1.
Barneåra i
Ousdal, Sirdal
Oppveksten min i Ousdal
Barneåra i Ousdal, Sirdal 1
Innflyttar i eiga bygd 1
Presentasjon av familien 2
Fjellturar om våren 2
Badstubading, Laughølen og Skrigarhølen 3
Skirenning frå Flòden 5
Skulehuset 7
Under bakken etter posten 10
Kjelkerenning i bakken 10
Flitsprøyta og hesten 11
”Ola på Jordet”, Maria og Tarjei Persen 12
Min første fisk 15
Menneske som livet for hardt med 15
Omkring rasulukka i Ousdal i 1928 15
Stølslivet slik eg opplevde det 19
Som gjetargut på stølen 22
Litt om stølane våre 27
Surtekvæv 27
Kaldebekk 33
Ola
T. Ousdal –Minneord 34
2.
Ungdomsåra 36
Hobbyar
og interesser 36
Fisking 36
Jakt 37
Skisport 38
Historie og
religion 39
Lyrikk 39
3.
Sjukdom,
forelsking og ny kurs 40
4.
Utdanning og
arbeid 42
Tida i Førre 42
Vidare utdanning 43
5. Heim og familie 44
Livet er ikkje alltid så beinkløyvt 44
Litt om kona mi og svigerforeldra 46
Det er ikkje
lett å vera ung 47
6. Soger og forteljingar 48
Menneske
eg møtte: ”Fidjeland-gutane” 48
Utskrift frå notat gjort av Gilbert Fidjeland 54
Bombinga av Knaben gruver 60
Soga om David Besbris 60
Njål
Bjørkelid kjempa på tysk side 68
Kona
mi: Minne frå då eg var liten 71
Hallys komet og dommedag 75
Fjøsstell
i Sirdal i gamle dagar 76
Det
kunne gått gale 78
Hell
og uhell Stormnatta i 1969 79
Kva var det som hende? 82
Hendingar
som Jørgen S. Tjørhom fortalde 82
Gjennom isen på Beinesvatnet 82
Styggemannen i Ukveldalen 83
Dette er gravsongen til mor di 84
Nøkkelen 84
Møte
med det heilage 85
Naglane
i båten 86
Om vetefolk i Sirdal 88
Vetekona
på Løgjedalstølen 88
Vetekona på Hompland 89
Hendingar
frå eit langt liv i skog og hei 90
Hundeberginga
på Goplefjedlet 90
Hendinga ved Skarketjødn 92
7. Bygdevegen i gammal tid 93
Vegane i Sirdal i gammal tid 93
Med
hest og slede ned Kaldebekkdalen 96
8. Sorg 98
Tor
Ådne Det eldste barnet vårt vart berre 20 år 98
Lang Q-T-tid 100
9. Stadnamn i Ousdalsdalen 100
Namn i
indre del av Ousdalsdalen 101
Namn i
heimre del av Ousdalsdalen 102
Utdrag
frå mi livshistorie
s1
1.
Barneåra i Ousdal, Sirdal
Innflyttar i eiga
bygd
Familien
vår var tilflyttarar til Ousdal. Mor var frå Kvæven, og far var frå Sinnes
(Stølsjo). Etter eit opphald i Amerika, kom dei attende til Noreg og slo seg
ned i Ousdal i 1939. Om tida i Amerika kan de lesa i stykket ”Frå Saxen til
Sirdal”. Stykket ligg på den gamle heimesida mi: http://home.vabb.no/kjellm. (E-postadressen er: kjell.m.sinnes@gmail.com )
Begge hadde vore i USA. I Ousdal var det ikkje vanleg at også kona hadde vore i Amerika. Men mange av mennene hadde tatt sin tørn ”over there”. I Amerika hadde ho vorte interessert i kjøkkenhage. Også i Ousdal ville ho difor prøva seg med både ”ledes” (salat), ”cauliflower” (blomkål), raudbetar, gulrøter og andre ting. Mange av ungane på garden tykte at dette var både merkeleg og latterleg, og dei fotalde til foreldra sine ”at dei ’Der oppe’ et blokker til maten.”
Foreldra mine.
Tonette Amanda f. Kvæven 28.09.1898 - 22.08.1984
Ådne Sinnes 20.07.1897 - 17.06.1974
Begge hadde vore i USA. I Ousdal var det ikkje vanleg at også kona hadde vore i Amerika. Men mange av mennene hadde tatt sin tørn ”over there”. I Amerika hadde ho vorte interessert i kjøkkenhage. Også i Ousdal ville ho difor prøva seg med både ”ledes” (salat), ”cauliflower” (blomkål), raudbetar, gulrøter og andre ting. Mange av ungane på garden tykte at dette var både merkeleg og latterleg, og dei fotalde til foreldra sine ”at dei ’Der oppe’ et blokker til maten.”
Både
rotfruktene, salaten og jordbera var av god kvalitet. Blomkåla trur eg ikkje
vart fullt så vellukka.
Mamma
uttrykte også stor forståing og sympati med baptistar og pinsevener. Og når
Henry Heranger, baptistpresten på Tonstad, var i midtre del av dalen og heldt
møter, budde han hos oss. Møta hans var på bedehuset i Omlid inntil styret for
huset sette stopp for verksemda. Læra var ikkje den rette. Dette bidrog nok til
å skapa ein kjøligare atmosfære i bygda.
Far min
var ein flink heste- og køyrekar. Når det hadde kome mykje nysnø, og føret var
tungt, likte dei fleste av naboane å venta med å ta på skogsvegen til ”Ådne
hadde drege av garde og køyrt opp braut”. Dei likte heller ikkje å køyra på
isane før Pappa hadde vist at isen var sterk, og knapt nok då. Som barn var eg
nok var for stemningar mellom folk på garden, som innebar både beundring og kritiske haldningar. Visst var han ein
dyktig hestekar, men dei tykte han var for røff og uvyrden. I Ousdal var dei
ikkje vane med å gjera det slik som Ådne og Amanda gjorde det.
Då eg,
som 14-åring, byrja å gå på jakt og også fekk lov til å overnatta i Surtekvæv
(ei natt per jakttur), var det enkelte som mumla om uansvarleghet.
Kanskje
denne mumlinga gjorde meg ennå meir skjerpa og aktsam. Eg ville visa dei at
foreldra mine slett ikkje var uansvarlege!
Far min
overauste meg ikkje med formaningar i samband med jaktinga, men eit par gode
råd gav han meg: ”Når du skal kryssa ei elv, må du ikkje gjera det like ovanom
innfallsosen, der elva renn ut i eit vatn. Dett du i elva der, er du før du
sansar deg, ført ut på vatnet. Gå motstraums eit hundre meter eller to, og
kryssa elva der. Dett du då uti, har du ei viss tid til å koma deg i land før
du er i elveosen og ute på vatnet.”
Den andre
regelen var: ”Gå aldri ut på fjell eller upser (ufser) når det kan vera fare
for is. Spesielt må du vera forsiktig når det har kome eit snølag! Snøen kan
skjula isen, og det er så glatt at du er utføre stupet før du får sukk for
deg.” Det var to enkle huskereglar som eg la meg på minne, og som eg har hatt
glede av.
Ousdal
var ein god plass å veksa opp. Men av og til kunne eg få ei kjensle av
framandskap.
s2
Vi var sju born i familien. Sven (1921-2009), Ingeborg (1923-2011), Thom (1931), Jarleiv (1934), Kjell (1938), Karen (1940) og Erna (1942).
Vi var sju born i familien. Sven (1921-2009), Ingeborg (1923-2011), Thom (1931), Jarleiv (1934), Kjell (1938), Karen (1940) og Erna (1942).
Sven,
Thom og Jarleiv busette seg på Nord-Jæren. Sven på Røyneberg, Sola kommune. Han
døydde i 2009. Thom og Jarleiv i Sandnes-området. På sine eldre dagar overtok
Jarleiv gardsbruket Stølsjo på Sinnes i Sirdal. Ingeborg og Erna busette seg i
Nome, Alaska. Ingeborg døydde der i 2011. Karen bur no i Nittedal kommune. Eg
sjølv, Kjell, bur i Kvinesdal.
1. Sven
og kona Ingjerd Bull-Njaa fekk to born, Audhild Sofie f. 1968 og Astrid Tonette
f. 1972.
2.
Ingeborg og Kay Handeland fekk borna John Kenneth f. 1960, Arne f. 1961 og
Linda f. 1963.
3. Thom
og Frøydis Haavardsholm har ikkje barn.
4.
Jarleiv og Karen Ullestad har sju barn, Nils Ådne f. 1964, Håkon f. 1966, Anne
Stine (1967-1987),
tvillingane Jorunn og Kari f. 1968, Erna Amanda f. 1975 og Kjell Torjus f.1980.
5. Kjell
og Berit Olea Scheit fekk fire born, Tor Ådne (1961-1981)*Sjå stykket om
sorg, Valborg Marie f. 1963, Sveinung f. 1965 og Kirsten Tonette f. 1970.
6. Karen
og Odd Berentsen fekk to born, Siri
Kvæven f. 1964 og Oddbjørn f. 1973.
7. Erna
og Leo Rasmussen har to born, Amanda Esther Maria f. 1980 og Kristina Annette Lynn f. 1982.
Fjellturar om våren
Det som
her vert kalla ”fjellturar”, er ikkje turar innover i heiane eller i
Ousdalsdalen.
Fjellformasjonen
ovanom huset vårt var vår leikeplass. Når t.d. Tordis (dotter til Jørgine og
Jøren Olsen) eller Tonny og Ingrid (døtrer til Ingeborg og Jøren Der framme)
kom og spurde om vi skulle vera med på fjelltur, betydde det at vi skulle opp i
berga og leika eller finna Sisselrot eller Smørbukkar (Rosenrot). Kanskje
skulle vi også koka tørrfisk og poteter - eventuelt egg, men egg var sjeldan.
Det var helst tørrfisk og poteter det gjekk på.
Då kleiv
vi som oftast opp i Krigstona. Der ordna vi til eit fint bål på bålplassen
innved fjellet og laga til måltidet i ein blekk-boks. Bålplassen visste vi at
hadde vore i bruk i generasjonar. Og kven visste om ikkje vikingar, Hjortefot
og indianarar også hadde vore på krigsstigen her?
Vikingane
kjende vi oss forresten nærskylde med!
For ein
lykkeleg barndom! Og spør om måltidet smaka?
Men var
det ikkje farleg for ungane å leika oppi fjellet? Jau, det var farleg! Det
kunne endåtil vera livsfarleg! Men det forsto vi og visste om, og vi lærte oss
å vurdera faren og å oppføra oss i høve til det. Og dei eldre kjende ansvar for
og gav opplæring til dei som var yngre.
Bror
Jarleiv gav kloke og gode råd om korleis vi måtte plassera føtene og hendene om
vi skulle forsera fjellnasane som ville hindra oss i å koma opp i Kalvetona
eller Horsetona, eller det kunne vera på snarvegen/beinvegen opp fjellet mellom
Langeto og Foråsen. Han lærte oss også at ei grastuste kunne vera tryggare å
halda seg fast i, og meir å lita på, enn ein einerbusk. Den kunne vera nærpå avrotna nede ved rota, sjølv om han såg
grøn og frisk ut.
Jau, det
var litt av ein leike- og tumleplass vi hadde. Det kan folk få eit lite
inntrykk av dersom ein stoppar bilen på Vidamyre eller ved Klomre (vis a vis
Odd Kvine sin gard) og ser på
fjellformasjonen ovanom vårt hus, som er synleg på pynten oppe i Ousdal.
s3
s3
Fjellet
var ein utfordrande leikeplass. Men det gav seg ikkje ut for å vera noko anna,
og det både kravde og lærte oss varsemd, respekt og tryggleik
Ein
aktivitet, som gjerne innleidde fjellsesongen, var sviing (brenning) av lyng og
gammalt gras i Kalvetona, Horseto, Eilivsto eller Langeto. Dette gav nytt fint
gras og godt beite, og sviinga gav vokstervilkår for tytebær. Men det var jo
sjølve brenninga som det var stas med.
Av og til
fall brenninga saman med påsketrafikken oppover dalen. Vi tenkte oss at
turistane vart forstøkte når dei såg dette. Det måtte sjå ut som om sjølve
fjellet hadde teke fyr!
Ein
spesiell plass, som var litt lenger borte, hadde vi også. Dit drog vi nokre
gonger tidleg om våren. Plassen var Geiteneset ved indre kanten av Goplefjedlet.
Geiteneset er myrflaten mellom Goplefjedlet og Pærskvæv. (Legg merke med den
gamaldagse skrivemåten/uttalen av mannsnamnet Per.) For å koma dit, måtte vi ha
Thom med oss. Han var sterk og flink til å buksera pråmen gjennom isflaka. Vi
drog nemleg til Geiteneset tidleg på våren, med det same myra der var blitt
snøbar.
Vi hadde
nok eit stort behov for vitaminar, og på Geiteneset var der myrber. Myrber blir
også kalla traneber. Det var nok vitaminbehovet som fekk oss til å leita etter
både Sisselrot (bregneplante) og myrber.
Badstubading,
Laughølen og Skrigarhølen
Ousdal er
ikkje velsigna med fine badeplassar i nærleiken av garden. Berre ein badeplass
er fin, men han høver berre godt for dei minste ungane. Det er Laughølen(Lauhølen)
i Omlidbekken. Der begynte vi badesesongen tidleg om våren. Vi gjekk gjerne
over ei snøfonn eller to for å få starta opp sesongen. Men hølen var grunn, så
grunn at ein gut sette hovudet fast mellom to steinar når han forsøkte å stupa.
Guten vart lirka laus, og det gjekk godt. Men Torbjørn Reime (sommargjest frå
Bryne) og eg fann ut at vi måtte freista å gjera noko med problemet. Ein smal
sykkelslange vart delt i to. Ein av oss skulle halda slangen over vatnet, medan
den andre tok den andre enden i munnen og skulle arbeida som dykkar på botnen
av hølen.
s4
Korleis det gjekk? Det vart anstrengande å driva med mudring når luftslangen vart klemd flat av trykket i vatnet. Vi prøvde med at han som helt seg over vatnet, skulle blåsa luft ned til mudraren. Men arbeidet stoppa opp - truleg på grunn av klein luftkvalitet. Djupnaden i hølen vart difor verande den same som tidlegare generasjonar hadde måtta klart seg med. No er det lenge sidan eg har vore der, men eg trur kanskje at Tor har fiksa litt med gravemaskinen.
På
søndagane kunne det henda at ein heil flokk av vaksne og halvstore ungar gjekk
opp i votne (vatna) på badetur. Spesielt Midtra-flåne gav gode bademuligheter.
Nokre av dei tøffaste sumde votna på langs: Storevatn, Midtra-flåne og
Litlevatn. Det var ein symjetur på om lag 3 km .
Til
kvardags føregjekk badinga for større ungar og vaksne i Skrigarhølen, ein høl i
Ousdalsåna midt nedi juvet i Ousdalsbakken. Som barn tykte vi at dette var ein
kjempehøl, stor og djup. Når eg seinare kom der som vaksen, hadde eg mest
problem med å kjenna meg att: ”Er verkelig denne vesle kulpen den berømte og
berykta Skrigarhølen? Der vi kunne stupa
frå den store steinen dersom vi berre sikta inn mot den djupe hola?”
Ousdal
var ein av dei få gardane i Sirdal som hadde badstove. I min barndom vart
badstova oppvarma på laurdag – på laugardagen. Då eg var i 10-12 års alderen,
skifte Ousdal badedag til fredag kveld. Kvinner og jenter bada kl. 5. Gutar og
menner kl. 6.30. Om sommarhalvåret kunne ein då sjå mange nakne kroppar som
sprang bort til elva og dukka seg der. Enkelte hardhausar brukte også elva om
vinteren. Vaskemulighetene elles var ein felles stamp. (Seinare fekk vi dusj,
men berre med kaldt vatn.)
Badstoveognen
(-omnen) vart varma opp så han nære på var glødande, og steinane så varme at
det kravde stor aktsemd for ikkje å skambrenna seg i dampen av den som skulle
slå på vatn, slik at det vart dampbad. Dampen var så varm at det var vondt å
pusta. Når vi sat der og ”saup etter ånda”, kunne vi høyra Ola Tarjeisen seia:
”Å-å-å, men dette er til pass for den gamle Adam!” Han unte Ola ikkje noko
godt!
Eg må
nemna ein episode frå Skrigarhølen: Eg var 5-6 år gammal.
Ein dag
kom dei andre ungane og fortalde at Ingrid hadde lært å symja. Ho hadde sòme (sumt)
frå ”den flade steinen” og over til ”kvilesteinen”. Ingrid og eg var jamgamle,
leikekameratar og gode vener. Då eg høyrde at ho kunne symja, vart eg fylt av
ei jublande glede. Så kjekt det skulle bli å symja! Eg var viss på at når
Ingrid kunne symja, så kunne eg det også.
Seinare
på dagen vart vi med storesystrene våre ”Dadda” (Ingeborg) og ”Tulla” (Torborg)
ned i Skrigarhølen. Ingrid og eg fekk på oss badekleda i ein fart og vassa ut
til den flade steinen. Ho sòm elegant over til kvilesteinen og sette seg der.
Så var det min tur. I augnekroken såg eg at Ingeborg nett var på veg ut i
vatnet. Eg sparka i frå med kurs mot Ingrid. Enno hugsar eg kor forbausa eg
vart då symjeturen meir og meir fekk karakter av dykking. Ingrid sat på steinen
med beina ned i vatnet, det kunne eg sjå, men føtene hennar såg for meg ut til
å løfta seg stadig høgare i høve til meg. Til slutt forsvann dei oppover, og eg
såg berre store steinar i mørkret.
Det eg så
registrerte, var at eg låg på botnen av ”den djupe hola” og tok symjetak i grov
sand og småstein. Heldigvis hadde Ingeborg observert det som skjedde. Ho
fortalde seinare at ho såg ei lita blå badebukse nede i mørkret som ho dukka
ned etter.
Det var
forbauselse, uforståing og såra stolthet som prega meg resten av dagen og nokre
dagar etterpå til eg sjølv utførte kunststykket å halda med flytande bort til
kvilesteinen. Kva var det som hadde gått gale? Kvifor flaut ikkje eg, når
Ingrid glei så fint i vatnet?
Det var
eit nederlag og ein lærepenge.
s5
Skirenning frå
Flòden
Litt
austanfor uthusa til Jøren-Ola er det ei svært bratt li eller dalside opp mot
Ousdalsfjedlet/Naustrelia. Høgt oppe i dalsida er det som ein flate eller
avsats før bratthenget reiser seg mot toppen av fjedlet. Denne avsatsen i lia
har namnet ”Flòden”. (Namnet Flòden kjem truleg av ordet flate. Ein flate i eit
bratt lende.) I mi barndoms- og ungdomstid vart det ofte fortalt ei soge om den
gongen då Gunnar Persen og Torjei Salvesen rende på ski frå Flòden. Dei starta
frå ei bestemt ups. Derfrå sleppte dei seg beint ned sjølve dalsida. Farten var
så stor at dei stoppa ikkje før eit stykke opp i bakkane ovanom husa til
Torkjel og Gunnar i motsett dalside. Dette hadde dei gjort ein vinter med
spesielt mykje snø og elles gode tilhøve for å renna utfor.
Vi snakka
om dette den eine viteren etter den andre. I blant var vi eit stykke oppi
bakken også, og rende. Men, å renna frå Flòden?! Nei.
Men så
fekk vi ein vinter der alt la seg til rette. Mykje snø, ein tøyr (ein
mildversperiode), så frost att, og til slutt eit lag med nysnø. Eg var 15-16 år
gammal. Ein laurdag bestemte eg meg for at dagen etter skulle det skje: Eg
skulle renna frå Flòden. Men ikkje eit ord vart nemnt til nokon. Eg kjende den
gode spenninga og sitringa i kroppen då eg sto opp klokka halv sju og gjorde
meg klar. Endeleg. Dagen var komen!
Eg starta
med å forsikra meg om at gjerdet ved eigedommen til Jøren Olsen (i dag:
Jøren-Ola) låg godt dekte av snøen. Ingen fare for å hekta i netting og
ståltråd eller å koma borti stolpar. Eg begynte kanskje halvvegs oppi bakken.
Farten var plistrande, men det gjekk godt. Men eg hadde eit problem, åna(elva)
var open. Straks eg var komen ned på vodlen til Ola Bortfor, måtte eg difor
svinga til høgre så fort og så godt eg kunne. Eg fylgde åkanten og svinga opp
austan for husa til Ola Bortafor og stansa like ved huset hans. Neste gong
gjekk eg 20 – 30 m
lenger opp. Slik heldt eg på til det berre mangla om lag 15 meter til den bestemte
upsekanten. Farten vart sjogande, og det hadde neppe gått godt hadde eg ikkje
hatt briller. Utan briller hadde augo vorte blinda av vind og tårer. Også denne
gongen gjekk det fint.
Så sto eg
på staden der Gunnar Persen og Torjei Salvesen hadde stått, og sleppte meg utføre.
Midt nede
i dalsida er det ei lita ups(ufs). No hadde vind og snø forma landskapet slik
at denne upsa mest ikkje var noko, men eg hadde hatt ho i tankane dei andre
gongene eg hadde rent over ho, at eg ikkje måtte få luft under skiene. Men før
eg vardest ved, var eg i lufta. Aktsemda hadde ikkje vore på topp! Eg hadde fryda
meg over at no gjorde eg det same som dei to gamlekarane hadde gjort, ---men så
var eg i lufta!
s6
Straks eg var nede på dyrka
mark, måtte det svingast på grunn av at elva hadde brote opp i
mildversperioden. Trea som ein ser på bildet, er komne til i seinare tid. På
grunn av beiting, var bakkane frie for tre for 50-60 år sidan
Eg hadde
hoppa ei del på ski, og intuitivt oppførte eg meg som om eg var i ein
hoppbakke. Nedslaget kom etter eit ”svev” på ca.30 meter, men det vart for
tungt. Bakenden slo ned på hælane, kontrollen vart tapt, og det gjekk kast i
kast nedover. Men til slutt observerte eg at ferda hadde stoppa, at eg låg i
ro. Kanskje låg eg i ro ei god stund?
Eg hugsar
at eg tenkte at eg måtte finna ut om det var noko, armar eller bein, som ikkje
fungerte: Den høgre armen bevega seg greitt. Og handa gjorde dei rørslene eg
ønskte ho skulle gjera. Eg låg og fylgde ho med augo. Også den venstre armen
lystra dei ordrane hjernen gav. Det same gjorde begge føtene. Alt var i orden!
Nett då
”undersøkinga” gjekk mot slutten, høyrde eg at Jøren Olsen kom springande. Det
var så vidt han hadde pust att til å få ropa ut: ”Broe, broe! Lever du! Gjekk
verkeleg dette godt?!” Han fortalde, då han fekk pusten att, at han skulle i
fjoset om morgonen, men fekk auga på den galne skiløparen som klatra og rende
borte i dalsida nedanom Flòden. Han let kyrne
og fjoset vera der dei var, og vart sitjande med kjelen og kaffien og
såg på moroa. Då eg datt, tok han til sprangs dei 4-5 hundre metrane (frå det
gamle tunet) for eventuelt å kunna hjelpa. Jøren var ein sjeldan god og
omtenksam nabo. Når eg tenkjer på han, er det takksemd og glede som fyller
sinnet.
Renninga frå
Flòden enda opp med at vi måtte le både Jøren og eg. Eg reiste meg opp og var
like heil. Og ved sia mi sto ein kjær nabo og takka og priste høgare makter for
at det hadde gått godt med gutungen. Omtrent samstundes vart vi merksame på at
han sto der i berre skjorta og at ullsokkane var det einaste han hadde på
føtene. Trøye og sko hadde han ikkje hatt tid til å hefta seg med.
I
ettertid har eg i blant ergra meg over at dette for min del vart siste og
einaste forsøket på å renna etter Gunnar Persen og Torjei Salvesen. Å ta arven
opp etter dei gamle skiløparane, viste seg å vera verre enn å hoppa etter Wirkola.
s7
s7
Skulehuset
Skulehuset
i Ousdal er ikkje stort. Skulestova kan ikkje vera stort meir enn 30-35 m2 . Men her var garden
sitt samlingspunkt: Skulehus om dagen, forenings-, øvings- og møtelokale om
kveldane. Kort sagt - eit kulturhus.
På dagtid
var det skule. Då skulle vi som høyrde til den oppvaksande generasjon, gjevast
deltaking i menneskeslekta sine kulturskattar. Første timen var alltid Kristendomskunnskap.
Kyrkjesoga og Katekisma kunne vera tungt stoff, men det var stoff som høyrde
heime i storskulen, og når ein var komen så langt i alder og visdom, då skulle
det ikkje vera enkelt. Vi i småskulen sat reint klomsa over den store kunnskapen og innsikta dei
store hadde tileigna seg: ”Vi skal ottast og elska Gud så vi ikkje fer med
slarv(sladder) eller baktalar nesten vår, men orsakar han, talar vel om han, og
tek alt i beste meining.”
Både
ottast(frykta) og elska! Slik sat vi små og funderte. Det var to ting som meste
som gjekk i kvar si lei. Det var vanskeleg. Men dei store forsto det, for dei
gjentok det ofte. Og kvar gong nikka læraren med hovudet og var tilfreds.
Timane
når læraren fortalde frå bibelhistorien, eller det kunne vera frå vanleg historie,
var kulturstunder av høg kvalitet. I dag gjer det meg vondt når eg ser korleis
tilbodet til borna vert utarma både åndeleg og kulturelt.
Mine
lærarar var Torjei Solheim, Ola Nomeland og Karoline Tjørhom. Gode og flinke
folk.
I mi tid
var det samla skule i Ousdal. Dvs. at borna frå 1. til 7. kl. var i same
rommet. Dei var på skulen samtidig, og skulen hadde berre eitt klasserom. Det
stilte nok store krav til både læraren og elevane. Men det å vera i same
rommet, hadde også store fordelar. Vi mindre fekk eit lite innblikk i dei mysteria
som vi ville møta om eit år eller to-tre. Og vi fekk høve til å fundera, grubla
og å gleda oss t.d. i lag med Moses og Mirjam då dei kom velberga over Det
raude hav. Skadefryden var vel ikkje langt unna når vi tenkte på Farao, den
”svinepelsen”. Han fekk som fortent!
s8
s8
Det vart
fortalt at då bror min, Jarleiv, begynte på skulen, hadde han den vanen eller
uvanen at han greip ordet når det passa han. Læraren sa til han: ”No, Jarleiv,
når du er så stor at du har begynt på skulen, må du retta opp handa når du vil
seia noko.” Jarleiv tykte at det høyrdest ut til å vera ei grei ordning, så han
godtok det.
Etter ei stund rette han opp handa. ”Ja,
Jarleiv. Kva er det du har å seia,” sa læraren. Jarleiv: ”Salve køyrde forbi.”
Etter nokre minutt kom handa opp på nytt. ”Ver so god Jarleiv. No var du flink.
Kva vil du seia no?” ”Salve køyrde heim att!”Om kveldane kunne det vera at Signe og Anna i Neset hadde barneforening. Og var det ikkje barneforening, så var det kvinneforening. Der strikka og sydde dei fine ting som sidan vart lodda ut på basar på bedehuset i Omlid. Ein vinter gjekk eg forresten i kvinneforeninga, eg og, og lika meg godt der. Men stadige hint frå dei større gutane: ”-så de kvinnfolk skal på
s9
kvinneforening!” gjorde at eg forsto at det var tryggast å slutta der. Det hadde vel med kjønnsidentiteten å gjera?
I Ousdal
var det også eit musikklag. Olaf spelte trekkspel, Ola P. og Ola J. spelte
fele. Anna J., Anna i Neset og Torborg (Tulla) hadde gitarar. Ingeborg (syster
mi) og Ingeborg av Gunnar var songarar.
Dersom Åsa var heime, så spelte ho mandolin. Eg synest også å hugsa at
Ingvald var med. Spelte han også trekkspel, skal tru?
Ousdal
musikklag var flinke, og det var ein fryd å høyra på dei. Tenk om ein kunne
fått vore med?
Når det
var møte på skulehuset, var mest heile garden (alle folka i Ousdal) samla. Møta
var både folkeopplysning, bibeltimar, vekkingsmøter og underhaldning. Alt i
ordets beste meining. Når forsamlinga stemde i songen, ”Hellig Ånd, o himmel
lue. Kom og tenn mitt hjerte an!”, med ei kraft som nære på fekk takket til å
letta, då kjende og forsto vi at vi var på heilag grunn! I Sangboka sto det at
tonen var ein folketone frå Rogaland. Men mange trudde at tonen like godt kunne
ha sitt opphav i vårt dalføre, så gjenkjennande og heimsleg som den lydde.
Ein annan
song som også vart mykje brukt, var Lars Oftedal sin song ”O, at jeg kunne min
Jesus prise” Melodien til denne songen er også ein folketone.
Ein
predikant som samla fullt hus, og som det verkeleg var verd å høyra på, var
Jørgen S. Tjørhom. Møta hans kunne arta seg som ei fin blanding av kulturhistorie,
bibeltime og vekkingsmøte. Han var god til å fortelja, og hadde eit mest
utømande reservoar av bibelhistorisk -, noregshistorisk – og lokalhistorisk
stoff å fletta inn i talane sine.
Ein
tilreisande predikant som var mykje avhalden, var Johannes Ramsfjell. Han
spelte gitar. Ein annan av dei tilreisande, heitte Müster. Han song om
Jerusalem og spelte så fint på gitaren sin at tårene berre strirann hos mor mi.
Ho tykte at musikken hans høyrdest ut som himmelklokker.
1.
juledag var det juletrefest på skulehuset. Folk møtte opp i finaste stasen. I
tillegg til tale var det matservering, kaffi og kakao, og gang rundt juletreet
med både ein og to ringar. For ein stas, og for ein rikdom av gode minne. I
Ousdal hadde vi på den tida nokre svært fine jenter. Difor kom det ofte deltakarar frå andre
gardar i Sirdal, spesielt frå Tjørhom. Og det var stas også for andre enn
jentene. Vi ungane tykte at Per og Øyvind var nokre strame karar som kom utante
den store verda. Eg hugsar også at ein av dei, kanskje begge, gjekk i uniform.
Dei gjorde visstnok teneste i Tysklandsbrigaden.
Eit
innslag på festane var at vi borna fekk delta med å lesa opp dikt eller stykke,
som gjerne var henta frå julehefter. Vi øvde oss i lang tid. Det var stas å få
vera med. Og på veggen over hovudet vårt hadde dei vaksne ungdommane
pynta/”skrive” ved hjelp av unge skot frå grantre: VELKOMMEN. Ein stilte seg
ikkje opp der utan å vera førebudd.
Når så vi
minste rusla på heimveg utpå kvelden saman med foreldra våre, hadde vi ei varm
og god kjensle: Vi hadde vore med på noko som verkeleg var noko å vera med på!
Og om nokre år var vi mellom dei store og vaksne: Dei som gjekk i den ytre
ringen rundt juletreet, og som var att når vi gjekk heim, og skulle fortsetja
festen ei stund til.
s10
s10
Under bakken etter
posten
I min
barndom måtte posten hentast ”under bakken”, under Ousdalsbakken. Det kunne nok
vera surt å stå og venta på bussen om vinterkveldane. Men då dampbåten ”Fram”
slutta å trafikkera Sirdalsvatnet, vart båten delvis demontert før skroget vart
seld. Salongen hamna under Ousdalsbakken. Der fekk han ny teneste som ventebu.
Bua fekk namnet ”Kveldsly”, og det høvde godt, for i god tid før bussen var
ventande, møtte folk opp for å henta posten. Og den vesle salongen gav ly og
livd.
I ventebua
var det montert ogn (omn). Han rauk ganske mykje under oppfyringsfasen. Men når
ogn og røyr var blitt varme, gjekk det godt. Varmen breidde seg, og latteren
runga av dei mange gode sogene som vart fortalde. Om då bussen gjerne kom ein
time eller to etter normal tid, så vart det sett på som ein fordel. I dag ville
ein kanskje sagt at det var rein bonus.
Det å
henta posten hadde ein sosial funksjon i bygdesamfunnet. Det møtte gjerne opp to-tre representantar frå kvar familie
for å bera heim Agder eller Flekkefjordsposten.
Og ingen
tyktest å sjå noko rart i det. Engelskmennene går på puben, i Ousdal gjekk vi etter
posten.
Historiene
som vart fortalde, var gode og ok. Ein og annan var kanskje på kanten – dette
var eit reint gute- og mannsmiljø, utan at vi ungane heilt forsto det. Ei aning
fekk vi nok når vi kom heim og ville fortelja den gode historia vidare til
foreldra våre eller til heimeverande større søsken, og deira reaksjon ikkje
vart den rungande latteren som den same historia hadde skapt i Kveldsly, men
kremting eller taushet. Vi forsto iallfall at her var det ting vi måtte grunna
meir på før vi utan vidare fortalde det til foreldra.
Salve
beskreiv t.d. åtferda til ei eldre jente ved å seia at ho sprang som om ho var
yksna.(Yksna er ei ku som ein må bringa til stuten.) Eg gjekk heim og sa til
syster mi, som var to år yngre enn eg, ”du oppfører deg så ein skulle tru du
var yksna!” Reaksjonen til dei vaksne
var at dei visste ikkje om dei skulle le eller gråta inntil latteren sprengde
seg fram. Men vi forsto at dette var ei historie som trong finsikting før ho
vart fortalt heime.
Kjelkerenning i bakken
Ousdalsbakken
er om lag ein km lang. Som oppforbakke er han både tung og lang, men som
kjelkebakke om vintrane, er det ein bakke for spesialistar. Med rattkjelken vår
eller med ”Kolben sin kjelke” gjekk det så det var ein fryd. Kolben sin kjelke
vart styrt med styrestong, ei lang og slank bjørkespire som ein drog etter
kjelken. Med ei god styrestong styrte ein kjelken både lett og nøyaktig. Svinga
ein stonga til venstre eller til høgre, svinga
kjelken til venstre eller til høgre. Denne kjelken var ein solid og god trekjelke
med 5-6 mm
breie stålstenger skrudd fast under tremeiane.
Midt ned
i bakken var det ein skarp høgresving, store svingen. Der måtte ein ha tunga
beint i munnen og halda godt til høgre. Møtte ein ein hest med lass der, kunne
situasjonen bli kritisk.
Eg hugsar
ein gong Jarleiv og eg skulle etter posten. Han køyrde, eg var passasjer. Då vi
nærma oss store svingen, forsto sjåføren at farten var for stor til å klara
svingen og at eventuelle bremsespor ville ført rett ut i lause lufta over eit ti-tolv
meter høgt stup. Ordren frå Jarleiv kom som ein piskesnert: ”Kast deg!!”
Når ein
slik ordre kjem frå høvedsmannen, då spør ein ikkje, men lystrar på sekundet.
Vi velta oss av kjelken begge to; fekk nok nokre slag og blåmerker etter møtet
med den hardtrampa vegen. Men vi låg velberga og høyrde korleis kjelken trefte
i toppen av eit tre og singla nedover i greinene.
Jarleiv
var ein hendig kar, så etter litt flikking og lapping, var vi ute att på nye
oppdrag.
Eg må
også få fortelja om ein annan tur i Ousdalsbakken. Det er mest som det rys i
meg når eg tenkjer på kor gale det kunne ha gått.
s11
s11
Jarleiv
og eg skulle også denne gongen under bakken etter posten. Det var blitt
temmeleg mørkt. Då vi nærma oss hovudvegen og Kveldsly i botnen av bakken, fekk
vi sjå at to menner sto og prata mest midt i vegen. Vi høysta og rekna med at
dei kom til å trø til sides, så vi fann det ikkje nødvendig å bremsa.
Då vi
nærma oss det vi trudde var menner, kom omrisset av ein hest til syne. Gode råd
var dyre!
Vi forsto
nok intuitivt at bremsing ville vera både fånyttes og farleg. Då kunne vi mista
kontrollen og slått beina under hesten, med dei katastrofale følgjene det kunne
fått både for hesten og oss.
Instruksen
kom som frå ein general: ”Legg deg flate, bakover!” Eg så gjorde og kjende at
eg fekk Jarleiv sitt hovud i fanget. Dermed strauk vi under vomma på hesten før
vi tørna inn i brøytekanten. Ikkje eit hår vart krumma på nokon, iallfall ikkje
på hesten.
Men vi sa
nok ja og amen til den kjeften vi fekk av dei som påsto at lykka var betre enn
forstanden.
Flitsprøyta og
hesten
Ei
hending gjev meg mest frysningar på ryggen når eg tenkjer på det. Takk og lov for
at det gjekk godt.
Frå ca.
1950 dyrka vi opp ikkje så få mål med jord inne på Kaldebekk-stølen. Pappa var
der ikkje då dette hende, men brørne mine Thom, Jarleiv og eg.
Det var
ein svært varm sommardag. Det er mogeleg at det laga seg til mot regn. I allfall
beit mygg, klegg og flogar noko reint forferdeleg. Det var ei sann plage både
for folk og fe.
Hesten
hadde vi med oss, men det var fælt å sjå korleis mygg og klegg plaga det
stakkars dyret. Inne på stølen låg det ei Flitsprøyte. Det er ei slags pumpe
til å sprøyta insektmiddel med. Vi forbarma oss over hesten med å gi han ein
liten dusj frå Flitsprøyta. Og det var noko som virka! Under buken og kring
kjønnsorganet (hannhest) sat det svart med mygg og klegg. No stuplanda dei på
marka så det var ein fryd å sjå.
Etter
stellet av hesten gjekk vi for å eta.
Best det
var fekk ein av oss auga på hesten gjennom vindauga.
Skrekk og
gru! Han låg på stølsvodlen og vrei seg i nokre forferdelege kramper. Det var
så ein kunne tru han kom til å brekka sin eigen nakke! Iløpet av sekund vart
det bestemt kva som måtte gjerast. ”Du Jarleiv er den sprekaste av oss”, sa
Thom, ”du må springa heim til Ousdal (til Salve), låna telefonen og få fatt i
dyrlege. Kjell og eg skal setja i gang med å vaska hesten, og så skal vi be Gud
hjelp oss!”
For ein
tragedie dette kunne bli dersom vi no tok livet av hesten! Både dei økonomiske
konskvensane og problema elles torde vi knapt å tenkja på.
Eg sprang
i skytteltrafikk mellom bekken og hesten med bytter med vatn. Thom skurte og
vaska med ein kost. Men lite såg det ut til å hjelpa. Dessutan var det eit
farleg arbeid. Best som hesten låg i ro ein augneblink, sparka han i vilska med
beina. Det var helse- og livsfarleg å bli treft av eit slikt spark.
Jarleiv
sette nok rekord på den 10 km
lange turen fram og attende Kaldebekk – Ousdal.
Til alt
hell fekk han straks kontakt med dyrlege i
Flekkefjord. Eg trur namnet var Lædre?
Han fekk forklart situasjonen, og dyrlegen var oppdatert. ”Det er farleg
det de har gjort. Hesten må vaskast grundig, og dersom han ikkje er daud når du
kjem inn att, må du koka ein liter eller to med krutsterk kaffi. Når kaffien er
kokt, forklarte dyrlegen, kjøler du den av i eit vassbad til du toler han på
pulssida av håndleddet ditt. Så held de hovudet til hesten og renner kaffien i
han. Er ikkje hesten alt daud, skal det hjelpa. Salve og Signe sende visst med
han ein god pose med kaffi. Dermed tok han til sprangs att. Det var håp i
hangande snøre.
s12
Då
Jarleiv kom inn att, låg hesten som daud. Den store tunga låg ut av kjeften på
han. Det såg uhyggeleg ut. Men vi heldt fram med vaskinga medan ein av oss
ordna med kaffien og fekk slege den over på flasker. Kaffien vart rend ned i halsen på hesten
medan eg heldt i tunga, så ikkje den skulle falla ned i svelget. Det hadde
dyrlegen gjeve instruksjon om. Så var det berre å venta. No var det gjort, det
som gjerast kunne.
Etter
nokre minutt var det teikn til liv. Og eg trur ikkje det gjekk meir enn ein
halv time før hesten reiste seg. Rett nok sjagla han litt. Han var vel i ein
slags rus. Menn etter eit godt hestebad i Lomstjødn, var det klart at vi var
blitt bønhøyrde. Hesten var i vigør att.
Men eg
trur ikkje at vi nokon gong fortalde om dette til far vår. Vi fann det best
slik.
”Ola på Jordet”, Ola Persen Ousdal 1867 – 19532
Ein av dei gamle i Ousdal som eg har lyst å fortelja om, er ”Ola på Jordet”. Han var bror til Tarjei Persen. Søstera heitte Siri. Kona til Tarjei heitte Gunhild Maria(Gonel Maria). Dei to ugifte søskena, Siri og Ola, budde i den eine stova hos Tarjei og Maria. Eller ein kan også seia det slik: Tarjei og Maria med familie budde i huset til Siri. I ein lang bolk var det Siri som sto som eigar av garden. Ho overtok garden ved auksjonsskjøte i 1912. Ho sat som eigar fram til 1943. Då selde ho til brorssønene Samuel og Olaf.
Tarjei og
Maria opplevde den ulukkelege situasjonen at
dei kom i ei økonomisk krise som dei ikkje rådde med, og garden kom på
tvangsauksjon.
Mange
møtte opp for å by på garden. Men forundringa var stor då syster til Tarjei,
Siri, også gav seg med på bodrunden. Folk tvilte på at ho hadde tilgang på
pengar. Men det skulle snart visa seg.
Siri fekk
tilslaget, og pengane kom på bordet!
Når folk
seinare fortalde om denne hendinga, vart det sagt at det var presten B.A.
Lindeland, Sirdalspresten, som sette ho i stand til å berga garden for
familien. Søstera hennar arbeidde som tenestejente hos presten. Tarjei og Maria
med små born vart berga og slapp å forlata hus og heim!
Dette var
ei av fleire gode gjerningar presten gjorde i bygda.
Ola på
Jordet rekna eg i grunnen som kamerat og ven frå eg var ganske liten. Ola var
glad i barn og han likte å prata med ungar. Årsaka til mitt venskap med den
gamle mannen, var at eg ganske tidlig vart send småærend til handelsmannen i
Omlid. Og dit gjekk Ola ofte. Han skulle kjøpa nafta, ½ kg margarin eller nokre
andre småting som han batt fast på bakmeisen (beremeis av tre).
Mor mi
visste temmeleg nøyaktig når tid Ola gjekk til Omlid. Dersom ho skulle ha noko,
sa ho til meg: ”Gå inn i veieskilet, no kjem snart Ola på Jordet, så kan du ha
fylgje med han”.
Og vi to
rusla i saman til Omlid. Ola prata om laust og fast, om fisking og om jakt. Han
kunne peika opp i lia på ein stein og fortelja at ”under den steinen er det
godt å ha ”glepse” (saks) til røysekatten. Og så fortalte han til den vesle
gutungen korleis ei saks skulle setjast opp.
Han
titulerte meg ofte med ”Du er den snillaste mannen i Ousdal.” Eg håpa jo at
snill betydde snill, men det kunne nok like gjerne bety ”den minste mannen i
Ousdal”. Men eg likte nemninga i alle fall. Det var stas å få merksemd frå ein
mann som Ola.
Ola var
ein stor og sterk mann. Truleg var han mellom 1,80 og 1.90 meter høg. Det vart
fortalt at då han var på eksisen (i det militæret), hoppa han i høgde ei sponna
(avstanden frå tommel-
s13
til langfingernegl når fingrane var strekte slik at denne avstanden vart størst mogeleg) høgare enn hovudet sitt.
s13
til langfingernegl når fingrane var strekte slik at denne avstanden vart størst mogeleg) høgare enn hovudet sitt.
I min barndom gjekk det gjetord om kor sterk
og spenstig han var i sine velmaktsdagar. For eksempel vart det fortalt om ein
gong han var på Tonstad, at nokre karar frå Josdal la seg etter han og yppa til
slåsskamp. Dei var 4 - 5 stykke medan Ola var åleine. Ola unnveik i det lengste
– han kjente til eigne krefter og smidighet og visste at kom han i kamp med
fleire samtidig, måtte slaga kome fort og hardt med fare for å skada menneske –
men då dei skulda han for å vera redd, fann han ein måte å visa dei kven dei la
seg ut med. Dei var då utanfor eit to etasjes hus med ståande kledning. (Eg har
sett for meg det huset tvers over vegen frå det gamle bakeriet. Men det er eg
ikkje sikker på.) Ola kleiv ved å bruka klypene (fingrane) i overborda på
bordkledninga opp til taket, slo neven i torv-vollen (den stokken som hindrar
torva frå å rasa ned av taket) før han slepte seg ned att. Så kasta han trøya
og sputta i nevane og skreik: ”No kan de koma alle saman!” Men det vart ikkje
nokon slåsskamp. Klatringa i bordkledninga hadde mest som teke motet frå dei
andre, slik at dei fekk det travelt med å tusla seg der ifrå
Det hende
at Ola på Jordet kom på besøk til oss. Då vart han alltid servert mat og kaffi.
Det er
hugsar var korleis barten vart våt i kaffikoppen. Når måltidet var over, hadde
han eit lag med den eine pekefingeren. Han samla barten med fingeren og fekk
den inn i munnen. Så saug han kaffien til seg, og barten var i orden att.
Ola(18.02.1865 – 31.3.1953) og
systera Siri(25.11.1859 – 09.09.1947)
utanfor heimen deira i Ousdal. Bildet er
truleg teke kort før Siri døydde.
s14
Ein
historie som gjorde eit sterkt inntrykk på meg, var ei hending som vart fortalt
frå tida hans i Amerika: Det var dårlege tider, og han freista å skaffa seg
arbeid. Ein dag gjekk han ut av byen og kom inn i eit villastrøk. Han ville
finna ut om det ikkje kunne vera nokon som hadde behov for hjelp til å halda
dei store hagane i orden. Han kom til eit hus som låg inne i ein hage, som mest
var som ein park i storleik. Han ringa med portklokka, men fekk ikkje respons
frå folka som sat på verandaen. Ola opna porten og gjekk mot huset for å bera
fram ærendet sitt. Men det som skjedde var at ein stor hund vart bussa mot han.
Før han fekk koma seg i sikkerhet, lukka kraftige hundekjevar seg om den eine
leggen. ”Eg fekk tredd fingrane inn i hundekjeften, ei hand i underkjeven og
den andre om overkjeven. Det enda med at eg flekte hunden (brakk kjeften på
hunden). Eg gjekk opp til folka, kasta hunden ned føre føtene til dei og sa:
”Lær å oppføra dykk som folk mot ærlege menneske!” Med så sagt snudde han dei
ryggen og gjekk få dei med faste, men rolege steg.
Ola var
jeger og fangstmann. Om vårane var han ofte i heia og leita etter revehi. Frå
den tida han arbeidde på Knaben gruver, visste han om ein plass aust for Knaben
der det var årvisst med revebøle. Grytidleg ein vårmorgon tok han ut frå
Ousdal. Og før dagen var til endes, var han heime att med revungane frå Knaben.
Som
gutunge møtte eg ofte Ola eller Tarjei når eg gjekk langs elva og fiska. Eg
skulle skaffa middagsmat til huset. Dei fiska nok for det meste for å spe på
revematen. Det var stas å gå og fiska i lag med Ola på Jordet eller Tarjei
Persen. ”Kjem du, no?” kunne dei seia. ”Eg gjekk her og venta på deg!” For meg
er det stor rikdom å ha slike gode minne.
Og av
velsigningane til mor mi når eg kom heim med fisk, forsto eg at det var eit
nyttig bidrag til hushaldet eg leverte. Fiskinga mi hadde betydning enten
fisken vart brukt til folkemat, eller om han var så småfallen at han gjekk i
sudren (skyllene) til dyrefor. Fisken kom iallfall vel med, og eg hadde gjort
eit karsarbeid!
Tarjei Persen
Ousdal(23.01.1877 – 06.07.1960) og kona
Gunhild Maria 1.6.1885 – 17.10.1980.
Menneske det er godt å ha kjent.
s15
Eg
lyt fortelja om min første fisk.
Eg var 5
år gammal, og var i lag med mor mi nede ved vaskeplassen ved elva. Ho vaska
klede, eg fiska. Men fangst var det smått med. Mamma skulle heim ei venda. Ho
sa at fiskestonga berre kunne stå til vi kom ned att. Vi sette fiskestonga fast
mellom nokre steinar slik at snøret låg ute i vatnet. Eg lurte meg åleine ned
til elva for å sjå om fiskestonga. Og der hekk det ein fin fisk på kroken.
Stolt som ein hane for eg heim med fiskestonga på nakken og fisken dinglande i
snøret. Eg hugsar at Kolben (nabo) var utanfor løa deira. Han måtte få sjå
fangsten. Kolben drog ørlite på smilen, men det han sa var berre ros og skryt
for den fine fangsten. Han var ein forstandig mann og ein god nabo som ikkje
ville øydeleggja gleda for ein liten gut. Ei tid etter kom sanninga fram. Bror
min, Thom, hadde kome frå handelsmannen. Der hadde han kjøpt feitsild. Han kom
forbi (framom) vaskeplassen, såg stonga mi og huka ei feitsild på kroken. Men
sild er også fisk!
Thom og
eg var elles faste fiskekameratar når vi ville ha større og finare fisk enn den
eg fekk langs elva i Ousdal. Då drog vi opp i votna og fiska med sluk. Fisken i
votna var vidan kjent som særs velsmakande. Thom rodde og eg fiska. ”No har eg
an (han),” har Thom hermt mange gonger.
Til slutt
ei historie som Jørgen Svensen Tjørhom fortalde:
Når Ola
på Jordet hadde gjort ein god fangst, heldt han det gjerne for seg sjølv. Ein
vinter var det spor etter to morar (mår) i Ousdals- og Tjørhomtraktene. Det
eine sporet var etter eit stort dyr, medan det andre sporet berre var middels
stort. Omtrent samstundes forsvann begge spora. Jørgen skaut det minste dyret. Og
det vart kjent i bygda. Men kven som hadde fått det største, det visste ingen.
Ein dag møttest Ola og Jørgen på handelslaget i Omlid. ”Eg har høyrt at du
skaut ein mor.” sa Ola. ”Var han stor og fin?” ”Ja,” svara Jørgen,”han var både
stor og fin! Men han var nok på langt nær så stor og fin som den moren du
fekk?” Då kom det frå Ola: ”Å Gottalars! Men du må vera ein ugotleg (svært)
kloge mann!”
Menneske som livet for hardt med.
Omkring rasulukka i Ousdal i 1928.
Inne på
garden i Ousdal, ”sjå Tarjei Persen” - som det ofte vart nemnt, budde ein
familie som vi var litt i slekt med, og som vi kjende samkjensle med. Det var
Gunhild Maria og Tarjei Persen Ousdal. Gunhild Maria kalla vi til vanleg berre
Maria.
Maria og
Torjus Eriksen Kvæven (1857 – 1940), bestefar min på morssida, var søskenbarn.
Mor til Maria, Anna Torjusdatter Kvæven (1841 –1928), var ei kvinne som livet
ikkje for lett med. Ho vart først gift med Hadvar Knutsen Tjørhom d.y. (1835 –
1876). Dei fekk fire born. Men alle døydde som born. Det sist-fødde barnet,
Knut, vart berre to år gammal. Han døydde 7.3.1877. Same året, 1.9.1877 døydde
det eldste barnet, Ragnhild. Ho vart 11 år. Og eitt år tidlegare, den 7.4.1876,
hadde mannen døydd frå henne.
Garden
gjekk over til ein yngre bror av mannen, og Anna Torjusdatter sto på berr
bakke, 36 år gammal.
I året
1883 gifte ho seg med Sven Gundersen Sirekrok (1854 – 1928). Han var 13 år
yngre enn kona si.
Dei fekk
i 1885 dottera Gunhild Maria. Anna var då 44 år gammal. Gunhild Maria gifte seg
i 1902,17 år gammal, med Tarjei Persen Ousdal. Dei fekk 7 born. Berre to
jenter, Jørgine og Pauline, gifte seg og fekk etterkomarar. Det er to av
døtrene til Pauline som i dag har denne garden i Ousdal.
s16
Både Maria og Tarjei minnest eg som menneske det er ei glede og velsigning for meg å ha kjent. Dei var mellom dei fredsæle og stille i landet, menneske som skapte ein eigen fredeleg og god atmosfære ikring seg.
Og det
var stas å gå på besøk til ”Tarjei Persen”. I tillegg til foreldra budde Samuel
og Olaf, Peder og Anna heime. Peder og Olaf var spelemenn; dei spelte
trekkspel. Samuel dreiv mykje med jakt og snorefangst. Og Tarjei var ein
forteljar av stort format. Vi som var tilhøyrarar gjekk som oftast berika og
glade heim att. Men, historiane kunne også vera slik at du fraus nedetter
ryggen og du måtte sjå deg attende når du gjekk heim. (Kanskje nokon av lesarane hugsar ei historie eg har fortalt i
Sirdølen, om den gongen Tarjei fekk noko tungt på kroken ein gong han fiska. Då
det til slutt kom opp, viste det seg at det var eit barn han hadde fenge på
kroken. Barnet skreik så det fraus gjennom marg og bein. Tarjei skjøna at det
måtte vera eit barn frå dei underjordiske, difor ville han kutta snøret. Men
sidan han hadde så ny og god ein fisketaum - ”eg ville ikkje forlisa taumen for
nokon pris, tøygde eg meg ned så nær kroken som eg kunne koma. Så kutta eg
snøret!” Denne hendinga gav namnet ”Skrigarhølen” til denne hølen i elva. Og
det heiter han den dag i dag.)
Attende
til Anna Torjusdatter.
Kva var
årsaka til at alle dei fire borna og mannen døydde? Vi veit ikkje. Men eit
spørsmål melder seg. Var det rett og slett svolt og underernæring som var
grunnen?
Vi veit
at 1700-talet var eit århundre med matmangel over store deler av landet. Men
også på 1800-talet var hungersnaud ein hyppig gjest i mange heimar.
Bror min,
Thom, råka for mange år sidan ei gammal kvinne i Langeid i Setesdal. Ho
fortalde om ein slektning av henne (truleg bestefaren) som drog over heia til
Sirdal med innsamla pengar som skulle overleverast til bonden og predikanten
Torkel Neset, slik at han kunne kjøpa korn til menneske som var råka av
hungersnaud. Det spurdest i Setesdal korleis folk i Sirdal svalt og leid naud.
Når tid
på 1800-talet dette skjedde, veit vi ikkje. Men Torkel Neset levde i tida 1825
– 1897. Så 1870-talet passar godt.
Foreldra
til Gunhild Maria budde truleg i Ousdal alt då Maria og Tarjei gifte seg. Og
kanskje dei budde hos dei nygifte? Men i 1909 vart plassen eller parsellen
”Hagane” ledig, og Sven og Anna flytte dit. Det var berre 3-4 hundre meter frå
garden der Maria budde, og dei kunne sjå husa til kvarandre.
Vinteren
1927/28 arta seg slik at marka, bekker og elvar fraus til på grunn av langvarig
frost. Ola T. Ousdal fortel at det frå hausten (november-desember) hadde dei 6
veker med hard frost. Mest ikkje snø. Så kom det 2 veker med svært snøfall. Til
slutt var snømengdene omlag 2
meter på flat mark. Den 7. februar sette det så inn med
regnver – slik at det berre auste ned, reine skybrotet.
Den 8.
februar kom det første raset. Då raste bekken som kjem ned lia frå Foråsen. Den
gjennomblaute snøen kom i sèg ned bekkefaret, som altså var dekt av eit kraftig
islag frå om hausten. Dei våte snømassane glei som i ein akebakke. For
lokalkjende folk kan nemnast at denne råsa gjekk tvers over Omlidbekken og stansa ikkje før på sletta på
andre sida, bortimot Hagane.
Ola
fortel at om natta til den 10. februar var han, broren Salve og far deira,
Torjei, ute og laga veiter i snømassane. Bekken som kjem ned frå Håveliskardet,
flaut utover vodlen, og dei måtte freista å hindra vatnet frå å trengja inn i
kjedlaren til jordepla.
Det var
månejos denne natta. Ola kom til å sjå opp mot Håveliskardet. Der viser det seg
noko som ser ut som eit stort rundt flak, som ser svart ut på farge. Han såg flaket
losna og koma
s17
med stor fart og kraft i retning uthuset deira. Bekken svingar noko austover eit stykke ovanom fjoset, men raset gjekk beint og nådde fjoset.
s17
med stor fart og kraft i retning uthuset deira. Bekken svingar noko austover eit stykke ovanom fjoset, men raset gjekk beint og nådde fjoset.
Det
første som møtte dei då dei nærma seg fjoset, var hanen. Han hadde kome ut
gjennom ei vindauga, sprang i snøgrapset og gol som han var forstøra. I fjoset
var ein vegg trykt inn og taket fekk også litt skade. Men skadane var relativt
små. Ei ku som hadde båsen der raset trefte veggen, hadde berre ei lita smal
renne att av båsen til å stå i. Men kua var uskadd!
Det som
ovanom er fortalt, skjedde i eit stykke over midnatt. På denne tida var nok
Anna og Sven og heimen deira tekne av eit kjemperas som kom i elva.
Det som
antakelig skjedde, var at snømengda på dei store, flate berga like ovanfor sjølve
Kleivefossen hadde blitt så metta av vatn at det begynte å koma i sig. Store
mengder med vatn og snøsørpe danna så ei flodbølgje som fekk ein overhendeg
fart og kraft ned den lange og bratte Kleivefossen. I botnen av Kleivane er ein
morenerygg. Han ligg på vestsida av elva og gjer at elva der tek ei liten
sving. Denne moreneryggen, som husa var bygde i ly av, viste seg å ikkje gje
vern mot denne flodbølgja som kom fossande, gjekk rett over moreneryggen og tok
med seg huset. Både Anna og Sven miste livet.
Det som
sto att av huset, var sjølve golvet. Truleg låg første stokkverket att sidan
golvbjelkar og golvet var intakt. Anna vart funnen liggjande på golvet. Det er
mest uforklarleg at ho låg der for golvet elles var ”rydda”. Kanskje hadde ho
freista å finna ly inntil ein vegg - inntil den også forsvann.
Sven vart
funnen eit stykke ute på vodlen. Kleda dei hadde på, viste at raset hadde kome
før dei hadde lagt seg.
Eg hugsar
også at Maria fortalde at ho var ute i 8-tida om kvelden. Ho engsta seg for korleis
det kunne gå med fjoset. Då såg ho inn til foreldra sine, og der var det lys i
eit vindauge. Ein time seinare gjekk ho ein ny runde. Vannmassane brølte berre
få meter frå heimen hennar, men fjoset tyktest å stå trygt. Denne gongen var
det mørkt inne i Hagane. Då ho kom inn hadde ho sagt til dei andre i huset ”Det
er mørkt i Hagane. Far og Mor har lagt seg.”
I
ettertid meinte Maria at elva alt då hadde teke den vesle heimen i Hagane.
Ikkje alle 95-åringar les Sirdølen utan briller. Ola er fødd 4.1.1912
s18
Stølslivet slik eg opplevde det heime i Sirdal
(Opphavleg skrive som ei forteljing til barneborna.)
Ut
i den store verda
Første
gongen eg var på stølen, var eg sju år. Bror min Sven hadde vore heime med
helga for å proviantera og for å slipa ljåane, jednane som det heiter på
dialekt. Vi brukte mange jedna i løpet av ei veke, forstår de. Og vi hadde
ikkje slik ein stor rund slipestein, som vart driven med vasskraft, på stølen.
Difor måtte alltid ein av dei vaksne
heim og slipa ljåane på laurdagane.
Under ein
slik helgetur vart det bestemt at eg skulle få vera med Sven til støls, til
Surtekvæv, for første gong. Dette var i 1945. Eg vart, som sagt, sju år den
hausten.
Dei som
var att heime, var mor mi og småsystrene, Erna og Karen. Det å reisa til støls
var ikkje noko for småungar.
Det eg
hugsar best frå min første stølstur er kor useiande trøytt eg vart. De veit jo
at det er langt å gå frå Kaldebekk til Surtekvæv. Og på den tida måtte vi først
gå heimante Ousdal og opp til stemmen. Der låg pråmane. Den tre km lange
roturen enda under Sagebakken; like ved Sagefossen. I gammal tid, eg trur det
var på 16 og 1700 talet, var det der ei sag som saga planker.
Så tok
den 6-7 km
lange turen inn til Surtekvæv til. Eg hugsar enno at eg tykte det var eit kav
det at Sven skulle springa att og fram i Halheia og leita etter molter. Det
gjorde det ikkje betre at han gong på gong sa at no var det berre att eit lite
stykke.
”Eit lite
stykke” er nok noko heilt anna for eit sju år gammalt barn enn det er for ein
24 år gammal mann.
s20
s20
Men langt
om lenge såg vi ei hytte. Vi gjekk over nokre våte myrar. Der var lagt ut
bordfjøler til å gå på. Kvar trur du no vi er, Spurde Sven? Det gjekk som ei
krisling gjennom heile meg - dette var Surtekvæv! Den forjetta staden!
For ei
høgtid å koma på stølen og møta att Pappa, Ingeborg, Thom og Jarleiv. Og tenk å
skulla både eta og sova og koka i same rommet – klart det var stas!
Og der
var veggfast skap og kjøkenbenk – det hadde vi ikkje heime!
Men
stasen fortok seg ein smule når kvardagen kom. Eg var ikkje frakta til støls
berre for å gå på stas, det forstod eg snart. Mi oppgåve skulle vera å gjeta
kyrne, iallfall halda meg i nærleiken av dei og passa på at dei ikkje byrja å
stanga i høystakkane. Skjedde det, måtte eg få dei vekk med ein gong, eller
gjera anskrik, slik at dei vaksne kunne koma til hjelp.
Men heia
var stor, og kvar var no eigentleg dei vaksne henne? Uhygga låg på lur.
Men det
gjekk godt, og etter denne eine veka mi flytte vi heim.
For ei
oppleving det var å koma på Kleiveberget og sjå ned og heim til Ousdal! Eg trur
eg veit korleis Nansen kjende det då han hadde gjenge på ski over Grønland og
kom ned til Vestbygda. Også han hadde gjort eit storverk!
Vi var på stølen for
å samla vinterfor til dyra
Jarleiv
og Thom har sett opp ein høystakk. Dei har alltid vore to utifrå flinke karar.
s21
Stølslivet i Sirdal var noko heilt anna enn seterlivet på Austlandet. Der var dei på setra for å utnytta dei gode fjellbeita – for å produsera ost og smør. I Sirdal var vi på stølen for å samla vinterfor til kyrne og sauene.
Vi hadde,
rett nok, nokre kyr med oss. Men det var for å kunna bruka mjølk så mykje vi
ville.
Og mjølka
var feit og god. De skulle ha kjent dei romekodlene /rømmekollene Ingeborg laga
til! Det var mat for mons! Litt rome vart også sett til sides så vi kunne ha
nykinna smør – gult og godt.
Men det
heile gjekk ut på å slå høy. To menneske, ein slåttekar og ei rakstejenta,
kunne slå og setja opp i stakk eit lass til dagen. Det var eit vanleg
dagsarbeid.
Dette
avsnittet tok til med eit bilde som viser Jarleiv og Thom og ein høystakk dei
har sett opp.
Å stekkja
ein fin og god stakk var ein kunst. Familien Sinnes var kjend for å laga både store,
gode og fine høystakkar. Ein god høystakk: Det vil seia at stakken var sett opp
slik at vinden ikkje fekk tak i han og reiv han sund. Han måtte også vera sett
opp slik at regnet ikkje fekk trekkja inn i høtet og øydeleggja det.
Høyet
vart køyrt heim til garden om vinteren med hest og slede. Ein høystakk som de
her ser, var eit hestelass.
Viss de
finn dei store steinane de ser i bakgrunnen, kan de slå nøyaktig fast kor
stakken stod – i heimre kant av Dridardalen.
Dette bildet viser heimkøyring
av høy. Det er dei same to gutane, Thom og Jarleiv,
som har lest høy på
Kartemyrane.
s22
Bildet er teke på Gamle Gautstøl. Denne vinteren låg Sven, Thom og Jarleiv i Surtekvæv og hogg ved for sal. Veden køyrde dei om Løgjedalen og Raudåheia til Solheim, Raudåstøl som garden heitte før 1903. Viss eg ikkje hugsar feil, hogg dei 83 famnar ved den vinteren. Og hugs på at motorsag var ikkje oppfunnen då. Det var bogesag og øks som var reiskapane for ein skogskar.
Lat meg
også nemna ein ting til.
På bildet
ser de den stupbratte (kvite) bakken ned frå Øvra Hedletona, mot himmelranda øvst
til høgre på bildet. Den bakken køyrde far min ned med hest og høylass! Eg veit
ikkje om nokon som har gjort det verken før eller seinare! Oldefar dykkar var
ein utifrå flink køyrekar. Han hadde også ein særs sterk og god hest – den
kvite de ser på bildet.
Dette med
hest og køyrekar. Eg hugsar godt frå min barndom/ungdom at dei andre mennene i
Ousdal stod og ”lurte” i middgjevet og ”venta på at Ådne skulle dra til skogs”.
Så kom dei etter i oppkøyrt braut. Og der han hadde køyrt på isen, der våga dei
andre seg også utpå – så vidt det var.
Ein ting til
om dette siste bildet. Til høgre på bildet ser de ei høyløa. Men dersom ein
ikkje hadde slike høyløer, måtte ein altså setja høyet opp i stakk. Ei løe
romma gjerne 2 – 3 lass.
Vi slo
til vanleg om lag 40 lass i skogjen.
I ein
høystakk var det 9 -12 byrar. I ei byr var det 4-5 fengjer.
Som gjetargut på stølen
Gjetaren
hadde i hovudsak ansvar for to ting: At kyrne ikkje reiv sund høystakkane og at
dei ikkje gav seg på heimveg. Då vart dei ikkje stansa av noko gjerde før dei
kom til Kaldebekk.
Det kunne
vera langsame dagar å rusla etter kyrne frå morgon til kveld. Men dersom dei
andre slo i nærleiken, kunne eg gå frå kyrne og vera i lag med dei lange
stunder. Særleg galt det når kyrne tok middagskvilda si.
s23
Men det kunne skje, særleg utpå sommaren, at kyrne gav seg til å eta sopp. Uttrykket for det var at ”kyrne søppte”. Då sette dyra halen rett til vers og sprang i alle retningar og leita etter sopp. Dei frøste i nasen og oppførte seg som dei var galne. Når kyrne slik sprang i alle retningar, då var gode råd dyre for gjetaren. Eg sprang meir enn ei gong og gret og var redd. Råda var som regel å få hjelp av Jarleiv. Og det hende at han måtte like til Kaldebekk etter beista. ”Forbanka kyrepelsar!!”
Frå
Surtekvæv til Kaldebekk er det ei halv mil.
Lat meg
nemna ein ting til før eg forlet dette med gjetinga. På varme dagar sette
gjerne kyrne kursen mot indre enden av Gautstøltjørnet når det leid mot 12-tida
og middagspause. Det kunne vera gode stunder. Då vassa dei gjerne ut i vatnet
så langt at vatnet stod oppunder vomma. Slik kunne dei stå, gjerne ein halv
time og meir, før dei vassa i land og la seg for å slappa av.
Slike
stunder kunne eg spikka fløyter, fiska, bada eller gå til slåttefolka. Dei sa
gjerne til kvarandre at no høyrer eg ”plistraren” kjem. Eg hadde lært meg å
plystra.
Dette med
plystringa kunne nok også vera for at eg sjølve skulle høyra ein lyd. I skogen
kunne det vera uhyggeleg stilt. Så i blant var eg nok på kanten til å vera
skogsredd. Og plystringa hjelpte på einsemda og uhyggekjensla.
Ein plass
likte eg ikkje å gjeta, eller følgja etter kyrne. Det var når dei tok vegen
slik at vi kom i nærleiken av Skrigarhølen. Den hølen er i åna eit par hundre meter
nedanfor der bekken frå Gautstøltjørna møter Ousdalsåna. Tarjei Persen hadde
nemleg opplevd noko der som eg tykte var forferdeleg uhyggeleg. Tarjei (søster
Ingeborg) fortalde: ”Ein gong eg gjekk og fiska medan vi var på stølen, kom eg
til den fine hølen i heimer kanten av Surtekvæv. Der beit det på noko
forskrekkeleg tungt. Stonga bøygde seg som ein klave. Men etter kvart kom det
eg hadde fått på kroken, opp, og då
viste det seg å vera eit badn; og det skreik så det gjekk gjennom marg og bein!
Eg hadde så ny og god ein fisketaum. Den ville eg ikkje mista for nokon pris,
så eg tok kniven og bøygde meg ned så langt eg kunne – så kutta eg taumen.”
Etter den
hendinga fekk hølen namnet Skrigarhølen med Surtekvæv. Det er nemleg ein
Skrigarhøl heime i Ousdal også.
Som
vaksen forstod eg at slike soger og namn som dette, hadde sin misjon i å halda
borna borte frå badeplasser der dei vaksne ikkje kunne halda augo med dei.
Jarleiv
har gjort meg merksam på når han har lese dette, at Skrigarhølen ikkje er den
hølen eg har nemnt. Det er den hølen i Heimre-åkroken som åna fossar ned i når
ho renn ned frå Finnane. Men eg trur at Ingeborg i forteljinga si om Tarjei
Persen like godt flytta Skrigarhølen inn til ein badehøl eg visste om, og som
for meg vart Skrigarhølen, slik at eg som 7-8 åring ikkje skulle gå dit. Eg
sette i allfall ikkje mine bein der utan i følgje med vaksne.
Ola T.
Ousdal (Ola bortafor) fortalde forresten no i sommar (2004) at soga til Tarjei
Persen opphaveleg var slik: Han fiska i hølen der elva fossar ned frå Finnane,
i Skrigarhølen. Der dannar det seg ei fin bakevja når det er godt med vatn i
åna, og i slike bakevjer er det alltid godt å fiska. Brått fekk han sjå noko
som låg og sveiv i hølen. Han stivna all i gjennom då han såg at opp av vatnet
stakk ei lita barnehand som vinka (kom-bevegelser) til han.
(Ola hadde nå den teorien at det kunne vera ei trerot som hadde kome drivande,
låg og duppa i vatnet med ein rot- elle greinstump over vatnet, og som ollane i
hølen fekk til å sjå ut som vinkerørsler. Men det er sjølvsagt berre ein teori
eller eit forsøk på å finna ei naturleg forklaring.)
s24
s24
I
kløva hadde vi mesteparten av maten vi trong for tre veker i tillegg kom
sengklede og andre ting
så langt vekta tillet. Eg synest å hugsa at ei slik kløv ikkje skulle vega over
70 kg .
1947 Matpause. Maten som vi
hadde med oss i slåtå (på slåtteteigen) var eit spann eller to med graut og
minst eitt spann med mjølk. Denne sommaren reiste Sven, den eldste bror min,
til Amerika for å studera. (1948)
På bildet ser de: Ingeborg
05.04. 1923 – 16.07. 2011, Thom f. 18.03. 1931, Sven 15.08. 1921 – 24.06.2009,
Erna f. 20.11. 1942, Kjell f. 05.10. 1938, Karen f. 20.02. 1940, Ådne 20.07.
1897 – 17.06.1974, Jarleiv f. 08.06. 1933.
Fotograf må ha vore mor vår,
Tonette Amanda 28.09. 1898 – 22.08. 1984.
s25
Slåtegrauten åt vi i slike blekkboksar som de ser oldefar held i handa. Dei var kjekkare enn skåler. Dei var lette og dei vart ikkje knuste.
Etter
grauten hadde vi gjerne ein god middagskvil. Vi trong å kvila, og høyet måtte
tørka før vi bar det saman enten til
høyløene eller sette det opp i stakk. Det vanlegaste var å stekkja høyet (setja
det opp i stakk).
Stølslivet
var hardt arbeid, men det var ikkje berre slit. Vi sette regelmessig garn i
Gautstøltjørnet for å få fisk til middag, og for å ha det moro. Garnsetjinga
vart elles ofte kombinert med bading. Det å kunna symja ut med garnet, var også
ein test på at symjeferdighetene var i
orden. Fisken i Gautstøltjørnet er spesielt velsmakande. Feit og fin og raud i
kjøtet som han er.
Enkelte
kveldar rusta vi oss ut med stenger og makk og gjekk til Løgjetjørna og fiska.
Det er også ei spesielt god fisketjørn.
Men
skulle vi få retteleg stor og fin fisk, måtte vi inn i Stora Kviheie. Det var
helst onkel Thom og eg som i blant var der og fiska. Der har eg ofte fått fisk
mellom to og tre kilo.
Dokumentasjonen
er dette bildet.
Dette vart litt av kvart om stølslivet i
Ousdalsdalen i gamle dagar – for 65 – 70 år sidan.
Stølane
var også i bruk om hausten og om vinteren.
Når
jordepla (potetene) var komne i hus, sauene var samla og slaktinga unnagjort,
byrja jaktsesongen for dei av oss som dreiv med det. Småviltjakta og
snorefangst etter ruper betydde muligheter for oss til å skaffa oss likvide
midlar. For dei dei vaksne var det ein sjanse til å få betalt ned på
butikkgjelda.
Stølane
var elles i bruk store deler av vinterhalvåret som opphalds- og
overnattingsstad for dei som dreiv med vedehogst.
s27
s27
Kona og eg i yngre år (1960).
Litt
om stølane våre
Surtekvæv
Inntil
1929 sto denne stølsbua på Vigje, som var ei stølsgrend der fleire gardsbruk
hadde sine stølshus. I 1929 vart stølsmarka utskift. Det betyr at kvart bruk
fekk samla sine skogs- og slåtteteigar til ein eller to-tre større
utmarksteigar/stølsteigar. Stølsbuene vart då flytta til dei respektive bruka
sine teigar. Vårt bruk fekk tre teigar: Ved Kaldebekk, i Surtekvæv- og
Gautstøltjødnområdet og ved
Vardetjødn/Bonefjedl. Hovudstølen vår vart Surtekvæv. Og her vart då hytta frå
Vigje sett opp. På Kaldebekk bygde familien vår opp ny hytte like etter 2.
vedskrigen.
Stølsdrifta
vår varde i fem veker. Tre veker i Surtekvæv, og fjorten dagar på Kaldebekk.
Namnet
Surtekvæv har eg tenkt meg at kjem av dei mørke og ruvande fjella. Når du er
ved hytta, peikar fjellspira i Øvre-Hedletona mot himmelen som kyrkjetårn. Men
namne-granskarane meiner at namnet viser attende til jernvinna, utvinning av
myrmalm, sinder. Truleg er dette rett, for myrane i Surtekvæv er rike på
myrmalm.
Det var
ikkje så reint lite lokalhistorie som innskriftene på veggene var med å
formidla og levandegjera.
Her var
namna til Ola Persen Ousdal og kona Anna Jørgensdotter (f. Fidjeland). Ola har
skore inn namna den 8/7 1879.
s28
s28
s29
Ola Person Ousdal hadde tre år i førevegen opplevd det uhøyrde og grusomme traumet at jenta han var trulova med, døydde dagen føre bryllaupet. Denne jenta var syster til Anna, som altså vart kona hans. Namnet hennar var Todne Jørgensdotter Fidjeland (8.9.1850-14.6.1876). Ho var flytta ned til Ousdal nokre dagar før bryllaupet, som skulle stå (den 15.). Denne dagen skulle ho ned til åna og vaska nokre kjørler. Kort tid etter gjekk nabokona ned til elva i same ærend. Der fann ho Tone liggjande død. Bryllaupsmaten vart brukt til gravferdskost.
Men i
april 1879 vart det giftarmål med systera, Anna.
På
stokken nedanfor namna til Ola og Anna, har gamle Torjei Kvinen skrive namnet
sitt, også det i 1879. Torjei Kvinen var far til Atlak Kvinen, mannen til
Gunhild. Gunnhild var dotter til Anna og Ola Persen. Ho var syster til dei
velkjende brørne i Ousdal, Jøren Olsen og Per
Olsen Ousdal.
Torjei
Kvinen var ein høgvaksen og svært sterk mann; over 1,90 høg. I min barndom- og
ungdomstid vart det i Ousdal fortalt at når han kløvja (med hest) heimante
bygda, bar han ofte sjølv ei bør på 80 - 100 kg .
Det er
fortalt at Torjei Kvinen jamt gjekk med to fine sylvknappar i skjortehalsen.
Knappane si historie var slik:
Ein gong
Torjei kom med kløv heimante Ousdal, tok mann og hest seg ein pust i bakken i
Vardebrotet. Medan han låg og kvilde seg mot ei lyngtuve, fekk han sjå at sola
blenkte i noko oppe i berget ovanom Vardebrottona. Han vart forviten på kva
dette kunne vera og kleiv opp for å sjå. Med kniven skar han laus ein nevestor
sylvklump, som ved hjelp av ein sylvsmed i Flekkefjord vart til knappane i
skjortelininga.
Frå besøk
i Salmelid fleire år attende i tida, visste eg at det i stovene til Lars
Salmelid hang fine bilder av gamle Torjei Kvinen. Det er dotter til Astrid og
Åge Olsen på Bryne som no eig denne garden. Ein telefon til ekteparet Olsen,
ved hjelp av Tobias Salmelid, gav som resultat at han kom den lange vegen, slik
at eg fekk fotografert nedanståande bilder. Det var ein fin gest!
s30
s30
Gamle Torjei Kvinen med sylvknappane i skjortehalsen.
s31
Torjei Kvinen miste livet på ein tragisk måte:
Den 2.
desember 1927 skulle han dra til Solhom, der sonen Ola budde. Det ville bli ein
tur på om lag 2 mil nedover Kvina-dalføret. Den 78 år gamle mannen ville ikkje
ha mat med seg. Turen var såpass kort at nistemat ikkje var naudsynt. Men det
vert fortalt at svigerdottera, Gunhild, gav han to lepsebetar(lefsekliningar),
som han stakk i lomma.
Han var
komen om lag 7 km
nedover Kvifjorden då ein trur at han har dotte(falle) og brote eit bein,
sannsynlegvis lårhalsen. Han kunne ikkje halda seg oppreist lenger. Spor i
snøen viste at han hadde drege seg ein kilometers veg til ei fiskebu. Der hadde
han antakelig halde seg i om lag 2 døgn. Her hadde han laga seg eit par
krykkjer. Med desse til hjelp hadde han teke fat på vegen attende til Kvinen.
Krykkjene
hadde han kasta frå seg etter kort tid. Det var visstnok lite snø føre jol
denne vinteren (hugsa Ola T. Ousdal), så krykkjene glei vel på isen og gjorde
vondt til verre.
Spora i
snøen viste at han hadde freista å krypa heim att. Men etter eit par km måtte
”kjempa med Kvine” gi tapt. Her på Kvifjorden fraus han i hel. Dødsdagen var
truleg den 4. desember.
Sonen
Atlak fann far sin tilfeldig den 13. desember. Han skulle då henta eit lass
ved.
Atlak var
bleik og stille då han om kvelden kom inn i fjoset der Gunhild sat og molka.
Han sette
seg på ein fjoskrakk like ved kona si. ”Atlak, du er så bleik. Har det hendt
noko vondt?”
”Eg fann
far ihelfrosen på isen på Nedre fjorden!” kom det med kjøvd røyst frå den
sterke mannen.
Kven denne Tarje Torjesen
Ousdal er, det er eg ikkje heilt viss på. Sjølve stavemåte Tarje/Torjei trur eg ein ikkje skal hengja seg
opp i. Torjei Kvinen skreiv t.d. namnet sitt Torje.
Den
første det eventuelt kan vera, er Torjei Torjeisen Ousdal II f. 11.3.1821 d. 29.12.1900.
Son hans
Torjei Torjeisen Ousdal III, f. 5.4.1857, passar godt inn aldersmessig.
s32
Denne sistnemnde Torjei gjekk det etter kvart ut for, og han selde garden til Gunnar Persen Ousdal. Huset står no til nedfalls, til skrekk og advarsel. Eigar i dag er Georg Ådneram, Lyngdal.
Torjei
Torjeisen Ousdal III hadde 2 barn med den første kona, som var frå Øygarden
(Ødegård). Ho døydde 31 år gammal. Desse to borna (jenter) vart gift og busett
i Oslo. Kone 2 var frå Ådneram. Med henne fekk han 3 barn. To av dei, Torkel og
Anna, budde på Kvidingen i Lund. Begge to var visstnok ugifte. Det siste
barnet, Tonetta f. 1893, vart gift til Handeland.
På
veggene i Surtekvæv er det også seilskuter å finna. Men om det var ei brigg,
galeas eller bark, det var ikkje kunnskapar som låg i dagen hos oss
fjellbønder. Men det var nemningar som formidla ein sus frå den store og
ukjende verda.
Kanskje
var det ein som drøymde om Amerika, som let tankane få utløp på tømmerveggen.
Ein av
sønene til Gunhild og Atlak med Kvine blei sjømann. Torkel Kvinen f.1921 seilte
ute under heile 2. verdskrigen. Han vart til slutt kaptein, så vidt som eg
hugsar. Eg trur han døydde mot slutten av 1980-talet. Torkel og mor mi var
samtidige på Åseheimen aldersheim på Sandnes.
Stølen
vår i Surtekvæv, med alle dei vakre namna innskorne i veggene, er
kulturhistorisk svært verdfull. Til all lukke er det ikkje mange innskrifter av
nyare dato, og godt er det. Kunsten å bruka kniven har tydeligvis utvikla seg i
gal lei.
Apropos
seglskuter.
Olaf
Kvæven, f. 1910, fortalde at under Ousdalsbakken budde der ei kvinne som hadde
namnet Jette i bakken. Ho budde i stove nr. 2 på husmannsplassen
”Reinertshaugen”. Denne kvinna var frå
Fjotland (Kvinesdal) kommune. I bygdeboka for Sirdal I står det at namnet
hennar var Jette Sofie Sigbjørnsdotter Moland f.30.1.1871. Ho var dotter av
Sigbjørn Svensen Moland og Anna Ivarsdotter Netland.
Mannen
hennar var frå Ousdal. Han heitte Reinert Andreas Bjørnsen Ousdal, 1857 - 1915. Olaf hugsa også at dei hadde born, to
jenter. Namna deira var Anna, f. 1897, og Agnes, f. 1905.
s33
Ola T. Ousdal, f. 1912, fortel at mannen til Jette, Litle Reinert, hadde vore sjømann og sigla på verdshava. Ein eldre bror, som også heitte Reinert, og som difor vart nemnd Store Reinert, fortalde ofte historier om sjøferdene til broren. T. d. hadde han vore i Middelhavet der han hadde sett ”de ildsprutende bjerge”. Kven kunne måla seg med slikt?
Kan henda
er det ein av desse brørne som har illustrert sogene om sjølivet?
Ola T.
Ousdal fortel vidare at Store Reinert, som var ugift, budde ei tid som
fattiglem hos farbror og fastrene hans, som var Ola Salvesen Ousdal og Torbjør
og Guri Ousdal. Store Reinert døydde under krigen, i 1941. Heimstaden hans var
Reinertshaugen, som er namnet på den haugen som ligg på venstre handa nett når
ein skal byrja på bakken opp til Ousdal
Denne husmannsplassen overtok han etter far sin. Store Reinert gav bror
sin, Reinert Andreas, lov til å setja opp ei stove nr. 2 på plassen. Dette vart
heimen til Jette. I 1915 vart ho enkje. Ho var då 44 år gammal og hadde to
døtrer
Per
Seland skriv at Anna vart gift med ein mann med namnet Jørgen. Ho fekk 3 born.
Agnes
busette seg i Sandnes. Ho var ugift.
Olaf
Kvæven hugsar godt Jette i bakkjen. Mannen hennar hugsar han ikkje å ha sett,
så Olaf trur at han døydde tidleg (1915).
Olaf
hadde fleire gonger vore innom i huset til Jette. Årsaka til besøka var at i
Ousdal budde ei sydame, som eg også hugsar godt og med berre gode og varme
minner. Sydama heitte Guri, ho var altså tanta til Ola T. Guri sydde for folk i
store deler av bygda. Dei ferdige varene vart ofte lagt inn til Jette, så kunne
folk henta dei der. Då slapp dei den ekstra turen, og den tunge vegen, opp til
Ousdal. Det var i slike ærend Olaf Kvæven hadde vore med far sin inn til Jette.
Olaf trur
at Jette flytta til Sandnes i løpet av 1920-tallet. Bygdeboka fortel at plassen
vart fråflytta i 1925.
Det vart
sagt og fortalt at på Sandnes fekk Jette det godt.
Kaldebekk
Når vi
hadde vore på Surtekvæv i tre veker, flytte vi heim til Kaldebekk.
Tydinga
av namnet er det ikkje tvil om. Bekken som kjem ned frå Kaldebekkheia og
Kaldebekktjødnene, har den eigenskapen at jo varmare sommaren er og jo mindre
vatn det er i bekken, dess kaldare er vatnet. Når det er lite vatn i bekken,
renn han mest heile vegen mellom urd og steinar, i skjul for sol og varme.
Vatnet er
klart som krystall, er kaldt, og i bekken er det mangefarga, fine steinar. Kona
mi seier at ho finn bergarten Tulitt i desse steinane.
Kaldebekk-stølen
hadde gode og vakre stølsvodlar. Heldigvis er mykje av stølsvodlane framleis
bevarte. Men den jorda som brørne mine, Thom og Jarleiv og far vår dyrka opp på
50-talet, er no sett under vatn.
I gammal
tid var også Kaldebekk ei stølsgrend – med fleire stølsbuer.
Garden
vår, bnr. 14, gnr. 21, er no eigd av syskenbarna Sveinung og Håkon Sinnes og
tanten deira Ingjerd Bull Sinnes, kona til bror Sven, som dødde i 2009.
Sveinung og Håkon er ansvarsfulle og flinke karar, som tek vare på eigedommen
på ein svært god måte.
s34
Kaldebekkstølen
med bekken som har gitt staden namn i forgrunnen
Ola T.Ousdal (1912-2009) - til minne
Ola T.
Ousdal har lagt ferdastaven/gjetlestaven ned. Han døydde den 24. juni 2009.
Fødselsdatoen var 4. jnuar 1912. Foreldra var Lisbet f. Eigeland og Torjei
Salvesen Ousdal. Torjei var frå Rauåstøl
(Solheim), men tok namnet Ousdal etter garden der familien slo seg
s35
ned som bureisarar i 1907. Utmarka som familien kjøpte, vart utvikla slik at det i dag er to bruk. Eigarar er Torleiv og Tor Ousdal, sønene til Ola.
s35
ned som bureisarar i 1907. Utmarka som familien kjøpte, vart utvikla slik at det i dag er to bruk. Eigarar er Torleiv og Tor Ousdal, sønene til Ola.
Med Ola
er ein heiemann av den gamle skulen i Sirdal gått bort. Ola var ein dugande
sauebonde, og han var difor mykje i heia (i Ousdalsdalen) om somrane for å sjå
til sauene sine.
Dessutan
var han i mange år ein av støttespelarane til heiegjetaren Peder K. Liland,
”Peder prest” som han ofte vart nemnd. Når Peder drog til austlandet for å ta
seg av kallet som baptistprest, vart ikkje sauene (etternølarane) som enno
ikkje var komne or heia, som får utan hyrding. Peder hadde Ola T. Ousdal og
Ommund T. Liland å lita på. (Dei to var forresten gifte med kvar si syster.) Og
det er ikkje få saueeigarar i Eigersund-, Bjerkreim- og Jærtraktene som kan
takka Ola for sauer som seinhaustes kom velberga heim! Når interesse/hobby,
kunnskap, truskap og pliktkjensle vert foreina, stig ein heiemann av uvanleg
format fram.
Sjølv
lærde eg Ola T. å kjenna som jeger og fangstmann då eg som 15-åring låg i lag
med han i stølen hans på Gautstøl og sette snorer.
Som 14-åring
låg eg og far min i Surtekvæv og sette snorer og hogg ved for salg. Vi fekk
såpass med ruper at eg vart smitt av fangstbasillen, og ville i snoreskog også
neste vinter. Men då høvde det ikkje for far min. Gode råd var dyre! Mor mi
ville ikkje høyra snakk om at ein 15 år gammal gut skulle liggja åleine på
stølen i 10-11 veker om vinteren. Då kom Ola oss til hjelp. Han forsto
situasjonen for oss alle tre og sa at eg var velkomen til å overvintra i lag
med han på hans hytte. For eit tilbod! Og gjett på om eg (og mor mi) var snare
med å slå til! Det vart eit godt rupeår og ein god vinter for oss alle.
Ved eit
av dei siste besøka mine hos Ola spurde eg han om det var foreldra mine som
hadde bede han om plass for meg i stølen hans den snorevinteren. Det var ikkje
slik at han vart spurd, sa han, men han visste korleis situasjonen var og han
hadde fått det for seg at han skulle gi oss ei hjelpande hand. ”Så gjer ein
annan mann ei beine då! --” let diktaren Olav H. Hauge Osamannen seia til
mannen som hadde gjeve han båtskyss. Han som fekk skyss, var redd for å verta ståande
i takknemlighetsgjeld og ville difor betala for seg. Svaret han fekk, var altså
dette: ”Så gjer ei annan mann ei beine då, sa Osamannen og skauv i frå.”
Den neste
(og tredje) vinteren låg eg åleine i Surtekvæv. Ola låg på Gautstøl. Snorevegen
hans gjekk like forbi vår støl, og ofte hende det om morgonen at han kom innom
på eit kort besøk. ”Du veit eg følte eit visst ansvar for gutungen som låg i
Surtekvæv”, sa han når vi i sommar talte om gamle dagar.
I seinare
år har eg hatt gleda av å skriva ned fleire av dei mange sogene og
meditasjonane til Ola. (Interesserte kan slå opp på http://home.vabb.no/kjellm ). Ola T. var ein god forteljar
som ordla seg med omhug. Og vart han spurd om noko, kom gjerne svaret etter ein
viss tenkepause. Men svaret som kom, var det hald i! Lettvinte fraser hadde han
ikkje i sitt ordforråd.
Siste
gongen eg var og besøkte han, spurde eg om eg kunne be ei bøn. Svaret var eit
solid ja, etterfylgt av orda: ”Eg held meg til han!” –noko eg ikkje var i tvil
om. Difor fall det naturleg for meg å bruka orda frå den gamle boka: ”Herren velsigne deg og vare deg! Herren late sitt
andlet lysa over deg og vere deg nådig! Herren lyfte sitt
åsyn på deg og gjeve deg fred!”
Må fred kvila over ditt gode minne.
Kjell M. Sinne
s36
2. Ungdomsåra
Hobbyar og interesser
Fisking
(Dette stykket er skrive for
nokre år sidan, medan eg enno hadde båt.)
Hobbyer og interesser endrar seg med alder
og helse. Men eg gledar meg framleis til at sola skal koma høgare på himmelen,
slik at eg kan få båten på sjøen og få koma meg ut og fiska att. Sjølv om eg
ikkje hadde kjent smak av saltvatn før eg var 10 – 12 år, likar eg fiske i
sjøen vel så godt som fiske i ferskvatn. Det blir oftast for mykje småfisk i
ferskvatn.
Men dei største øyeblikka som fiskar har
eg hatt i ferskvatn. Rekorden på stong for min del er ein aure på 3,1 kg . Det er heilage
stunder. Den fisken fekk eg i Kviheia.
Garden Kvine, eller Kvinen, som det vert skrive
og uttala i dag, var inntil 1814 husmannsplass under Ousdal. Men dette året
kjøpte Torjei Bjørnsen Kvinen plassen fri. Med i handelen høyrde svære
heiestrekningar, Stora og Litla Kvihei. Men fiskevatna heldt dei tilbake. I
skjøtet står det at bøndene i Ousdal selde plassen Kvine med heiestrekningane
innan gjevne grenser ”unntagen fiskevannene, som vi erholder oss selvrådige”.
Og slik er det også i dag. I desse heiane er det framleis gode fiskevatn, der
fangsten består av fiskar mellom ½ kg til ca 3 kg .
Bror Thom og eg har hatt mange gode og
fine fisketurar i Kviheia.
Når eg hadde lyst på ein ordentleg
heietur/fisketur, var Thom den som det var klokt å spørje om å bli med. Han var
interessert i heieturar. Dessutan var han utruleg sterk og tok gjerne ein god
del av det som var tungt å bera. Slike turar kunne vara i fleire dagar.
For meg er det stor rikdom å gjenoppleva
desse gode stundene i tanken.
Eilif Hystad og eg var fiskekameratar på sjøen
gjennom mange år.
Jakt
Eg var så heldig å oppleva tre vintrar i
ungdommen der eg i hovudsak dreiv med jakt og snorefangst.
Den første vinteren låg eg og far min
saman på Surtekvæv og sette snorer. Eg var vel då 14 – 15 år. Vi hadde ein fin
vinter med vedehogging, snorefangst og jakt. Ein draum for ein gutunge. Som
konfirmasjonsgåve hadde eg fenge eit gevær av den eldste bror min.
Neste vinter låg eg saman med Ola T.
Ousdal på Gautstøl, stølen hans. Den 3. vinteren låg eg åleine i hytta vår på
Surtekvæv. Det var herlege år.
Den eine vinteren fekk eg ca. 250 ruper,
jakta om hausten medrekna..
Den første vinteren då Pappa og eg låg i
lag i Surtekvæv, sa han frå om våren at han ikkje hadde høve til å setja snorer
neste vinter. Gode råd var dyre, for Mamma ville ikkje at eg skulle liggja på
stølen åleine. Dette skapte ei viss misstemning når hausten og vinteren nærma seg. Men ein dag kom Pappa
heim med godt nytt. Han sa at Ola Bortafor hadde sagt til han at viss Kjell
ville setja snorer til vinteren, var han(eg) velkomen til å liggja i lag med
han i hytta på Gautstøl. For eit evangelium! Alle sorger var sløkte – for meg
og for foreldra mine. Å få dela hytte med ein gamal og røynd fangstmann som
Ola, det var som eit eventyr. For ein omtenksam og god nabo!
Som ungdom såg eg verkeleg fram til
småviltjakta. Det å gå på jakt og så å selja fangsten til handelsmannen i
Omlid, var den måten eg som ungdom kunne skaffa meg litt pengar på.
Den beste jakta eg har gjort, skjedde den
hausten eg vart 16 år. Eg skulle inn til Surtekvæv, hovudstølen vår, og lø inn
vinterveden i skuten. På veg inn skaut eg 17 ruper. Eg lødde inn veden,
overnatta og gjekk heim att neste dag. På heimvegen skaut eg 18 ruper. Det var
ein stolt ungdom som kom heim med ei heil byr på ryggen.
s38
s38
Skisport
Som ungdom var eg svært oppteken av
skisport, dvs. skihopping. Og 60 – 70 meter i den tida var ikkje så verst. I
Vatnebakken hoppa vi ca. 40 m .
Men skikarrieren fekk ein brå stopp ved at
eg fekk leddgikt som 19 åring.
Men eg har sterke og velbegrunna meiningar
om kvifor det i dag står så dårleg til med norsk hoppsport:
I tilløpet sit dei etter mi meining for
høgt og bind kroppen i ein unaturleg stilling med armane stivt bakover. Dei
skulle sete lågare, og med armane naturleg bøygde framover.
Sjølve satsen vert innleia ved at ein
fører armane bakover. I satsøyeblikket bør dei kasta kropp og armar framover –
slik ein gjer det når ein hoppar stille lengde – for så i same bevegelse å
leggja armane bakover langs kroppen.
Ved å satsa på denne måten vil ein unngå
faren for rotasjon og framovertipping.
Eg hugsar at Torleiv Schelderup poengterte
at det ikkje var nokon prinsipiell forskjell på satsen i stille lengde og
satsen i eit skihopp. Det er iallfall ikkje vanskeleg å finna ut via erfaring
at den moderne sats-måten er ganske uegna ved stille lengde. PRØV!
Elles
hadde eg i nokre år stor glede av å vera med på turlangrenn. Sesilåmi har eg
gått 5 gonger. Eg som var ved å bli invalidisert av leddgikt som 19 åring! Grunnen
til at det også vart slutt på tur-langrenn, var at då eg var midt i 40-åra kom
leddgikta attende, men denne gongen berre i dei store ledda, skuldrer og hofter.
Men eg har fått min kvote både av fisking og av skisport. Meir enn nokon kunne
forventa. Takk til Thom og takk til kona!
Erik Bye seier i ”Blå salme”
Jeg synger meg en blå, blå salme Men og for våkenetter
og takker for all grøde som ble
min. som aldri unte ro,
For lyse døgn, for barneskritt i
tunet, men ga min dag et dunkelt drag
og dine gode kjærtegn mot mitt
kinn. jeg aldri helt forsto.
Nå
synger jeg min salme.
s39
s39
Historie og Religion
Snorre Sturlason skreiv historia om dei
norske kongane. Han tok utgangspunktet i stamfaren til Hårfagreætta el.
Ynglingeætta. Soga om Ynglingeætta er skriven ned av skalden Tjodolf frå Kvin.
Tjodolf var Harald Hårfagre sin skald og ven. Dette er første delen i Snorres
Heimskringla.
Stamfaren var Odin, fortel Tjodolf. Han
stadfestar også kvar han budde. Heimplassen var Valhall, som han fortel at var
i syd Russland, om lag der elvane Volga og Donn nære på møtest.
Men på den tida då romarane la under seg
heile verda, fortel Tjodolf/Snorre, forsto Odin at han ikkje kunne stå seg mot
overmakta. Han valde difor å dra mot nord.
Til slutt vart Odin gravlagd i Upsala i
Sverige.
Forteljinga om Ynglingeætta tek til som ei
vanleg slektskrønike, men går etter kvart over til å bli mytologisk, bli ei
forteljing om gudane og deira bustader.
Kvifor nemner eg dette? Fordi det her vert
tidfest når tid Odin drog mot nord og kva årsaka var. Dette skjedde på den tid
”då romarane la under seg heile verda”. Romarane kom inst i Svartehavet seinast
250 år etter Kristi fødsel. Odin forsto at han ikkje kunne stå seg mot
romarane. Han valde difor å dra mot nord.
Det er også grunn til å tru, iallfall
ikkje urimeleg å tru, at kristendommen hadde nådd fram til desse traktene ca. 200år
e. Kr.
Kan dette vera årsaka til at norrøn
mytologi tykkjest ha så mange drag som me kjenner att frå kristendommen?
Odin valde seg 12 ”diar” – 12 nære
medarbeidarar. Han og folka hans gjekk med ein Tors-hammar i ei reim om halsen.
Etter mi meining er Tors-hammaren eit kors som har fått holet til reima i feil
ende.
Norrøn mytologi fortel også om at det i
Odins bustad voks eit livgjevande tre, ei ask.
Askeavkok har vorte brukt som styrkedrikk
heilt opp til vår tid.
I Bibelen høyrer vi også om eit tre med
lækjande eigenskapar, Livsens tre. Blada er til lækjedom for folket, slik som i
Valhall.
Slik kunne vi halda fram med å finna
likskapstrekk. Lat meg berre nemna at dei første menneska i norrøn mytologi
heitte Ask og Embla. Fonetisk liknar dette på Adam og Eva. Vi kan også lesa om
Ragnarok, jorda sin endelykt; men også om at jorda vert gjenskapt og stig fram
att grøn og fager.
Eg nemner dette, både for å dra
parallellar til kristen påverknad, og for å peika på at Tjodolf og Snorre
kanskje er meir å stola på enn det som ofte vert hevda frå historikarar.
Lyrikk
Eit litterært område som gir meg mykje, er
lyrikken.
Tenk
på korleis Olav H. Hauge t.d. formidlar fundamentale etiske levereglar i dette
vesle diktet
s40
s40
Olav H. Hauge
Gjer ein annan mann ei beine
Han kom or fjellet, skulde heim Eg vil betala;
fekk føring frå Osa Eg kan ikkje nå deg
ut til Øydvinstø, med ei beine att
Og han var raust So gjer ein annan mann
og baud betal. ei beine då,
sa Osamannen,
Men Osamannen og skauv ifrå.
var ikkje fal
Arnulf Øverland sa det slik: ”Du må ikke
gå til ditt kjøpmannskap, og tenke på hva der gir vinning og tap”.
”So gjer ein annan mann ei beine (ei
teneste) då,” Vi kan kjenna oss frie frå å føra rekneskap. Vi kan ta i mot
hjelp, når vi har behov for ei handsrekning, for så å gi hjelpa vidare til den
som kjem i vår veg, anten vi ”skuldar” vedkomande ei beine eller ikkje. Vi har
sjølv fått, og skal sjølve gi det vidare.
Elles
har eg lyst til å nemna at eg kan Henrik Ibsens epos ”Terje Vigen”, og likar å
framføra det. Terje Vigen er eit uhyre rikt verk som har mykje stoff til
ettertanke.
3. Sjukdom, forelsking og ny kurs
Då eg var
i 16 – 17 års alderen, byrja den eldste bror min med ein betongvarefabrikk på
Sandnes. Han var sivilingeniør innan bygning. Utdanninga var frå USA, der dei
på den tida hadde byrja med spennbtong. Dette introduserte han i Noreg.
Alle vi
fire brørne arbeidde der. Der var det mykje tungt arbeid, men eg var sterk og
eg likte å ta i og bruka kreftene. Til å begynna med vart sementen levert i
sekker på 50 kg .
Seinare gjekk det over til at sementen vart levert med tankbil, som pumpa han
inn i ein silo.
Men det
var sement i sekker:
Ein gong
vi leste av ein sementbil, byrja sjåføren frå AS Betong å ta to sekker i
slengen frå lasteplanet, som var tippa slik at vi tok sekkene i fang-høgde. Vi
bar sekkene 4 -5 m
og la dei frå oss i ein stabel. Eg visste at to sekker, 100 kg , ikkje skulle vera
stort problem for meg heller, så eg tok også to sekker. Men då vi hadde gått
slik i to-tre vendingar, tok sjåføren 3 sekker og rusla avstad med. Eg vart
betenkt, men tok tre sekker eg og. Men eg hugsar at eg likte meg ikkje. Å
kapitulera var den einaste utvegen dersom sjåføren no tok fire sekker. Men
heldigvis var han ein klok mann og gjekk over til å bera berra ein sekk. Og den
som var glad, det var eg!
Eg nemnde
dette for Thom ein gong. Hans svar var: ”Nei, då hadde du gjort slik”: Dermed
tok han fire sekker sement og svinga seg rundt med dei før han la dei roleg på
plass att. Thom var ein kjempekar på alle måtar!
Alle vi
fire brørne var på kvar vår måte ein ressurs på arbeidsplassen. Men vi tok nok
i minste laget vare på kvarandre. Om somrane arbeidde vi ofte frå kl 7 til
mellom kl. 20 og 22 om
s41
kveldane. For ein kortare periode kan slikt gå an, men det blir for mykje når store deler av sommaren går opp i arbeid.
s41
kveldane. For ein kortare periode kan slikt gå an, men det blir for mykje når store deler av sommaren går opp i arbeid.
Denne
vinteren (1957) kom det ei stygg influensa til landet, Asiasjuka. Eg vart ramma
av den. Legen (Dr. Monstad) sa at det hadde vist seg at det beste middelet var
å berre stå på – eg kunne berre fortsetja på arbeid. Men det enda opp med at streptokokinfeksjonen
påførte meg ein ny sjukdom: Leddgikt. Eg sleit med verk og smerter heile
vinteren. Men beskjeden frå legen var at det nok ville gi seg, så sterk og veltrena
som eg var. Men i april månad var det stopp. Eg kunne ikkje halda verktøyet i
hendene. Ein dag fauk hammaren ut or handa, sneia forbi hovudet til
arbeidskameraten og singla nedover i bygget.
Eg hugsar
at eg gjekk til legen og sa at eg forlangte å koma til ein lege som kunne finna
ut av kva dette var for noko!
Først låg
eg i 3 månader på Stavanger sjukehus. Så bar det til Revmatismesykehuset i
Haugesund. Opphaldet der varde i over eitt år. Då eg var på det verste, hadde
eg jobb nok med å kara meg ut på toalettet for eigen maskin. Det var også
problem med å eta. Det å halda bestikket var ikkje enkelt.
I den
situasjonen kom ein eldre mann inn på rommet og ville trøysta meg: Du skal
ikkje vera lei deg, sa han, eg kjenner ein ung gut som også har leddgikt. I dag
går han på byen ved hjelp av krykkjer!
Det var
nok tenkt som ei god trøyst, men eg hugsar at eg i mitt stille sinn tenkte at
dersom eg nokon gong vart i stand til å gå med krykkjer, skulle eg stilt og
rolig gå ned til kaien i Haugesund og avslutta der.
Tida gjekk,
og eg vart i stand til å gå med krykkjer. Og ein dag gjekk eg på byen. Men eg
gjekk ikkje til kaien, men til Pinsemenigheten. Eg spurde om pastor Tom
Erlandsen ville be til Gud for meg? Han gjorde det; og sakt, sakte snudde
sjukdommen. Kreftene byrja å venda attende, førligheten betra seg og livsmotet
kom på offensiven! Veker og månader kom og gjekk, og livet vart stadig betre å
leva.
På
Revmatismesykehuset arbeidde det ei nydelig jente, sykepleiestudent. Ho var fin
både til kropp og sjel! Godt og fint ansikt, nydelige auger og håret oppsett i
ein pikant, vertikal rull i nakken. Bestemor var altså – og er framleis - ei
stilig jente!
Ja, eg
har vore utruleg heldig!
Overlegen
på Revmatismesykehuset, Ole Andreas Sydnes, sa at dersom hellet framleis ville fylgja
meg, slik tilfellet hadde vore dei siste månadene, kunne eg koma til å leva eit
relativt normalt liv. Og var eg spesielt heldig, kunne eg kanhenda koma ut i
arbeidslivet igjen. Men, sa han, då må du finna deg eit anna yrke enn snekkerarbeid!
I august
1960 byrja eg på Lærarskulen i Stavanger.
Det vart
36 gode år i skulen. Ti år i Førresfjorden, og 26 år i Kvinesdal..
Bestemor
Berit og eg fekk fire kjekke og gode barn, som har vore oss til stor glede.
Barna, deira ektefeller og barnebarna, som vi kvar dag nemner i takksemd og
glede i våre bønner.
Tor Ådne
f. 08.11.1961 - d. 04.12.1981 (Sjå kp.om sorg.)
Valborg
Marie f. 12.11.1963 Gift m. Bent Rune (Hansen) Sinnes f. 26.06.1961 frå
Sarpsborg.
Barn: Hanna Marie f. 09.02.1988
s42
s42
Ådne f. 04.07.1990
Torkel
f. 25.09.1997
Sveinung
f.08.08.1965 Gift med Tove Stapnes Sinnes f.31.12.1966 frå Farsund.
Barn: Svein Tore f. 05.04.1990
Kristina f. 23.05.1992 Gift m. Bjørnar Stenberg frå Moi
Jøren Ådne f. 15.03.1997
Kirsten
Tonette f. 22.09.1970 Samb.m. Aage Grimsmo f. 06.09.1970 frå Surnadal.
Barn: Sondre f.
22.07.1997
4. Utdanning og arbeid
Grunnen
til at eg vart lærar, er at leddgikta som eg fekk mot slutten av tenåra, gjorde
det umogeleg å halda fram som snikkar. Utan gymnas vart fireårig lærarskule ein
utveg. Etter eit
”puggekurs”
på Solborg folkehøgskule kom eg inn via opptaksprøve på lærarskulen i
Stavanger. Det vart fire interessante år.
Men
første året vart krevjande. Revmatismesykehuset i Haugesund var heldigvis
interessert i å fylgja med korleis det gjekk. Avtalen var at eg skulle ta
temperaturen både morgon og kveld og melde frå til sjukehuset. Dette første
året på lærarskulen var kroppstemperaturen under 38 grader berre nokre få dagar
heile skuleåret. 38,1-2 grader om morgonen og 38,6-7 om kvelden. Men om
sommaren normaliserte det seg. Eg var attende på sporet.
Tida
i Førre
Første
arbeidsplassen som lærar vart i Førresfjorden. Den gongen høyrde det til
Avaldsnes kommune. Etter berre eitt års tid vart den nordaustlege delen av
Avaldsnes tillagt Tysvær kommune. Resten av Avaldsnes vart innlemma i Karmøy
kommune.
I Førre
vart vi verande i 10 år, 1964 - 1974. Ei god og interessant tid. Vi møtte
menneske som kom til å bety mykje for både kona og eg, ja også for borna. Erik
Waage var bonde på Veim og var krumtappen i bygda. Det galdt både innan
kristeleg verksemd, skulen (han var i lang tid formann i den lokale
tilsynsnemnda for Førre skule) og kommunalpolitisk arbeid. Kona på garden var
Lilleba (Anne Marie). Ho talte fin Haugesundsdialekt og var av skipsreiarfolk.
Men ho
var romantisk anlagt, slik at ho som ungjente tok seg jobb som budeie i Røldal,
i Valdalen. Der møtte ho på sauebonden frå Veim i Førresfjorden som skulle til
fjells med sauene sine. Han fekk heim meir enn sauene; også ei budeie som
treivst som bondekone. Heile livet var ho forelska i sauebonden sin. Og
beundringa og svermeriet for Valdalsbudeia varde også for han livet ut.
Med det
gode miljøet som følgde dei, fekk dei stor betydning for borna våre. Det gjaldt
spesielt den yngste guten. han vart
medhjelpar for Erik når sauene skulle lemma.
Då kunne
han koma heim og eta middagen i ein fart. ”Eg må skunda meg for bløra
(vassposen) er komen!” Erik hadde langt over hundre vinterfødde sauer. I lemminga
vart det lite søvn. Den minste guten vår og ein kamerat sat vakt i sauefjøset
medan Erik fekk seg litt søvn. Når gutane såg at fødselen nærma seg, sprang dei
og varsla bonden.
Det er
forståelig at med eit så stort tillitsverv, var det ille med ei streng mor som
kravde guten heim til middag.
s43
Vennskapen mellom gutane og Erik Waage tok i grunnen til ved at Erik viste sine gode evner til å få kontakt med menneske og til å hjelpa folk på rett lei:
Ein dag
eg kom frå skulen, låg mange meter av det elektriske gjerdet hans på kryss og
tvers i vegen. Eg gjekk bort til Erik og sa til han. ”Du må halda orden i
sysakene dine. Gjerdet ditt ligg midt i vegen og sleng. Det kan bli årsak til
ei ulykke dersom nokon kjem syklande.” Erik gjekk straks og fiksa opp. Men han
la merke med at der pålane hadde stått, var det avtrykk etter nokre små skor.
Han spurde guten vår og kameraten hans om det var dei som hadde løfta opp
pålane og lagt gjerdet i vegen. Men nei, dei hadde ikkje gjort noko slikt. Dei
to var heilt uskyldige! Neste dag, då han trefte på dei, greip han saka an på
ein annan måte. ”Dei gjerdepålane”, spurde han, ”var dei tunge å få opp?”
”Ja,
nokre av dei”, kom svaret frå gutane.
Men frå
den dagen av var Erik gutane sin ven og kamerat!
Ein annan
familie som også kom til å bety mykje for oss, var næraste naboane våre, Ester
og Harry Gundersen. Han var skulesjef i Tysvær kommune.
Dei store
og viktige spørsmåla i livet kunne vi samtala om med dei to, spesielt med
Ester. Ho var eit karismatisk og eit intellektuelt menneske, som knapt visste om
at ho var det. Men godleiken og omsorga for medmenneska følgde henne.
Nydelege
samtalepartnar begge to.
Ester og
Harry Gundersen var abonnentar på avisa Vårt Land. Når dei hadde lese bladet,
kom ho over til oss med det. Dette var i høg grad med på å forsterka interessa
mi for det som rørte seg i kristennoreg. Då vi flytta til Kvinesdal, vart det
ein sjølvsagt ting at vi tinga Vårt
Land. Denne avisa hadde vi i mange år til eg oppdaga at avisa Dagen høvde våre
meiningar enno betre enn Vårt Land. Om bladskiftet har å gjera med at kona og
eg har vorte meir konservative etter som tida går, eller om det skuldast at vi
med åra går fram både i alder og visdom og at Vårt land har vorte radikalisert
og liberalisert, det kan ein jo drøfta.
Det ville
vore eit høveleg samtaletema for oss som budde på Veim, ”heilagstaden” i Førre.
Kan henda
var det impulsar frå tida i Førre som har vore årsak til at eg har skrive eit
utal med lesarbrev både til Vårt Land, Dagen og lokalavisa Agder. Eg meiner
forresten at det viktigaste er å skriva i vanlege aviser. Dagen er meir som eit
menighetsblad å rekna.
Vidare utdanning
Naboane
våre i Førre var nok med på å gi impulsar til at eg som lærar heldt fram med å
samla meg kunnskap. Somrane 1969 og 1970 tok eg kristendom grunnfag ved
Lærarhøgskulen i Trondheim, som då var blitt ein del av Universitetet i
Trondheim. I den mellomliggande vinteren var det lesing og oppgaveløysing
heime. Dette vart ein svært interessant periode, som har fått mykje å seia for
meg seinare i livet.
Neste
årskurs vart 1. avdeling i spesialpedagogikk. Dette føregjekk som såkalla
ABC-kurs i Haugesund. Også det vart ei utdanning som fekk stor betydning for
arbeidet mitt i skuleverket.
Den siste
større kursinga var eit halvårsstudium innan EDB. Vi frå Kvinesdal drog til
Tonstad ein ettermiddag i veka. Maskinane vi brukte, var Tiki 100. Det var
forståelige og gode maskinar, men både program og det du arbeidde med, vart
lagra på floppydiskar. Dette var i 1987. Men ein dag kom Steinar Tjomlid,
skulesjef i Sirdal, også han student på kurset. Han hadde med seg ein splitter
ny maskin, som vi samla oss rundt.
Denne
maskinen, fortalte Steinar, vert kalla PC, og han er så stor at han har plass
til eit heilt bibliotek. Og maskinen har eit innvendig lagringsmedium. Det
heiter harddisk, og erstattar
s44
floppydiskane. Og denne harddisken er som sagt så stor at all verdas stoff kan lagrast på den. Harddisker var på 15 (Mb) Megabyt, fekk vi veta. (Nok til å lagra eit middels stort bilde.) Vi andre sto som klumsa og var opp i under både over maskinen og kunnskapane hans. For ei teknologisk utvikling som har skjedd dei siste 30 åra!
s44
floppydiskane. Og denne harddisken er som sagt så stor at all verdas stoff kan lagrast på den. Harddisker var på 15 (Mb) Megabyt, fekk vi veta. (Nok til å lagra eit middels stort bilde.) Vi andre sto som klumsa og var opp i under både over maskinen og kunnskapane hans. For ei teknologisk utvikling som har skjedd dei siste 30 åra!
5. Heim og familie
Livet
er ikkje alltid beinkløyvt
Eg lyt
venda attende til barndom og ungdomstida.
Eg hugsar
frå eg var barn kor redd og full av angst eg kunne bli når foreldra mine var
uvener. Dei sleit nok svært på kvarandre.
Mor mi
kunne seia ord som utanforståande nok bedømte som ganske uskyldige og
harmlause, men far min oppfatta dei som nålestikk. ”—eg kjem ikkje på at eg
ikkje kan seia eit ord før det blir gale!”, var hennar finte attende.
Som barn
undrast eg svært over at ho ikkje kunne læra seg til å koma dette i hug, for eg
forsto alltid at ”det ho no seier, det vil far min bli sint for”.
I
konfirmasjonsalderen var eg mykje i lag med pappa og arbeidde inne på
Kaldebekk-stølen;
der vi
hadde eit større nydyrkningsfelt.
Vi
treivst i kvarandre sitt selskap og hadde det fint i lag. Han var kunnskapsrik
om mange ting, og han var flink til å fortelja. Sjølv om eg hadde høyrt
forteljingane hans frå gamle dagar i Sirdal og sogene frå Amerika mange gonger,
var det alltid gildt å høyra historiane hans, spesielt dei frå skogscampane i
Amerika. Det gav meg innsyn i då-tida sine sosiale og økonomiske tilhøve. Arbeidarane kunne behandlast røft. Dei var ei
”vare” det var rikeleg tilgang på.
Eg hugsar
at han fortalde om at ein arbeidar mista livet ved felling av eit tre. Han og
ein annan kamerat tok seg av den forulykka mannen og fekk vedkomande lagt inn
på ein høveleg stad. Formannen vart sint og irritert: Dei kunne berre ha lagt
den døde bak arbeidsbrakka og teke han med om kvelden og ikkje skusla bort
arbeidstida med slikt!
Han
drøfta også med meg om ikkje Sira ein gong i opphavet hadde gått ut Skreådalen
til Bjerkreim. Han trudde at ein stor is- og morenedemning i Omlidlia hadde
ført vatnet den vegen. Sandhaugane i Skreådalen vitna om dette, meinte han. I
dag seier geologane(Ingvald Tjørnhom) at nett slik var det. Men far min var den
første eg høyrde tala om dette. Eg hugsar også at einskilde av naboane drog på
smilebanda av meiningane hans. Men slike samtalar gjorde vekene på Kaldebekk
til gode og meiningsfulle dagar.
.
Eg trur
det mellom anna var to spesielle tilhøve som var konfliktskapande hos dei to.
Mor mi tykte
seg å vera av ein betre familie og av ei gjævare ætt enn det ho meinte han var
av, sjølv om ein av Sirdals mest kjende og avhaldne menn, Torkel Torjussen
Neset, var bestefar hans på morssida. Dette å vera av Kvæveslekta var noko
storveges i hennar augo. Og ho la ikkje skjul på at ho hadde gifta seg under
sin stand! Og vi fekk veta at far hennar, Torjus Kvæven, hadde vore av same
meining.
Om Torkel
Torjussen Neset kan interesserte lesa på Heimesida mi. Der ligg også boka som
han utgav i 1893. http://kjellmsinnes.blogspot.com
s45
Det andre såre punktet hadde med Amerika å gjera. Han reiste til Amerika i 1924. Ho kom etter i 1928. Den garden på Handeland som dei hadde kjøpt for nokre få år tidlegare, vart då seld mot hennar vilje. Ho og borna reiste heim att i 1932. Han kom heim til jul i 1937.
Dei var i
Amerika i 1920 og 30 åra, og opplevde krakket i 1929. 1930-åra var økonomisk harde år over heile verda. Likevel
var det aldri tvil om at desse åra var høgdepunktet i livet til far min. Han
var ein flink og sterk arbeidsmann og hadde arbeid så godt som heile tida.
Skogsarbeidet var hardt og røft. Det kravde sin mann om helsa og livet skulle
bevarast. Og løna var nok ikkje overvettes høg. Han prøvde seg også som
gullgravar i Alaska saman med svogeren sin, onkel Erik. Det gav ikkje den store
gevinsten.
Men han
hadde arbeid. Og dei hadde hus og heim og – bil.
Han
treivst som fisken i vatnet i Washington. Men ho vantreivst i Amerika og ville
heim att. Og då bror hennar vart sjuk og muligheten til å overta heimegarden
hennar syntes å vinka i horisonten, drog ho seinhaustes i 1932 heim til Noreg
med borna. Ho kjende også på eit ansvar for mor si som var sjuk. Broren
Torvald, som hadde heimegarden på Kvæven, skreiv i eit brev at han var vorten
alvorleg sjuk av sukkersjuka, så det ville nok bli til det at foreldra mine
kunne overta garden.
Bror min
Sven, som var 11år i 1932, fortalde at planen var at også Pappa skulle reist
til Noreg saman med familien i 1932. Billett var kjøpt også til han. Men kort
tid (kanskje berre nokre dagar) før heimreisa skulle starta, kom svogeren,
onkel Erik, på besøk. Han vifta med eit brev frå ein arbeidsgjevar i Alaska.
Det var tilbod om godt arbeid i to-tre år med relativt god løn. (Av
opplysningar frå Pete og Gilbert Fidjeland har eg slutta meg til at løna var
kanskje 5 $ dagen. På den tida var løna i Washington 2,50 $/dg. I Alaska høyrde
også ”bord og seng” – kost og losji - med til lønsvilkåra.) I brevet sto det at
det beste ville vera om han kunne skaffa med seg to-tre gode arbeidskarar i
tillegg.
Ho og dei
tre borna drog heim til Noreg. Til far
min kom heim budde ho og dei fire borna på loftet hjå bror hennar på Kvæven. Han
reiste saman med svogeren sin til Bluff, Alaska. Alaskaperioden gav nok ikkje
den store gevinsten. Og depresjonen i Amerika varde ved like til 2. verdskrigen
tok til. Difor måtte foreldra mine ta opp banklån for å kjøpa garden i Ousdal. Tidene
var tunge.
Apropos
borna då ho reiste heim: Thom vart fødd i Amerika i mars 1931. Ved heimreisa
var ho gravid, og det fjerde barnet, Jarleiv, vart fødd i Sirdal.
I 1938
kjøpte dei garden i Ousdal og flytte dit i januar 1939. Då var eg tre månader
gammal.
Ousdal
var ein liten og tungdriven gard. Og det var nok meir enn vanskeleg å få dei
økonomiske endane til å møtast og å få livet til å fungera. Og når ”krybben er
tom, da bites hestene”. Det er ei allmenn erfaring?
s46
Etter at
kona mi, Berit, kom inn i bildet, vart det til tider konfliktfylt. Det kan
høyrast merkverdig, men eg trur at mor mi, men også far min, delvis såg på
henne som ein konkurrent. Noko som såra henne mykje, var deira synspunkt om at
ho ikkje tok nok omsyn til mi dårlege helse.
Det var
ei vond tid som nok har merkt både Berit og meg. Seinare har Berit fortalt meg
om korleis ho gjennom fleire år var redd for at eg ikkje skulle koma attende
når eg i blant reiste til Sirdal åleine.
Men eg
trur eg forstår mor mi. Ho var eit eldre menneske med lang erfaring. Og vi
forsto nok ikkje alltid at det vi oppfatta som rein kritikk, var meint som gode
råd. Her kjenner eg meg sjølv igjen på kor gjerne eg vil involvera meg i barna
og barnebarna sine liv. Men det er ikkje lett å finna gode måtar å kommunisera
på. Konkret kjenner eg på det når barnebarna finn seg kjærestar og sambuarar i
tidleg alder. Vi lever livet berre ei gong. Livsløpet kan samanliknast med eit
idrettsløp. Eit feilskjær i starten kan visa seg å bli kostbart.
Det å
føra erfaringar frå ein generasjon over til det neste slektsleddet, det er ein
kunstart som ikkje alle beherskar. Eg sjølv høyrer til i den store gruppa som
kjem til kort her. Kanskje skuldast dette noko så allment som sjenanse. Vi
vaksne/eldre er flaue for å fortelja om våre eiga prøving og feiling. Dermed
held vi vårt ”levde liv” unna barn og barneborn; sjølv om levd liv er meir
interessant å høyra om enn ”gode teoriar og idear”, jamvel om dei er aldri så
mykje av boklært og studert opphav.
Litt
om kona mi og svigerforeldra.
Eg var,
som nemnt, pasient på Revmatismesykehuset i Haugesund då vi møttest. Ho arbeidde
der i ein praksisperiode i sjukepleiarutdanninga. Det heiter seg at kjærleik
gjer blind. Det trur eg er ei rimeleg forklaring på at ho våga seg til å bli
kjæraste med meg og etter kvart kona mi. Overlege Ole A. Sydnes la ikkje skjul
på at framtidsutsiktene var usikre. Det kunne bli rullestol og krykkjer, og det
var ikkje urimeleg, eller dersom lykka ville fylgja meg, kunne eg koma til å
leva eit nærpå normalt liv, men det forutsette at eg fekk meg eit anna yrke enn
snekker.
Men ho valde
meg, og vi valde kvarandre, og livet har vore på vår side. Noko vi ser på som
eit under frå Gud, og som vi takkar Gud for.
Men det
at sjukdommen etter kvart snudde og kom under kontroll, har nok menneskelig
sett si forklaring i at gjennom henne vart livet igjen verdt å leva.
Det var
ikkje lenger berre ein mørk skodde-vegg å sjå, som stengde livsvegen, når eg
tenkte på framtida. Problem såg eg, men dei fortonte seg å vera til å
overvinna, no når vi var to.
Livet har
gjeve oss slit og strev, og i ein periode så trong økonomi at vi mest ikkje
våga å henta posten i angst for nye rekningar. Men vi har fått oppleva at
kjærlighet og forelsking har hatt ein merkverdig slitestyrke; slik at når
stormkasta (alle ektepar opplever konflikter, også vi) har lagt seg, er det eit
Garborg sitat som renn oss i hugen: ”Det er godt at vi er to!” Takk til høgare
makter!
Eg må
nemna ein episode.
Vi hadde
ein økonomi som ikkje heilt hekk i hop. Ein dag eg opna posten var der rekning
på restskatt på fleire tusen kroner. Det hadde med garden i Sirdal å gjera.
Berit såg rekninga, og tårene ville koma. Dette såg nok Tor Ådne, eldste barnet
vårt. Den gongen var han 8-9 år. Han
s47
forsvann, men vi la ikkje merke til at han hadde vore borte før han kom inn i stova med ein pakke i hendene. Til mor si sa han: ”Denne skal du mamma få! Då blir du glad igjen!”
s47
forsvann, men vi la ikkje merke til at han hadde vore borte før han kom inn i stova med ein pakke i hendene. Til mor si sa han: ”Denne skal du mamma få! Då blir du glad igjen!”
Han hadde
teke sparepengane sine, skunda seg til forretninga og kjøpt eit fint
aluminiumsfat med inngravert bilde og innskrift av Førre kyrkje.
Gjett om
det fekk tårene til å renna.
Enn i dag
vert vi rørte av denne gode hendinga.
Svigerforeldra,
Valborg og Marton Scheit, tenkjer eg på med glede og i takksemd.
Den
eldste dottera kom heim med ein kjærast som ikkje var frisk, og som hadde ei
usikker framtid. Eg veit at eg ikkje hadde takla den situasjonen slik som dei
gjorde, om det hadde gjeldt dotter mi. Eg vart ønskt velkomen i heimen frå
første dag.
Eg vart
godt motteken, sjølv om svigerfar nemnde ei gong at han nok hadde tenkt at det
skulle bli eit par av den eldste dottera og ein maskinsjef i Haugesund.
Spesielt
kom svigermor Valborg og eg godt overeins. Vi hadde på mange måtar harmonerande
bakgrunn i bondesamfunnet. Ho var frå Tysnes, ei nydeleg øy i Sunnhordland, som
kona lærte meg å bli glad i.
I blant
mimrar kona og eg i takksemd og glede over dei gode sommardagane vi fekk ha i
lag med foreldra hennar og barna våre. Det kunne vera på Lio, Tysnes på
Kaldebekk (støl) og seinare på hytta vår i Foreklattane, Sirdal.
Spesielt
hugsar vi ein sommar vi var på Kaldebekk i meir enn ei veke. Sola skein kvar
dag (synest vi å hugsa), så svigerfar fekk gjera det han likte best av alt – å
sola seg. Fisken frå Lomstjødn var av den fine, raude og velsmakande sorten. Bær
og molter fann vi også.
Finst det
noko betre på brødskiva enn nyplukka og nyrørte blåbær eller molter?
Nede ved Rosebekken
hadde vi ein eldstad. Der føregjekk bleievasken til minste barnet.
Eg veit
det var ei god oppleving for svigerforeldra å få oppleva stølslivet i Sirdal.
Farfar
til Berit, Ludvig Scheit, var frå Tyskland. Han kom til Noreg som salmakar på
ein Haugesundsbåt, ei seilskute, mot slutten av 1800-talet. I Noreg utdanna han
seg til stuert (seilskutetida tok slutt) og hadde levevegen på båtar frå
Haugesund. Han var av jødisk avstamning. Han var ikkje nokon stor mann, men
vikta på 32 kg
då han kom heim etter krigen, fortel nok.
Det
er ikkje lett å vera ung.
Når det
gjeld seksualitet og kjærestar kunne vi sikkert hatt synspunkt og erfaringar å
tilføra, om vi hadde våga å vere meir opne. Bestemor og eg sat ikkje berre og
såg på kvarandre før vi gifta oss, tru ikkje det. Vi høyrer med til dei som ein
i gamle dagar sa at var nøydde til å gifta seg. Men vi meinte, og meiner, at
det som betyr starten på samlivet, det som konstituerer ekteskapet, er det
første samleiet. Og samleiet skulle ikkje finna stad før det var klart at vi
ved det knytta og starta eit livslangt fellesskap.
Det vart
store og fine tankar, som høyrde idealistiske menneske til. Og vi var jo ikkje alltid så bevisste,
iallfall ikkje eg.
Med glede
og takksemd hugsar eg ein episode som skjedde ikkje så allverdens lenge etter
at vi hadde blitt kjærestar med einannan: Vi låg og kjælte med kvarandre på
sofaen heime i Haugesund, Eg hugsar at eg trudde at ho forventa at no skulle vi
ha vårt første samleie og oppførte meg i samsvar med denne trua om hennar
forventning. Men då ho på ein bestemt, men god måte, ikkje tillet det, hugsar
eg at eg kjende det som ei enorm lette. Hennar haldning var eg altså svært glad
for, og vi forsto kvarandre betre og vart meir trygge på kvarandre etter det.
s48
Eigentleg
trur eg at det standpunktet at ”ikkje ligg saman før de er samde om og klår
over at no vil samlivet vårt starta, at det er han/henne du vil og skal dela
livet med, at de ved denne handlinga knyter eit skjebnefellesskap inntil døden
skil dykk ad”, er eit godt vern for unge menneske.
Men det
er nok ikkje lett å vera ung i dag. Det har det forresten aldri vore.
Eg er
t.d. glad for at eg i min ungdom møtte ein kar som Martin Tjørhom.
I
ungdomstida likte eg svært godt å gå på dans. På folkets hus i Omlid, på
Fjellheim, var det relativt lett tilgang på alkohol. Det sørgde drosjesjåførane
for. Dei dreiv sin handel i det stille. Ein forretning som kanskje ikkje var så
reint liten. Mamma innprenta i det lange og breie om at eg måtte halda meg
borte frå brennevinet. Men den talen gjekk i stor grad inn i det eine øyra og
ut at av det andre. Men det at ein ”framand” mann, som ikkje var i familien,
gav råd om at det ikkje var lurt å drikka seg frå forstand og fornuft, det, det
var noko anna. Det høyrde vi gutungane på. Då var det samtale mellom vaksne og
ansvarsmedvitne menneske; informasjon mellom likeverdige partar om livets
realitetar.
Ein
sommar kom nokre jenter frå Stavanger. Dei låg i telt på eit jorde i Omlid. Ein
gut; som var litt yngre enn eg; fortalde med stor innleving og detaljrikdom om
dei praktfulle samleia desse jentene hadde gitt han. Då kom Martin i funksjon.
Han sa med konkrete og forståelige ord kor gale og dumt han tykte det var å
starta det seksuelle livet på ein slik tilfeldig måte. Vi måtte ikkje lata oss
villeia til å øydeleggja både oss sjølve og andre på den måten. Og han gav oss
ei kort , men konsistent, innføring i kjønnssjukdommar. ”Vil de gå gjennom
livet med slik elendighet?”
Eg hadde
tilhald på Fjellheim og liknande stader gjennom fleire år. På mange måtar var
det gode år. Eg lærte vennskap og livsorientering. Men det er ikkje vanskeleg
for meg å nemna døme på ungdommar som livet vart ein stor nedtur for.
6. Soger og forteljingar
Menneske eg møtte: ”Fidjeland-gutane”
På Moi i
Kvinesdal budde ein søskenfamilie, Jørgen (Jorg), Per (Pete,Pit) og Pauline.
Far deira
var komen frå Fidjeland i Sirdal. Familien busette seg i Lyngdal. I heile
Lygna-dalføret er slekts-namnet Fidjeland velkjent. Fetteren til
Fidjeland-brørne, John Fidjeland er t.d. ordførar i Eiken.
Eg skal
fortelja litt omkring Fidjeland-brørne, Fidjeland-gutane, som far min nemnde
dei.
Fleire av
borna reiste til Amerika og freista lukka der. Dei eg har best kjennskap til,
er brødrene Jørgen (Jorg), Gabriel (Gilbert) og
Per (Pit).
Jorg
Fidje lærte eg å kjenna under namnet ”Kloge-Jøren”. Han kom heim frå Amerika
like etter krigen. Ei tid budde han i Ousdal. Der han hadde leigd seg inn hos
Todne Ådneram.
Jorg var
ein eigenarta person. Det norsk-amerikanske karakteriserte han på fleire vis;
både i språkføringa, klesbunaden, tankegangen og i levemåten.
I Amerika
hadde han kome i kontakt med religiøse straumdrag påverka av hinduismen. Han
var t.d. ein varm tilhengar av Mahatma Gandhi, trudde på sjelevandring og var
svært begeistra for den enkle måten Gandhi levde på.
s49
s49
Jorg
hadde høyrt at då Gandhi var i London og forhandla med britane om fridom for
India, då hadde han med seg nokre geiter for å ha dagleg tilgang på nysilt
geitemjølk. Eit næringsemne han meinte var avgjerande viktig både for kropp og
sjel. I Ousdal kunne han få tilgang på
geitemjølk. Jørgine, bestemor til Jøren-Ola, hadde geiter. Tinginga han gav
henne, var 3 liter
geitemjølk til dagen.
Jørgine fortalde
at ho hadde sagt til han at 3 l/dg var for mykje for eitt menneske. Svaret var
at så mykje brukte Gandhi. Jorg måtte difor ikkje ha mindre. Men det er mogelig
at aktivitetsnivået ikkje var så høgt i Ousdal som det var i London, og at
forbruket difor vart mindre, for då våren kom og snøen smelta, kom det fram ei
vond lukt ved husveggen hjå Todne. Der hadde han i løpet av vinteren slått ut
store mengder med overskottsmjølk.
Jorg
rusla rundt i bygda, drøste med folk og underviste i sjelevandring, rett lære
og god levemåte.
Far min
fortalde at ein dag kom Kloge-Jøren og ville snakka med han i trumål. Jorg
hadde ”figra” ut (figure out/ funne ut) at far min berre var far til 3 av dei 7
borna sine. Dette hadde kome fram ved å iaktta korleis kvistane vaks ut frå
stammen på raunen. Dersom dei to no gjekk saman, kunne dei også figra ut kven
som var far til dei barna som hadde lyst hår. Pappa fortalte at han sa til Jorg
at sidan han sjølv ikkje hadde gode evner til å figra på slike djupe spørsmål,
ville det vera ok om Jorg tok seg av det spørsmålet, og at han gav far min ein
sluttrapport. Men rapporten vart aldri levert, og far min vart ståande som
faderleg opphav til alle sju borna.
I Amerika
hadde han ”meka levinga” som kontraktør eller entreprenør. På det meste hadde
han fleire hundre (400) mann i arbeid.
Elles
hugsar eg at like etter krigen fekk vi besøk heime i Ousdal av to staselege og
gilde karar. Det var Pit og Gilbert som var på gjesting i gamlelandet. Eg
hugsar endåtil kleda deira: Fritidsdressar av mørkegrønt kakistoff. Frakkane
deira var av liknande stoff og farge. Dei var relativt korte, midt på låret.
Far min
hadde arbeidd i lag med dei i Amerika, så dei hadde mykje å snakka om.
- - - -
Då
familien min flytta til Kvinesdal i 1974, og kona tok til å arbeida i
heimesjukepleien, kom ho ein dag heim og fortalde at ho hadde helsingar til meg
frå ein pasient og bror hans. Dei kjende foreldra mine. Pasienten var Jorg
Fidjeland, og broren var Pit. Dei budde i huset ved Borghammaren på Moi saman
med søstera Pauline.
Berit,
kona mi, hadde bemerka at det i heimen deira var mange minne-ting frå Nome,
Alaska.
Pit
fortalde at han hadde arbeidt i Alaska i fleire år. Ho nemnde at ho hadde to
svigerinner som budde i Nome. Pit vart svært interessert og spurde etter namna
deira.
Då han
høyrde namna, Erna Rasmussen og Ingeborg Handeland, braut han ut i høglydt
glede: ”Ingeborg og Kay; mine beste vener!”
På den
måten vart kontakten mellom Pit, Berit og eg etablert.
Pit
hadde, som sagt, arbeidd i lag med far min i Amerika, så det var naturleg at
venskapsband vart knytta.
Eg må
nemna litt om årsaka til at Fidjelandsøskena var busette på Moi i Kvinesdal:
Reinert
Solberg heitte ein kvindøl som i andre halvdel av 1800-talet (1884) drog til
Amerika. Han var mellom dei heldige som gjorde det godt i gullrushet i Nome frå
1897 og nokre år frametter. Gullet vart investert i jordeigedommar i det
området der byen Seattle i dag ligg. Når byen seinare tok til å veksa, kom
svært mange av utvidingane og nybyggjarfelta til å liggja på
s50
jord som tilhøyrde den same Reinert Solberg. Han vart, som ein kan forstå, ein svært rik mann.
s50
jord som tilhøyrde den same Reinert Solberg. Han vart, som ein kan forstå, ein svært rik mann.
Det
høyrer forresten med til historia at denne mannen ikkje gifta seg.
Då han
reiste til Amerika, var han trulova med ei jente frå Kvinesdal. Avtalen var at ho
skulle koma etter eitt år seinare. Så skulle dei gifta seg. Jenta kom til
vestkysten av Amerika, slik avtalen var. Men i mellomtida hadde Reinert vendt
sinn og tanke til hinduismen. Og den greina han tilhøyrde, lærte at skulle ein
nå høgt innan denne religionen, måtte ein ikkje ha noko med kvinner å gjera -
og Reinert Solberg sikta høgt. Han sa difor til jenta frå gamlelandet at noko
giftarmål ikkje kunne koma på tale, men han tilbaud henne å verta husholderske
i huset sitt.
I følgje
Aleksander Moi, som fortalde dette til meg, var det bein i nasen hennar. Ho
snudde på hælen og drog beinaste vegen heim att til Noreg. Jenta var tanten til
Aleksander.
Etter
nokre år flytte Reinert heim til Kvinesdal, kjøpte store jordeigedommar og
bygde seg hus på Moi.
Med årsak
i at Jorg Fidje hadde teke den same trua og læra som Reinert, vart det til at
Jorg busette seg på Moi i huset til Reinert.
Då
Reinert Solberg merka at livet gjekk mot slutten, overgav han sitt jordiske
gods i Jorg si varetekt. Beskjeden var at Jorg skulle ta vare på det inntil
Reinert kom attende, for han var viss på at så kom til å skje.
Tida
gjekk og Pit og Pauline flytte også til Moi, men Reinert viste seg ikkje. Til
slutt leid det så langt at det var tydeleg at det også gjekk mot slutten for ”bror
Jorg”, som Pit sa.
Ein dag
kalla han Pit til seg og ordla seg omtrent slik: ”Det går mot slutten for meg
også i denne omgangen, men Reinert er ikkje komen attende – iallfall har vi
ikkje sett han -. Du får ta hand om eigedommen på den måten du synest er best!”
Pit var ein vanleg kristen truande mann.
For å
gjera ein lang historie kort, skal eg berre nemna at i dag er eigedommane etter
Reinert Solberg attende i Solberg-familien si eige.
Pit var
ei gentleman i ordets eigentlige og beste meining. Han var alltid rein og
velpleidd. Kleda var elegante og skorne blankpollerte. Han var ein herremann i
ordets beste meining, men av den litt smålåtne typen. Men når Pit viste seg på
aldersheimen i Kvinesdal, gjekk det eit sus gjennom ”damesalongen”, og meir enn
eitt kvinneansikt skein med nytent glød.
s51
s51
Pit var
god til å fortelja. Han fortalde korleis han og broren Gilbert heldt seg tre
somrar og to vintrar inne i Alaska si villmark i strekk og grov (digga) gull.
Dei fleste gullgravarane var på feltet berre om sommaren. Og då skulle dei
sprengja og grava opp den frosne jorda og vaska den oppgravne massen etter
gull. Pit og Gilbert meinte at dei korte sommarvekene måtte ein bruka til
vasking, det var då ei hadde vatn, eller kunne ha håp om regn og vatn. Difor låg
dei to brørne inne på tundraen, mange dagsreiser frå folk, og grov og sprengde
den frosne jorda. På det viset hadde dei store mengder med ”smuldra” jord å
vaska når endeleg våren og sommaren kom.
s52
På
spørsmål om matstellet, kom svaret medan augene fortalde om fjerne opplevingar:
”Me dadde børser og gjekk hunting (gjekk på jakt) nå det var reinsdyr i
nærleiken. Molter sanka dei også i store mengder, og dei kunne oppbevarast
lenge. Og så var der mykje ruper, og der var fisk i vatna.
Ute i øydemarka var vilt ein nødvendig og kalkulert
del av kosthaldet
Men ein
dag opplevde dei to uadskiljelege brørne tragedien. Dei arbeidde då på eit
jarnvegsanlegg mellom byane Seward og Fairbanks. Toget spora av skinnene, og
Gilbert fall
s53
ned mellom to vogner og vart skamklemt i ryggen. Ei av årsakene til at det gjekk så gale som det gjorde, var at ein maskin som vart frakta med toget, ikkje var forskriftsmessig fastbunden. Denne maskinen heldt Gilbert seg i og vart ved det kasta av toget. Han sat lamma og hjelpelaus i rullestolen resten av livet, i 17 år. Den som gav tilværet meining for den forulykka broren, var ”min kjære bror Pit”. John Fidjeland har lånt meg eit skrift eller brev som Gilbert skreiv eit års tid før han døydde. Det er rørande å lesa korleis søskenkjærleiken skapte ein håplaus situasjon om til noko godt. ”Blomar veks i såret”, sa Vinje. Dei to-tre siste åra budde Gilbert i Noreg, først på sjukehus i Oslo, så på Moi i Kvinesdal i lag med brørne og søster si. Han døydde i desember 1967.
s53
ned mellom to vogner og vart skamklemt i ryggen. Ei av årsakene til at det gjekk så gale som det gjorde, var at ein maskin som vart frakta med toget, ikkje var forskriftsmessig fastbunden. Denne maskinen heldt Gilbert seg i og vart ved det kasta av toget. Han sat lamma og hjelpelaus i rullestolen resten av livet, i 17 år. Den som gav tilværet meining for den forulykka broren, var ”min kjære bror Pit”. John Fidjeland har lånt meg eit skrift eller brev som Gilbert skreiv eit års tid før han døydde. Det er rørande å lesa korleis søskenkjærleiken skapte ein håplaus situasjon om til noko godt. ”Blomar veks i såret”, sa Vinje. Dei to-tre siste åra budde Gilbert i Noreg, først på sjukehus i Oslo, så på Moi i Kvinesdal i lag med brørne og søster si. Han døydde i desember 1967.
Ei anna
soge som Pit fortalde, må eg ha med:
Reinert
Solberg brukte ein stor del av rikdommen sin til å hyra inn folk som omsette
hinduismen sine heilage bøker frå hindi til engelsk og frå engelsk til norsk.
Bøkene vart fint og godt innbundne, skinnbind og gullsnitt, og trykt i eit
ganske stort opplag. Tanken bak det heile var at hinduismen si lære skulle bli
spreidd, og at dette også skulle gi han eit visst overskott. Men etterspurnaden
etter hindi-bøker vart ikkje slik som Reinert hadde tenkt. Bøkene vart stabla
frå golv til tak på to salar i Borghammarhuset. Ei tid etter at Reinert var
død, oppdaga Pit at loftsbjelkane var ved å mista feste i veggene. Heile huset
var ved å bli forandra til ei gedigen felle og kunne når som helst bryta saman!
Jorg sa seg samd i at huset måtte reddast ved at bøkene vart borne ut og stabla
i uthuset.
Men
samstundes vart det gjort ein merkantil framstøyt. Jorg og Pit sende tre
eksemplar til universiteta og høgskulane i Noreg. Med i pakken la dei eit brev der
dei forklarte at pakken var ei gåve og at dersom det vart behov for fleire
bøker, kunne dei tingast hos vedlagde adresse.
s54
NTH, no Universitetet i Trondheim, takka for gåva. Men meir høyrde dei ikkje frå nokon kant.
Nokre år
seinare igjen oppdaga Pit at det hadde gått mygl i bøkene i uthuset! Skaden var
uoppretteleg! Pit såg inga annen utveg enn å leiga ein nabo (Anders Solberg)
med traktor med seg. Fleire tonn bøker(14 tonn?) og livsverket til reinert
Solberg vart tippa/senka i ei myr-tjørn på Moi. Ellen Aamodt, som vaks opp på
Moi, fortel at ho hugsar godt bokstablane i Borghammarhuset. Og Signe Solberg
fortalde at i lang tid i etterkant sprengde frosten opp bokrester som vart
liggjande i overflata inntil naboane dekte dei til att.
Pete
Fidjeland døydde 3. desember 1998 94 år gammal. Han er gravlagd i Lyngdal.
Bileta er
utlånte av John Fidjeland, Eiken.
Framhald -
Fidjelandsbrørne
For ei tid sidan skreiv eg i Sirdølen om menneske eg møtte –
Jøren (Jorg), Gabriel (Gilbert) og Per (Pete{Pit}) Fidjeland.
Under arbeidet med den artikkelen var eg i kontakt med John
Fidjeland i Eiken, som er brorsonen deira. John fortalde at Gilbert ikkje vart
helselaus ved ei ulykke i ein skogs-camp, slik eg hadde forstått, men gjennom
ei ulykke på eit jernbaneanlegg, der eit tog spora av skinnene. Dette kom ikkje
med i den førre artikkelen.
John Fidjeland gav meg også eit skriv på over 20 sider, som
onkelen hans hadde skrive om livet sitt. Han håpte at det kunne gi grunnlag for
ein artikkel om Gilbert. Dette skrivet gjev eit svært interessant innsyn i
livet til USA-emigrantane i første halvdel av 1900-talet. Og spesielt fortel
det om sann og ekte syskenkjærleik.
Eg har gjort eit utdrag av Gilbert sitt skriv.
Eg har skrive utdraget på eit slags blandings-bokmål, men
har behalde ein del norsk-amerikanske uttrykk – det språket som Gilbert og Pete
brukte.
- - -
Utskrift fra notat
gjort av Gilbert Fidjeland:
Innledning
Gabriel Fidjeland, f.22 Mars 1896 i Sirdal.
Påskemorgen - Mars, 26-1966 –i mitt kjære hjem her på Moi,
Kvinesdal, Vest-Agder, begynte jeg at skrive mine Minder – særlig i alle disse
siste årene i Rullestolen – fra 5th September 1950 – til i dag, nærmere 16
fulde år i Rullestolen. (Gilbert døydde 1967, så det vart 17 år i rullestolen.
Han er gravlagd ved Lyngdal kyrkje.)
En mann spurte Henrik Ibsen om hans syn på Bibelen. Svaret
var:
Jesu ord er ikke bare høye tanker –
De er milestolper for hele livet –
De er pilarer for livets bygning.
Dette er
også min tro – Gabriel Fidjeland.
Følgende motto er hentet fra ”Samfundsliv Avisen”. som jeg
synes er så godt:
”Riv ned alle gjerder som skiller menneskene, og hindrer dem
fra
s55
s55
å oppleve og å erkjenne våre dype fellesinteresser innenfor
vårt felles samfunn.
Frem med helhetsfølelsen og totalitetsbevistheten.
Ned med partipolitikken og klassekampen.
Frem med det frie levende selvvirksome samfunn”.
Wonderfull
tanker synes jeg.
Sirdal - Lyngdal
Min fars navn var Aadne Jørgensen Fidjeland 1861 - 1937,
født på Fidjeland i Øvre Sirdal.
Gravlagt: Hægebostad kirke i Lyngdalen.
Mor: Berte Pedersdtr. Ousdal 1861 - 1905, Øvre Sirdal.
Gravlagd: Lyngdal kirke.
Familien flyttet fra Eigeland i Øvre Sirdal til Håland i
Lyngdal i 1902.
Mor døde i 1905 bare 45 år gammel. Det yngste barnet, Peder,
var født i april 1904. Alderen på barna da hun døde, var mellom 19 og 1 år.
Mine foreldre hadde 9 barn, 7 gutter og 2 jenter. Ett av
barna, Peder f. 1885, døde 14 år gammel. Han omkom ved et steinras mens
Familien bodde på Eigeland, Sirdal.
(Faren gifta seg igjen med Anna Krossen frå Hægebostad og
flytte dit. Dei fekk 8 barn i saman. Til sammen ble det 17 barn.)
Far våres drev det ganske godt på sin gård i Lyngdal. Han
endret gårdens navn fra Håland til Fidjeland. Han hadde fire store melkekyr, to
kviger og en hest og hadde nok av mat og melk og klær til oss alle sammen. Ja,
han solgte også hver måned litt smør til Flekkefjord.
Ved siden av å drive garden, fungerte far også som emissær i
Indremisjonsforbundet. Han reiste en del på Sørlandet.
Barna lærte tidlig å stå på egne bein. Flere skaffet seg
utdannelse, andre drog tidlig til Amerika. Jørgen drog til USA i 1901, bare 17
år gammel. Han ble en dyktig ”kontrakter”, og hadde fra 200 – 400 arbeidsfolk
da han drev og bygde skogsveier for lastebiler og jernbane – Logging roader – i
de store urskogene i staten Washington.
Abel utdannet seg til ingeniør, Pauline ble sykepleier ved
Ullevold sykehus.
Jeg selv var utlært smed, sveiser og mekaniker fra
Kristiansand Mekaniske Verksted, hvor jeg arbeidet i flere år. I 1919 reiste
jeg til Oslo og arbeidet på et stort mekanisk verksted til 1923, da jeg
utvandret. Jeg emigrerte til USA den 20. april 1923, 26 år gammel.
Amerika –
mulighetenes land
Det tok 9 dager å krysse Atlanterhavet med S/s
Stavangerfjord. Togreisa over kontinentet til vestkysten tok 3-4 dager.
Da jeg kom til vestkysten med toget, sto kjære bror Johan
smilende på Bellingham Jernbanestasjon og tok imot meg. – Vi drog videre ut til Saxon, til Lars og
Anna-fasters hjem. De utvandret i 1902 og kjøpte seg gård der ute i Saxon.
Gården drev de godt. Lars og Anna hadde fem barn.
Fra Saxon drog vi ut til skogskampen og traff kjære bror Jørgen.
Der hadde han en stor kontrakt med ca. 200 mann i arbeid for seg. Han var glad
for å se meg: ”Du skal blive smed og mekaniker for meg, sagde han.” Han satte
opp en liten smie for meg, og der kvesset jeg minebor og maskinbor i massevis
for bror Jørgen. Jeg fikk starte med 7 $ pr. dag. Daglønnene var normalt 5 $. Etter
en stund reiste Jørgen daglønnen for meg til 9 $ dagen.
Jeg arbeidet for bror Jørgen i ca. ett års tid, i 1923 og
1924. Så gikk jeg ned til Seattle og fikk smed-jobb for et stort kompani. Og
fikk mine 9 Dollar dagen der også. Jeg var der vinteren
s56
over til om våren, så sluttet jeg og reiste som smed og mekaniker for de store fiskekanneriene i Alaska.
s56
over til om våren, så sluttet jeg og reiste som smed og mekaniker for de store fiskekanneriene i Alaska.
Da jeg ville slutte i kompaniet i Seattle, sa Supritenten
til meg: ”Du skal få 11 Dollars per dag!” Men jeg sagde: ”Jeg har fået feberen
til Alaska, og der ønsker jeg at reise til.”
Supritenten sagde da ti meg: ”Når du kommer tilbake fra Alaska, kom da
rett ut til meg i Kampen og du skal få arbeide ret ovey for meg.”
Alaska feber
Så gikk turen til Alaska. Som dyktig smed og mekaniker hadde
Gilbert lett for å skaffe seg arbeid for kompaniene som drev med hemetisering
av laks. Lønnsvilkåra var 125 $ per måned + bord (mat) og rom fritt. Plasser
hvor han arbeidet i fiskeindustrien, var ”Heringbaien” og ”Chicnik Bay”. På
disse stedene arbeidet han i 1924, 1925 og 1926.
I 1927 arbeidet jeg som smed og mekaniker for North-westeren
Fiskekompany oppe ved Beringsjøen en sommer. Men i 1928 og 1929 arbeidet jeg
som harpunsmed og mekaniker for et compni som het Pacific Whaling Company,
Akutan Alaska. Der fikk jeg 150 $ per måned.
Arbeidet besto i hovedsak i å lage harpuner for hvalbåtene;
et interessant arbeide. Alle fem hvalbåtene og hvalstasjonen var bygget opp i
1911 av den kjente norske polarkapteinen Otto Sverderup.
I 1911 seilte han fra Oslo med det store seilskipet som
hette ”Admiralen” med arbeidsmannskap, brakker, maskineri, fire hvalbåter og
fullt utstyr til å drive hvalfangst. Ferden gikk syd av Kap Horn, Syd Amerika,
til Akutan, Alaska, hvor han satte opp den første stasjonen av den sorten i
Alaska.. Han gjorde store penger der noen år, men solgte det hele til Pacifik
American Whaling Company i 1916.
Gilbert forteller i skrivet at kapteinene på hvalbåtene, som
samtidig var hvalskyttere, også i hans tid var norske. De kommer hver sesong,
har tur-returbillett, sommerbetaling og bonus for hver hval de skyter.
Flyskole og
depresjonstid
Høsten 1929 avsluttet han arbeidet i Alaska i denne omgang
og drog til Los Angeles, California og tok ett års utdanning som flyger. Skolen
hadde navnet ”Western Callige of Arunatics”. Det var 50 elever på skolen.. Bare
15, og blant dem var Gilbert, var sterke og friske nok til å få flysertifikat.
Planen var å kjøpe et fly som han kunne frakte varer og
passasjerer med i Alaska. Men dessverre kom depresjonen høsten 1929 og satte
bom for planene. ”Jeg hadde spent alle mine penger dette året på flyveskole ---
så jeg hadde ikke råd til at kjøpe meg selv en liten 2-3 seters plane med ski
under. Å reise fra Nome-Alaska og flyve ut til Fairbanks, den tid kostet det
ca. 800 Dollars at flyve ca. 700 mil med disse små Flyvemaskiner den tiden ---”
Men depresjonen gjorde det umulig å få låne 2-3000 Dollars,
så planene om eget fly, ble ikke realisert. Depresjonen varte ved like til 2.
verdenskrig brøt ut.
I 1932 reiste bror Pete og jeg til Bluff, Alaska for å
forsøke oss som gullgravere. Bluff ligger ca. 50 mile sydost for Nome.
Arbeidsplassen lå like ved sjøkanten, Beringsjøen.
Båtturen fra Washington tok 9-10 dager. Båten var 80 år
gammel. Den hadde plass til 500 passasjerer. På 3. klasse, hvor de fleste
arbeidsfolk reiste, kostet turen 50 $. Sovemulighetene var hengekøyer, 3 i
høyden. På dørken hadde mange hunder og katter tilhold. Det var dyr som
passasjerene brakte med seg. Maten som ble servert, var nok ikke førsteklasses,
så vi brødrene og andre gode folk spiste svært lite av den..
s57
s57
Denne båten skulle legge til i Nome, men på grunn av grunt
vann ut fra byen måtte bagasje og de som reiste, bringes til land i noen
flatbunnede ferjer som ble trukket av taubåter. Alle passasjerene måtte gå fra
båten og til flat-ferjene på en gang-planke. På samme måten ble all mat og
grosserier av alle mulige slag til alle minerne og forsyninger til hele byen
Nome brakt i land. Dette var den første båten i året 1932. Det var nå i slutten
av mai måned. Byen hadde ikke hatt noen båtforbindelse, eller fått forsyninger
fra statene siden i Oktober forrige år. Beringsjøen kan være islagt 6-8 måneder
i året.
Nome besto av gamle trebygninger og søylete gater. Rundt
1900, da det ble deskovered Gold på Nome beachen , da skulle det ha vært
hundrevis av telt spredt over alt. På den tiden kom det opp fra statene 60.000
minere m.m. Gullgravingen den gang foregikk ved at man hadde et treslog på 2
fots bredde og 12 fot
langt. Opp i denne renna, som måtte ligge slik at der ble et visst fall, øste
mann sand. Så hadde man en pøs som var festet til et trehåndtak, nesten som skaftet
på en spade. Med denne remedien øste mann vann opp i sloget, som hadde noen
rifler i bunnen, da ble sand og sten skyllet vekk, mens de fine, tunge
gullkorna lå igjen på bunnen av sloget.
Det fortelles at de første minerne på Nome-beachen kunne
vaske ut gull for 20 $ dagen på denne måten.
Første året i Bluff bygde vi et stort tårn av tømmer – 40-50 fot høyt. Men før tårnet
kunne bygges, måtte tømmeret bæres opp fra sjøen. Tømmeret var av grove
dimensjoner. Stokkene var 40
fot lange og var ca. 8 ’’ tykke i tverrsnitt, så det var
meget tungt arbeide.
Tårnet var
endestasjonen på en taubane, ca. 1000 fot lang. Tykkelsen på lina var 1 ¼ ’’. På
taubanen gikk en 4 hjuls by-sykle, vi kalte den for jikk, den fraktet sand fra
sjøen og opp til tårnet.. Fra tårnet og tilbake til sjøen gikk såkalte
sluseboxer (slog). Etter noen dager ble gullet samlet opp. Første året ble det
tatt ut mer enn 100.000 $.
Selve arbeidet var hardt, 12 timers dag og dårlig mat. Dette
var i den verste depresjonen, så folk ble betraktet og lønnet nesten som
slaver. Lønnen var $5,00 per dag. men det var bedre enn å arbeide i Washington
for $2,50 for dagen syntes vi. Vi arbeidet der i 1932,33 og 1934.
Siste året var avtalen med sjefen at jeg skulle ha $1,00
ekstra i timen når jeg arbeidet med smedarbeid. For hele sesongen beløp det seg
ikke til mer enn 160 $. Da jeg skulle ha utbetalt det jeg hadde til gode, ville
sjefen ikke betale. Først da han forsto at han ville komme til å møte meg i en
rettsal, kom han med pengene. Hadde de muligheter til å lure arbeidsfolkene, så
gjorde de det.
Høsten 1933 brant nesten hele byen Nome. Vi kunne se de
store flammene helt til Bluff, ca 50 mil syd for Nome. Vinteren 1933/34 leide
jeg en hytte i Nome, kokte for meg selv og arbeidet hele vinteren som snekker
for $1,00 per time. Vi satte opp 14 hus av tre. Det var snøstorm og kulde,
10-15 below Zero, så det var kaldt å være snekker, men det gikk godt.
Våren 1935 hyret jeg meg ut til California Oil Company, et
firma som også drev etter gull i Alaska, ca. 100 mil north av Nome og 20 mil ut
fra Teller. Der bygde kompaniet en gull-dredge som kostet over 100.000 $.
(Dredge er en kombinert grave- og vaskemaskin. En virkelig stor og kostbar
ting.) De hadde kjøpt en gammel dredge. Den ble demontert og alt treverk ble
skiftet ut. Arbeidsfolka bodde i telt i den første tiden før det ble bygget
brakker.
Brakkene var svært enkle. De hadde ikke vinduer og golvene
var enkle planker mellom oss og snøen med sprekker mellom golvplankene, så
kulden trakk opp. Temperaturen var 25 below Zero. Vi var 8 mann i hver brakke.
Om natta måtte vi gå på omgang med å fyre med kull i
s58
ovnen. Jeg hadde en god edderdunsovepose, så jeg sov godt, men de andre hadde bare tepper over seg, så de frøs mye.
s58
ovnen. Jeg hadde en god edderdunsovepose, så jeg sov godt, men de andre hadde bare tepper over seg, så de frøs mye.
Gilbert skjønte at han kunne ikke leve slik – derfor sendte
(skrev) jeg til Nome etter et 6’
x 6’ telt.
Til golv i teltet brukte jeg bordfjøler fra den gamle dredgen. Jeg fikk også
fatt i en kullovn fra en gammel goldminer. Ovnen bar jeg opp på min rygg en 2
mils veg.. Nå hadde jeg telt med golv, seng og ovn og hadde det varmt og godt
hele våren og sommeren 1935. Mange av arbeidskameratene kom på besøk om
kveldene og fikk varmet seg godt opp. De fikk også en god kup kaffe, som de
følte så godt for om aftenen.
Da dredgen var restaurert og skulle settes i drift, viste
det seg at akslingen til hovedvinsjen var skjev (bøyd). Akslingen var 5 tommer i diameter og 6 fot lang.
En ny aksling måtte bestilles fra Seattle per trådløst
telegram og sendes med ekstra fly. Det ville bli dyrt. Dessuten ville antagelig
hele sesongen gå tapt. Sypertenten kom til meg og spurte om jeg kunne gjøre noe
med akslingen. Det sto om gevinst eller tap for kompaniet på mange tusen
dollars. Jeg mente at jeg skulle kunne strekke den i den lille smia vi hadde,
så den ble rett.
Jeg og en eskimogutt begynte kl. 6,00 E.M. og kl. 10 aften
var akslingen strukket og fin. En ny aksling som ble bestilt, kom ikke opp før
året etter, men den ble bare liggende. ”Min” aksling fungerte som den skulle så
lenge jeg arbeidet der – i 5 år til 1940.
Ekstra lønnsutgifter for å rette akslingen var på totalt
$5,60.
Sypritenten kom smilende inn i smien til meg og sa hvor glad
han var. Nå gikk diggingen som den skulle, alt fungerte fint. Han kom med 2
sigarer til meg - selskapets påskjønnelse for godt utført arbeide! ”Takk, sagde
jeg – jeg røker ikke. Gi dem til folk som røker!”
På en måned denne sesongen tok slskapet ut nærmere 150.000 $
i gull.
Broder Peer og jeg arbeidet for det companiet i 5 år, til
1940. I 1941 la selskapet ned driften. Da hadde de tatt ut for over 1.000.000
$.
Herrer i eget hus
I 1940 startet Pete og Gilbert opp for seg selv. Langt inne
på tundraen, inn fra Nome, bygde de sitt eget hjem – en hytte med to rom, god oljeovn
og elektrisk lys og radio. Strømmen fikk de fra en vindgenerator som når bare
der var vind, og vind var det mye av, produserte strøm som gikk inn på et
batteri. Det ga også elektrisk lys i smia. De konstruerte også en taubane som
fraktet opp massen som ble gravet ut dypt nede i den frosne jorda. På den måten
kunne de arbeide om vinteren også, noe som ikke var vanlig. Til vaskingen
behøvdes vann. Sommermånedene, når vann var tilgjengelig, kunne da i sin helhet
brukes til å vaske ut gullet. De minet, sprengte, og gravde opp den frosne
jorda fra underjordiske tunneler og la den i store huger. I disse haugene la de
rør, så når våren kom, satte de på damp, tinet massen og kom i gang med
vaskinga.
Det vanlige var at folk ble ”lagt av”, dvs. var
arbeidsledige om vintere. Unntaket for Pete og Gilberts del var vinteren
1933/34 da Nome skulle bygges opp igjen etter bybrannen.
Besøk i gamlelandet
Sommeren 1947 reiste vi hjem til Norge for å se slekt og
venner der. Vi ble i Norge til våren 1949 da vi reiste tilbake til USA.
I Norge undersøkte vi bl.a. gull-mulighetene i Finnmark. Der
er gull, og gull av fin kvalitet, men det ligger dypt i jorden, så på vårt
tidspunkt og med våre ressurser fant vi det ikke regningssvarende.
s59
Ulykken
Da vi kom tilbake til USA, tok vi (Pete og jeg) oss arbeide
for jernbanekompani, som hadde kontrakt på å skifte ut skinnegangen mellom
byene Seward og Fairbanks i Alaska. Den siste lønninga jeg fikk der var $ 2,55
per time. Vi arbeidet der somrene 1949 og 1950, inntil jeg ble skadet 5.
september 1950.
Selv om vi skiftet ut sviller og også de gamle lave skinnene
med høye og kraftige skinner, gikk en del tog på strekningen. Guvermentet i
Amerika var opptatt med å sende store mengder krigsmateriell nordover. Den
kalde krigen var i gang. Derfor kom det regelmessig tog med krigsmateriell. Og
denne transporten måtte gå sin gang.
En del av min jobb var å hogge av og spleise gamle og nye
skinner slik at toget kunne passere. Jeg var nettopp ferdig med en slik spleis,
da sjefen sa at det manglet en bremsemann på toget. Han spurte om jeg kunne
følge med toget til det var kommet inn på et sidespor fordi et motgående tog
skulle passere? Det var ok for meg så da toget kom, hoppet jeg på en lastevogn,
en flat-kar. På denne vogna transportertes en stor luftkompressor. Den satt jeg
og holdt meg i. Det viste seg siden at kompressoren ikke var ordentlig sikret.
Etter lovene for transport skulle den vært festet til til bunnen av flat-karen,
noe som snart viste seg at ikke var gjort. I en pens sporet toget av skinnene.
Det førte til at maskinen som jeg holdt meg fast i, gjorde et rykk og ble
slynget av vognen. Jeg ble også slynget forover, men falt ned mellom to vogner
og ble liggende mellom skinnene. Der lå jeg mens flere vogner kjørte over meg.
Jeg hadde sansene i behold og forsøkte å gjøre meg så flat som mulig. Jeg var
også bevisst på å holde armene inn mot kroppen så de ikke skulle bli kuttet
over av vognhjula. Når toget til slutt stoppet, lå jeg der svært hardt skadet.
Høyre for og arm var brukket og førligheten i beina var borte fordi ryggen var
brukket. Jeg glemmer aldri kjære bror Per. Han snakket så godt til meg og var
kaldblodig.
Så ble det å gjennomgå flere store operasjoner og å
tilbringe lang tid på sykehus og steder for rehabilitering. Jeg hadde heldigvis
en god ulykkesforsikring, for å ligge på hospital i Amerika er dyrt. Men
forsikringsselskapet dekket ikke alt. Jeg var gipset fra halsen til hoftene og
hadde også brukket en arm og en fot, som også var gipset. Jeg ønsket å ha en nattsykepleier, men det
ville ikke selskapet dekke. Men bror Per kom og var min nattsykepleier i 6
måneder. Og han var like dyktig og god som noen sykepleier kunne ha vært. Han
sov ikke hele nettene, hadde en varmeflske med varm kaffi og kaker som han
spiste om nettene for å være våken og se etter meg, da jeg var så syk. Så han
også tilkommer æren for at jeg lever i dag.
Da gipsen ble tatt av etter ca. 3 måneder, var huden brent
av på kroppen og arm og bein. Det så forferdelig ut. Jeg veide ikke mer enn
halvparten av vekta da jeg kom inn på sykehuset. Men bror Pete kjøpte mye god
mat og drikke og fikk meg opp i vekt igjen.
Etter ett års tid ble jeg flyttet fra sykehuset til et
pleiehjem i Seattle. Og ettersom årene gikk, ble det ulike sykehus og pleiehjem
han var innom, både gode og mindre gode.
Men July, 21 1965 kom kjære bror Per og hjalp mig at Flyve
over Nordpolen til Oslo-Norge.
I de følgende månedene var Gilbert innom Statens
Attføringsinstitutt, Rikshospitalet og Lovisenberg sykehus. Men så kom den
største dagen i mitt liv: Bror Per kom og hentet meg til sitt hjem på Moi i
Kvinesdal. Det er nå også søster Paulines hjem. Hun er utlært sykepleierske,
men bror Per er nr. 1 med sykepleie, mat og alle ting. Her har jeg et rom for
meg selv, hvor de pene sangfuglene vekker meg hver morgen når de stemmer i av
full hals. Selv naturen er full av Fred og Harmony.
s60
”I en gammel god sang – (Ukjent forfatter) som jeg til alle
tider synes ere saa vakker - og for uss alle Kristne folk at tenke godt over
hvert ord i denne sangen. (Kjærlighet fra Gud er det store Bud – er det eneste
jeg vet – Bliv i Kjærlighet og Du har Guds Fred – Thi Gud selv er Kjærlighet.)”
Gabriel Fidjeland
Bombinga
av Knaben Gruvor i 1943
Soga om David Besbris
Den hendinga som det no skal forteljast om, fekk sin oppstart i november 1943.
Forteljinga
byggjer på det vesle eg sjølv hugsar, det foreldra mine, spesielt far min, Ådne
S. Sinnes, fortalde, og på samtalar med Ola T. Ousdal og den eldste bror min,
Sven A. Sinnes.
Grunnlagsstoff
er også henta frå to artiklar som Oddvar Munksgaard skreiv i Fædrelandsvennen
den 14. og 16. juli 1979
16.
november 1943 vart Knaben gruver bomba.
For dei
allierte galdt det å få stoppa produksjonen av den svært krigsviktige
molybden-malmen. Stoffet vart brukt i stålproduksjonen, og gav spesielt
slitesterke og gode kanon- og geværløp.
Flyåtaket
16. november var det andre angrepet på Knaben gruver i 1943. Første bombinga
skjedde den 3. mars. Det stod RAF – det engelske flyvåpenet – for. Ti
Mosquitofly deltok i det som militært sett var eit vellykka angrep, men som
kosta 16 nordmenn livet. Mellom dei som miste livet i dette angrepet var Magnus
Tonstad og Tobias Rostøl frå Tonstad kommune. Den tyske direktøren for
gruveverksemda omkom også under dette åtaket.
Angrepet
den 16. november stod amerikanarane for. 263 svære Boeing - B-17 og - B-24
bombefly vart sende mot Noreg. Denne enorme flystyrken delte seg i to – 132 fly
drog til Telemark, til Vemork kraftstasjon og tungtvassanlegget der, som
tyskarane hadde fått i gang att etter Tungtvass-sabotasjen.
Bilde: Frå ”Århundrts krønike,
Cappelen”. Det var slike fly som angreip
Knaben den 16.november
1943.
s61
131 fly
kryssa Sirdal på veg til Knaben.
Dette
vart eit formidabelt angrep som ikkje berre gjorde stor skade på anlegget, men
som også kosta svært mange tyske soldatar livet. Dei tyske soldatane skulle
forsvara Knaben ved hjelp av om lag 60 kononstillingar. Men desse anlegga var
opne, og soldatane vart lette offer for ein så enorm angrepsstyrke. Ingen
nordmenn omkom denne gongen. Men mange austeuropeiske fangar mista også livet.
Kor mange veit ein ikkje. Samuel Tonstad fortel at inne i verkstaden, som stod
bak vaskeriet, vart det ligjande ei udetonert bombe. Fem russiske krigsfangar
vart kommanderte inn for å henta henne ut. Bomba eksploderte og alle mista
livet.
Sjølv om
eg ikkje var gamle karen (fødd i 1938), hugsar eg godt at me borna stod utanfor
husa heime i Ousdal og såg på den kolossale mengda med fly som passerte over
dalen. Himlen var oversådd med fly. Eg synest å hugsa at det var grupper på 5-6
fly som heldt saman, så var det ein liten avstand til neste gruppe.
Medan vi
stod der og glåpte, ropa nokre av dei eldre ungane opp til flya at dei skulle
kasta ned sjokolade til oss. Det ropa ofte dei eldre borna når det passerte
fly. Eg visste ikkje kva sjokolade var for noko, men det var tydeleg å forstå
på dei som var 4-5 år eldre enn meg, at det måtte vera noko storarta, så eg
ropa med så godt eg kunne.
Med eitt
fekk vi auga på at noko kom dalande ned frå himmelen. Vi borna var sikre på at
no kom sjokoladen. Men etter ei stund kunne vi sjå, eller kanskje heller
forstod, at det var ein mann som kom dalande.
Til å
begynna med såg det ut som han ville detta ned like ved oss, men han forsvann
bak fjella, og vi såg ikkje meir til han.
Far min
var inne på Kaldebekk-stølen etter eit høylass. Han og såg fallskjermen, men
også for han vart han borte bak fjella. Pappa batt hesten i ei bjørk og gjekk
omlag ei halv mil innover dalen og såg etter mannen, men han fann ingen flygar,
og mørkret ville koma, så han måtte gi seg.
Ola T. Ousdal
fortel at den 16. november rodde han høy frå Pærskvæv. Han var på Litlevatnet
då han fekk auga på fallskjermen. Han forstod at mannen datt ned langt inne i
dalen.
Ola
fortel også at Hadvar Tjørhom hadde fortalt til han, at denne dagen kom
lensmann Rygnestad til Tjørhom. Roald Rygnestad og Hadvar Tjørhom stod utanfor
huset deira og såg på at ein soldat hoppa ut og truleg fall ned i Ousdalsdalen.
Men Hadvar hadde sagt at det såg ut til at lensmannen ikkje brydde seg så hardt
om det han observerte. Men lensmannen instruerte dei før han drog mot Tonstad
att, at dersom dei forstod noko mistenkeleg, så måtte han få beskjed. Noko dei
”sjølvsagt” lova.
Også til
Ousdal kom lensmannen Rygnestad på motorsykkelen sin. Om det skjedde same
dagen, eller først ein dag etter fallskjermhoppet, er noko usikkert. Han var
spent og morsk og fortalde at ein engelsk soldat hadde hoppa ut i fallskjerm,
og at dersom nokon kom i kontakt med han, så måtte lensmannen straks få
beskjed. Etter krigen vart det hermt etter far min at han sa til lensmannen:
”Ja, du skal få beskjed!”
Dagen
etter kom Signe Ousdal og henta Pappa og den eldste bror min Sven. Ein
”engelskmann” hadde kome heim til dei, og no måtte Pappa og Sven koma og snakka
med
s62
han. Begge dei to var gode til å tala engelsk. Han hadde kome ned Kleivane innhylla og kamuflert i fallskjermen.
s62
han. Begge dei to var gode til å tala engelsk. Han hadde kome ned Kleivane innhylla og kamuflert i fallskjermen.
Ola
fortel at han og broren, Salve, heldt på utanfor løa med å grevsko (vintersko)
hesten, dei såg denne figuren som kom ned Kleivane og gjekk til møtes med han.
I mot dei kom ein mann med opprekt arm. Han ropa: ”American, American!”
Dessutan gav han teikn med munnen og hendene at han hadde behov for mat og noko
å drikka.
Dei
forstod at det var tryggast å få mannen i hus snarast råd var, før for mange
observerte eller fekk greie på kava som hadde hendt.
Pappa
fortalde at han møtte ein ung amerikanar på litt over 20 år, unorsk av utsjånad
med sitt ramnsvarte krølla hår, trøytt og sliten og prega av stunda sitt alvor.
Namnet var David Besbris. Han var jøde av ætt. Seinare fortalde David at det
jødiske bønesjalet, som han hadde hatt med seg på flytoktet, kvitta han seg med
straks han hadde landa. Han visste kvaslags behandling nazityskland gav jødane.
Han fortalde at dei hadde hatt visse problem med ein motor, og då dei vart
angripne av ein tysk jagar over Knaben, stoppa ein motor til. Dei var då over
Ousdalsdalen (Sirdal) på tilbakevegen til Storbritannia då kapteinen gav ordren
at dei skulle hoppa ut. Men i det David Besbris, som første mann, slepte seg
laus frå flyet, oppfatta han at ordren vart annullert, fortalde far min. David
var difor den einaste, av mannskapet på ti, som hoppa ut over Ousdalsdalen, og
den einaste som unngjekk tysk fangenskap. Dei andre følgde med flyet ei stund
til som visstnok vart forfølgd av det tyske jagarflyet like til mannskapet
hoppa ut i fallskjermar over Kvås og flyet styrta litt aust for Undeland gard.
Dei fekk hjelp av folk i Kvås, men vart tekne av okkupasjonsmakta ei vekes tid
etter. Dei sat i konsentrasjonsleir i Austerike til krigen var slutt. Alle berga
livet. Fleire (7 stk?) av hjelpesmennene i Kvås kom også i fangenskap på Grini.
Der vart dei sitjande til krigen var over. Om desse hendingane fortel Andreas
Vegge i boka ”Minner frå krigen Austad – Lyngdal – Kvås 1940 –1945, Utgitt av
Lyngdal kommune 1945” .
Når det
gjeld dei ni andre på flyet:
Som barn
etter krigen fekk eg den forståinga at dei omkom i tysk fangenskap, og at
flyvraket låg aust forbi Knaben, ved Knaberøysa. Andre meinte at dette flyet
hadde falle ned ved Helleland. Men det
rette er nok at det var dette mannskapet som hoppa ut i fallskjermar
over Kvås. Dette mannskapet hadde nemleg fortalt om at navigatøren hadde hoppa
ut over Sirdal.
Far min
spurt kva planen hans no var. Svaret var at dersom han var mellom venlegsinna
menneske, skulle han freista å ta seg over til Sverige; ikkje ned til kysten,
der var det for mykje tyskarar. Dersom han no ikkje var mellom vener, var ikkje
hans planar så interessante. Far min fortalde seinare om korleis tårene kom hjå
den unge mannen då han fekk til svar: You are among friends! – Du er mellom
vener!
14. juli 1979 refererte Fædrelandsvennen / Oddvar
Munksgaard frå David Besbris’ tale då han det året var i Noreg. Om møte med
folk i Ousdal sa han: ”Jeg kom i hus og ble tatt hånd om på beste måte. Jeg fikk
hvile, en ny mann kom til, en norsk-engelsk ordbok ble skaffet til veie. Jeg
fikk en dress, jeg fikk smørmerker og brødmerker fra rasjoneringskortene deres
– og dessuten stakk de til meg to hundre kroner. De lovet å hjelpe meg – og det
gjorde de sannelig også.
Jeg har ordboken med meg i bagasjen, og de 200
kronene i lommen, slik at jeg endelig får betalt tilbake gammel gjeld.--- De
risikerte eget liv og velferd for min skyld."
David var
temmeleg lik Sven av storleik og kroppsskapnad, så han fekk sivile klede av
han. Uniforma og flygarkleda, som var av skinn, er framleis i Ousdal.
s63
s63
Ola T.
Ousdal fortel at han gav han 200 kroner og sa at det kunne vera ”betaling” for
fallskjermen.
Før lange
stunda var gått, var bror min Sven, Ola T. Ousdal, Hallvard Ousdal og David
Besbris på veg innover Ousdalsdalen på veg mot Kvinen. Første etappe på ferda
til Sverige hadde teke til.
I ly av
mørkret tok dei seg inn til Gautstøl. Der heldt dei seg i ro til neste natt. Då
gjekk turen vidare til Kvinen.
Ola
T. Ousdal, f.04.01.1912, er no, i 2005, 93 år gammal. Han har eit uvanleg godt
minne, og er god til å fortelja
om det som skjedde.
Pappa
fortalde at då han skulle gøyma vekk militæreffektane på ein trygg stad i
fjøset, vart han var at det var noko i ei lomme. Det viste seg å vera passet og
ein del pengar. Han gjekk straks etter dei inn til Gautstøl. Utnfor hytteveggen
ropa han namnet til Sven. Inne i hytta visste dei visst ikkje kva dei skulle
tru, men gleda var stor då dei fekk vissa for at korkje nazilensmann eller
tyskarar var på sporet.
Passet
sette David pris på å få, pengane var ikkje så viktige.
Far min,
som var ein svært sprek mann i sine beste år (f.1897), var heime att etter den
to mil lange turen før nokon hadde lagt merke med at han var borte.
s64
Kjell M., f. 05.10.1938, og Sven A. Sinnes,
f.15.08.1921. Sven hugsa
også godt den dramatiske hendinga som fann stad for
meir enn 60 år
sidan. Bildet er frå 2004. Sven fortalde i Sirdølen for nokre år sidan
at
han då hadde opplevd den sorga at Njål Bjørkelid,
søskenbarn og ein
god ven, melde seg til nazitjeneste på austforonten
som frontkjempar.
Han
opplevde difor ”frontane” svært så nært. Njål Bjørkelid fall like før
krigen
var slutt.
Ola T.
Ousdal fortalde at dei kom til Kvinen om lag klokka åtte om morgonen dagen
etter. Det rauk frå pipa, så folket var oppe. Berre Ola gjekk bort til huset og
banka på. Dei hine stilte seg attom ein stor stein – eit stykke vest for husa
(i lia nedanfor Mjåvasosen).
Dersom
det var framande i huset, hadde Ola tenkt ut at han ville fortelja at han
framleis mangla nokre sauer. No hadde han høyrt at dei var sett i nærleiken av
Bonefjedl og Haugevatnet. Han ville difor høyra om kvinarane hadde sett noko
til sauene, eller om dei kanskje skulle ha kome like inn til Kvinen.
Ola banka
på, og Gunnhild kom ut. I det ho fekk sjå kven det var, sette ho i ein gren
(gråt). Ho trudde nemleg at Ola T. kom med dødsbodskap. Son hennar; som også
heitte Ola, arbeidde nemleg på Knaben.
Gunnhild
fekk fat i Atlak, som var borte ved låven på veg til skogen. Ola spurde først
om det var framande i huset. Det var det ikkje. Så saueskrøna fekk han ikkje
behov for å bruka. Han fortalde så at dei hadde ein amerikansk soldat med seg
og spurde om han måtte få koma i hus. ”Ja, han må koma!” svara Atlak med
ettertrykk og slo gjestfritt ut med handa.
s65
No tok
sønene med Kvinen over stafetten, og Torjei Kvinen følgde David Besbris vidare
til Åseral.
Om
opphaldet i Åseral hadde Fædrelandsvennen to fine artiklar den 14. og 16. juli
1979.
David
Bespris var då på gjesting i Noreg. Men diverre kom han ikkje til Sirdal og
Ousdal.
Frå bladstykket i Fædrelandsvennen den 14.
juli 1979: ”Salve Ousdal får av Fædrelandsvennen vite at David Besbris er i
Norge. ’Si at han må komme. Signe og
Halvard er borte, men vi skal ta godt i mot ham også nå. Si at han skal få
tilbake lua si etter 35 år. Jeg har den ennå. Vet du, jeg sitter og snakker med
deg på den samme divanen som han lå og sov på.’
Forhåpentlig blir det også anledning for
folkene fra Sirdal til å møte sitt krigsbekjentskap i Åseral søndag”.
Truleg
skjedde det ei misforståing. David kom ikkje til Sirdal. Og dei andre frå
Ousdal som var involverte i hendinga i 43, fekk ikkje veta at han var i Åseral
i 1979. I etterkant er det leitt å tenkja på at dei ikkje fekk høve til å
møtast.
Dette
skjedde før mobiltelefonen si tid.
David
Bespris hadde vore på døra til Sven på Røyneberg, Sola, men ingen var heime.
Naboane hadde møtt ein amerikanar som fortalte kven han var og kva ærend han
hadde, men diverre møttest dei ikkje.
Dette
bilete er klypp frå Færdelandsvennen sin reportasje den 14. juli 1979.
Han
var då pensjonert oberst i flyvåpenet. Berre to månader før fallskjerm-
hoppet
i Ousdalsdalen, hadde David Besbris vorte nedskoten over Den
engelske
kanal like utanfor franskekysten. Etter 13 timar i sjøen vart han
redda
av franske motstandsstyrkar. Han var enno ikkje heilt restituert etter
ein skade i ryggen som han pådrog seg ved
nedskytinga i september.
Ikkje
lenge etter krigsslutt, fekk vi i Ousdal brev frå David. Han gav uttrykk for
stor takksemd for hjelpa han hadde fått.
David
Besbris fortalde at han hadde vorten teken hand om og følgd etappe for etappe
av gode kvinner og menn like til han kom til Sverige. Og frå Sverige kom han
seg raskt over til England. Resten av krigen tenestegjorde han i U.S.A.
I Åseral
fekk David Besbris eit opphald på 3
månader før han kom seg vidare. I denne tida budde han hjå Kari og Kjetil
Bortelid. I 1979 var dei begge døde.
s66
s66
Falskt
pass og falskt grensebuarbevis vart framskaffa. Sven B. Svendsen fungerte som
hjelpemann for den ”døve og dumme” heiebonden i heimelaga vadmelsdress som
visstnok skulle til lege i Oslo. Vadmelsdressen var sydd i Åseral.
Under
besøket i Åseral vart det på Lognatun halde ein fest. Der fortalde Sven B.
Svendsen om reisa frå Grovane stasjon og til Oslo. Den dagen dei reiste var det
kaldt og hustre, og dei våga seg inn i venterommet på stasjonen. Der var det
også mange tyskarar. Dei fortalde historier og var rett i godlag. David var,
som nemnt, jøde og forstod difor jiddisch (ein europeisk jødedialekt). Det
gjorde at den ”døve og dumme” drog på smilebandet av det tyskarane fortalde.
Dei måtte difor berre koma seg ut att.
Ved hjelp
av skifting av kommunikasjonsmiddel, tog, lokaltog, trikk og buss, kom di til
Oslo med ”Fritt folk” (naziavis) i handa som teikn til kontaktpersonen. Etter
10 dagar i Oslo vart han hjelpt vidare til Sverige.
Den 16. juli 1979 skreiv Oddvar
Munksgaard i Fædrelandsvennen: ”Tiden etter at David var reist, ble en hard tid
for disse karene. De fleste ble arrestert, resten drog til skogs og til fjells
og levde utendørs i månedsvis. Organisasjonen ”sprakk”, men ikke de stedige
viljer.
En beveget David Besbris holdt tale for dem. Det er
mange slags soldater, sa han. Noen bærer synlig uniform, men innsatsen til dem
som ingen uniform hadde, lærte jeg å kjenne. Jeg var uheldig som måtte hoppe
ut, men jeg var samtidig heldig som måtte hoppe ut over Norge. Jeg kan ikke
uttrykke hva jeg føler, og jeg vet ikke hvordan jeg skal få takket dere. Gud
velsigne dere alle!”
Midt på
1990-talet var kona hans, Esther Berbris, og sonen på Knaben og overleverte
nokre militæreffektar til museet der. Då var David død. Dei to kom for å
oppfylla eit ønskje han hadde hatt.
Attende
til hendinga i november 1943.
Første
natta hadde David Besbris søkt ly ved ei uteløe som stod ved Finnane – ved
Ousdalsåna nedanfor Gamle Gautstøl. Ola T. Ousdal fortel at ”gunrane” (sønene
til Gunnar) hadde hogge ved og lødd opp ikkje langt frå denne løa. David hadde
henta om lag ¼ famn ved og hadde hatt eit kraftig bål til å varma seg ved.. Når
dei såg på bålresten ved høyløa, undrast dei over at ikkje løa hadde brunne
ned.
Kulden
var nok ikkje det verste. Flya den gong hadde vel ikkje trykk-kabin, så av den
grunn måtte mannskapet kle seg svært godt – mellom anna med skinnjakke og nokre
svære overtrekksskor.
Vi veit
ikkje om tyskarane fann spor etter flygaren. Iallfall fekk dei nok greie på, då
dei fanga resten av mannskapet ei vekes tid seinare i Kvås, at ein av dei hadde
hoppa ut over Sirdal. Og som nemnt vart han observert av nazilensmannen.
Men det
vart sett i gang med husundersøkingar, og foreldra mine gjekk ut frå at årsaka
til det var mistanke om at dei skjulte flygaren. Husundersøkingane skjedde
fleire gonger i november og desember. Dette hugsar eg svært godt, for det var
lite koseleg for oss borna, og visst og sant var det verre enn lite koseleg for
dei vaksne som hadde ein slik løyndom å halda på.
Heile
familien vart samla i gangen der ein eller to soldatar heldt vakt over oss. Mor
mi måtte så fylgja dei andre tyskarane rundt i huset. Dei hadde tydelegvis stor
tru på at ”den engelske soldaten” var gøymd i sengehalmen. Heile familien låg
den gong i halmsenger. Dvs. at ein hadde eit godt lag med halm i staden for
madrass.
s67
Dei rota fælt, men fann ingen. Eg hugsar også at mor mi laut ta til tårene meir enn ei gong etter slike ransakingar. Vi borna trudde ho gret for rot og uorden etter tyskarane, men det var nok ei intens spenning som på den måten kom til uttrykk.
Ein gong
kunne det nok ha gått gale. Under ransakinga var vi alle i huset samla i
gangen. Der var også Ingrid og Tonny, nabojentene, som var på besøk hos oss då
tyskarane kom. Pappa var i skogen og var ikkje heime. Medan mor mi følgde dei
som undersøkte, på loftet, kom Jarleiv, bror min som er 5 år eldre enn eg, på
at i eit glas med blyhagl stod synleg på ei hylle. Det trudde han var farleg,
og begynte å storgråta. Tyskarane ville ikkje la mor mi koma til for å trøysta
guten, og det vart ei amper stemning. Nabojentene storma brått på dør og sprang
heim. Dei lydde ikkje når tyskarane ropa Halt!, Halt! etter dei. Jentene sprang
heim og sa til foreldra sine at ”no ville tyskarane skyta Amanda!”
Resultatet
vart at medan vi framleis stod i gangen og var under vakt, fauk døra opp og ein
likbleik ”Jøren der framme” (Jørgen P. Ousdal) kom styrtande inn. Det Jøren
trudde, var at no hadde Amanda sprukke og røpa hemmeligheten. Han samla seg
nokså fort, og tyskarane reagerte ikkje meir på hendinga.
Når dette
vart skrive ned, er framleis to av dei som var med frå Ousdal i dette dramaet,
i live, Ola T. Ousdal, Sven A. Sinnes. Ola T. opplyser at Torjei Kvinen også
lever ennå. Men det tynnest i den generasjonen som var ungdommar i dei vonde
1940-åra, og ved gjerningar som dette helt menneskeverdet, moralen og
kampviljen levande.
Som nemnt, sa David Besbris i talen på Lognatun i 1979 at
han etter å ha hoppa ut i fallskjerm møtte menneske som var viljuge til å våga
eige liv og velferd for å hjelpa han. Og det er rett! Men fridomselskande
menneske i Sirdal og Åseral møtte også ein amerikansk soldat av jødisk ætt som
også var viljug til å ofra liv og velferd for å kjempa mot inferno-kreftene i
eit naziangripe Europa.
s68
Njål
Bjørkelid
Også
vi opplevde at ein i slekta gjekk i krigsteneste på tysk side.
Omtrent
samtidig med hendinga med den amerikanske flygaren fekk familien vår besøk av
syskenbarnet vårt, Njål Bjørkelid. Som 16-17 år gammal gut melde han seg til
krigsteneste på tysk side. Hausten 1943 var han i Noreg på permisjon. Og då kom
han til Ousdal på besøk.
Eg var 5
år, men eg har eit minne om denne hendinga.
Eg hugsar
at der var fleire militærmenner i stova vår. Mor mi sa når vi seinare talte om
dette, at i tillegg til Njål var det lensmann Roald Rygnestad, som køyrde Njål.
Eg hugsar at ein av dei reiste seg frå stolen, sa eit eller anna før han gjekk
over golvet og gav mor ein klem.
Mor
fortalte at det som skjedde var:
Ho sa
”dersom berre mor di hadde levd, hadde verken du eller far din vorte nasistar!”
Njål reiste seg, smilte og sa: ”Du tante Amanda snakkar om ting du ikkje har
sett deg inn i. Eg hugsar ikkje mor mi. Men Far har fortalt meg at ho var slikt
eit godt menneske, som alltid ville og gjorde det som var rett. Så hadde ho
fått leva, hadde naturligvis ho også vore nazist.” ”Så kom han over golvet og
gav meg ein klem.”
Njål var
ikkje fylt 17 år då han drog i krigen i januar 1941. Han fall ved Stetin den
21.mars 1945.
Mor hans,
Maria (f. Kvæven) Bjørkelid, var sysrer til mor mi. Ho døydde i 1926 25 år
gammal av kreft. På dødsleiet skreiv ho diktet ”Sjelekamp”. Det er forma dels
som ein samtale med mannen og dels som ei bøn til Gud.
50 år
etter krigen skreiv bror Sven dette stykket i bygdebladet i Sirdal.
s69
s70
Maria Bjørkelid: Sjelekamp
Eg ligg her sjuk og trøytt av strid.
Mi livssol seig i hav.
Eg trur at um ei liti rid
eg gøymast skal i grav.
Og difor lyt eg skriva no
til deg mitt siste dikt,
Eg lyt få sagt fyrr eg fær ro:
Mitt liv du gjorde rikt.
Eg kan kje, kor eg gjerne vil;
få seia det til deg,
kor god du var, kor hjartegild,
kor stor du var for meg.
Du hev ei sjel so rein og fin,
eit hjarta varmt og stort.
Eg lyt få sagt det, venen min,
ifall eg reiser burt.
Eg lyt få sagt so godt eg kan,
kor djup min kjærleik er,
det ingen ting kan mæla han,
sjølv ævelengdi svær.
Hav takk fordi du gav meg mod
i arbeid tungt og stridt.
Det var so få som meg forstod,
og rangt dei dømde tidt.
Og når eg stundom trøytna av
og tunge tåror fall,
då gløymde du ditt eige kav
og du tok suti all.
Du bad meg
berre upp å sjå
mot himlen – upp mot Gud,
då skulde eg nok krefter få
til strida striden ut.
Me tenkte ikkje, kjære deg
at striden vart so stutt.
Me visste korkje du hell eg
at det so snart vart slutt.
Og so vårt kjære vesle barn!
Eg reisa frå han lyt.
Men berre Gud i himlen veit
kor det mitt hjarta bryt.
Her frå mi harde sjukeseng
for nådetruna fram
eg lyfter han på bøneveng:
Gud, ber han som ditt lam!
Eg strideer og eg græt og bed
for barnet og for deg.
Å Gud, eg fær kje døy i fred,
fyrr enn du svarar meg.
Då høyrer eg frå høgheim blå:
”Eg vel skal vara deim.
Dei ævlegt liv hjå meg skal få,
eg bera skal dei heim.
Dei aldri, aldri, burt skal gå
og rivast or mi hand,
eg held dei fast og passar på
til
dei når himlens land.”
Å hjartans takk, men enno
eitt,
du kjære, kjære Gud:
Hjelp meg at eingong vel eg veit
å kjenna mine ut.
Når me sjåast att i himmelsal,
lat oss slik sæle få
at me kvarandre kjenna skal
med sigerkronor på.
No legg eg barnet utan frykt
i dine armar, far.
Eg veit i mine er kje trygt,
du betre famntak har.
Eg bed deg so for mor og far
og sysken, kjære Gud.
Um striden her skal verta hard,
før deim med siger ut.
Til sist eg bed so inderleg
for skuleborni, du.
slepp dei kje ut på syndeveg,
bygg for dei himmelbru.
Eg kjende – å so mang ein gong
mitt hjarta for dei brann.
Det er mi bøn, min hjartanstrong:
Leid deim med faderhand!
Lat oss få syngja saman der
i himlens store kor
ein song so ven blant englehær
til takk for frelsa stor.
No er eg budd til draga ut;
men fyrst enno ein gong
eg tala lyt um veslegut
det er min største trong.
Å papa, so eg seia då
til deg so klårt eg kan,
at no du alltid vera må
båd’ far og mor for han.
Gjev han alt godt du hev i barm,
alt hjartegull der er,
kvart hugskott vent, kvar tanke varm,
kvart slag ditt hjarta slær.
Eg seier ikkje meir til deg.
Du såg i hjarta inn
den seinste gong du var hjå meg,
du dyre venen min.
Tilsist då takk
for alt du gav.
Eg kan kje finna ord.
Å slita kjærleiksbanda av
er tyngst av alt på jord.
Men ikkje gråt, å kjære du,
um eg no burt lyt gå.
Tenk på at fri for gråt og gru
eg skal for Jesus stå.
Helsing til alle.
Maria
Bjørkeli
s71
Kona mi: Minne frå då eg var liten
Dei
første minna eg har, er at eg sto ved eit vindauga inne i Ølensvåg og gråt og
venta på Mamma. Då krigen braut ut, evakuerte vi til Ølensvåg. Foreldra til
Sissi Alvsen, mor si venninne, tok i mot oss. Der var eg heile den første
krigssommaren. Kvar laurdag sykla foreldra mine den 5 mil lange grusvegen inn
til Ølensvåg og besøkte meg. Men når søndagen kom, måtte dei reisa att.
No, meir
enn 70 år etterpå, kan eg kalla fram minne frå den sommaren: Den
forventningsfulle gleda på laurdagane, når eg sto i vindauga og venta på dei;
og den vonde fortvilinga og angsten på søndag, når dei skulle dra til Haugesund
att. Den vonde kjensla av einsemd sneik seg inn i meg tidleg på søndagane; no
skal Mamma snart dra frå meg att!
Det var
ei vond oppleving, som skapte angst i barnesinnet for at Mamma skulle forsvinna
for alltid. Hetland sine, folka som vi budde hos, var greie og omsorgsfulle. Det
var til stor hjelp. Men kva kan erstatta mamma for eit lite barn?
Grunnen
til at Ølen og Ølensvåg vart eit senter og knutepunkt for oss under krigen, var
at Mamma hadde tjent og stått på butikk hos Evensen i Ølensvåg. Frå tenestetida
hennar i Ølen hadde ho fleire kjenningar. Difor vart Ølensbygda vår
evakueringsplass.
Dette
kjennskaps- og vennetilhøvet gjorde at vi ofte fekk stukke til oss både egg,
smør og liknande når vi ferdast på dei kantar under krigstida.
Egg i kåpehetta
Ein gong
kom vi med fjordbåten frå Tysnes, mor sin heimstad, til Ølen på veg til
Haugesund. Framkomstmiddelet var dei trufaste syklane. Mamma var sterkare og
betre til å sykla enn Pappa, så framme på sykkelstyret hennar var det montert
eit barnesete. Det var min plass.
Denne
gongen var vi så heldige at vi fekk fat i nokre egg i Ølen. Desse egga pakka
mor mi inn og plasserte i hetta på kåpa mi. Beskjeden var streng: Hvis vi møter
nokon, må du ikkje seia at det er egg i hetta di! Det var prispolitiet dei
frykta. Men det gjekk godt. Eg sat i barnesetet mitt, kry og viktig som ei
dronning like til Haugesund med den kostelege lasta. Men dersom vi hadde møtt
prispolitiet, kunne det nok ha hendt at eg hadde sagt som så: ”Eg har ikkje lov
å seia kva eg har i hetta mi!”
Utviklinga går sin gang
”Alt det
du og eg har opplevd!”, sa kona ein dag me sat ved frokostbordet og drøste om
korleis utviklinga hadde arta seg den stunda på jorda me kunne minnast tilbake.
Og eg
måtte innrømma at det var utruleg mykje som hadde skjedd.
Når vår
familie skulle på ferie frå Haugesund til Tysnes, fortalde ho, var det ein tur
som tok to dagar.
Første
del av første etappe var bussturen frå Haugesund til Valevåg eller til
Tittelsnes. Vegstrekninga var vel ikkje meir enn 4 mil. Men vegen var ein
grusveg med eit utal med 180 og 360 graders svingar. Slike svingar beskreiv
tysnesfolk med å seia at ”ein køyrde ’i tudden’”, ein køyrde i ring. Andletsfargen når ein kom fram til Valevåg,
der vi skulle ta båten vidare til Lervik på Stord, vitna om at det var med
livet som innsats vi drog på ferie. Men alt saman hadde med det å gjera at vi
var på ferie, og var altså ein del av sjølve ferien.
Dei
første åra tok vi forresten kystruta frå Haugesund til Stord. Eller vi tok oss
fram ved hjelp av sykkel.
Under
krigen sykla vi mykje. Eg hadde min plass framme på styret på mamma sin sykkel.
Der sat eg. På bagasjebrettet hadde dei som regel kvar sin koffert.
s72
Til Lervik kom vi i fem-tida på ettermiddagen. Men båten, som skulle frakta oss vidare til Flatråker, var gått for den dagen. Difor måtte vi overnatta på hotell på Lervik. Det er ikkje all som har gjort det; på ”Grand” hotell eller Lervik hospits. Det var stas!
Neste dag
hadde vi god tid til å sjå oss om i den store og vide verda og å bli godt kjend
i alle tre-fire forretningane på Lervik. Flatråker-båten gjekk kl. 3.
Nokre av
dykk vil kanskje rynka på nasen i vantru: ”Gjekk det an å bruka to dagar for å
reisa ein avstand på 6-7 norske mil?” Det gjekk an, og det var altså ein
integrert del av det å ha ferie.
Praiing av kystruta
Heimturen
gjekk unna på ein dag. Men også den turen hadde sine særeigenheter.
Turen
starta med at bestemor (mormor) rodde oss midt ut på Langenuen; ”sundet” mellom
Stord og Tysnesøy. Der låg vi midtfjords og venta på kystruta, båten mellom
Bergen og Stavanger. Bestemor hadde eit skarpt blikk for å oppdaga den rette
båten. Og når ho hadde fått kystruta i sikte, reiste ho seg opp i robåten og
slo krossteikn (Andreaskors) med armane over hovudet. Dette heldt ho på med til
båten gav eit lite støyt i fløyta. Det var teiknet på at ho var oppservert og
ville at båten skulle stoppa.
Så kom
det store skipet sigande og la seg til ro kloss ved vår vesle robåt. Ei luke
vart opna i skipssida, ein taustige vart sleppt ned og bagasje og menneske
kravla om bord. Vi var snare og fann oss eit vindauga, slik at vi fekk vinka
til bestemor som med sterke åretak dreiv båten sin i retning av Søresvågen.
Bestemor
var ei sterk kvinne på alle måtar!
Kvinnejegeren
Eg trur
”kvinnejegeren” hadde fått seg litt av ei overrasking om han hadde prøvt seg på
henne:
Eg var
vel 9-10 år, og for ei gongs skuld var eg åleine heime og vera barnevakt. Både
foreldra og bestemor, som budde hos oss då, var ute. Bestemor skulle koma heim
før foreldra, men det tok tid før ho kom. Det siste eg gjorde, før eg la meg
var å skriva brev.
Der sto
det: ”Kjære Mamma og Pappa. Bestemor er ikkje komen heim. Eg er redd for henne!
Eg trur at kvinnejegeren har tatt henne!”
Bestemor
var nok då nærare 80 år, men eg trur ho kunne tatt uslingar som kvinnejegeren i
skikkelig skule. Kanskje ho hadde sett seg på han til politiet kom, slik tante
Tekla gjorde.
Tante
Tekla, ei kvinne på 1,80 m
og sikkert 110 kg
sto ein dag i Haugesund og venta på bussen. Ein veskenappar greip fatt i
veskereima hennar og rykte til. Men tante Tekla
let seg ikkje vippa av pinnen. Ho rykte også til, og veskenapparen miste
balansen og datt. Den gamle dama på 90 år var snar som eit lyn og sette seg på
mannen. Og der let ho lekamen sin bli verande like til politiet kom og tok hand
om stakkaren, som meste var forbi. Det var nok ikkje lett å få pusta med tante
Tekla sitjande på magen?
Kollisjon
med ein tysk vaktbåt
Ein
heimtur frå Tysnes må eg fortelja om. Vi skulle ta gamle ”Sunnhordland” frå
Lervik og inn til Ølen. Det skjedde ein mørk augustkveld, eller kanskje det var
natt. På mamma sin sykkel hadde ho ein kasse med 15-20 flasker saft frå
bestemor sin hage. Slike viktige ting måtte ho ha på sin sykkel, for ho var
tryggare til å sykla enn far min var.
Sidan det
var seint på kvelden, hadde dei fleste lagt seg i køyene i salongane for å
slappa av. På veggene over køyene, vart dekketøyet oppbevart.
Då vi
nærma oss Nordhuglo, skjedde noko dramatisk. Ein tysk vaktbåt låg i vår lei
utan noko slags markering og med landternene sløkte, heilt mørklagt. Eit
kraftig smell, mest som ein
s73
eksplosjon, skjedde då ”Sunnhprdland” for full maskin trefte vaktbåten. Mange av det tyske mannskapet havna i sjøen og fleire av dei miste livet fekk vi høyrt seinare.
s73
eksplosjon, skjedde då ”Sunnhprdland” for full maskin trefte vaktbåten. Mange av det tyske mannskapet havna i sjøen og fleire av dei miste livet fekk vi høyrt seinare.
I
salongen der vi oppheldt oss, låg det mykje knust dekketøy. Men ingen der kom
til skade.
Ute i
gangen flaut alt mulig. Lamper låg knuste og varer og last låg hulter til
bulter. Og ein av mannskapet gjekk med ein stor bandasje rundt hovudet.
Men
syklane våre hadde klart seg fint. Ikkje ei av mamma sine flasker var knust!
Då båten
neste morgon kom til Lervik, vart skipperen arrestert. Det var straffbart å
køyra på ein tysk vaktbåt, sjølv om han var mørklagt. Men gamle ”Sunnhordland”
hadde fått ein skade i baugen som vitna om denne hendinga, så lenge båten var i
rutetrafikk.
Verk og vesen
Men det
var dette med kommunikasjon. Av og til lengtar eg tilbake til den tida då vi
hadde ”Verk og vesen”. Du veit Televerket og Vegvesenet.
Dersom
ein familie hadde funne ut at dei hadde råd til å ha telefon, då sende ein ein
søknad til Televerket, og så kunne det henda at søknaden vart innvilga. Ein
skulle få telefon i huset, sjølve symbolet på at ein høyrde til dei viktige i
samfunnet, dei som kunne tilkallast per telefon.
Og dersom
det hende at noko med telefonen ikkje fungerte, var det berre å ringja
”feilmeldinga”, så kom dei på flekken, ofte med eit nytt telefonapparat. Det
var i dei gamle og gode dagane.
I staden
for Vegvesenet har vi no fått aparte namn som ”Mesta” og liknande utan at det
ser ut til å hjelpa på holene og kratera i vegen mellom Liknes og Kvinlog. Den
vegstrekninga køyrer ein berre når ein er naudnøydde til det. Elles går det
rykte om at ei vegstrekning på 200
m på Treland står for tur til å bli utbetra.
Planleggingsfasen har vore på fire ti-år. Det har med kvalitetssikring å gjera.
For 30 år
sidan vart det sett eit skilje i historia her i Kvinesdal. Nærradioen kom på
lufta. Statusen for heilt allminnelege menneske vart over natta oppjustert til
lokale radiostjerner. Og folk sende helsingar til naboen og ynskte kvarandre
”mykje lys og mykje varme” og alt som godt var.
Og hugsar
du kor spydig du var over alle mogelige ”døgnflue” oppfinningar då
mobiltelefonen kom? I 1997 kjøpte eg min første mobiltelefon. Han kosta ei
krone. ”For noko tøys fekk eg høyra av den framtidsretta ektemannen min. Den
remedien ville du ikkje fornedra seg til
å bruka!” Nokre dagar seinare reiste vi til Danmark. Då oppdaga du at det gjekk
an å halda kontakten med ungane heime i fedrelandet. Etter den oppdaginga var
det lite eg fekk halda i instrumentet.
Farisearane
sto på gatene og bad, folk måtte få sjå kor fromme dei var. No sto folk og
talte i telefonen på torget i Neset. Og telefonen spelte pop-melodiar i kyrkja
midt under gudstenesta. Slik forsto vi korleis det var det å vera viktig og å
ha det travelt.”
Jau,
mobiltelefon og SMS er ålreite ting. I løpet av sekund kan du senda meldingar
verda rundt! Det kunne ein ikkje gjera med ein hustelefon eller fasttelefon.
Og
datamaskinen og e-post vil eg ikkje snakka om. Brev og bilder kan også sendast
verda rundt før ein får sukk for seg. Det er ikkje rart at post og porto slit!
s74
s74
Men
stakkar folk som er eldre enn oss og vil gå i banken for å betala rekningane
sine. Dei står der med lua i handa og takkar så godt dei kan når dei får
opplyst at ”du kan bruka den maskinen som står der.”
Den same
kjensla av å vera bortkomen kan eg få når eg er på ein flyplass og i staden for
ei fin og vennleg dame skal ein hjelpa seg meg med ein maskin som fortel at ”we
can not find your name in our D-base!” Då kjenner ein seg ikkje alltid like høg
i hatten sjølv om ein veit at pengane og namnet vart sendt per. datamaskin for
ei veke sidan.
Og
kopimaskinar og skrivarar! For eit mirakels.
Det er
ikkje så svært mange
Attende
til krigen
Eg voks
opp i Flotmyrgata 15. I huset til bestefar Scheit leigde vi første etasje. Der
hadde vi to små rom + eingang til vår disposisjon. Mot slutten, før vi flytta
til Karmsundgata 9h, var vi ein familie på 5. I to-tre år budde også bestemor
frå Tysnes hos oss. Men der det er hjarterom, der er det også husrom. Så når
folk frå landet var på bytur, fall det heilt naturleg å overnatta hos Valborg
og Marton.
Mangel på
sengeplass kunne det nok vera. Men ein vanleg ”kvileplass” vart ordna til ved
at våre to lenestolar vart sett mot kvarandre. Det vart til ein fullt brukbar
overnattingsplass.
Huset
vårt hadde ikkje kjellar. Så når flyalarmen gjekk, skulle vi springa tvers over
gata og ”gå i kjellaren” der. Onkel Andreas, tvillingbror til far min, var ofte
på besøk hos oss. Eg hugsar han frå eit par flyalarmar. Den første gongen greip
han meg, tok meg under armen og sprang for livet over gata. Tyskarane hadde
skyttargraver på haugen bak huset vårt. Dei skaut på nokre engelske fly. Den
gongen følte vi krigen på nært hald. Vi hadde ei kjensle av at kulene svirra om
øyro våre. I etterkant vart det fortalt at eg grein og ropte om ”smittesåra
mine, smittesåra mine”. På den tida gjekk det ein epidemi med ”smittesår”.
Kanskje var det brannkopper?
Ei anna
gong gjekk flyalarmen på grunn av nokre fly. Men onkel Andreas, som i ung alder
vart snauskalla, kunne ikkje finna lua si. Utan den kunne han ikkje visa seg i
kjellaren. Han banna og svor og romsterte etter lus si. Og det heldt han på med
til signalet ”faren over” lydde. Men då heldt han fram med komersen: Kor gale
det var at det var flyalarm utan at han kom i kjellaren.
Mor mi
var eit roleg og kaldblodig menneske. Ho gjell ikkje i kjellaren ei einaste
gong under krigen. Ho gjekk ut i gangen vår. Den hadde ikkje vindauger. Det var
ein trygg plass meinte ho.
Mamma
fungerte nok som olje på vatn i høve til Scheit-familien, som var meir
lettskremde og impulsive.
Tyskarar på idrettsplassen og
russarfangar
På Risøya
var det ein fangeleir. Fangane budde i Risøy skole. Russarfangar, som det var
mange av, vart kvar dag kommanderte i marsj opp til Karmsundsgata, like bak
huset vårt, der dei arbeidde med å laga skyttargraver og liknande. Fangane var
både fillete og svoltne, det såg også eit barn som eg. Av foreldra vart vi utrusta
med matpakkar som vi skulle gi fangane. Når vi borna nærma oss, kunne enkelte
av dei tyske vaktene bli ganske aggressive og irriterte mot oss. Og dei vifta
oss vekk med geværa. Då vart vi redde og kom gråtande heim med matpakka. Andre
tyske vakter var snille. Når vi nærma oss, snudde dei ryggen til, slik at vi
fekk høve til å kasta matpakkane over
til fangane.
Det var
ikkje så mykje vi hadde, men det vesle vi hadde, skapte stor glede hos dei
stakkar russarfangane. Jo, det var stor forskjell på dei tyske soldatane. Vi
lærte dei fort å kjenna.
s75
Når tyskarane gjekk forbi oss ungane, rette vi ofte ut ei hand og sa ”drops”. Mange av soldatane smilte opp og gav oss nokre kvite drops. Desse dropsa hadde ein spesiell smak. Men det var drops!
Vi likte
også å herma etter tyskarane når dei marsjerte. Eg vart spesialist i å gå
hanemarsj og i å syngja ”Hei li, hei li, hei lo. Hei li, hei li, hei li, hei lo!”
”Se, mamma! Flyet mistet noe!” sa søskenbarnet
mitt, Karla, som budde i same huset som oss. Ein dag sto ho ved vindauga og såg
på nokre fly som angreip et skip som låg til kai på Risøya. Det som flyet
mista, var ei bombe som vart sleppt mot båten.
Eit minne
frå krigen, som er vondt å tenkja på, er korleis tyskarane behandla hestane
sine.
Idrettsbanen
i Haugesund låg ikkje langt frå heimen vår. I blant gjekk vi forbi
idrettsplassen når vi skulle besøkja tante Lava. Då kunne vi verta vitne til at
det vart arrangert travløp på løpebanen. Hestane sprang for livet, og
køyrekaren slo og dengde på hesten. Ein gong såg eg at ein hest fekk så mykje
juling at han berre seig saman og vart liggjande. Vonde opplevingar for eit
barn.
Hallys komet og dommedag
I april
månad 1910 var Hallys komet inne i vårt solsystem. Folk som meinte seg å ha
greie på slike himmelfenomen, spådde med stor grad av sikkerhet at kometen kom
til å kollidera med jorda. Dette ville bety slutten på jorda og dommedag.
Denne
våren hadde bestefar min, Sven (Stølsjo) Sinnes vore til Setesdal og
telemarkstraktene med hestar. Sven Stølsjo, som han til vanleg vart nemnd etter
namnet på garden hans på Sinnes, ville koma seg på heimveg og bruka denne dagen
til første etappe på vegen til Sirdal.
Dei
skulle overnatta på den kjende overnattingsstaden Håhedler ved Kvinavassdraget.
Dei to fylka Aust – og Vest Agder delte på ansvar og utgifter ved å halda denne
overnattingsstaden i orden for ferdafolk.
Folk i
Brokke var reint overgjevne over at dei ville ta på heia og overnatta to-eine
ved Håhedler denne natta som verda skulle forgå. (Far var ikkje meir enn ein unggut.)
Bestefar hadde svart dei at han ikkje kjende seg viss på at så kom til å skje.
”Men gjeng verda under, blir det vel ikkje noko større skilnad anten vi er ved
Håhedler eller i Brokke”, hermde far at bestefar sa til forskrekka setesdølar.
Ein meir
skolert og sofistikert spådom var at om det ikkje vart direkte kollisjon, ville
jorda passera gjennom kometen sin hale av gass og små-partiklar, og at
jordatmosfæren ved det ville bli dødelig forgifta.
Sluttstreken
såg ut til å vera sett i alle fall.
Far min
(Ådne S. Sinnes) var berre 13 år, og han fortalde korleis han kjende på redsle
og uhygge då dei gjekk til ro i hytta ved Håhedler og natta seig på denne
spesielle kvelden. Tankane arbeidde, men til slutt vann trøyttleiken over
medvitet, og han fall i svevn. Det som nok var medverkande til at han sovna,
var den store ro og tryggleik som far hans utviste.
Dei vakna
til ein ny dag, og to sprudlande og
glade karar drog vestover heia til Sirdal.
s76
s76
Ho var dotter
av den kjende bondehøvdingen og lekpridikanten Torkel T. Neset (1825-97) og
kona Asgjerd, som var frå Ousdal.
Torkel
gav i 1893 ut boka ”Om Gudsrikets kamp og seier på jorden”. Denne boka er
tilgjengelig på internett på heimesida http://home.vabb.no/kjellm
Fjosstell i Sirdal i min barndom
Fjosstell i Sirdal i min barndom
Eg har lyst til å fortelja litt om korleis
fjøsstellet arta seg om vinteren i min barndom, for 60-70 år sidan.
Dei stundene vi barna fekk oppleva i fjoset
når kyrne skulle brynnast, er gode minne, og eg deler dei gjerne med andre.
Å brynna kyrne vil seia at kyrne skulle få
drikka. Vi hadde ikkje drikkekar i båsane. Så brynninga skjedde med bytter. Men
midt på dagen i vintermånadene skulle dei også ha varm og god drikka. Ein kan
mest seia at dei fekk ei slags kaffi- eller testund midt på dagen.
Det å brynna dyra, det var mor sitt arbeid.
Men på fridagar og i skuleferiar var det ein jobb for ungane.
Vi starta relativt tidleg på formiddagen med å
fyra opp i ein stor, mura omn som vi hadde i fjoset. Omnen hadde ei gryte som
kanskje tok 100 liter .
Vi byrja med å ”elda under grydå”, som det heitte.
Medan vatnet vermdest, var det moking, prating
med dyra og å gje – bera høy til kvar einskild ku – som måtte gjerast.
Kyrne måtte også få nytt bos i båsen. Boset
kunne vera høyavfall, eller det var gras som var slege på myr, slik at det var
iblanda mykje mose. Slikt myrbos lukta godt, og kyrne likte heilt tydeleg å få
det til å liggja på.
Etter kvart som varmen spreidde seg i fjoset,
oppsto ei tilfreds og god stemning. Kyrne lika heilt tydeleg den gode varmen og
dei sette tydeleg pris på å ha folk rundt seg. Snakka du til dei fekk du gjerne
eit tilfreds og forventningsfullt ”drøn” attende. ”Jaså, så no står du berre og
ventar på å få drikkå di?” ”I dag skal vi laga ein god drope på det fine og
grøne (potet-) jordeplekålet frå Storåkeren. Du skal også få ei sild eller to å
kosa deg med.”
s77
Slik prata vi med kyrne medan vi stulla og stelte og klappa dei. Og kyrne forsto kvart ordet, det var tydeleg ut frå godlydane dei svara med.
Potetkålet vart slege medan det var grønt. Vi
tørka det og hengde det opp i løa, for sidan å laga log til å brynna kyrne med.
Når vatnet nærma seg kokepunktet, tok vi
potetkål opp i gryta. Det gav ein fin, brun log (potet-kål-te) mest som sterk
te å sjå til. Det lukta også svært godt.
Potetkålet måtte trekkja ei stund for å få ut
dei gode og helsebringande stoffa. Men det måtte ikkje gå for lenge før det
vart servert. Kyrne gav tydeleg beskjed om at nok er nok. Vi tok ei god
trekvart bytta med log, tok også oppi litt potetkål og blanda i to-tre nevar
mjøl (kraftfor). Til slutt vart det balansert med kaldt vatn for at dei ikkje
skulle brenna seg.
Når byttene skulle opp i båsen, måtte ein vera
bestemt og sterk. Kyrne var svært ifartne(ivrige) etter den gode, varme og
velluktande drikka.
Eg trur at for 60 – 70 år sidan hadde dei
fleste fjos i dalen ein omn eller ei grua til å varma drikka i. Torvald
Hompland fortel at i alle fjosa på Hompland vart kyrne brynde med varm drikka
midt på dagen.
Ikkje alle fjosa hadde omnen inne i sjølve
fjoset. Eldstaden kunne også vera plassert i middgjevet eller i eit eige eldhus
i tilknytning til fjoset.
Eg trur at denne skikken var god for dyra.
Sjukdom var så godt som ukjent. Det meiner eg kom av den varme drikka og det
friske og fine skogehøyet, som var som helsekost for
kyrne.
Og dyra måtte ein stella godt med. I tillegg
til hesten var det først og framst kyrne som representerte kapitalen på
gardsbruka i Sirdal.
Elles var det ein begivenhet for oss ungane
når ei ku måtte til stuten og når ho skulle kalva.
Det var direkte og god innføring i livets
mysterier for oss ungane. ”Slik går det til med kyrne! Då kan det vel henda at
det er noko liknande med oss menneske også!” undrast vi, nærast i løynd.
Vi ungane prøvde å frega ut mor vår om korleis
det gjekk til. Men dei svevande svara ho gav, var ikkje heilt gode å få nokon
lærdom av. Så eigentleg blei resultatet ca. 50-50 mellom storken og
ku/okse-metoden. Kanskje med ei viss overvekt på storken, fordi mor vår sa at
borna kom frå himmelen. Og då tyktest det for meg som om storken var tryggast å
lita på og var den som kom best ut.
I Ousdal var det vanleg at berre eitt eller to
av dei ti gardsbruka hadde stut. For det å halda stut, var eit fellestiltak som
gjekk på omgang mellom gardsbruka. Stuten skulle ein helst kjøpa eller bytta
til seg frå andre stader i bygda. Dette var for å unngå inneavl.
Stutane var ofte store og røslige dyr. Så når
han kom bøljande ut frå fjoset til kua, var det mest på livet både for folk og
fe. Men det var anskuelsesundervisning som sa seks.
Når kua skulle kalva, samlast mange av
familien i fjøset for å bivåna begivenheten. Og det var eit under som skjedde.
Først kom klauvene på framføtene til syne. Kanskje måtte kua ha hjelp ved at
ein av dei vaksne drog i beina. Etter ei lita kvild kom hovudet fram. Og når
hovudet var ute, kom resten av kroppen ganske fort. Og så låg eit nytt ku-emne,
eller det kunne vera ein stutekalv, og kava på fjosgolvet. Det var stas!
Eit dyr fann ein i dei fleste fjos i Sirdal.
Det var grisen. Småjordeple, matrester og kjøkkenavfall vart nytta til
grisefor. Og grisen fekk sjølvsagt også varm mat når kyrne fekk sitt stell. Det
var gjerne småjordeple som var kokte og iblanda litt kraftfor. Rein
delikatesse, både grisematen og flesket - ved juletider.
Til slutt nokre ord om hesten. På sett og vis
var det han som var høvdingen i fjoset. Hestestallen var gjerne like innanom
fjosdøra, litt adskild frå kyrne. Om vinterkvelden når arbeidsdagen var slutt,
kom han utante den store verda som ein frisk pust. Hesten var naturlegvis heva over den grå
kvardagen til
s78
kyrne, som sto i det mørke fjoset frå haust til vår.. Han sto på stallen og togg engjehøy. Han var tolmodig og blanda seg ikkje ståket når brynninga skulle skje. Han var heva over det.
s78
kyrne, som sto i det mørke fjoset frå haust til vår.. Han sto på stallen og togg engjehøy. Han var tolmodig og blanda seg ikkje ståket når brynninga skulle skje. Han var heva over det.
Hesten hadde ofte si eiga høyløe, hesteløa.
Det var der ein samla det beste og finaste høyet. Det måtte hesten ha. Og ein
ting til som fortel om særstoda til hesten: Tidleg i min barndom var det å
molka og å stella i fjoset rekna for kvinnfolkarbeid. Men ein ting tok mannen i
huset seg av: Det å gje hesten. Det kunne ikkje overlatast til kven som helst!
Men så hadde ein sterk og god hest avgjerande innverknad både på trivselen og
økonomien på ein gard.
Dette var litt om dyrestellet i gammal tid. På
det feltet trur eg ikkje framstega har vore store.
Det
kunne gått gale
Eg skal
fortelja noko som hende meg i min ungdom, og som syner at sjølv fjellvante folk
kan gjera tabbar.
Som
ungdom dreiv eg i nokre år med samling og ettersamling av sauer i saue-heia til
Peder K. Liland. Dei første åra var det Ommund Liland og eg som sto for
ettersamlinga. Eit par år var det Leiv Guddal som var kompanjongen min. Ommund
var frå Liland, Leiv frå Guddal og eg er frå Ousdal.
På den
tida, midt på 50-talet, leigde Peder Liland sauebeite, hei som me sa, av
Ousdal, Lunde og Liland. Når hovudsamlinga var gjort, reiste Peder til
Sandefjord, der han hadde si gjerning som prest i baptistkyrkja. Ettersamlinga
tok, som sagt, vi oss av.
Å tråla
heiestrekningane på leiting etter bortkomne sauer kunne vera eit slit. Men var
veret godt, var det noko av det kjekkaste ein lett og spenstig ungdom kunne
vera med på.
Ettersamlinga
varde gjerne eit par veker. Sauene som ein fann, vart drivne til samlehagen
under Sandvass-fjellet. Der var det plass og beite til 200-300 dyr. Når så
ettersamlinga var fullført, dreiv vi heim sauene til bygda, der eigarane henta
dei. Eg hugsar at Leiv og eg dreiv ettersamlings-drifta på ca. 300 sauer like
til Gya i Gyadalen – der var det skiljeplass.
Den eine
dagen dreiv vi frå Annestøl til Liland. Neste dag starta vi i fire-tida om
morgonen for å koma til Gya såpass tidleg at vi nådde å ta rutebussen heim att.
Gya-turen
kunne vera strabasiøs. Utan gode hundar, som henta sauene attende til vegen,
hadde det ikkje gått.
Men,
attende til det eg vil fortelja.
Neste dag
skulle vi heim til Liland. Men vi visste om 4-5 sauer som var mellom
Storevass-lega og Kopartjørn. Den einaste målsetjinga vi hadde for dagen, var å
henta desse sauene – og det skulle vera gjort på nokre få timar. Så skulle vi
rydda hytta og ha god tid til å gjera oss klar til heimferd.
Sola var
komen og skein frå ein skyfri himmel då vi tok ut frå Annestøl. Difor gjorde vi
ein tabbe som det gjer mest vondt å fortelja om: Vi drog av garde i skjortene,
utan skikkeleg yttertøy eller regntøy. Det einaste eg hadde med, var ein tynn
genser.
Eg trur
ikkje det hadde gått meir enn ein god time, då vi fann sauene i vestre kanten
av Storevatn, nett der vi visste dei var. Men nettopp då vi fann sauene og
hadde styrt dei på heimveg, fekk vi auga på to-tre dyr(sauer) på knutane på
vestre sida av Bonefjell-dalen. Desse sauene måtte vi sjølvsagt også få med
oss. Om vi brukte to timar meir enn vi hadde planlagt, hadde vi likevel god
tid.
Sauene
ved Bonefjedl var av den vrange og sky sorten. Dei var som halvville og spreke
som reinsdyr. Men det var vi også. Likevel kava vi ganske mykje før vi fekk
snudd dei mot Lilandsdalen. Den raude K-en på bakenden fortalde oss at dei
høyrde til vår drift. Så vi måtte
s79
få dei med oss. Då vi hadde fått snudd dei og fått dei til å ta til fornuft, sette vi oss ved bekken øvst i Bonefjedldalen for å få oss mat. Eg hugsar vi kasta brødskivene i bekken, då glei dei fort ned og sløkte torsten samstundes. Då merka vi dei første regndropane, store og kalde. Vi hadde så vidt begynt å jaga på sauene då Ommund sa: ”Vi må gå frå dei. Dette er farleg!” Etter nokre minutt med kurs mot Annestøl, tok Ommund avgjerda: ”Vi må gå til Gautstøl eller til Surtekvæv i Ousdalsdalen. Annestøl er for langt borte.” Vi la straks kursen mot Surtekvæv, stølen vår. Der var det godt med tørr ved, og der var det også bra med klede og mat.
s79
få dei med oss. Då vi hadde fått snudd dei og fått dei til å ta til fornuft, sette vi oss ved bekken øvst i Bonefjedldalen for å få oss mat. Eg hugsar vi kasta brødskivene i bekken, då glei dei fort ned og sløkte torsten samstundes. Då merka vi dei første regndropane, store og kalde. Vi hadde så vidt begynt å jaga på sauene då Ommund sa: ”Vi må gå frå dei. Dette er farleg!” Etter nokre minutt med kurs mot Annestøl, tok Ommund avgjerda: ”Vi må gå til Gautstøl eller til Surtekvæv i Ousdalsdalen. Annestøl er for langt borte.” Vi la straks kursen mot Surtekvæv, stølen vår. Der var det godt med tørr ved, og der var det også bra med klede og mat.
Ned over
skråningane mot Ousdalsdalen gjekk det fort og greitt sjølv om vi hadde problem
med å halda varmen i regnet som etter kvart nærma seg mot sludd. Heimover
Halhei fraus vi så vi skalv og tennene skrangla. Men etter kvart slutta eg
tilsynelatande å frosa, kroppen kom i ein slags dvaletilstand. Rørslene gjekk
langsamare og ein tung trøytleik tok overhand.
Noko av
det siste som eg hugsar klårt, var at eg hadde problem med å koma over elva i
Ousdalsdalen. Føtene trefte berre delvis dei steinane eg ville trø på og eg
datt i elva.
Vi kryssa
åna i Storekvæv og byrja på siste etappe ut til Surtekvæv. Eg hugsar at eg
merka meg at eg ikkje makta å halda følgje med Ommund. Og då hadde nok
freistinga blitt for stor til å setja seg på ei tue for å kvila litt. Det eg så
minnest var at kameraten sto og ropte og rista meg kraftig i skuldrane. Eg vakna ved at han ropte i
angst – noko eg tolka for å vera sinne – ”Vaknar du ikkje no! vaknar du aldri
meir!” Ommund daska og ”julte” meg og fekk meg på beina. Men vi var nok mest
som søvngjengarar båe to då vi gjekk vidare.
Den dagen
berga nok Ommund Liland livet mitt.
I
Surtekvæv fekk vi varme i omnen og kvitta oss med dei våte kleda. Heldigvis
hekk der bra med varme gode, men fillete klede som vi fekk på oss. Så kraup vi
til køys og let berre svevnen koma.
Utpå
ettermiddagen vart himmelen klår att. Sola ga varme og mot, så etter eit varmt
og godt måltid med havregrynsgraut, sette vi på nytt kursen mot Annestøl. Og då
vi kom fram utpå kvelden, hadde vi med oss dei sauene som var målsetjinga for
turen. Dei fann vi att i nærleiken av Hedlerstøl.
31.01.07
Kjell M.
Sinnes
Hell
og uhell Stormnatta i 1969
Av og til
talar vi om at vi hadde hellet med oss, eller at det var uhellet som slo til. I
ettertid ser vi kanskje at det, som vi der og då såg på som uhell og vanheppe,
trass alt var rein lukke som var med oss. ”Det var ein Guds styrelse!”, sa
gjerne mor mi. Og eg er samd med henne.
Ei slik
hending vil eg no fortelja om.
Dette
skjedde om hausten i 1969. Og det måtte vera i første halvpart av september
månad. Skulane tok potetferie. Det gav meg, som lærar, nokre dagar fri, som vi
ville nytta til å reisa til Ousdal i Sirdal, heimstaden min.
Vi budde
den gongen i Førresfjorden, som ligg 8-10 km aust
for Haugesund sentrum. Og turar i sirdalsheiane vart det heller få av. Men no
skulle vi få eit høve til nettopp det.
Tanken
var at Berit, kona mi, og eg skulle få to-tre dagar for oss sjølve med fisking
inne i Kviheia, der det er garden Ousdal som eig fiskeretten.. Det var heilt på
slutten av fiskesesongen, men ikkje for seint – i allfall ikkje med ned – med
garn.
s80
Det
minste av barna den gongen, Sveinung, plasserte vi i Haugesund hos foreldra til
kona. Dei to eldste, Tor Ådne og Valborg, skulle vera nokre dagar åleine hjå
foreldra mine i Ousdal. Alle partar gledde seg til det.
Eg trur
det var ein sundag at Berit og eg pakka telt og utstyr og køyrde inn Hønedalen
til Onghedlervatnet. Anleggsvegen slutta den gongen omtrent ved dammen i
Onghedlervatnet. Vi tok vegen om Hønevatn og Djupavatn. Ein fin leirplass fann
vi eit stykke aust forbi Djupavatn. Der var det også godt med einrar, som gav
ved til varme og matkoking. Alt låg vel til rette, og vi byrja med å slå opp
det vesle teltet vi hadde med oss. Veret var lettskya og fint. Og det var mildt
og godt, så det låg til rette for ein fin fjelltur.
Det var
på ettermiddagen, og vi ville først av alt få opp teltet og få gjort det i
stand for kvelden og natta.
Medan vi
heldt på med det arbeidet, vardest vi ved at det vart så kompakt stilt i lufta.
Denne stilla fekk oss til å sjå opp på himmelen, som tidlegare hadde vore
lettskya og fin. No var han ved å bli lilla-blygrå
på let. Og endringa skjedde fort. Det lova ikkje godt!
Etter ei
kort drøfting av situasjonen, fann vi ut at det var klokast å pakka pikk og
pakk saman og rett og slett koma oss heim att til Ousdal.
Vi skunda
oss svært på heimveg, hugsar eg. Spørsmålet var om vi ville nå bilen ved
Onghedlervatnet før det vart mørkt.
Eg trur
vi hadde att berre 5-600
meter til bilen, då dei første store, iskalde
regndropane byrja å smella i marka. Men vi kom til bilen utan å bli våte til
skinnet, men mykje skilde det nok ikkje.
Det braut
laus med eit ufyseleg regnver, som mest hadde vore nok i seg sjølv. Men rett
nedanom Tjørhom kom det neste: vindkuler så det skok i bilen. Ein måtte vera
svært aktsam dersom ein skulle unngå å bli ført utfor vegen.
s81
Gleda var
stor i Ousdal då vi kom heim att. Foreldra mine hadde sett på korleis det laga
seg til til eit overhendig uver. Og dei fortalde også at radioen hadde meldt om
full storm med orkan i kasta i tillegg til regn. Då mørkret seig på, kraup også
redsla inn i dei. Kva kunne no henda med oss som var langt inne i heia?
Natta som
kom, vart ei av dei fælaste uversnetter nokon kunne minnast eller har høyrt
tale om. Regnbyger og storm så det gamle, tunge tømmerhuset vårt tyktest
skjelva på murane. Det var slik at vi var redde for at både vindauger og vegger
ikkje skulle tola det.
Eg kan
ikkje minnast om kona mi og eg hadde blund på augo den natta. Hylet frå stormen
heldt oss vakne. Og takksemda var stor for at vi var i hus og ikkje låg inne på
heia.
Det vart
også lite svevn å få for dei to borna. Best som dei hadde blunda av, så kom det
ei vindkule att som fekk huset til å rista og knaka, slik at dei for gråtande
opp or sengene og fann ly og livd i fanga våre. Kona seier at den natta lærde
Valborg å telja til hundre. Noko måtte vi finna på, og dei dreiv på og fann ut
korleis tala kom. Og best det var så jubla den vesle jenta: ”Mamma, no kan eg
det! No kan eg rekna til hundre!”
Då dagen
og lyset kom, var det eit syn som møtte oss: Store tre var rivne over ende.
Mange stader vitna breie gater med vindfelte tre i skogen om stormen sine
herjingar.
Thorvald
Hompland fortel at på Hompland kunne dei mest ikkje sjå kor vegen gjekk, eit
langt stykke var han dekka av nedlagde tre.
Sira-Kvina
utbygginga gjekk føre seg på den tida. Oppe på Kleivane i Ousdal var det ein
brakkeleir. Der sto det fleire bilar i ein open garasje. Garasjen eller
carporten var konstruert slik at nokre 2X4’’ boks var lagde på tvers i grunnen
under bilane. Det var fundamentet som vegger og tak var festa i. Mellom andre
hadde Andreas Nøkland frå Eiken ein Opel Rekord
ståande der. Og Hans Breimoen frå Kvinesdal hadde også bilen sin i denne
garasjen. Det var visstnok også ein Opel Rekord. Andreas Nøkland meiner at det
var eit par bilar til som sto der. Garasjen med bilane i vart lyfta opp i lufta
og landa att på taket etter ei luftferd på 8-10 meter . Nokre bilar låg
med hjula i veret, men Nøkland sin bil hadde snurra rundt i lufta slik at den
sto på hjula.
Hans
Breimoen er død no, men kona, Marie, minnest at forsikringsselskapet dei hadde,
ikkje dekka skaden. Selskapet meinte seg
fri sidan dette var naturskade. Nøkland
var heldigare og fekk utgiftene dekka utan pruting.
Andreas
Nøkland fortel også at om morgonen då dei skulle gå frå brakkeleiren og til
tunnelen, var vinden så sterk at dei ikkje kunne stå. Arbeidsfolka vart kasta
overende og måtte klamra seg til store steinar for ikkje å bli førte av stad.
Mellom vindrosene kunne dei koma seg til neste stein, som dei omfamna til
vindkula letta att.
Anleggssmia
var også vorten forvandla til noko som likna på ei knust skoøskje. Men Nøkland
fortel at det for alvor blei ståhei då det blei klart verkstadbygningen var i
ferd med å forlata grunnmuren. Til alt hell sto ein stor shovel på utsida. Den
fekk dei starta opp og la skuffa på taket. Med godt press frå shovelskuffa,
vart verkstaden ståande. Det er mest utruleg at ingen av arbeidsfolka kom til
skade denne dagen.
Vi har
lurt på kva dag i veka dette skjedde. Etter å ha rådspurt ein kar med godt
minne, Thorvald Hompland, er vi komne til at denne stormnatta truleg var natt
til måndag.
Eg snakka
med Torleiv Ousdal om denne stormen, om kva tid det var og kven som åtte
bilane. Det var han som gav meg namna til Andreas Nøkland og Marie Breimoen.
s82
Torleiv fortalde elles at i kveldinga no den 8. januar 2005 hadde det også vore ein overhendig vind. Han kunne sjå korleis veggene i redskapshuset hans boga og gav seg i vindkasta. Og låvedørene måtte surrast forsvarleg. Vinden trykte også inn eit vindauge hjå far hans Ola T. Ousdal. Ola, som er langt over 90 år, meinte at denne vinden var den verste han i sitt liv hadde opplevd.
Det var
vel denne stormdagen no i januar 05, som fekk kona og eg til å dra til minnes
stormnatta i september 1969. Og vi trur at hadde vi ikkje brote av turen og
kome oss heim or heia, så hadde ikkje vi kunna fortalt denne soga.
Kvinesdal
18.01.05
Kjell M.
Sinnes
Kva ar det som hende?
I blant
høyrer vi om, eller vi opplever det sjølve, hendingar som er av ein slik
karakter at dei ikkje går oss så lett or minne.
Det kan vera relativt vanlege menneskelege hendingar som vert fortalt og
tolka, eller det kan vera naturfenomen, særskilde opplevingar med dyr, men også
hendingar som beint ut sagt verkar overnaturlege. Det er som vi opplever
dimensjonar i tilværet som vi ikkje til dagleg er oss bevisste.
I min
barndom trur eg det var meir vanleg enn det er i dag, at folk fortalde om og
undra seg over slike hendingar. Det var ein del av den folkelege
forteljetradisjonen. Og den delen av den gamle kulturen bør vi freista å halda
ved like. Difor har eg hug til å gje lesarane (av Sirdølen) del i nokre slike
hendingar.
Hendingar som Jørgen Svensen Tjørhom (1892-1973) fortalde
Gjennom isen på Beinesvatnet
Om denne
hendinga har eg høyrt Jørgen fortelja fleire gonger. Første gongen var heime i
Ousdal ein gong Jørgen besøkte oss. (Han og far min var syskenbarn.) Andre
gongen eg høyrde soga, var under oppmålinga av bumarka på Tjørhom. Eg hadde
sommarjobb med å vera ”stikkegut”. Ein regnversdag arbeidde vi i lia ved
Øysteinshedleren. Då kom Jørgen på besøk. Han skulle visa oss nokre
bytesteinar. Matpausen tok vi under Øysteinshedleren der Jørgen hadde gjort opp
bål og kokte kaffi.
Her kjem
Jørgen si oppleving:
Det var
ein laurdag ettermiddag tidleg på vinteren. Jørgen var på veg heim or snoreskog
med ei steintung rupebyr på bakmeisen. Vegen gjekk over isen på Beinesvatnet.
Før han ratt forstod kva som hadde hendt, låg han i vatnet.
Reupebyra
fekk han løyst av seg og fekk ho opp på isen. Skia og piggstaven kom same vegen.
Så skulle han opp sjølv. Men gong på gong skjedde det at når han hadde fått
overkroppen opp på isen, hadde fått festa kniven og skulle dra seg ut or råka;
så brast isen og han låg i vatnet og kava. Dette gjentok seg mange gonger, og
han vart så utmatta at han forstod at han var komen til vegs ende. Beinesvatnet
skulle bli stoppestaden hans.
Det var
vorte seint på ettermiddagen, og stjernene begynte å koma fram. Han fortalde at
han låg i råka, la bakhovudet mot iskanten og såg opp mot himmelen og
stjernene. Tankane gjekk til Gurina, kona hans. Eg tykkjest minnast at han
fortalde at han var relativt nygift då dette hende.
s83
Med eitt høyrer han ei røyst som seier: ”Bøy knea ei gong til!” Mest som ein refleks drog han beina opp under kroppen. I det same kjende han at føtene sto på fjell. Han spente frå med dei siste kreftene og skaut seg langt inn på isen.
Kva var
det som hende?
Jørgen
sitt svar var dette: ”Eg sto på akslene til Vårherre!”
Jørgen
var godt kjent og visste at vatnet var djupt der han hadde gått gjennom isen.
Men dagen etterpå gjekk han og broren Torkel inn til Beinesvatnet og merkte seg
nøye ved hjelp av krysspeiling kvar råka var, slik at dei kunne finna staden
att på sommartid.
Om
sommaren rodde dei to brørne i vatnet for å finna ut kor djupt det var. Det dei
fann ut, var at der var koldjupt (ca. 4 m )der han om vinteren hadde stått på fast
fjell.
Styggemannen i
Ukveldalen
Jørgen
var ein ung mann då han vart omvend til Gud. Han hadde alt då utmerka seg i
grendesamfunnet med sine eigenskapar som leiar og som talsmann for bygdefolket.
Denne
sommarkvelden gjorde han seg ferdig til å gå til Sinnes på eit kristent møte.
Mor hans hadde besøk av ei eldre kvinne frå Sinnes, som no skulle heim att.
Jørgen svara ja på mora sitt spørsmål om han ikkje kunne dra til møtet med hest
og karjol. Då kunne den aldrande kvinna få køyrt seg heilt heim. Slik vart det.
I
Ukveldalen, det tronge dalføret eller skaret i fjellet mellom Tjørhom og
Svartevatn, låg det på den tida ein stor og spesiell stein. (No har vegvesenet
fjerna den.) Folketrua meinte at Djevelen sjølv, Styggemannen, budde i den
steinen. Steinen hadde folketrua gjeve namnet ”Burmann”/Styggen sjølv.
Jørgen
fortalde at han hadde smilt og latterleggjort denne trua. Han hadde ofte fare
gjennom Ukveldalen både på kveldstid og nattetider utan å ha merka noko som
helst. ”Gammal overtru. Det var det det var!”
Seint på
kvelden var han på heimveg. Han sat i karjolsetet og tenkte på ting som var
sagt på møtet. Hesten småsprang for slakke taumar. Vatn og for venta i stallen.
Best det
var, vart Jørgen rykt ut av tankane sine ved at begge skjækene fall ned på
vegen. Kusken måtte sleppa taumane, men han fekk ropa på hesten slik at han
stansa. Begge orepinnane samtidig! Og nett i det dei passerte Burmann! Jørgen henta
hesten og sprette hesten føre att, tok taumane og sette seg i karjolen.
Pulsen
gjekk normalt. Ein tilfeldighet, var ein tilfeldighet!
Han
smatta på hesten, som hadde teke to-tre skritt, men var ikkje komen opp i trav,
då begge skjækene på nytt låg på vegen. ”No, skal eg vedgå”, sa Jørgen, ”at eg
merka at pulsen slo både hardt og raskt”. Det tyktest også som om lufta var
elektrisk lada.
For andre
gongen vart hesten spretta føre karjolen. ”Eg tok taumane i handa, men var
ikkje komen opp i setet. Og hesten hadde ikkje teke eitt einaste steg. Der låg
begge skjækene på vegen! Og i det same runga heile Ukveldalen av ein uhyggeleg
latter. Latteren kom frå steinen! I same augneblinken forsto eg kva dette var
for noko: Det var Satan som ville bruka den gamle overtrua til å påføra meg eit
nederlag, eit livslangt nederlag, ved at han ville få meg til å tru på
overtrua, på Satans makt. Han ville slavebinda meg, og frårøva meg trua på Guds
allmakt og herredømme. Eg snudde meg mot steinen, både redd og sint, og i Jesu
Kristi namn kommanderte eg Styggen sjølv til å koma seg bort! I Jesu namn, sa
eg, Slaget er tapt!
Med eitt
var den vonde, unaturlege atmosfæren borte. Pulsen gjekk med normale slag. Eg
sprette føre hesten, og køyrde derifrå i fred.”
s84
Jørgen fortalde at han gjennom livet ferdast mykje gjennom Ukveldalen, og alltid med ei kjensle av glede og siger.
Dette er gravsongen til mor di!
Ein gong
sat Jørgen i stova hos oss i Ousdal og fortalde at han hadde høyrt englesong.
Eg skal fortelja soga hans:
Jørgen
låg ved Valevatn, i Bergekvæven, og sette snorer. Som vanleg var for alle
snorekarar, hadde han gått inn att på søndag ettermiddag.
Han vakna
i perlehumør ein nydeleg måndag-morgon. Det hadde snødd litt om natta. Men no
var himmelen klår, og veret elles var stilt og fint. Humøret vart ikkje
dårlegare då han kom i snoredraget. Det var godt med ruper i snorene.
Med eitt
vardest han ein svak song i lufta. Han undra seg svært over kven som kunne ha
kome heimante or bygda så tidleg, for han var den einaste som låg der nord ved
Valevatn.
Han gjekk
opp på ein haug midt i kvæven for å få oversikt og greie på kven som song. Då
tok songen til å stiga i intensitet, og songen tyktest å koma frå alle kantar.
Han kunne ikkje skilja orda, men songen var fleirstemt og vedunderleg vakker.
Brått
høyrde han ein stemme som sa: ”Dette er gravsongen til mor di!”
Mora,
Valborg, hadde vore frisk og rask på søndag ettermiddag då han gjekk heimante.
Jørgen
batt lampebanda til skibanda, kasta seg rundt på skia, rende forbi stølshuset
der han kasta bakmeisen bort i hytteveggen og sprenggjekk dei ca. 12 km heim til Tjørhom.
Då han
kom Der inne på Tjørhom (vegkrysset opp til Solheim), møtte han Torkel, bror
sin. Torkel var då på veg inn til stølen for å henta Jørgen. Om morgonen hadde
Mor deira trødd feil oppe på låven. Ho skulle henta ei lykt som hekk på ein
nabbe, trødde feil og fall ned i ei tom høyløe. Ho skamslo seg. Men Jørgen kom
heim og fekk tala med mor si før ho døydde.
Nøkkelen
Den hendinga eg no skal fortelja om, fann stad
for mange år sidan. Årstalet var 1970 eller 71.
Foreldra
mine var på denne tida flytta frå Sirdal, til Sandnes. I Stavanger – Sandnes
området hadde tre av borna deira busett seg. Dei ynskte å bu nærare sine. Og på
Sandve Terrasse var vintrane ikkje så lange og strevsame, som vintrane i Ousdal
kunne vera for gamle folk. Huset i Ousdal stod altså tomt.
Berit, eg
og borna skulle no vera i Ousdal, i barndomsheimen min, i vinterferien.
Reisa frå
Førdesfjorden, der vi då budde, var lang på den tida, og vi kom til Ousdal relativt
seint utpå kvelden. I tillegg til mørkret var det som møtte oss då vi stoppa
bilen, om lag ein halv meter med nysnø.
Frå bilen og opp til husa var det
om lag hundre meter å vassa i den djupe snøen.
Kona mi
tok med seg nøkkelen og dei minste borna og gjekk opp til huset. Eldsteguten og
eg skulle parkera bilen og koma etter med bagasjen.
s85
Men så
var det at det skjedde. Då ho hadde streva seg opp til huset og skulle til å
låsa opp døra gjekk sanninga med skrekk og gru opp for henne: Ho hadde mista
nøkkelen i den søkke og fjyglne snøen. I ettertid er det ikkje trivleg for meg
å tenkja på det humøret eg då hamna i.
Mest som
ei tvangshandling gav vi oss til å leita etter nøkkelen ved hjelp av ei
lommelykt. Kanskje hadde vi tankar om at vi skulle sjå eit avtrykk etter
nøkkelen i laussnøen? Men vonene om å finna nåla i høystakken var nok mykje
meir lovande enn utsikten var til å finna nøkkelen i snøen. Men vi gjekk no der
og lyste og leita, som om det kunne hjelpa noko.
Men Berit
fortel at ho gjekk og bad til Gud: ”Kjære Jesus. Hjelp oss å finna nøkkelen –
for Kjell er så sinte!” ”Kjære Jesus. Hjelp oss å finna nøkkelen – for Kjell er
så sinte!”
Best som
vi gjekk der og kopa, seier Berit: ”Kva var det?” I augnekroken hadde ho sett
noko blankt. Ho snudde hovudet i den retninga. Eg følgde automatisk etter med
lysstrålen. Og der fanga lyset inn nøkkelen. Han hekk på ein pigg i piggtråden
øvst på gjerdet!
Eg vart
ståande og lysa medan ho vassa i djupsnøen dei om lag 2,5 metrane bort til
gjerdet og huka av nøkkelen som en mest naturlege ting i verda. I den stunda
kjende eg meg i slekt med Peter: Herre gå frå meg, for eg er ein syndig mann.
Kva var
det som hende? At holet i nøkkelen skulle treffa piggtråden er ein ting, men
det er mest like utruleg at ho skulle fanga opp eit synsglimt av nøkkelen der
vi gjekk og såg ned i våre eigne fotefar.
Eg trur
at Vårherre sat og drog litt på smilebanda over eit par forvirra og takksame
foreldre som låste opp huset og fekk lys og varme og atmosfære i barndomsheimen
i Ousdal.
Møte
med det heilage
Denne hending opplevde familien min og eg for mange år sidan, natta til 2. mai 1975.
Det som
skjedde, har med tru og bøn, på tvers av mistru, å gjera. Omkverve i livet –
eller i gudstilhøvet - som ikkje alltid er like lett å forstå seg på, og som
for dei færraste av oss er lettvint og enkelt.
I blant
hender det at vi vert konfrontert med det uforklarlege og uforståelege, med det
heilage.
1975 var vår første vår i Kvinesdal.
1.mai det
året var på ein fredag. Vi hadde avgjort at når Tor Ådne og Valborg, dei
største barna våre, var ferdige med å spela i skulekorpset i samband med 1. mai
feiringa, skulle vi køyra til Haugesund og besøkja Mormor og Morfar.
Feiringa
og 1.mai-toget drog ut, og først seint på ettermiddagen var vi klare for å
reisa.
Vi hadde
erfaring for at så seint på dagen kunne vi bli ståande i mange timar på
Randaberg og venta på ferja. Vi valde difor å køyra over Setesdal og Haukeli.
Vi rekna det for det kjappaste ein dag som dette.
Vi var
ikkje komne langt oppover i Setesdalen, før vi møtte nysnø og glatt føre med
ein bil som var utstyrt med sommardekk. Her galt det å avpassa farten etter
føretilhøva.
Det gjekk
seint, men forsvarleg, oppover. Da vi skulle ta fatt på fjellet frå Haukeligrend
og vestover, var det ikkje berre glatt føre som var problemet, det var vind og
snøstorm så vi til tider ikkje kunne sjå frå den eine brøytestikka til den
neste. Og på Haukeli står brøytestikkene tett.
s86
Det heile gjekk godt, men på grunn av ver og føre passerte vi først Røldal litt før kl. 12 på natta.
Oppe i
Austmannalia, kort før Røldal, heldt forresten brøytemannskapane på med å
hjelpa opp ein trailer frå vegskråninga.
Dei
bratte bakkane, eller kleivane, vest for Røldal heiter Hordabakkane. Dei er
både lange og bratte. Her var ikkje vegen berre glatt, men det var også mykje
nysnø. Vi var ikkje komne langt oppover bakkane før vi stoppa. Vegen var
såpeglatt. Eg spadde opp nokre renner for hjula ned til asfalten og kom på den
måten vidare nokre meter før vi igjen stod og spann. Etter å ha freista slik
to-tre gonger, forstod eg at her var det berre ein ting å gjera – venta på
brøytebilen. Men det kunne ta tid, kanskje fleire timar, for som nemnt heldt
brøytefolka på og skulle få ein trailer opp på vegen aust for Røldal.
Det var
så glatt at då vi stoppa siste gongen i ein sving, glei bilen sidesvis utføre
asfaltkanten. Og der stod vi!
Med fire
ungar og to utslitne vaksne i bilen, ville det vera usant å seia at stemninga
var særleg høg. Atmosfæren var amper, iallfall hos meg.
Plutseleg
seier den minste guten: Vi må be til Jesus!
Min
vaksne reaksjon var ikkje ei entusiastisk og umiddelbar tilslutning til dette
forslaget. Tanken min var at det var brøytebil og strøbil som var behovet. Men
gutungen stod på sitt: Vi må be!
Og så bad
vi. Då bønestunda etter ei tid var til ende, seier guten igjen: No må du køyra,
Pappa. Det var ikkje så lett for meg, med mi vaklande og tvilande tru, å få
handa bort til tenningsnøkkelen. Rørslene var nok heller langsame. Resultatet
vart at guten kveste i, halvt irritert: Køyr Pappa!
Motoren
starta, bilen vart sett i gear, klutchen langsamt ut. Kva skjedde? Bilen drog
seg langsamt framover og inn på asfalten og oppover den bratte og svingete
vegen.
I pure
forbausing datt haka ned på brystet. Og slik trur eg at eg vart sitjande og
måpa lenge.
Eg kan
ikkje hugsa at vi sa noko spesielt der vi køyrde oppover Hordabakkane. Men min reaksjon var at tårene ikkje kunne
haldast attende. Dei berre kom, rann nedover kinna og ned i skjegget (for eg
hadde skjegg dengong) som etter kvart vart både fuktig og salt. Både kona mi og
eg forstod at vi hadde opplevd noko spesielt. Den barnlege trua og bøna hadde
løyst ut heilage krefter.
Herre, gå
ikkje frå meg. For eg er ein syndig mann!
Naglane i båten
Ei anna
hending som eg sint vil gløyma, har eg gjeve namnet Naglane i båten.
Dette
skjedde om våren.
Ein
søndag morgon medan vi åt frokost, fekk eg det for meg at eg ville køyra bort
til Spindanger og besøkja svigerforeldra til son vår; Oddrun og Bjarne Stapnes.
Eg hadde
ikkje noko ærend, så eg kjende meg litt klumsete når eg kom dit bort. Men dei
var høflege og greie menneske, så eg fekk ein prat og nok eit frokostmåltid den
dagen. Men etter ei stund fann eg det mest høveleg å seia takk for meg og tok
på heimveg.
s87
Eg hadde ikkje køyrt langt, kanskje
Spørsmålet
var om han kunne få sitja på til Lyngdal. Svaret var naturlegvis at det berre
var hyggeleg å kunna by han skyss.
Han hadde
ikkje før kome inn i bilen, før han sa: Eg kjenner på den gode lukta i bilen at
du arbeider med båt!
Eg svara
at det var rett, og at eg hadde ein eldre trebåt som kvar vår måtte ha oljing
og stell. Arbeidskleda låg bak i bilen. Difor den gode lukta.
Mannen
vart svært interessert, og han ville ha greie på kor gammal båten var. Eg
fortalde at eg hadde kjøpt han brukt, men at han kanskje var 30 – 35 år gammal.
Eg minnest at han sa at det var ikkje nokon høg alder. Vart båten vedlikehalden
godt, kunne han bli 100 år.
Medan vi
køyrde, fortalde eg at det eg likte aller best, var på fine sommardagar – mest
sommarnetter – å gå grytidleg ut Fedafjorden heilt ut i havgapet ved Lista. Det
er store opplevingar å liggja der i havdønningane og fiska medan dagen gryr og
sola etter kvart vinn makt. Då er livet godt.
Så ville
han ha greie på kva slags båt eg hadde. Eg svara at det var ein Ranabåt.
Då vart
det liv i mannen: ”Då kan det henda at det er eg som har bygt båten din”, fekk
eg høyra.
Han
fortalde så at han hadde arbeidd på Rana båtfabrikk heile sitt yrkesaktive liv.
No var han pensjonist. Men då kona hans døydde for eit års tid sidan, inviterte
ei dotter som var gift i Spindanger, han til å bu hjå seg. Det hadde han takka
ja til.
Så ville
mannen ha greie på kva slags naglar det var i båten. I bordgangane er det
kopparnaglar, svara eg. Han sat og tenkte på eitkvart før det kom med
ettertrykk: ”Men, i kjølen – der er det jernnaglar!”
Eg sa,
som sant var, at det hadde eg ikkje peiling på. Men eg sa at eg trudde at når
det var kopparnaglar i bordgangane, så var det kopparnaglar i kjølen også.
”Har du
ikkje peiling på det!”, sa han og var nok litt øvegjeven over kva slags
landkrabbe han no hadde treft på.
”Kjølen
er av eik, fekk eg vita, og den er så hard at der nyttar det ikkje med
kopparnaglar, dei bøyer seg. I kjølen er det jernnaglar!”
Men
jernnaglane måtte etterprøvast regelmessig frå båten var 12-15 år. Etter den
tid kunne dei vera rusta og dårlege. Låg ein med ein slik båt i havdønningane,
kunne heile båten i verste fall rett og slett rivna.
Han sa
vidare at eg måtte banka lett på naglane med ein hammar. Dersom eg då fekk ein
skarp og fin klang til svar, var naglen god. Men var lyden dump og dårleg,
måtte naglen straks skiftast ut med ein ny. Til slutt sa han at eg kom sikkert
til å få ut ein heil nagle. Så skulle eg gå på ein gammaldags skipshandel og
kjøpa naglar som var eitt nummer større enn dei gamle. Så skifter du ut ein og
ein nagle og driv den nye inn att nøyaktig på den same staden. Då bit den seg
godt fast, og båten er like god att.
Medan vi
prata, eller medan han underviste, var vi komne til Lyngdal og han sa at no
skulle han ikkje lenger. Vi sa hjerteleg adjø til kvarandre, men idet han
skulle lukka døra, stakk han hovudet inn att og sa: ”Du må ikkje gløyma å
sjekka opp naglane i kjølen!”
s88
Då eg kom til Kvinesdal, køyrde eg rett ut til Feda der båten låg kvelvd. Eg gjorde som han hadde sagt, og banka lett på naglane. Det var som å tromma på ein rusten hermetikkboks! Med det vesle skruejernet på fallekniven prøvde eg å få ut naglane. Det var berre hovuda som kom ut. Naglane var heilt avrusta.
Om
hausten, før eg la båten på land, hadde eg undra meg over at han ikkje var så
tett og god som den hadde vore før. No fekk eg forklaringa.
Eg stod
der ved sida av båten og kjende at tårene ville koma – eg hadde opplevd noko
som ikkje var ordinært.
Då eg kom
heim den dagen, sa eg til kona: ”I dag har eg hatt ein engel i bilen!
Målføret hans var nordlandsdialekt.”
Eg fekk
fatt i naglar som var eit nummer større enn den eine som eg hadde fått heil ut,
og då båten kom på sjøen att var lekkasjane borte.
5-6 veker
etterpå var vi på kaffibesøk hos Stapnes’.
Etter
kaffistunda sa eg til Bjarne: ”Det bur ein gammal nordlending her i Spind. Han
skulle eg likt å møtt. Kva hus er det han bur i?”
Svaret
var: ”Han budde i det kvite huset der”, sa han og peika ut gjennom glaset, ”men
han kan du ikkje få treffa. Han døydde for ein månad sidan!
Om
vetefolket i Sirdal
Huldrefolket,
spesielt huldra, er velkjende begrip over heile landet. Særleg på fine
sommardagar kunne det henda at folk fekk ein glimt av ei barmfager, bunadskledd
jente. Ho var uvanleg vakker, men det var ikkje ei vanleg førkje. Nedom stakken
kunne ein sjå kuhalen.
I Sirdal
var det lite snakk om huldra. Men vetekona og vetefolket, som dei underjordiske
vart kalla der, var velkjent. Vetekona var nok i slekt med huldra, kanskje
nærskyld. Men det var ein viktig skilnad. Vetekona hadde ikkje hale. Det er
vitnefast fordi ei av dei vart gift med ein gut frå bygda.
Eg skal
fortelja om eit par møter med vetekoner som skjedde i Sirdal.
Vetekona
på Løgjedalsstølen
Denne
hendinga skjedde på Løgjedalsstølen. Denne stølen ligg ikkje så svært langt frå
Vatnedalen. Stølen tilhøyrer garden Kvæven.
Det
bestemor (mormor) mi opplevde, var dette:
Vi var på
stølen og slo. Denne dagen var dei andre slåttefolka gått i førevegen for meg.
Eg skulle fjelga litt i stølshuset. Slåttegrauten og mjølka skulle eg også laga
til og ha med meg.
Då eg
hadde gått to-tre hundre meter, gådde eg at eg hadde gløymt ryngja med mjølka.
Eg sette frå meg grautespannet og veldene mine og skunda meg tilbake.
I det eg
opna døra til stølsbua, vart eg ståande som klumsa. Rett framføre meg, ved
åren, sat ei kvinne og reiva badnet sitt. Eg forsto med ein gong kva eg var
vitne til: Ei lys levande og ekte vetekona sat ved dei varme åre-steinane og
stelte badnet sitt.
s89
Vetekona vart heilt forstøkte. Ho samla saman tinga sine og for på dør med det vesle barnet klemt til barmen.
Men – på
jordgolvet låg att ein linne! Eit klesplagg som tilhøyrde til barnet og
vetekona!
Bestemor
mi var ei klok og god kvinne. Ho visste at dersom ho tok med handa i noko som
høyrde til vetefolket, vart tingen øydelagd for vetefolket og du drog ulykke
over deg sjølve.
Ho tok
difor ein kovlunge og fekk pirka opp linnen og hengde den til terres på ein
spiker.
Så tok ho
mjølkeryngja og gjekk til slåtteteigen.
Då dei
kom heim om kvelden, var linnen borte. Men på spikeren hek det ein gullring.
Denne ringen bar bestemor til sin døyande dag.
Kva var
dette?
Dersom
nokon i sin uforstand hadde freista å finna ei naturleg forklaring, hadde dei
fått vita sanninga av bestemor: Ho hadde møtt ei vaskekte vetekona!
Vantruande
menneske må forklara og forstå alle ting.
Kanhenda
var det ei velhavande jente frå
Stavanger som var komen i ulykka og hadde fødd i dølgsmål? Kanskje budde ho
under ein hedlerstein i nærleiken av stølen, og hadde funne ut at ho kunne få
varma seg og barnet i hytta når slåttefolket hadde gått til arbeids om
morgonen?
Og
gullringen var kanskje ein freistnad på å få ein stilletiande overenskomst med
Karen Kvæven om at ho kunne benytta ei varm og lun stølsbu ei lita stund om
morgonen?
Det er så
mange hendingar i bygdom komne til.
Vetekona på Hompland
Nokon av dykk veit kanskje at enkelte sirdølar har veteblod i årene? Årsaka
til det er den hendinga eg no skal fortelja om.
Ein gut
frå Hompland var ein fin vårdag på veg inn til stølen.
I det han
nærma seg stølsbua fekk, han sjå ei overhendig vakker jente som sat på ei tue.
Guten forsto straks kva det var han såg, - ei vetejenta. Og han var snar som
ein eld – tok kniven og kasta han i ein fin boge over jenta. Og dermed vart ho
sitjande.
Alle her
har vel kunnskap om at dersom ein kastar stål over vetefolket, då mister dei
evna til å koma seg bort og inn i haugen.
Jenta
vart altså sitjande, og ho og guten vart vener og vel forlikte. Eg hugsar at
når mor mi fortalde denne soga til oss som barn, tok ho på seg ei svært
bedrevitande mine og ho sa med hemmelighetsfull røyst at før dagen var omme
hadde guten fenge viljen sin med vetejenta. Me ungane lurte svært på kva dette
med ”viljen sin med ho” var for noko. Ja, eg har grunna mykje på det., men mor
mi ville ikkje gå meir nøye inn på det. Men vi forstod at sjølve høgdepunktet
med turen og forteljinga låg løynt her i desse dulde og dunkle orda.
Vetejenta
blei med guten heim til Hompland, og han
gifta seg med ho. Dei fekk fleire born og det vart ei stor etterslekt.
Eg hugsar
at eg fortalde denne historia til Sveinung, son min, ein gong vi var på veg
heim frå Sirdal og køyrde forbi Hompland. Det var Sveinung som køyrde. Eg ser
for meg korleis han
s90
sleppte vegen med augo, festa blikket på meg og sa med stor bekymring i stemmen: ”Du Pappa trur visst på det!?”
s90
sleppte vegen med augo, festa blikket på meg og sa med stor bekymring i stemmen: ”Du Pappa trur visst på det!?”
Ja,
sjølvsagt trur eg på det, svarte eg. Trur du at mor mi sat og laug for oss, for
borna sine?
Sjølvsagt
trur eg på det! Men det er jo ei forklaring som passar for vantruande – for
folk som ikkje trur på vetefolk. Den forklaringa er at det var ei jenta frå
Bjkerkreim, - det er berre 3 – 4 mil frå Bjerkreim og over til Hompland - eller
kanskje frå Stavanger som var komen i ulykka og difor var på ryming. Ho var
like kjapp i hovudet som guten var med handa.
Då kniven
svirra over hovudet hennar, såg ho i ein augneblink løysinga på sitt problem.
Det kunne difor henda at ho berre var passande kostbar når guten etter kvart
ville ha viljen sin med henne. Kven veit?
Men eg
vil understreka at dette er ei bleik forklåring som berre høver for moderne,
vantruande menneske – for slike som ikkje trur på vetefolk.
Hendingar frå eit langt liv i skog og hei
Ola T.
Ousdal er ein mann som har opplevd mykje. Livet i heia, som jeger og
sauegjetar, har betydd svært mykje for han.
Ola har
alltid vore ein god forteljar. Og dei 94 åra har ikkje teke frå han evna til å
ta tilhøyraren med inn i dei fortetta og
dramatiske opplevingane livet har gjeve han. Forteljingane til Ola er
slik at dei gir tilhøyraren ei ballast av stille glede og ettertanke. Ein har
gjennom den ettertenksame måten det vert formidla på, fått del i noko fint og
verdfullt. Sogene til Ola legg ein ikkje så fort frå seg. Dei så og seia krev
tid til ettertanke.
Her
fortel Ola eit par av hendingane han har opplevd:
Hundeberginga på Goplefjedlet
Det var i november månad for mange år sidan. Vi hadde hatt ein kuldeperiode og også fått litt snø. Kulden hadde vore slik at isen berre hadde lagt seg nokre meter ut frå land på tjødner og små-vatn. Isen låg som ein hatte-brem langs land, ikkje over heile vassflata.
Men så
kom det mildare ver, og no var mest heile snøen borte att. Men isbremmen heldt
seg på vatna.
I
snøperioden hadde eg vore på jakt etter rev. Då la eg merke med at innover på
Goplefjedlet var det ei del harespor. Denne dagen ville eg av stad og sjå om eg
kunne få meg ein hare eller to. Hunden Bonny var naturlegvis med. Det var ein
blandingshund av grevling og buhund som vi hadde fått av Abel Haugen. Eigentleg
var det ein revehund, men han var også brukande til å losa haren. Denne dagen
fann hunden ingen hare, og etter ei stund gav eg meg på heimveg. Nett då eg
skulle gå ned i Indre Bjødnekvæven, høyrde eg eit par bjeff frå hunden. Berre
to bjeff, så vart det roleg ei lang stund før det kom to nye bjeff att. Min
første tanke var at no hadde hunden teke ut ein hare likevel. Men det gjekk
fort opp for meg i det eg var på veg dit lyden kom frå, at dette var noko anna.
Hunden var i naud, og han kalla på hjelp. Om det var det ikkje tvil. Kunne den
kortføtte hunden ha dotte ned i eit hol?
Då eg kom
litt lenger inn, fekk eg forklaringa. Hunden hadde sprunge på den håle isen og
hadde glidd ut i vatnet. Han heldt framlabbane på isen, men var ute av stand
til å koma seg opp.
Som
lynglimt for tankane gjennom hovudet: Skulle eg snu og koma meg vekk og utanfor
høyrevidde så fort som gjerast kunne? Eller skulle eg avslutta lidinga med eit
skot?
s91
Det var vel det siste eg hadde i tankane då eg gjekk ned til tjødnet:
Eg sto
med geværet i nevane, hunden låg med framlabbane på iskanten 6-8 meter borte, men augo
våre møttest! Eit dyr som var klar over korleis situasjonen hans var, og som
også gjennom blikket fortalde at han visste kva eit gevær kunne brukast til. Eg
såg inn i to hundeauger som bad for livet sitt.
Eg vart
som hypnotisert. Tok sekken av, la frå meg geværet på ei tue og la meg på magen
på den tynne isen som berre kunne bera vekta mi dersom tyngda vart godt fordelt
både på kroppen, armane og beina. Ved hjelp av piggen på ein skistav drog eg
meg uendeleg langsamt utover mot stakkaren.
Inne med
land voks det søyr(vass-gras), men då tærne ikkje lenger kjende merke av søyren
i isen, var eg ute på djupt vatn. Tankane var nok opptekne med at hunden måtte
vera roleg og stille når eg nådde ut til han. Uro og freistnad på å klamra seg
til armen min kunne bli skjebnesvangert. Det var som om hunden også forstod
situasjonen, for han var heilt roleg då eg med
uendeleg langsame rørsler fekk ein finger inn under halsbandet og drog
han sakte opp på isen, der vi ein augneblink låg side om side. Eg hugsar tanken
forma seg, mest som ei bøn, ”no må du berre halda deg i ro til eg får skuta deg
litt lenger inn”.
Returen
til land gjekk like langsamt og forsiktig som utturen. Men vi kom velberga til
land.
Hunden
var så medteken at han var ikkje i stand til å gå med det same. Men etter å ha
kvilt seg ei tid og også fått blodomløpet gnidd i gang att, viste dei glade
rørslene hans at han jubla og gledde seg over livet han hadde fenge i gåve.
Ola
fortel at han i etterkant sa til seg sjølv at det han hadde gjort, ikkje måtte
koma ut. Folk måtte ikkje få vita om at han sette livet på spel for å berga
hunden!
Men ei
tid etter var det til at han fortalde soga til Sven Valevatn, som i 1985 lag
denne teikninga av hundeberginga på Goplefjedlet. Og eg er takksam for at eg
fekk lov til å skriva ned denne soga.
Hendinga
ved Skarketjødn
Det var
om hausten i sauesamlinga. Eg kom austante heia, på veg heim. Framføre meg låg
Skarketjødndalen, det traktforma dalføret eller dal-skråninga frå frå
Skarketjødn opp mot Kaldebekktjødne. Dersom ein går litt klokt her – og går
litt høgt oppe i dalsida - kan ein spara seg for det slitet det er å gå over
myrane i botnen av dalen. Og ikkje minst: Ein sparer tid.
Eg kom i
god fart og ville slå inn på ein sauevei som gjekk på skrå oppe i dalsida, då
eg vardest ved at no hadde eg slått inn på ein kurs som ville føra meg ned på
myrane. Eg reagerte med å seia halvhøgt til meg sjølv: ”Så får eg gå over myra
i dag!” Funderingar omkring det fornuftsstridige i det å ta inn på ein ny kurs,
hugsar han ikkje at han hefte seg ved. Han slapp det.
Der ein
bekk treffer myra, er det eit stykke med opne myrhol før bekken forsvinn eller
blir tillukka av myra. Eg hadde god fart rett mot denne opne bekkegropa, ho er
ikkje breiare enn at eg berre ville hoppa over. I det eg gjorde det vesle
bykset, såg eg eit sauehovud som kasta seg til sides. Sauen hadde dotte ned i
myrhola og kunne ikkje koma opp att. Berre hovudet, halsen og litt av ryggen
var over vatnet. Stakkar arme skapning! ”Så det var derfor eg skulle gå over
myra i dag!” høyrde eg meg sjølv seia.
Å dra
sauen opp etter klaven var umogeleg. Det ville ha teke livet av han. Eg kunne
heller ikkje dra han opp etter ulla. Då ville han fått stygge skader i skinnet.
Eg måtte ned i myrkulpen! Etter ein del strev fekk eg armane inn under dyret og
makta å lyfta sauen opp på turr grunn, der han vart liggjande. Han kunne verken
stå eller gå. Føtene var kalde og stive.
s93
Men etter å ha vaska og massert dei, kanskje så lenge som ein halv time, kom det liv i dei att, og han gjorde freistnad på å reisa seg.
s93
Men etter å ha vaska og massert dei, kanskje så lenge som ein halv time, kom det liv i dei att, og han gjorde freistnad på å reisa seg.
Eg flytte
han eit stykke bort frå myrholet, før eg med undring og glade steg gjekk
vidare.
Seinare
på hausten kom sauen heim under ettersamlinga.
Kva var
det som Ola hadde opplevd og vore med på? Vart han varsla av høgare makter om å
leggja vegen utanom det han hadde tenkt? Eller finst det bølgelengder og
frekvensar som på det ubevisste plan kommuniserer over lange avstandar jamvel
mellom menneske og dyr? Det eine utelukkar sjølvsagt ikkje det andre. Heile
naturen er den allmektige sitt skaparverk, og eg ser Gud attom det som hende, sluttar Ola.
(Godkjent
av Ola den 11.07.06)
7. Vegane i Sirdal i gammal tid
Vegane
i Sirdal i gammal tid
Det vart
sagt at framsteget kom til Sirdal kring 1860-talet; då vart dalevegen
opparbeidd frå å vera sti eller kløvjeveg/rideveg til køyreveg for hest og
kjerre. Men grunnlaget for framsteget vart gjort litt over 20 år tidlegare. I
1838 vart bygda samla til ein kommune. Frå vikingtida og til 1838 hadde bygda
vore delt mellom to amt. Vestsida av Sira høyrde til Stavanger Amt, medan
gardane på austsida høyrde til Lister og Mandal Amt. Denne administrative
delinga befordra ikkje utvikling og framsteg. Restar av denne ordninga finn vi
framleis i bygda Åna Sira, som framleis er delt mellom Rogaland og Vest-Agder.
Jau,
vegbygging betydde då som no framsteg og trivnad. Dette var eit stort framsteg.
Grendene eller gardane i bygda vart bundne saman på ein heilt anna måte enn det
dei gamle ridestiane gjorde. Tenk berre på det framsteget det var for gamle
menneske som ikkje lenger kunne ri på hest, men som no fekk høve til å gjesta
slekt og vener andre stader i bygda også
på sommartid. Før vegen si tid var ein avhengig av vinter og sledeføre. Men kva
årstid det så var, representerte t.d.
Grøneli (dalsida mellom Eikeland og Dorga) og
Dorgeliane parti som ikkje var så enkelt å forsera. Og Dorgeliane,
Grøneli og Rydda lia (dalesida aust for
Sira mellom noverande Dorgebru og opp mot ferjeplassen på austsida av elva ved
Handeland) var nok vanskelige og farlege plasser også etter 1860-åra.
Vegen
mellom Eigeland og Dorga var smal og hekk mange stader som ein steinstreng over
stygge svaberg med buldrande fossestryk under. På denne strekninga vert det fortalt
at menneske mista livet.
Eg voks
opp og hadde min barndom i Ousdal. På 1950-talet var det Omlid som var sentrum
i Øvre Sirdal, jamvel om postopneriet med stempelet ”Øvre Sirdal” hadde
lokalisering på Skeie. I Omlid var poststempelet ”Dorgefoss”. Her var det to
forretningar, ”Foreninga” eller ”Øvre Sirdal Handelslag” og ”Erik Kvæven”. Ja,
i ein kort periode var der tre butikkar i Omlid. Anton Ousdal var den tredje
handelsmannen. Handelslaget framstår i dag som ”Sirikrok landhandel”.
I huset
der Sirdal husflid no har tilhald, var det at Tonetta Solheim styrde
postkontoret. Og eit kattesprang derifrå, på andre sida av bedehuset, tok
Tonette Krog seg av telefontrafikken. Men etter kl. 19.30 var sentralen
nattestengt. Eg kan hugsa at Tonette Krog kom listande inn på møta på bedehuset
5 -10 minutt for seint. Alle visste kva grunnen var: Ho måtte først stengja
sentralen.
s94
Det sto fleire staselige bygningar i Omlid; etterlatenskapar frå tida kring første verdskrigen då Stavanger kommune hadde tankar om kraftutbygging av Dorgefossen.
Her i
Omlid, ved posthuset og bedehuset, var endepunktet for brøytinga av dalevegen
om vintrane. Her møtte folk frå øvre dalen opp med hestar og sledar for å
frakta varer og post oppover dalen.
Jau,
Omlid var eit knutepunkt og eit levande sentrum i bygda. Til det bidrog også
bedehuset med alt det som det betydde av folkeliv gjennom møteseriar og
basarar. ”Fjellheim”, ungdomshuset, låg 4 – 5 hundre meter frå sentrum, på
tveitesida av Sira.
Men
tidene hadde ikkje alltid vore slik for Omlid. Per Seland skriv i bygdeboka:
”Hovedveien gjennom dalen går gjennom Omlid. I eldre tid gikk det bare en
fotsti nedover til Ousdal.
I 1855
hadde man såleis kjørevei bare til Ousdal Veien videre ble gjort ferdig til
Omlid i 1862.”
Så før 1855 framstår Ousdal som ein sentral plass i dalen. Her slutta
kjørevegen.
At Omlid
si vegtilknytning i gammal tid gjekk via Ousdal, er naturleg. Omlid var i si
tid beitemark under Ousdal, og som
sjølvstendig gard er Omlid utskild frå Ousdal.
Dersom
ein går den gamle Ousdalsvegen eller Ousdalskleiva (frå Ousdal og mot dalen),
vil ein like etter den første skarpe venstresvingen, sjå at ein sti tek av i
retning til Omlid. Einskilde stader inne i Omlidlia var det i min barndom
tydeleg å sjå at stien/vegen vi brukte, hadde fått ei røff grovplanering eller
tilordning. Vi ungane brukte ofte denne stien når vi tidleg på sommaren byrja å
leita etter jordber og blåber. Bera var tidleg mogna i den solvendte lia.
Seinare på sommaren og hausten traska vi mykje rundt i Omlidlia på leiting
etter hatle-nøter.
Eg trur
det må vera denne stien som Per Seland omtalar som fotstien frå Omlid til
Ousdal i 1855. Kor på Omlidsia vegen
byrja å skrå opp i lia, veit eg ikkje, men det var antakelig like nedanfor
steingjerdet til vodlen på Utjord - der den dyrka marka sluttar nedanfor
Sirikrok landhandel.
Det eg
synest er mest interessant er korleis vegsambandet mellom Ousdalsbrydnane og
opp til ferjeplassen på Handeland vart
ordna. Difor vil eg sjå litt nærare på dette stykket av dalen. Og dersom
historielaget ikkje alt har merka opp og rydda desse vegane for kratt, vil eg
oppfordra dei til å gjera det, slik at vegane kan bli brukte til turstiar. I mi
ungdomstid hende det at vi sykla (hadde syklane med oss) denne vegen.
I 1833
vart det føreteke ei oppjustering av vegen (stien) frå Tonstad og oppover
dalen. Vegen vart oppjustert frå gåveg/kløvjeveg til rideveg. Torfinn Normann
Hageland beskriv i boka ”Gamle veger i Vest Agder” korleis ein rideveg ser ut:
”Ridevegen er steinsatt gjennom urer, og er elles litt planert i 1,5 m breidde, nesten som en
sledeveg, men gjengrodd av lyng, mose og einer. Det finnes brukar ved noen
bekker. --- Ridevegen er en mellomting mellom
hôlveg og sledeveg.”
Ridevegen
gjekk på vestsida av Sira frå Tonstad/Fintland og til Ousdalsbrydnane. Vegen er
synleg både mellom Bjunes og Hompland og mellom Hompland og Guddalsbakkane
(Lindelandsbakkane). Vegen let seg også påvisa fleire stader mellom Lunde og
opp til bruene over elva ved Ousdal. Her kryssa ridevegen elva og fylgde
sannsynlegvis den traseen mellom Ousdal og Omlid som ovanfor er omtala. Mellom
Omlid og brua over Litle Dorgefoss er det noko usikkert korleis traseen gjekk.
Kanskje gjekk vegen ikkje så ulikt slik han går i dag.
Hageland
skriv i boka si på s. 258: ”Ridevegen gjekk over Ausdalsbruene (èn generasjon
bygd i 1837) og langs austsida, høgt i lia over nåværende veg, til litt ovenfor
Åmli, og så over Dorga bru (nevnt 1745 og 1839) tilbake til vestsida.
s95
Dorga bru lå over Litle Dorgefossen,
Midt oppe
i Dorgeliane kryssa altså vegen Sira igjen og kom over til vestsida att midt
oppe i Grøneli, omlag halvvegs mellom Eigeland og Dorga. Vegen heldt så fram
til Dorga og vidare til Bakkjen på Handeland. Derifrå gjekk vegen under fjellet
på Handeland, slik gardsvegen går i dag.
Ridevegen
gjekk over Øysteinsbakken og rundt Øysteinsevja, føgde vidare under lia vest
for grendehuset og idrettsbanen og kom til ”Der ute” på Tjørhom omtrent slik
grendevegen/den gamle bygdevegen går i dag. Ukvildalen var ikkje framkomelig.
Så frå Tjørhom gjekk vegen i retning Solheim og var lagd over det høge skardet
syd for Svartevatn og kom ned til Svartevatn der vegstasjonen no står.
Men
attende til midtre del av dalen.
Hageland
fortel at i 1848 vart det planert ein rideveg frå Ousdalsbrydnane, gjennom
urene på vestsida av Sira til Tveiten og Eikeland og vidare opp Grøneli til ein
møtte vegen som kom frå austsida over Litle Dorgefoss. Det ein ønskte å oppnå
med dette veganlegget, var nok å knyta Skreådalen og Eikeland til vegnettet.
Sauedrifter og drifter med kyr eller slaktedyr som kom frå Bjerkreim om
Skreådalen, hadde behov for veg gjennom urdane mellom Tveitemonen og
Ousdalsbrydnane. Slaktedyra skulle inn Ousdalsdalen og vidare austover til
marknadane ved Kristiansand og Arendal. Sauene skulle til og frå beite i
Sirdalsheiane.
Frå Omlid-lia kan ein sjå vegen på hi sida av elva.
Men i
tillegg til det som nett er nemnt, kjem det poenget at ein unngjekk Dorgebrua.
Ho var nok ikkje særleg godt egna for transport med hest – anten det var med
kløv eller med slede. (Kanskje denne 1,5 m breie stokkbrua ikkje kunne brukast av
hest?)
Vegen
mellom Eikeland og Handeland vart ein mellomting mellom rideveg og sledeveg
fortel Hageland.
Dei
veganlegga som til no er nemnt, var med å understreka at noko meir måtte
gjerast. I 1862-1865 opparbeidde ein så køyreveg opp heile Dorgeliane, vidare
frå Dorgefossen og opp Rydda lia til ferjeplassen ved Handeland. Ferjetrafikken
kom i gang i 1865 og varte ved til 1923. I tida 1862-1871 anla bygdefolket
kjøreveg frå Tonstad til Fidjelandsvatnet som pliktarbeid. I reine pengeutlegg
kosta vegen 54000 kr som Stortinget hadde løyvt + 12000 kr som presten Andvord
hadde stått i spissen for å samla inn, altså 66000 kr.
s96
Uår på korn kring 1860 framskunda vegarbeidet. Det ville vera eit stort framsteg å kunna køyra kornet frå Tonstad i staden for å bera det opp Lysebrekka og vidare frå kanten av Lysebrekka til Sirdal med kløvhest.
Men
veganlegget vart ikkje heilt ferdig før i 1923 då sto den nye Dorgebrua(1919)
og brua
over
elva(evja) ved Handeland(1923) ferdig til bruk. Den rasfarlege Rydda lia og
ferjeplassen ved Handeland gjekk dermed over i historien. Ferjejentene Marit og
Anna P. Handeland la årane vekk etter 50 og 40 år i teneste. Første ferjemannen
var far deira, Peder Kristoffersen Handeland. Begge søstrene fekk Kongens
fortjenestemedalje. Det vart søkt staten/vegvesenet om pensjon. Kommunestyret
rådde til søknaden på 600 kr i året til kvar av dei. Fylkesmannen støtta
søknaden heilhjerta. Men fylkestinget tykte summen var for høg. Det enda med at
kvar av dei to ferjeslitarane fekk 250 kr i pensjon. I 1914 var løna deira 600
kr i året. Men dyrtida etter 1. verdskrig dreiv prisane i veret, så i 1921 var
løna komen opp i 2400 kr pr. år. Ferjejentene merka nok at dei var blitt
pensjonistar.
Dette var
litt om kommunikasjonane i Sirdal dei siste 150 åra. Eg er klar over at dette
berre er ein smakebit av eit interessant emne, som eg eller andre nok må koma
attende til. Gjekk det t.d. i gammal tid ein ferdselsveg mellom Sinnes/Tjørhom
og Ousdal over Myrstølskardet, Klingetjørndalen – Middstølheia, Kvildehommen,
Bjødnekvævane (evnt. Kleivkjødnskaret) til Ousdal? Var dette ein av grunnane
til at Ousdalsbrydnane (to bruer over Sira ved Ousdal fordi elva deler seg i to
løp, eitt løp på kvar side av ein liten holme) vart bygde tidleg i historia? Her
kryssa folk storelva for å ta seg til og frå øvre dalen gjennom Ousdalsdalen
eller Ousdal vesthei, som ein kan kalla vegen over Kleivtjørn og Middstølheia.
Det er
elles svært interessant at det i Ousdal lever forteljing/sagn om at det i
Kvildehommen har budd folk (Samuel og Ola T. Ousdal). Og ein kan framleis sjå
merke etter åkrereinar. Kvifor budde folk her, uvegsamt og høgt over fiskevatna
i Ousdalsdalen? Reine ”Uren, luren, himmelturen.” Eg trur at folk busette seg
der fordi staden låg lageleg til i fedavegen mellom Ousdal og Tjørhom. Her var
ein stad der ferdafolk for ein liten skilling kunne finna ly og livd.
Kanskje
namnet Kvildehommen ikkje kjem av at graset berre vart slege kvart andre år
fordi marka var skrinn. Slåttemarka i Kvildehommen er nemleg svært god.
Kan henda
namnet kjem av at denne staden gav folk mogeligheiter for kveik og kvile?
04.12.2007
Kjell M.
Sinnes
Med hest og slede ned Kaldebekkdalen
For ei
tid sidan skreiv eg i Sirdølen om at folk også ferdast over heiane og ikkje
berre tok seg fram i dalbotnen. T.d. meiner eg at det er tydelege merke etter
gammal ferdsleveg mellom Ousdal og Tjørhom/Sinnes-området over heia og
fjellstrøka i dette området. (Sjå Vegane i Sirdal i gammal tid.)
I
tilknytning til det vil eg no fortelja om då Torjus Skjerlibakken Fidjeland,
1880 – 1965, køyrde feil med hest og høylass og køyrde ned Kaldebekkdalen i
Ousdalsdalen.
Opplysningane
om denne køyreturen har eg i all hovudsak frå far min ,Ådne S. Sinnes, og frå
Ola T. Ousdal.
Kona til
Torjus kom frå Liland. Namnet hennar var Josefine Torjeisdotter Liland,1888 -
1954.
Eit av
borna deira, Astrid, er den velkjende handelsdama på Fidjeland.
s97
Men attende til historia. Ola fortel at dette hende i andre halvdel av 1920-åra. Det var i april månad, kanskje mot slutten av månaden, for Ola hadde byrja å leita etter reveungar. Denne vinteren hadde vore svært snørik, men nedanom Ousdal var vegen no snøbar. Dette var grunnen til at Torjus tok heia fatt. Han hadde nemleg vore til Liland og henta eit lass med halm. På heiane låg det mykje snøen, men hesteføret var fast og godt.
Ola er
ikkje heilt sikker på korleis lilendingane hadde forklart vegen for Torjus. Men
rimelegvis hadde dei meint at han skulle køyra Krokevatn – Langevatn (i
Lilandsheia) – Øyarvatn (i Ousdalsheia) – Persdalen – Løgjedalen - - Fidjeland.
Kanskje hadde dei også meint at han kunne køyra inn Kaldebekkheia og ned
Sveidnskvæv til Fossbrotet, Løgjedalen -- Fidjeland?
Men korleis det enn var med køyrerutene og planlegginga: Om kvelden i skumringa fann Torjus seg å vera på eit vatn eller ei tjødn som hadde utløp nordover (Kaldebekktjødna). Framføre seg såg han eit innbydande dalføre som senka seg med moderat fall mot Ousdalsdalen.
I skardet mot himmelen til høgre på bildet var det Torjus køyrde ned.
Dei første tre - fire hundre metrane når ein fylgjer bekken frå Kaldebekktjørna, fell terrenget relativt moderat av mot Ousdalsdalen. Men ved grensa mellom fjellbrotet/fjellfallet og lia (Róselia), der stuper terrenget seg uhyggeleg bratt og uframkomeleg ned mot Kaldebekkstølen. Der er så bratt, upsete og storsteinete, så uframkomeleg, at ein skulle tru der berre var farande for jegerar og sauesankarar; og slett ikkje for ein hest med lass. Der er urdholer så store at dersom hesten hadde falle nedi, ville han nok ikkje kome opp att i god behold.
Men denne
vinteren hadde det altså vore uvanleg mykje snø, som enno låg djup i den hole
dalen, sjølv om bekken nok hadde byrja å tæra frå undsida. Føret var fast og
godt og trugane bar hesten oppe. No var det også temmeleg skumt, så før Torjus
vardest ved korleis terrenget var, var han antakeleg komen så langt ned at han
ikkje kunne snu.
kor stupbratt der er.
Seint på
kvelden kom han heim til Ousdal, til Lisbet og Torjei Salvesen Ousdal, foreldra
til Ola T. Der vart han verande om nota. Neste dag køyrde han opp dalen. Torjus
gav uttrykk for at han tykte at ousdølane hadde ein fillen køyreveg. Og han
fortalde om korleis der såg ut der han hadde kome ned frå heia. Dei undra seg
over kor det kunne vera. Men då han fortalde om all den fine og gode raunen der
var, då forsto dei at det måtte vera Kaldebekkdalen. Nokre dagar seinare var
Ola på leiting etter reveungar. Då fann han også sporet etter fidjelandsmannen
som køyrde ned Kaldebekkdalen med hest og halmlass.
8. Sorg
Eg har
alt nemnt ting som har med sorg å gjera. Tankane går til foreldra mine, og til det
at eg etter kvart inntok ein viss distanse til mor mi. Ting frå barne- og
ungdomstid kjem i blant fram som ei sorg i sinnet.
Eg vil
nemna ein ting som i blant dukka opp som eit sårt minne.
I min
ungdom gjekk eg ein vinter på Kvås folkehøgskule. Foreldra mine måtte nok
skrapa til botnen av kassa for å gi meg høve til det. Og i ettertid forstår eg
at det var eit storarta tilbod dei gav meg. Men eg sette ikkje så stor pris på
Kvås, eg ville helst gått på realskule og gymnas.
I
juleferien kom ”Peder prest”, Peder Liland, på besøk. Under samtalen sa han:
”Og du Kjell. Du går på skule.” ”Ja”, svara eg, ”men det er berre ein
folkehøgskule!”
Tor Ådne, den eldste guten vår, vart
berre 20 år.
Han
døydde den 4. desember 1981 medan han avtente verneplikta i Garnisonen i
Syd-Varanger. Dødsfallet skjedde på Midtfjell grensevaktpost.
s99
s99
Tor Ådne 08.11.1961 - 04.12.1981
Tor Ådne
treivst godt i militæret. På grensa mot Sovjetunionen utvikla dei godt
kameratskap, dreiv sportog friluftsliv. I telefonen sa han ein gong: ”Pappa, du
skulle vore her og gått med oss på fisketur. Du skulle sett dei fine fiskane vi
får!”
Han
treivst godt og hadde det bra. Likevel var Berit uroleg og redd for han. Heile
hausten utover vakna ho mest kvar morgon kl. 5 og sa: ”Å, eg er så redd for Tor
Ådne! Vi må be for han!” Det er godt å be, men kl. 5 om morgonen dag etter dag
blir mest for mykje av det gode. Så eg hugsar at eg sa til henne ein gong: ”Tor
Ådne har si beste tid der nord. Du treng ikkje engsta deg!” Men uroa helt fram.
Om lag
ein månad før han døydde, ringde han for å høyra vår meining om ei sak. Hos
han, som hos dei fleste gutar, var det bil som tankane kretsa om. Han hadde
tilbod om å verva seg for eit halvt år. Og dersom så skjedde, hadde han nok
pengar til å kjøpa flunk ny bil. Han lurte på kva vi ville rå han til. Eg
hugsar at eg svarte at viss han kunne få permisjon hos arbeidsgjevaren i
Flekkefjord, så syntes eg at det var ein ok ide.
14 dagar
før han døydde, var vi i kyrkja til gudsteneste. To barn vart borne til dåpen.
Presten sa mellom anna: ”Desse barna ligg trygge i foreldra sine armar. Men
våre armar er ikkje ein fullstendig trygg stad. Men legg vi barna våre i Guds
armar, så er dei trygge kva som enn møter dei!” Berit byrja med eitt å gråta.
Eg forsto at det hadde noko med Tor Ådne å gjera.
Men frå
den dagen av var det slutt med å vakna om morgonane. Også den morgonen han
døydde, vakna vi til vanleg tid. Berit sa: ”Å, eg har sove så godt i natt! Men
det rare var at Tor Ådne var på besøk!” – Orda fall slik – ”Han kom inn til oss
frå badet, sto og smilte ei stund ved senga mi før han gjekk ut på gangen att.”
Som i ettertanke føydde ho til: ”Men det måtte jo vera ein draum!”
Vi hadde
avtale om at eg denne dagen skulle eg koma tidleg heim frå skulen fordi vi
ville gå og kjøpa ei skjorte og ei bukse og senda han til julepresang.
I første
eller andre friminuttet kom presten Tor Spilling og kona Astrid til skulen.
(Han er blind, og kona var hjelparen hans.) Han spurde om det var ein stad der
vi kunne snakka saman. Eg hugsar at eg tenkte: ”Mor mi er død. Ho hadde
Parkinsons sjukdom og ønskte å få sleppa ut or alt det vonde. Men så unødvendig
av bror min å bry presten med det. Kunne han ikkje teke ein telefon i staden”.
Slik tenkte eg, og viste dei to inn på kontoret.
Då vi
hadde lukka døra, sa presten: ”Set deg i ein stol!” Og etter ei lita stund sa
han att: ”Har du sett deg?” Eg bekrefta at eg hadde sett meg. Og no var eg i
stuss over kva dette var for noko. Så sa presten: ”Den eldste son din er død.”
Det var eit forferdeleg slag, som å bli treft av ein knyttneve eller å bli
fanga i ei tordensky. Og eg tapte nok følinga med verkeligheten ein augneblink.
Det var som om rommet (golvet) forsvann under føtene mine.
Tor og
Astrid vart med meg heim. Då Berit såg at eg kom i fylgje med presten, forsto
ho kva som hadde skjedd. I ytterdøra møtte ho oss meir med konstatering enn med
spørsmål: ”Tor Ådne er død!”
På
stasjonen på Midtfjell var dei fire gutar. Tor Ådne hadde hatt vakt i
kikkerttårnet til kl. 24.
Då klatra
han ned, åt litt og prata med kameraten som skulle på vakt. Han var som vanleg
i godt humør. Så gjekk han til sengs. Han vakna ikkje meir! Ein av medsoldatane
hadde registrert at han snudde seg i senga ca. kl. 4.
Obduksjonen
fortalte at han hadde døydd omlag kl. 5 om morgonen, nett på den tida då Berit gjennom mange
veker, ja månader, hadde kjent på angst og uro!
s100
I
september var han heime på permisjon. Trefte kameratane og venninnene og hadde
nokre fine dagar i Kvinesdal, som vart ei svært god bygd for han.
Under ein
samtale sa Berit til han: ”Eg ber til Gud for deg kvar dag.” Han feste augo i hennar auger på ein god måte
i det han sa: ”Takk skal du ha, Mamma!”
Lang Q-T-tid
No veit
vi kva han døydde av. Ein genefeil som går under namnet ”Lang Q-T-tid”. Men det
kom for dagen mange år seinare då eit av barnebarna fall saman på ein
uforklarleg måte.
Då kom
denne genefeilen for ein dag.
Denne
arvelege sjukdommen har også ramma dei to jentene våre. Det er eit nytt vondt
kapittel. Men dei som er råka, taklar problema på ein så eineståande måte at
ein berre må bli gripen av beundring og takksemd. Kor får dei styrken frå?
Nei,
livet er ikkje alltid så enkelt, så beinkløyvt som ein kan ynskja!
.
Spørsmåla
om liding og det vonde har fylgt menneska frå begynnelsen av.
Av og til
kan det vera godt å la tanken ta kvilepause ved det faktum at jamvel Paulus
hadde sin torn i kjøtet. Om det var ”Lang Q-T-tid”, spinalproblem eller
hypofysetumor veit eg ikkje. Noko var det iallfall. Det er ulike ting som
høyrer menneskelivet til.
P.S.
Det meste
av dette stoffet har gjennom åra vorte kjent gjennom lokalavisa ”Sirdølen”, som
no har gått inn.
Eg vonar
det vil vera av interesse for minneinnsamlinga.
Eg er
fødd og oppvaksen i Sirdal, men har frå 1974 budd i nabokommunen Kvinesdal.
Arbeidet
mitt her har vore som rektor på Austerdalen skule.
9. Stadnamn i Ousdalsdalen
Far min
og dei eg elles ferdast i lag med i Ousdalsdalen, var flinke til å bruka dei
gamle stadnamna. Eg har lagt vekt på å læra mine bodn til å bruka namna. Og
under elgjakta er det ein nødvendighet å kunna forklara og orientera ved hjelp
av stadnamna: ”Du Per skal ta post i Nedra Storekvævskardet.”, eller ”Du Kåre
kan ta post på austsida av Trodlingknuten. Det er i nærleiken av Kartemyra.
Lars sit i skardet på vestsida av Trodlingknuten, slik at du har oversikt ut
mot Mjelkelia.”
Det har
vore ei glede for meg å legga merke med kor lett og greitt son min brukar
stadnamna
når han
ferdast i skog og mark eller skal forklara terrenget for andre.
Stadnamna
er og skal vera ein del av vår brukskultur.
Og
lokalkjende folk har ei oppgåve i å få turistar og turfolk til å bruka dei
gamle stadnamna. Det er ikkje ok å skifta ut ”Taddaksveg” med ”Sandtjørnbakken”,
som ein av og til kan høyra.
s101
s101
Kjell M.
Sinnes
Elvevegen
20 F ,
4480 Kvinesdal
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar