Sirdal


                  Stølslivet slik eg opplevde det heime i Sirdal


Kjære barnebarn.

Hanna Marie, Svein Tore, Ådne, Kristina, Torkel, Jøren Ådne og Sondre


Eg har lyst til å fortelja dykk korleis stølslivet arta seg i mi barndoms- og ungdomstid – slik eg minnest det.

Ut i den store verda

Første gongen eg var på stølen, var eg sju år. Bror min Sven hadde vore heime med helga for å proviantera og for å slipa ljåane; Jednane som det heiter på dialekt. Vi brukte mange jedna i løpet av ei veke, forstår de. Og vi hadde ikkje slik ein stor, rund slipestein, som vart driven med vasskraft, på stølen. Difor måtte alltid ein  av dei vaksne heim og slipa ljåane på laurdagane.

Under ein slik helgetur vart det bestemt at eg skulle få vera med Sven til støls, til Surtekvæv, for første gong. Dette var i 1945. Eg vart, som sagt, sju år den hausten.
Dei som var att heime, var mor mi og småsystrene, Erna og Karen. Det å reisa til støls var ikkje noko for småungar.

Det eg hugsar best frå min første stølstur er kor useiande trøytt eg vart. De veit jo at det er langt å gå frå Kaldebekk til Surtekvæv. Og den gongen måtte vi først gå heimante Ousdal og opp til stemmen. Der låg pråmane. Den tre km lange roturen enda under Sagebakken; likeved Sagefossen. I gammal tid, eg trur det var på 16 og 1700 talet, var det der ei sag som saga planker.
Så tok den 6-7 km lange turen inn til Surtekvæv til. Eg hugsar enno at eg tykte det var eit kav det at Sven skulle springa att og fram i Halheia og leita etter molter. Det gjorde det ikkje betre at han gong på gong sa at no var det berre att eit lite stykke.
”Eit lite stykke” er nok noko heilt anna for eit sju år gammalt barn enn det er for ein 24 år gammal mann.
Men langt om lenge såg vi ei hytte. Vi gjekk over nokre våte myrar. Der var lagt ut bordfjøler til å gå på. Kvar trur du no vi er, Spurde Sven? Det gjekk som ei krisling gjennom heile meg - dette var Surtekvæv! Den forjetta staden!

For ei høgtid å koma på stølen og møta att Pappa, Ingeborg, Thom og Jarleiv. Og tenk å skulla både eta og sova og koka i same rommet – klart det var stas!
Og der var veggfast skap og kjøkenbenk – det hadde vi ikkje heime!

Men stasen fortok seg ein smule når kvardagen kom. Eg var ikkje frakta til støls berre for å gå på stas, det forstod eg snart. Mi oppgåve skulle vera å gjeta kyrne, iallfall halda meg i nærleiken av dei og passa på at dei ikkje byrja å stanga i høystakkane. Skjedde det, måtte eg få dei vekk med ein gong, eller gjera anskrik, slik at dei vaksne kunne koma til hjelp.
Men heia var stor, og kvar var no eigentleg dei vaksne! henne? Uhygga låg på lur.
Men det gjekk godt, og etter denne eine veka mi flytte vi heim.

For ei oppleving det var å koma på Kleiveberget og sjå ned og heim på Ousdal! Eg trur eg veit korleis Nansen kjende det då han hadde gjenge på ski over Grønland og kom ned til Vestbygda.





Vi var på stølen for å samla vinterfor til dyra  

                               Jarleiv og Thom har sett opp ein høystakk. Dei har alltid vore to utifrå flinke karar.

Stølslivet i Sirdal var noko heilt anna enn seterlivet på Austlandet. Der var dei på setra for å utnytta dei gode fjellbeita – for å produsera ost og smør. I Sirdal var vi på stølen for å samla vinterfor til kyrne og sauene.

Vi hadde, rett nok, nokre kyr med oss. Men det var for å kunna bruka mjølk så mykje vi ville.
Og mjølka var feit og god. De skulle ha kjent dei romekodlene /rømmekollene Ingeborg laga til! Det var mat for mons! Litt rome vart også sett til sides så vi kunne ha nykinna smør – gult og godt.

Men det heile gjekk ut på å slå høy. To menneske, ein slåttekar og ei rakstejenta, kunne slå og setja opp i stakk eit lass til dagen.

Dette avsnittet tok til med eit bilde som viser Jarleiv og Thom og ein høystakk dei har sett opp.
Å stekkja ein fin og god stakk var ein kunst. Familien Sinnes var kjend for å laga store, gode og fine høystakkar. Ein god høystakk: Det vil seia at stakken var sett opp slik at vinden ikkje fekk tak i han og reiv han sund. Han måtte også vera sett opp slik at regnet ikkje fekk trekkja inn i høtet og øydeleggja det.
Høyet vart køyrt heim til garden om vinteren med hest og slede. Ein høystakk som de her ser, var eit hestelass.

Viss de finn dei store steinane de ser i bakgrunnen, kan de slå nøyaktig fast kor stakken stod – i heimre kant av Dridardalen.

Dette bildet viser heimkøyring av høy. Det er dei same to gutane, Thom og Jarleiv, som har
lest høy på Kartemyrane.

Bildet er teke på Gamle Gautstøl. Denne vinteren låg Sven, Thom og Jarleiv i Surtekvæv og hogg ved for sal. Veden køyrde dei om Løkjedalen og Raudåheia til Solheim, Raudåstøl som garden heitte før 1903. Viss eg ikkje hugsar feil, hogg dei 83 famnar ved den vinteren. Og hugs på at motorsag var ikkje oppfunnen då. Det var bogesag og øks som var reiskapane for ein skogskar.

Lat meg også nemna ein ting til. På bildet ser de den stupbratte (kvite) bakken ned frå Øvra Hedletona. De ser han øvst til høgre på bildet. Den bakken køyrde far min ned med hest og høylass! Eg veit ikkje om nokon som har gjort det verken før eller seinare! Oldefar dykkar var ein utifrå flink køyrekar, og han hadde ein særs sterk og god hest – den kvite de ser på bildet.

Dette med hest og køyrekar. Eg hugsar godt frå min barndom/ungdom at dei andre mennene i Ousdal stod og ”lurte” i middgjevet og ”venta på at Ådne skulle dra til skogs”. Så kom dei etter i oppkøyrt braut. Og der han hadde køyrt på isen, der våga dei andre seg også utpå – så vidt det var.

Ein ting til om det førra bildet. Til høgre på bildet ser de ei høyløa. Men dersom ein ikkje hadde slike høyløer, måtte ein altså settja høyet opp i stakk. Ei løe romma gjerne 2 – 3 lass.

Vi slo til vanleg om lag 40 lass i skogjen.
I ein høystakk var det 9 -12 byrar. I ei byr var det 4-5 fengjer.

Litt om stølane i Ousdalsdalen

Gamle Gautstøl var ein av hovudstølane i Ousdalsdalen før utskiftinga av marka, som fann stad i 1929. Det at det var ein hovudstøl, vil seia at fleire bruk hadde sine stølshus der, ei stølsgrend. Andre hovudstølar var Kaldebekk og Vigje. Etter utskiftninga av marka, vart stølshusa flytte ut til dei respektive teigane. Surtekvævhytta vart t.d. flytta frå Vigje og til Surtekvæv. Den hytta vart forresten kalla for kyrkja. Kanskje det kom av at det var ei etter måten stor og fin hytte?
Men kanskje namnet kom av noko anna: Ein summar mot slutten av 1960-talet skulle Berit og eg og ungane skifta kledning på ein del av hytta. Då vi tok ned den gamle kledningen, kom eit stort raudmåla kors tilsyne på tømmerveggen. Korset er på den veggen som vi trur vende mot nord då hytta stod på Vigje. No er det den veggen som vender mot aust.

Lat meg nemna dei ulike stølane i Ousdalsdalen. Dei første ein trefte på heimante garden, låg i indre enden av Ousdalsvotna. På nordsida av vatnet og Sagåna låg Vigje.

                      
   
                Dette bildet av Karen, Randi Netland, Anna Ousdal, Ingeborg og Erna ser de Vigje i bakgrunnen.
                Jentene står på Legå. I det mørke fjellet i bakgrunnen kjem tunnelen med Sira inn i dag.

På sørsida hadde vi Vigelega eller berre Legå, som vi sa. Vigje var stølen til Salvane, som Ola og Torjei Salvesøner vart nemnde. Torjei og Ola Salvesen. Desse to bruka eig Torleiv og Tor Ousdal i dag. Eg minnest berre ei hytta på Vigje, men det var ei gammal hytte med eldstaden midt på golvet. Før mi tid var det åre og ljore i den hytta. Eg hugsar berre at der var ein liten omn som stod på sjølve åren.
På Legå var der to stølar, ein heimanfor og ein på innsida av bekken som kjem ned or Vigeheia. Desse to stølane tilhøyrde Tarjei Olsen og Tarjei Persen Ousdal. I dag er eigarane Tormod og Samuel.
Begge desse stølsplassene står no under vatn. Men Samuel og Olaf flytta hytta opp på ei høg ufs. Der står ho i dag på odden mellom Lomstjørn og Ousdalsvatnet.

                    

Så kjem vi inn til Kaldebekk, den heimre stølen vår. Hytta vart ikkje sett under vatn av Sira-Kvina, men far min og Thom og Jarleiv hadde dyrka opp mange mål.  20 – 30 mål førsteklasses jord til å produsera høy på, vart sett under vatn. Jord som kunne pløyast og verta slege med traktor.

Dette med å dyrka opp på Kaldebekk var noko som kom i staden for å slå i uteslåttene. På nybrotet der fekk vi svære avlingar. Og graset vart tørka på hesjer. Så det var ein mykje sikrare måte å få for på enn å fara rundt i utmarka.

De veit sikkert alle kor de kan sjå håndsteinane /hjørnesteinane til den store høyløa på Kaldebekk - i haugen ut mot Lomstjørn,

Mormor/farmor Berit har også vore med og slått på Kaldebekk.

           

                Bildet viser Jarleiv ved ein stor stein vi skaut vekk. Vi skaut han på den måten
at han blei delt opp nesten som ei bløtkake. Så kunne desse stykka køyrast vekk.

Betalinga eller erstatninga ved Sira-Kvina-utbygginga var skral. Og styresmaktene har gjort det så ”visleg” at beløpet vert regulert kvart 20 år. Inflasjonen sørgjer difor for at verdien av det vesle vederlaget ver redusert ganske fort. I gammal tid var Kaldebekk ein hovudstøl med mange hytter.         


                                           Eg og far min treivst godt i lag på Kaldebekk. Det var stas for Oldefar å få
                                           ei ung og vakker svigerdotter Berit til hjelp på stølen.


Rundt Myrstøltjørnet ligg det fire stølar: Kvæven – Karsten Ådneram, Listøl – Jøeren-Ola Ousdal, Middstøl – John Magne Ousdal og to stølar på Myrstøl som høyrer til Georg Ådneram og Torleiv Ousdal.

Fossbrotet – Odd Kvinen er den neste stølen. Nesefolket hadde berre ein støl.

Ved Gautstøltjørnet(a) var det i mi tid tre stølshytter: Salvane / Torleiv Ousdal sin støl ved den vesle heimre debelen. Gunrane (Georg Ådneram) og Torkjel / Torleiv Ousdal sin støl ved heimra Gautstøl tjødnet. Gunnarsfolket flytte på 1950-talet sitt hus (attende?) til Gamle gautstøl. Hytta vart så seld frå garden.
Torkjel sitt hus står enno på dei gamle tuftene, men ho vart seld til Helge R. Myhre / Eva Myhre.

Gamle gautstøl har eg nemnt.

Så kjem den indre stølen vår, Surtekvæv.

                      
                                         Fiske i Gautstøltjørnet betydde svært mykje for oss når vi var på stølen. Dette
                                         måtte også bestemor Berit vera med på etter at ho kom inn i bildet.

I Storekvæv hadde Tarjei Persen / Samuel sin indre støl. Den hytta er no borte. Og i Tverrli låg den indre stølen til Tarjei Olsen / Tormod. Hytta vart seld frå bruket på 30 el. 40-talet.

På nordsida av Vardetjørn hadde Krist / Jøren / Karsten Ådneram sin indre støl. Hytta er selt frå bruket. Det er den hytta som ligg noko åleine midt på nordsida av vatnet.


                                           
                                              Bestemor Berit med kløvhest i unge dagar.

Som gjetargut på stølen

I dei følgjande åra var eg fast gjetargut på stølen.
Gjetaren hadde i hovudsak ansvar for to ting: At kyrne ikkje reiv sund høystakkane og at dei ikkje gav seg på heimveg. Då vart dei ikkje stansa av noko gjerde før dei kom til Kaldebekk.

Det kunne vera langsame dagar å rusla etter kyrne frå morgon til kveld. Men dersom dei andre slo i nærleiken, kunne eg gå frå kyrne og vera i lag med dei andre lange stunder. Særleg galt det når kyrne tok middagskvilda si.
Og dersom dyra gjekk roleg og beitte på stader der ein kunne sjå dei frå slåtteteigen, var det inga sak. Då kunne eg vera i lag med slåttefolket.



     Ingeborg er i gang med molkinga. Maken til fine kyr – og så snille.
           

Men det kunne skje, særleg utpå sommaren, at kyrne gav seg til å eta sopp. Uttrykket for det var at ”kyrne søppte”. Då sette dyra halen rett til vers og sprang i alle retningar og leita etter sopp. Dei frøste i nasen og oppførte seg som dei var galne. Når kyrne slik sprang i alle retningar, då var gode råd dyre for gjetaren. Eg sprang meir enn ei gong og gret og var redd. Råda var som regel å få hjelp av Jarleiv. Og det hende at han måtte like til Kaldebekk etter beista. Forbanka kyrepelsar!!
Frå Surtekvæv til Kaldebekk er det ei halv mil.

Lat meg nemna ein ting til før eg forlet dette med gjetinga. På varme dagar sette gjerne kyrne kursen mot indre enden av Gautstøltjørnet når det leid mot 12-tida og middagspause. Det kunne vera gode stunder. Då vassa dei gjerne ut i vatnet så langt at vatnet stod oppunder vomma. Slik kunne dei stå, gjerne ein halv time og meir, før dei vassa i land og la seg for å slappa av.
Slike stunder kunne eg spikka fløyter, fiska, bada eller gå til slåttefolka. Dei sa gjerne til kvarandre at no høyrer eg ”plistraren” kjem. Eg hadde lært meg å plystra.
Dette med plystringa kunne nok også vera for at eg sjølve skulle høyra ein lyd. I skogen kunne det vera uhyggeleg stilt. Så i blant var eg nok på kanten til å vera skogsredd. Og plystringa hjelpte på einsemda og uhyggekjensla.

Ein plass likte eg ikkje å gjeta, eller følgja etter kyrne. Det var når dei tok vegen slik at vi kom i nærleiken av Skrigarhølen. Den hølen er i åna eit par hundre neter nedanfor der bekken frå Gautstøltjørna møter Ousdalsåna. Tarjei Persen hadde nemleg opplevd noko der som eg tykte var forferdeleg uhyggeleg. Tarjei fortalde: ”Ein gong eg gjekk og fiska medan vi var på stølen, kom eg til den fine høen i heimer kanten av Surtekvæv. Der beit det på noko forskrekkeleg tungt. Stonga bøydde seg som ein klave. Men etter kvart kom det eg hadde fått på kroken  opp, og då viste det seg å vera eit badn; og det skreik så det gjekk gjennom marg og bein! Eg hadde så ny og god ein fisketaum. Den ville eg ikkje mista for nokon pris, så eg tok kniven og bøygde meg neg så langt eg kunne – så kutta eg taumen.”
Etter den hendinga fekk hølen namnet Skrigarhølen med Surtekvæv. Det er nemleg ein Skrigarhøl heime i Ousdal også.

Som vaksen forstod eg at slike soger og namn som dette, hadde sin misjon i å halda borna borte frå badeplasser der dei vaksne ikkje kunne halda augo med dei.

Jarleiv har gjort meg merksam på når han har lese dette, at Skrigarhølen ikkje er den hølen eg har nemnt. Det er den hølen i Heimre-åkroken som åna fossar ned i når ho renn ned frå Finnane. Men eg trur at Ingeborg i forteljinga si om Tarjei Persen like godt flytta Skrigarhølen inn til ein høl eg visste om, og som for meg vart Skrigarhølen, slik at eg som 7-8 åring ikkje skulle gå dit. Eg sette i allfall ikkje mine bein der utan i følgje med vaksne.
Ola T. Ousdal (Ola bortafor) fortalde forresten no i sommar (2004) at soga til Tarjei Persen opphaveleg var slik: Han fiska i hølen der elva fossar ned frå Finnane, i Skrigarhølen. Der dannar det seg ei fin bakevja når det er godt med vatn i åna, og i slike bakevjer er det alltid godt å fiska. Brått fekk han sjå noko som låg og sveiv i hølen. Han stivna all i gjennom då han såg at opp av vatnet stakk ei lita barnehand som vinka (kom-bevegelser) til han.                                                                                                                                                                                                        (Ola hadde nå den teorien at det kunne vera ei trerot som hadde kome drivande, låg og duppa i vatnet med ein rot- elle greinstump over vatnet, og som ollane i hølen fekk til å sjå ut som vinkerørsler. Men det er sjølvsagt berre ein teori.)


Bildet som står endanfor, er frå ein søndag i 1947. Pappa og eg drog av garde til støls alt på søndagen. Dei andre kom etter på måndagsmorgonen.
           
           
I kløva hadde vi mesteparten av maten vi trong for tre veker i tillegg kom sengklede og andre
ting så langt vekta tillet. Eg synest å hugsa at ei slik kløv ikkje skulle vega over 70 kg.

1947 Matpause. Maten som vi hadde med oss i slåtå (på slåtteteigen) var eit spann eller to med graut og minst eitt spann med mjølk. Denne sommaren reiste Sven, den eldste bror min, til Amerika for å studera.

På bildet ser de: Ingeborg f. 05.04. 1923, Thom f. 18.03. 1931, Sven f. 15.08. 1921, Erna f. 20.11. 1942, Kjell f. 05.10. 1938, Karen f. 20.02. 1940, Ådne 20.07. 1897 – 17.06.1974, Jarleiv f. 08.06. 1933.
Fotograf må ha vore mor vår, Tonette Amanda 28.09. 1898 – 22.08. 1984.

Slåtegrauten åt vi i slike blekkboksar som de ser oldefar held i handa. Dei var kjekkare enn skåler. Dei var lette og dei vart ikkje knuste.
Etter grauten hadde vi gjerne ein god middagskvil. Vi trong å kvila, og høyet måtte tørka før vi  bar det saman enten til høyløene eller sette det opp i stakk. Det vanlegaste var å stekja høyet (setja det opp i stakk).

Stølslivet var hardt arbeid, men det var ikkje berre slit. Vi sette regelmessig garn i Gautstøltjørnet for å få fisk til middag, og for å ha det moro. Garnsetjinga vart elles ofte kombinert med bading. Fisken i Gautstøltjørnet er spesielt velsmakande. Feit og fin og raud i kjøtet som han er.
Enkelte kveldar rusta vi oss ut med stenger og makk og gjekk til Løgjetjørna og fiska. Det er også ei spesielt god fisketjørn.

Men skulle vi få retteleg stor og fin fisk, måtte vi inn i Stora Kviheie. Det var helst onkel Thom og eg som i blant var der og fiska. Der har eg ofte fått fisk mellom to og tre kilo.
Dokumentasjonen er dette bildet.

           
                                                 Thom – ein stolt fiskar.

For at de skal få sjå korleis ei slik høyløe kunne sjå ut, har eg med eit bilde av ei slik løe. Eg trur denne løa er frå Løgjedalsstølen på Kvæven. Det var der mor mor mi var frå.
           
                                                    Høyløe

Dette vart litt av kvart om stølslivet i Ousdalsdalen i gamle dagar – for 50 – 60 år sidan.
Til slutt kjem to bilder av Mormor/Farmor og eg.    
                  
                       
                                       Mormor/Farmor Berit og Morfar/Farfar Kjell i yngre år (1959).
                                                 Bildet er teke på Kvæven ca 1960.  Bildet nedanfor er av frå 2003.

           
                                                 
           
                                 Beste helsing til alle frå Bestefar Kjell og Bestemor Berit












                                        **************************************







  
Soga om David Besbris Bombinga av Knaben Gruvor i 1943
                                  
Innleiing
Den hendinga eg no skal fortelja om, fekk sin oppstart i november 1943.
Forteljinga byggjer på det vesle eg sjølv hugsar, det foreldra mine, spesielt far min, Ådne S. Sinnes, fortalde, og på samtalar med Ola T. Ousdal og den eldste bror min, Sven A. Sinnes.
Grunnlagsstoff er også henta frå to artiklar som Oddvar Munksgaard skreiv i Fædrelandsvennen den 14. og 16. juli 1979

Bombinga

Knaben vart angripen to gonger i 1943, 3. mars og 16. november. Det første angrepet vart utført av ti engelske Mosquto fly. Det angrepet var svært vellukka, militært sett, men det kosta 16 nordmenn livet.

131 slike fly kryssa Sirdal på veg til og frå Knaben.

Angrepet den 16. november stod amerikanarane for. 263 svære Boeing - B-17 og - B-24 bombefly vart sende mot Noreg. Denne enorme flystyrken delte seg i to – 132 fly drog til Telemark, til Vemork kraftstasjon og tungtvassanlegget der, som tyskarane hadde fått i gang att etter Tungtvass-sabotasjen.

131 fly kryssa Sirdal på veg til Knaben.
Dette vart eit formidabelt angrep som ikkje berre gjorde stor skade på anlegget, og på bygda Risnes,  men som også kosta svært mange tyske soldatar livet. Dei tyske soldatane skulle forsvara Knaben ved hjelp av om lag 60 kononstillingar. Men desse anlegga var opne, og soldatane vart lette offer for ein så enorm angrepsstyrke. Ingen nordmenn omkom denne gongen. Men mange austeuropeiske fangar mista livet. Kor mange veit ein ikkje.

Sjølv om eg ikkje var gamle karen (fødd i 1938), hugsar eg godt at me borna stod utanfor husa heime i Ousdal og såg på den kolossale mengda med fly som passerte over dalen. Himmelen var oversådd med fly. Eg synest å hugsa at det var grupper på 5-6 fly som heldt saman, så var det ein liten avstand til neste gruppe.

Fallskjermen

Medan vi stod der og glåpte, ropa nokre av dei eldre ungane opp til flya at dei skulle kasta ned sjokolade til oss. Det ropa ofte dei eldre borna når det passerte fly. Eg visste ikkje kva sjokolade var for noko, men det var tydeleg å forstå på dei som var 4-5 år eldre enn meg, at det måtte vera noko storarta, så eg ropa med så godt eg kunne.

Med eitt fekk vi auga på at noko kom dalande ned frå himmelen. Vi borna var sikre på at no kom sjokoladen. Men etter ei stund kunne vi sjå, eller kanskje heller forstod, at det var ein mann som kom dalande.
Til å begynna med såg det ut som han ville detta ned like ved oss, men han forsvann bak fjella, og vi såg ikkje meir til han.

Far min var inne på Kaldebekk-stølen etter eit høylass. Han og såg fallskjermen, men også for han vart han borte bak fjella. Pappa batt hesten i ei bjørk og gjekk omlag ei halv mil innover dalen og såg etter mannen, men han fann ingen flygar, og mørkret ville koma, så han måtte gi seg.

Ein ”engelsk” soldat

                    Ola T. Ousdal(1912-2009) var ein av  dei tri som fylgde David til Kvinen.
Men, dagen etter kom Signe Ousdal og henta Pappa og den eldste bror min Sven. Ein ”engelskmann” hadde kome heim til dei, og no måtte dei koma og snakka med han. Begge dei to var gode til å tala engelsk. Han hadde kome ned Kleivane innhylla og kamuflert i fallskjermen.
                          
Ola fortel at han og broren, Salve, heldt på utanfor løa med å grevsko (vintersko) hesten, då dei såg denne figuren som kom ned Kleivane og gjekk til møtes med han. I mot dei kom ein mann med opprekt arm. Han ropa: ”American, American!” Dessutan gav han teikn med munnen og hendene at han hadde behov for mat og noko å drikka.
Dei forstod at det var tryggast å få mannen i hus snarast råd var, før for mange observerte eller fekk greie på kava som hadde hendt.

         Sven Sinnes (1921-2009), til høgre for underteikna, skaffa David sivile klede og
         følgde han saman med Ola T. Ousdal og Hallvard Ousdal til Kvinen.

Pappa fortalde at han møtte ein ung amerikanar på litt over 20 år, unorsk av utsjånad med sitt ramnsvarte krølla hår og relativt mørke hudlet, trøytt og sliten og prega av stunda sitt alvor. Namnet var David Besbris. Seinare fortalde David at han var jøde av ætt. Han fortalde også at det jødiske bønesjalet som han hadde hatt med seg på flytoktet, kvitta han seg med straks han hadde landa. Han visste kva slags behandling nazityskland gav jødane. Han sa at dei hadde hatt visse problem med ein motor, og då dei vart angripne av ein tysk jagar over Knaben, stoppa ein motor til. Dei var då over Ousdalsdalen (Sirdal) på tilbakevegen til Storbritannia. Kapteinen gav då ordren at dei skulle hoppa ut. Men i det David Besbris, som første mann, slepte seg laus frå flyet, oppfatta han at ordren vart annullert, fortalde far min. David var difor den einaste, av mannskapet på ti, som hoppa ut over Ousdalsdalen, og den einaste som unngjekk tysk fangenskap. Dei andre følgde med flyet ei stund til som visstnok vart forfølgd av det tyske jagarflyet like til mannskapet hoppa ut i fallskjermar over Kvås og flyet styrta litt aust for Undeland gard. Dei fekk hjelp av folk i Kvås, men vart tekne av okkupasjonsmakta ei vekes tid etter. Dei sat i konsentrasjonsleir i Austerike i 18 månader til krigen var slutt. Men alle berga livet. Fleire (7 stk?) av hjelpesmennene i Kvås kom også i fangenskap - på Grini. Der vart også dei sitjande til krigen var over. Om desse hendingane fortel Andreas Vegge i boka ”Minner frå krigen Austad – Lyngdal – Kvås 1940 –1945, Utgitt av Lyngdal kommune 1995”.     
                                           
                     David Bespris. Bildet er teke då han var på besøk i Åseral i 1979.

Far min spurt kva planen hans no var. Svaret var at dersom han var mellom venlegsinna menneske, skulle han freista å ta seg over til Sverige; ikkje ned til kysten, der var det for mykje tyskarar. Men dersom han no ikkje var mellom vener, var ikkje hans planar så interessante. Far min fortalde seinare om korleis tårene kom hjå den unge mannen då han fekk til svar: You are among friends! – Du er mellom vener!
                                              
David var temmeleg lik bror Sven av storleik og kroppsskapnad, så han fekk sivile klede av han. Uniforma og flygarkleda, som var av skinn, er framleis i Ousdal.
Ola T. Ousdal fortel at han gav han 200 kroner og sa at det kunne vera ”betaling” for fallskjermen.
Før lange stunda var gått, var bror min Sven, Ola T. Ousdal, Hallvard Ousdal og David Besbris på veg innover Ousdalsdalen på veg mot Kvinen. Første etappe på ferda til Sverige hadde teke til.
I ly av mørkret tok dei seg inn til Gautstøl. Der heldt dei seg i ro til neste natt. Då gjekk turen vidare til Kvinen. 
                                           

Til Kvinen

Ola T. Ousdal fortel at dei kom til Kvinen om lag klokka åtte om morgonen dagen etter. Det rauk frå pipa, så folket var oppe. Berre Ola gjekk bort til huset og banka på. Dei hine stilte seg attom ein stor stein – eit stykke vest for husa (i lia nedanfor Mjåvasosen).
Dersom det var framande i huset, hadde Ola tenkt ut at han ville fortelja at han framleis mangla nokre sauer. No hadde han høyrt at dei var sett i nærleiken av Bonefjedl og Haugevatnet. Han ville difor høyra om kvinarane hadde sett noko til sauene, eller om dei kanskje skulle ha kome like inn til Kvinen.
Ola banka på, og Gunnhild kom ut. I det ho fekk sjå kven det var, sette ho i ein gren (gråt). Ho trudde nemleg at Ola T. kom med dødsbodskap. Son hennar; som også heitte Ola, arbeidde nemleg på Knaben.

Gunnhild fekk fat i Atlak, som var borte ved låven på veg til skogen. Ola spurde først om det var framande i huset. Det var det ikkje. Så saueskrøna fekk han ikkje behov for å bruka. Han fortalde så at dei hadde ein amerikansk soldat med seg og spurde om han måtte få koma i hus. ”Ja, han må koma!” svara dei begge med ettertrykk, og Atlak slo gjestfritt ut med handa.

No tok sønene med Kvinen over stafetten, og Torjei Kvinen følgde David Besbris vidare til Åseral.

Brev frå David

Ikkje lenge etter krigsslutt, fekk vi i Ousdal brev frå David. Han gav uttrykk for stor takksemd for hjelpa han hadde fått.

David Besbris fortalde at han hadde vorten teken hand om og følgd etappe for etappe av gode kvinner og menn like til han kom til Sverige. Og frå Sverige kom han seg raskt over til England. Resten av krigen tenestegjorde han i U.S.A.

I Åseral fekk  David Besbris eit opphald på 3 månader før han kom seg vidare. I denne tida budde han hjå Kari og Kjetil Bortelid.
Falskt pass og falskt grensebuarbevis vart framskaffa. Sven B. Svendsen fungerte som hjelpemann for den ”døve og dumme” heiebonden i heimelaga vadmelsdress som visstnok skulle til lege i Oslo. Vadmelsdressen var sydd i Åseral.

Besøket i Åseral 1979

I 1979 var David Besbris og kona Ester i Noreg. Då var vertskapet i Åseral, Kari og Kjetil Bortelid, døde.
Under besøket i Åseral vart det på Lognatun halde ein fest. Der fortalde Sven B. Svendsen om reisa frå Grovane stasjon og til Oslo. Den dagen dei reiste var det kaldt og hustre, og dei våga seg inn i venterommet på stasjonen. Der var det også mange tyskarar. Dei fortalde historier og var rett i godlag. David var, som nemnt, jøde og forstod difor jiddisch (ein europeisk jødedialekt). Det gjorde at den ”døve og dumme” drog på smilebandet av det tyskarane fortalde. Dei måtte difor berre koma seg ut att.
Ved hjelp av skifting av kommunikasjonsmiddel, tog, lokaltog, trikk og buss, kom di til Oslo med ”Fritt folk” (naziavis) i handa som teikn til kontaktpersonen. Etter 10 dagar i Oslo vart han hjelpt vidare til Sverige.

         14. juli 1979 refererte Fædrelandsvennen / Oddvar Munksgaard frå David Besbris’ tale då han det året var i Noreg.
Om møte med folk i Ousdal sa han: ”Jeg kom i hus og ble tatt hånd om på beste måte. Jeg fikk hvile, en ny mann kom til, en norsk-engelsk ordbok ble skaffet til veie. Jeg fikk en dress, jeg fikk smørmerker og brødmerker fra rasjoneringskortene deres – og dessuten stakk de til meg to hundre kroner. De lovet å hjelpe meg – og det gjorde de sannelig også.
Jeg har ordboken med meg i bagasjen, og de 200 kronene i lommen, slik at jeg endelig får betalt tilbake gammel gjeld.--- De risikerte eget liv og velferd for min skyld."
           
Vidare skreiv Munksgaard (den 16. juli 1979): ”Tiden etter at David var reist fra Åseral, ble en hard tid for disse karene. De fleste ble arrestert, resten drog til skogs og til fjells og levde utendørs i månedsvis. Organisasjonen ”sprakk”, men ikke de stedige viljer.
En beveget David Besbris holdt tale for dem. Det er mange slags soldater, sa han. Noen bærer synlig uniform, men innsatsen til dem som ingen uniform hadde, lærte jeg å kjenne. Jeg var uheldig som måtte hoppe ut, men jeg var samtidig heldig som måtte hoppe ut over Norge. Jeg kan ikke uttrykke hva jeg føler, og jeg jeg vet ikke hvordan jeg skal få takket dere. Gud velsigne dere alle.”

Folka i Ousdal, Sirdal, som først tok hand om og hjelpte David Bespris, fekk ikkje møta han i Åseral. Årsaka til dette var dette: I 1943 var det ein mann i Ousdal som meinte det var tryggast å gjeva David over til tyskarane eller til nazilensmannen. Dei andre fekk forhindra at det skjedde. Denne same mannen tok i mot telefonbeskjeden om festen på Lognatun og at alle som hadde vore med og hjelpt David, var velkomne og sterkt ønska til festen. Beskjeden kom ikkje vidare.

Njål Bjørkelid og hans skjebne


Maria Kvæven var namnet til ei av søstrene til mor mi. Ho var fødd i 1901. Både ho og mannen hennar,GustavBjørkelid f. 1900 frå Laudal, var lærarar på Tonstad. I 1924 fødde ho ein gut. Det er karakteristisk for dei to at dei gav guten namnet Njål. Snorres kongesoger og norrøn kultur betydde mykje for dei. difor fekk guten det gammalnorske namnet Njål.

Då Njål var om lag to år, døydde mora av kreft. På dødsleiet skreiv ho eit rørande dikt, dels er det forma som ein samtale til mannen og dels er det ei bøn til Gud.

Kanskje vi kan koma attende til dette diktet, dersom tida tillet det?

Njål melde seg til krigsteneste på tysk side. Då han forlet Bryne Landsgymnas og reiste til Tyskland var han ikkje fylt 17 år. Han fall ved byen Stetin våren 1945.
Desse to gutane, søskenbarn og gode kameratar, valde kvar sin veg i denne skjebnetida.


Attende til novemberdagane i 1943

Vi veit ikkje om tyskarane fann spor etter flygaren. Iallfall fekk dei nok greie på, då dei fanga resten av mannskapet ei vekes tid seinare i Kvås, at ein av dei hadde hoppa ut over Sirdal. Og som nemnt vart han observert av nazilensmannen.
Men det vart sett i gang med husundersøkingar, og foreldra mine gjekk ut frå at årsaka til det var mistanke om at dei skjulte flygaren. Husundersøkingane skjedde fleire gonger i november og desember. Dette hugsar eg svært godt, for det var lite koseleg for oss borna, og visst og sant var det verre enn lite koseleg for dei vaksne som hadde ein slik løyndom å halda på.
Heile familien vart samla i gangen der ein eller to soldatar heldt vakt over oss. Mor mi måtte så fylgja dei andre tyskarane rundt i huset. Dei hadde tydelegvis stor tru på at ”den engelske soldaten” var gøymd i sengehalmen. Heile familien låg den gong i halmsenger. Dvs. at ein hadde eit godt lag med halm i staden for madrass.
Dei rota fælt, men fann ingen. Eg hugsar også at mor mi laut ta til tårene meir enn ei gong etter slike ransakingar. Vi borna trudde ho gret for rot og uorden etter tyskarane, men det var nok ei intens spenning som på den måten kom til uttrykk.

Ein gong kunne det nok ha gått gale. Under ransakinga var vi alle i huset samla i gangen. Der var også Ingrid og Tonny, nabojentene, som var på besøk hos oss då tyskarane kom. Pappa var i skogen og var ikkje heime. Medan mor mi følgde dei som undersøkte, på loftet, kom Jarleiv, bror min som er 5 år eldre enn eg, på at i eit glas med blyhagl stod synleg på ei hylle. Det trudde han var farleg, og begynte å storgråta. Tyskarane ville ikkje la mor mi koma til for å trøysta guten, og det vart ei amper stemning. Nabojentene storma brått på dør og sprang heim. Dei lydde ikkje når tyskarane ropa Halt!, Halt! etter dei. Jentene sprang heim og sa til foreldra sine at ”no ville tyskarane skyta Amanda!”
Resultatet vart at medan vi framleis stod i gangen og var under vakt, fauk døra opp og ein likbleik ”Jøren der framme” (Jørgen P. Ousdal) kom styrtande inn. Det Jøren trudde, var at no hadde Amanda sprukke og røpa hemmeligheten. Han samla seg nokså fort, og tyskarane reagerte ikkje meir på hendinga. 

Avslutning

Framleis er to av dei som var med frå Ousdal i dette dramaet, i live, Ola T. Ousdal, Sven A. Sinnes. Ola T. opplyser at Torjei Kvinen også lever ennå. Men det tynnest i den generasjonen som var ungdommar i dei vonde 1940-åra, og ved gjerningar som dette helt menneskeverdet, moralen og kampviljen levande.

Som nemnt, sa David Besbris i talen på Lognatun i 1979 at han etter å ha hoppa ut i fallskjerm møtte menneske som var viljuge til å våga eige liv og velferd for å hjelpa han. Og det er rett!
Men fridomselskande menneske i Sirdal og Åseral møtte også ein amerikansk soldat av jødisk ætt som også var viljug til å ofra liv og velferd for å kjempa mot inferno-kreftene i eit naziangripe Europa.


12.02.2005
Kjell M. Sinnes



                                                       *****************************



Fjosstell i Sirdal i min barndom

Eg har lyst til å fortelja litt om korleis fjøsstellet arta seg om vinteren i
min barndom, for 60 år sidan.


Dei stundene vi barna fekk oppleva i fjoset når kyrne skulle brynnast, er gode
minne, og eg deler dei gjerne med andre.

Å brynna kyrne vil seia at kyrne skulle få drikka. Vi hadde ikkje drikkekar i
båsane. Så brynninga skjedde med bytter. Men midt på dagen i vintermånadene
skulle dei også ha varm og god drikka. Ein kan mest seia at dei fekk ei slags
kaffi- eller testund midt på dagen.

Det å brynna dyra, det var mor sitt arbeid. Men på fridagar og i skuleferiar var
det ein jobb for ungane.
Vi starta relativt tidleg på formiddagen med å fyra opp i ein stor, mura omn som
vi hadde i fjoset. Omnen hadde ei gryte som kanskje tok 100 liter. Vi byrja med
å "elda under grydå", som det heitte.

Medan vatnet vermdest, var det moking, prating med dyra og å gje – bera høy til
kvar einskild ku – som måtte gjerast.

Kyrne måtte også få nytt bos i båsen. Boset kunne vera høyavfall, eller det var
gras som var slege på myr, slik at det var iblanda mykje mose. Slikt myrbos
lukta godt, og kyrne likte heilt tydeleg å få det til å liggja på.
Etter kvart som varmen spreidde seg i fjoset, oppsto ei tilfreds og god
stemning. Kyrne lika heilt tydeleg den gode varmen og dei sette tydeleg pris på
å ha folk rundt seg. Snakka du til dei fekk du gjerne eit tilfreds og
forventningsfullt "drøn" attende. "Jaså, så no står du berre og ventar på å få
drikkå di?" "I dag skal vi laga ein god drope på det fine og grøne (potet-)
jordeplekålet frå Storåkeren. Du skal også få ei sild eller to å kosa deg med."
Slik prata vi med kyrne medan vi stulla og stelte og klappa dei. Og kyrne forsto
kvart ordet, det var tydeleg ut frå godlydane dei svara med.

Potetkålet vart slege medan det var grønt. Vi tørka det og hengde det opp i løa,
for sidan å laga log til å brynna kyrne med.

Når vatnet nærma seg kokepunktet, tok vi potetkål opp i gryta. Det gav ein fin,
brun log (potet-kål-te) mest som sterk te å sjå til. Det lukta også svært godt.
Potetkålet måtte trekkja ei stund for å få ut dei gode og helsebringande stoffa.
Men det måtte ikkje gå for lenge før det vart servert. Kyrne gav tydeleg beskjed
om at nok er nok. Vi tok ei god trekvart bytta med log, tok også oppi litt
potetkål og blanda i to-tre nevar mjøl (kraftfor). Til slutt vart det balansert
med kaldt vatn for at dei ikkje skulle brenna seg.

Når byttene skulle opp i båsen, måtte ein vera bestemt og sterk. Kyrne var svært
ifartne(ivrige) etter den gode, varme og velluktande drikka.

Eg trur at for 60 – 70 år sidan hadde dei fleste fjos i dalen ein omn eller ei
grua til å varma drikka i. Torvald Hompland fortel at i alle fjosa på Hompland
vart kyrne brynde med varm drikka midt på dagen.
Ikkje alle fjosa hadde omnen inne i sjølve fjoset. Eldstaden kunne også vera
plassert i middgjevet eller i eit eige eldhus i tilknytning til fjoset.

Eg trur at denne skikken var god for dyra. Sjukdom var så godt som ukjent. Det
meiner eg kom av den varme drikka og det friske og fine skogehøyet, som var som
helsekost for kyrne.
Og dyra måtte ein stella godt med. I tillegg til hesten var det først og framst
kyrne som representerte kapitalen på gardsbruka i Sirdal.

Elles var det ein begivenhet for oss ungane når ei ku måtte til stuten og når ho
skulle kalva.
Det var direkte og god innføring i livets mysterier for oss ungane. "Slik går
det til med kyrne! Då kan det vel henda at det er noko liknande med oss menneske
også!" undrast vi, nærast i løynd.

I Ousdal var det vanleg at berre eitt eller to av dei ti gardsbruka hadde stut.
Og det å halda stut, var eit fellestiltak som gjekk på omgang mellom gardsbruka.
Stuten skulle ein helst kjøpa eller bytta til seg frå andre stader i bygda.
Dette var for å unngå inneavl.
Stutane var ofte store og røslige dyr. Så når han kom bøljande ut frå fjoset til
kua, var det mest på livet både for folk og fe. Men det var
anskuelsesundervisning som sa seks.


Når kua skulle kalva, samlast mange av familien i fjøset for å bivåna
begivenheten. Og det var eit under som skjedde. Først kom klauvene på framføtene
til syne. Kanskje måtte kua ha hjelp ved at ein av dei vaksne drog i beina.
Etter ei lita kvild kom hovudet fram. Og når hovudet var ute, kom resten av
kroppen ganske fort. Og så låg eit nytt ku-emne, eller det kunne vera ein
stutekalv, og kava på fjosgolvet. Det var stas!


Eit dyr fann ein i dei fleste fjos i Sirdal. Det var grisen. Småjordeple,
matrester og kjøkkenavfall vart nytta til grisefor. Og grisen fekk sjølvsagt
også varm mat når kyrne fekk sitt stell. Det var gjerne småjordeple som var
kokte og iblanda litt kraftfor. Rein delikatesse, både grisematen og flesket -
ved juletider.


Til slutt nokre ord om hesten. På sett og vis var det han som var høvdingen i
fjoset. Hestestallen var gjerne like innanom fjosdøra, litt adskild frå kyrne.
Om vinterkvelden når arbeidsdagen var slutt, kom han utante den store verda som
ein frisk pust. Hesten var naturlegvis heva over den grå kvardagen til kyrne,
som sto i det mørke fjoset frå haust til vår.. Han sto på stallen og togg
engjehøy. Han var tolmodig og blanda seg ikkje ståket når brynninga skulle skje.
Han var heva over det.
Hesten hadde ofte si eiga høyløe, hesteløa. Det var der ein samla det beste og
finaste høyet. Det måtte hesten ha. Og ein ting til som fortel om særstoda til
hesten: Tidleg i min barndom var det å molka og å stella i fjoset rekna for
kvinnfolkarbeid. Men ein ting tok mannen i huset seg av: Det å gje hesten. Det
kunne ikkje overlatast til kven som helst! Men så hadde ein sterk og god hest
avgjerande innverknad både på trivselen og økonomien på ein gard.


Dette var litt om dyrestellet i gammal tid. På det feltet trur eg ikkje
framstega har vore store.


17.10.06
Kjell M. Sinnes

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar