mandag 14. mai 2012

Sirdal

Menneske eg møtte: ”Fidjeland-gutane”

På Moi i Kvinesdal budde ein søskenfamilie, Jørgen (Jorg), Per (Pit) og Pauline.
Far deira var komen frå Fidjeland i Sirdal. Familien busette seg i Lyngdal. I heile Lygna-dalføret er slekts-namnet Fidjeland velkjent. Fetteren til Fidjeland-brørne, John Fidjeland er t.d. ordførar i Eiken.

Eg skal fortelja litt omkring Fidjeland-brørne, Fidjeland-gutane, som far min nemnde dei.
Fleire av borna reiste til Amerika og freista lukka der. Dei eg har best kjennskap til, er brødrene Jørgen (Jorg), Gabriel (Gilbert) og  Per (Pit). 
Jorg Fidje lærte eg å kjenna under namnet ”Kloge-Jøren”. Han kom heim frå Amerika like etter krigen. Ei tid budde han i Ousdal. Der han hadde leigd seg inn hos Todne Ådneram.
Jorg var ein eigenarta person. Det norsk-amerikanske karakteriserte han på fleire vis; både i språkføringa, klesbunaden, tankegangen og i levemåten.
I Amerika hadde han kome i kontakt med religiøse straumdrag påverka av hinduismen. Han var t.d. ein varm tilhengar av Mahatma Gandhi, trudde på sjelevandring og var svært begeistra for den enkle måten Gandhi levde på.
Jorg hadde høyrt at då Gandhi var i London og forhandla med britane om fridom for India, då hadde han med seg nokre geiter for å ha dagleg tilgang på nysilt geitemjølk. Eit næringsemne han meinte var avgjerande viktig både for kropp og sjel. I Ousdal kunne han  få tilgang på geitemjølk. Jørgine, bestemor til Jøren-Ola, hadde geiter. Tinginga han gav henne, var 3 liter geitemjølk til dagen.
Jørgine fortalde at ho hadde sagt til han at 3 l/dg var for mykje for eitt menneske. Svaret var at så mykje brukte Gandhi. Jorg måtte difor ikkje ha mindre. Men det er mogelig at aktivitetsnivået ikkje var så høgt i Ousdal som det var i London, og at forbruket difor vart mindre, for då våren kom og snøen smelta, kom det fram ei vond lukt ved husveggen hjå Todne. Der hadde han i løpet av vinteren slått ut store mengder med overskottsmjølk.

Jorg rusla rundt i bygda, drøste med folk og underviste i sjelevandring, rett lære og god levemåte.
Far min fortalde at ein dag kom Kloge-Jøren og ville snakka med han i trumål. Jorg hadde ”figra” ut (figure out/ funne ut) at far min berre var far til 3 av dei 7 borna sine. Dette hadde kome fram ved å iaktta korleis kvistane vaks ut frå stammen på raunen. Dersom dei to no gjekk saman, kunne dei også figra ut kven som var far til dei barna som hadde lyst hår. Pappa fortalte at han sa til Jorg at sidan han sjølv ikkje hadde gode evner til å figra på slike djupe spørsmål, ville det vera ok om Jorg tok seg av det spørsmålet, og at han gav far min ein sluttrapport. Men rapporten vart aldri levert, og far min vart ståande som faderleg opphav til alle sju borna.
I Amerika hadde han ”meka levinga” som kontraktør eller entreprenør. På det meste hadde han fleire hundre mann i arbeid.

Elles hugsar eg at like etter krigen fekk vi besøk heime i Ousdal av to staselege og gilde karar. Det var Pit og Gilbert som var på gjesting i gamlelandet. Eg hugsar endåtil kleda deira: Fritidsdressar av mørkegrønt kakistoff. Frakkane deira var av liknande stoff og farge. Dei var relativt korte, midt på låret.
Far min hadde arbeidd i lag med dei i Amerika, så dei hadde mykje å snakka om.

                                               -           -           -           -

Då familien min flytta til Kvinesdal i 1974, og kona tok til å arbeida i heimesjukepleien, kom ho ein dag heim og fortalde at ho hadde helsingar til meg frå ein pasient og bror hans. Dei kjende foreldra mine. Pasienten var Jorg Fidjeland, og broren var Pit. Dei budde i huset ved Borghammaren på Moi saman med søstera Pauline.
Berit, kona mi, hadde bemerka at det i heimen deira var mange minne-ting frå Nome, Alaska.
Pit fortalde at han hadde arbeidt i Alaska i fleire år. Ho nemnde at ho hadde to svigerinner som budde i Nome. Pit vart svært interessert og spurde etter namna deira.
Då han høyrde namna, Erna Rasmussen og Ingeborg Handeland, braut han ut i høglydt glede: ”Ingeborg og Kay; mine beste vener!”
På den måten vart kontakten mellom Pit, Berit og eg etablert.
Pit hadde, som sagt, arbeidd i lag med far min i Amerika, så det var naturleg at venskapsband vart knytta.

Eg må nemna litt om årsaka til at Fidjelandsøskena var busette på Moi i Kvinesdal:
Reinert Solberg heitte ein kvindøl som i andre halvdel av 1800-talet (1884) drog til Amerika. Han var mellom dei heldige som gjorde det godt i gullrushet i Nome frå 1897 og nokre år frametter. Gullet vart investert i jordeigedommar i det området der byen Seattle i dag ligg. Når byen seinare tok til å veksa, kom svært mange av utvidingane og nybyggjarfelta til å liggja på jord som hadde tilhøyrt den same Reinert Solberg. Han vart, som ein kan forstå, ein svært rik mann.
Det høyrer forresten med til historia at denne mannen ikkje gifta seg.
Då han reiste til Amerika, var han trulova med ei jente frå Kvinesdal. Avtalen var at ho skulle koma etter eitt år seinare. Så skulle dei gifta seg. Jenta kom til vestkysten av Amerika, slik avtalen var. Men i mellomtida hadde Reinert vendt sinn og tanke til hinduismen. Og den greina han tilhøyrde, lærte at skulle ein nå høgt innan denne religionen, måtte ein ikkje ha noko med kvinner å gjera - og Reinert Solberg sikta høgt. Han sa difor til jenta frå gamlelandet at noko giftarmål ikkje kunne koma på tale, men han tilbaud henne å verta husholderske i huset sitt.
I følgje Aleksander Moi, som fortalde dette til meg, var det bein i nasen hennar. Ho snudde på hælen og drog beinaste vegen heim att til Noreg. Jenta var tanten til Aleksander.

Etter nokre år flytte Reinert heim til Kvinesdal, kjøpte store jordeigedommar og bygde seg hus på Moi.
Med årsak i at Jorg Fidje hadde teke den same trua og læra som Reinert, vart det til at Jorg busette seg på Moi i huset til Reinert.

Då Reinert Solberg merka at livet gjekk mot slutten, overgav han sitt jordiske gods i Jorg si varetekt. Beskjeden var at Jorg skulle ta vare på det inntil Reinert kom attende, for han var viss på at så kom til å skje.

Tida gjekk og Pit og Pauline flytte også til Moi, men Reinert viste seg ikkje. Til slutt leid det så langt at det var tydeleg at det også gjekk mot slutten for ”bror Jorg”, som Pit sa.
Ein dag kalla han Pit til seg og ordla seg omtrent slik: ”Det går mot slutten for meg også i denne omgangen, men Reinert er ikkje komen attende – iallfall har vi ikkje sett han -. Du får ta hand om eigedommen på den måten du synest er best!” Pit var ein vanleg kristen truande mann.

For å gjera ein lang historie kort, skal eg berre nemna at i dag er eigedommane etter Reinert Solberg attende i Solberg-familien si eige.

Pit var ei gentleman i ordets eigentlige og beste meining. Han var alltid rein og velpleidd. Kleda var elegante og skorne blankpollerte. Han var ein herremann i ordets beste meining, men av den litt smålåtne typen. Men når Pit viste seg på aldersheimen i Kvinesdal, gjekk det eit sus gjennom ”damesalongen”, og meir enn eitt kvinneansikt skein med nytent glød.

                       

Pit var god til å fortelja. Han fortalde korleis han og broren Gilbert heldt seg tre somrar og to vintrar inne i Alaska si villmark i strekk og grov (digga) gull. Dei fleste gullgravarane var på feltet berre om sommaren. Og då skulle dei sprengja og grava opp den frosne jorda og vaska den oppgravne massen etter gull. Pit og Gilbert meinte at dei korte sommarvekene måtte ein bruka til vasking, det var då ei hadde vatn, eller kunne ha håp om regn og vatn. Difor låg dei to brørne inne på tundraen, mange dagsreiser frå folk, og grov og sprengde den frosne jorda. På det viset hadde dei store mengder med ”smuldra” jord å vaska når endeleg våren og sommaren kom.

                       
På spørsmål om matstellet, kom svaret medan augene fortalde om fjerne opplevingar: ”Me dadde børser og gjekk hunting (gjekk på jakt) nå det var reinsdyr i nærleiken. Molter sanka dei også i store mengder, og dei kunne oppbevarast lenge. Og så var der mykje ruper, og der var fisk i vatna.

                       
                          Ute i øydemarka var vilt ein nødvendig og kalkulert
              del av kosthaldet
                       

Men ein dag opplevde dei to uadskiljelege brørne tragedien. Dei arbeidde då på eit jarnvegsanlegg mellom byane Seward og Fairbanks. Toget spora av skinnene, og Gilbert fall ned mellom to vogner og vart skamklemt i ryggen. Ei av årsakene til at det gjekk så gale som det gjorde, var at ein maskin som vart frakta med toget, ikkje var forskriftsmessig fastbunden. Denne maskinen heldt Gilbert seg i og vart ved det kasta av toget. Han sat lamma og hjelpelaus i rullestolen resten av livet, i 17 år. Den som gav tilværet meining for den forulykka broren, var ”min kjære bror Pit”. John Fidjeland har lånt meg eit skrift eller brev som Gilbert skreiv eit års tid før han døydde. Det er rørande å lesa korleis søskenkjærleiken skapte ein håplaus situasjon om til noko godt. ”Blomar veks i såret”, sa Vinje. Dei to-tre siste åra budde Gilbert i Noreg, først på sjukehus i Oslo, så på Moi i Kvinesdal i lag med brørne og søster si. Han døydde i desember 1967.




Ei anna soge som Pit fortalde, må eg ha med:
Reinert Solberg brukte ein stor del av rikdommen sin til å hyra inn folk som omsette hinduismen sine heilage bøker frå hindi til engelsk og frå engelsk til norsk. Bøkene vart fint og godt innbundne og trykt i eit ganske stort opplag. Tanken bak det heile var at hinduismen si lære skulle bli spreidd, og at dette også skulle gi han eit visst overskott. Men etterspurnaden etter hindi-bøker vart ikkje slik som Reinert hadde tenkt. Bøkene vart stabla frå golv til tak på to salar i Borghammarhuset. Ei tid etter at Reinert var død, oppdaga Pit at loftsbjelkane var ved å mista feste i veggene. Heile huset var ved å bli forandra til ei gedigen felle og kunne når som helst bryta saman! Jorg sa seg samd i at huset måtte reddast ved at bøkene vart borne ut og stabla i uthuset.
Men samstundes vart det gjort ein merkantil framstøyt. Jorg og Pit sende tre eksemplar til universiteta og høgskulane i Noreg. Med i pakken la dei eit brev der dei forklarte at pakken var ei gåve og at dersom det vart behov for fleire bøker, kunne dei tingast hos vedlagde adresse.
NTH, no Universitetet i Trondheim, takka for gåva. Men meir høyrde dei ikkje frå nokon kant.

Nokre år seinare igjen oppdaga Pit at det hadde gått mygl i bøkene i uthuset! Skaden var uoppretteleg! Pit såg inga annen utveg enn å leiga ein nabo (Anders Solberg) med traktor med seg. Fleire tonn bøker og livsverket til reinert Solberg vart tippa/senka i ei myr-tjørn.

Per, Pete, Pit Fidjeland døydde 3. desember 1998 94 år gammal. Han er gravlagd i Lyngdal.
Bileta er utlånte av John Fidjeland, Eiken.


06.08.2009 Kjell M. Sinnes

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar