torsdag 3. februar 2011

Sirdal

Fjosstell i Sirdal i min barndom

Eg har lyst til å fortelja litt om korleis fjøsstellet arta seg om vinteren i
min barndom, for 60 år sidan.


Dei stundene vi barna fekk oppleva i fjoset når kyrne skulle brynnast, er gode
minne, og eg deler dei gjerne med andre.

Å brynna kyrne vil seia at kyrne skulle få drikka. Vi hadde ikkje drikkekar i
båsane. Så brynninga skjedde med bytter. Men midt på dagen i vintermånadene
skulle dei også ha varm og god drikka. Ein kan mest seia at dei fekk ei slags
kaffi- eller testund midt på dagen.

Det å brynna dyra, det var mor sitt arbeid. Men på fridagar og i skuleferiar var
det ein jobb for ungane.
Vi starta relativt tidleg på formiddagen med å fyra opp i ein stor, mura omn som
vi hadde i fjoset. Omnen hadde ei gryte som kanskje tok 100 liter. Vi byrja med
å "elda under grydå", som det heitte.

Medan vatnet vermdest, var det moking, prating med dyra og å gje – bera høy til
kvar einskild ku – som måtte gjerast.

Kyrne måtte også få nytt bos i båsen. Boset kunne vera høyavfall, eller det var
gras som var slege på myr, slik at det var iblanda mykje mose. Slikt myrbos
lukta godt, og kyrne likte heilt tydeleg å få det til å liggja på.
Etter kvart som varmen spreidde seg i fjoset, oppsto ei tilfreds og god
stemning. Kyrne lika heilt tydeleg den gode varmen og dei sette tydeleg pris på
å ha folk rundt seg. Snakka du til dei fekk du gjerne eit tilfreds og
forventningsfullt "drøn" attende. "Jaså, så no står du berre og ventar på å få
drikkå di?" "I dag skal vi laga ein god drope på det fine og grøne (potet-)
jordeplekålet frå Storåkeren. Du skal også få ei sild eller to å kosa deg med."
Slik prata vi med kyrne medan vi stulla og stelte og klappa dei. Og kyrne forsto
kvart ordet, det var tydeleg ut frå godlydane dei svara med.

Potetkålet vart slege medan det var grønt. Vi tørka det og hengde det opp i løa,
for sidan å laga log til å brynna kyrne med.

Når vatnet nærma seg kokepunktet, tok vi potetkål opp i gryta. Det gav ein fin,
brun log (potet-kål-te) mest som sterk te å sjå til. Det lukta også svært godt.
Potetkålet måtte trekkja ei stund for å få ut dei gode og helsebringande stoffa.
Men det måtte ikkje gå for lenge før det vart servert. Kyrne gav tydeleg beskjed
om at nok er nok. Vi tok ei god trekvart bytta med log, tok også oppi litt
potetkål og blanda i to-tre nevar mjøl (kraftfor). Til slutt vart det balansert
med kaldt vatn for at dei ikkje skulle brenna seg.

Når byttene skulle opp i båsen, måtte ein vera bestemt og sterk. Kyrne var svært
ifartne(ivrige) etter den gode, varme og velluktande drikka.

Eg trur at for 60 – 70 år sidan hadde dei fleste fjos i dalen ein omn eller ei
grua til å varma drikka i. Torvald Hompland fortel at i alle fjosa på Hompland
vart kyrne brynde med varm drikka midt på dagen.
Ikkje alle fjosa hadde omnen inne i sjølve fjoset. Eldstaden kunne også vera
plassert i middgjevet eller i eit eige eldhus i tilknytning til fjoset.

Eg trur at denne skikken var god for dyra. Sjukdom var så godt som ukjent. Det
meiner eg kom av den varme drikka og det friske og fine skogehøyet, som var som
helsekost for kyrne.
Og dyra måtte ein stella godt med. I tillegg til hesten var det først og framst
kyrne som representerte kapitalen på gardsbruka i Sirdal.

Elles var det ein begivenhet for oss ungane når ei ku måtte til stuten og når ho
skulle kalva.
Det var direkte og god innføring i livets mysterier for oss ungane. "Slik går
det til med kyrne! Då kan det vel henda at det er noko liknande med oss menneske
også!" undrast vi, nærast i løynd.

I Ousdal var det vanleg at berre eitt eller to av dei ti gardsbruka hadde stut.
Og det å halda stut, var eit fellestiltak som gjekk på omgang mellom gardsbruka.
Stuten skulle ein helst kjøpa eller bytta til seg frå andre stader i bygda.
Dette var for å unngå inneavl.
Stutane var ofte store og røslige dyr. Så når han kom bøljande ut frå fjoset til
kua, var det mest på livet både for folk og fe. Men det var
anskuelsesundervisning som sa seks.


Når kua skulle kalva, samlast mange av familien i fjøset for å bivåna
begivenheten. Og det var eit under som skjedde. Først kom klauvene på framføtene
til syne. Kanskje måtte kua ha hjelp ved at ein av dei vaksne drog i beina.
Etter ei lita kvild kom hovudet fram. Og når hovudet var ute, kom resten av
kroppen ganske fort. Og så låg eit nytt ku-emne, eller det kunne vera ein
stutekalv, og kava på fjosgolvet. Det var stas!


Eit dyr fann ein i dei fleste fjos i Sirdal. Det var grisen. Småjordeple,
matrester og kjøkkenavfall vart nytta til grisefor. Og grisen fekk sjølvsagt
også varm mat når kyrne fekk sitt stell. Det var gjerne småjordeple som var
kokte og iblanda litt kraftfor. Rein delikatesse, både grisematen og flesket -
ved juletider.


Til slutt nokre ord om hesten. På sett og vis var det han som var høvdingen i
fjoset. Hestestallen var gjerne like innanom fjosdøra, litt adskild frå kyrne.
Om vinterkvelden når arbeidsdagen var slutt, kom han utante den store verda som
ein frisk pust. Hesten var naturlegvis heva over den grå kvardagen til kyrne,
som sto i det mørke fjoset frå haust til vår.. Han sto på stallen og togg
engjehøy. Han var tolmodig og blanda seg ikkje ståket når brynninga skulle skje.
Han var heva over det.
Hesten hadde ofte si eiga høyløe, hesteløa. Det var der ein samla det beste og
finaste høyet. Det måtte hesten ha. Og ein ting til som fortel om særstoda til
hesten: Tidleg i min barndom var det å molka og å stella i fjoset rekna for
kvinnfolkarbeid. Men ein ting tok mannen i huset seg av: Det å gje hesten. Det
kunne ikkje overlatast til kven som helst! Men så hadde ein sterk og god hest
avgjerande innverknad både på trivselen og økonomien på ein gard.


Dette var litt om dyrestellet i gammal tid. På det feltet trur eg ikkje
framstega har vore store.


17.10.06
Kjell M. Sinnes

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar