, må sjølvsagt få lov til å halda på si overtyding, men vanleg folkeskikk tilseier at dei dannar sitt eige trussamfunn og ikkje øydelegg Den norske folkekyrkja.
Kvinesdal 16.04.2015

Kjell M. Sinnes

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar