Thorkild Torjussen Næset 1825-1897

                        Thorkel Torjusen Næset 1825 – 1897


                                                   Kjell M. Sinnes

Først litt om skrivemåten av namnet.
Sjølv skreiv han namnet som i overskrifta. Berge Furre skriv Torkel Torjusen Næset.
Per Seland skriv Torkel Torjussen Nesset. Eg har valt å skriva namnet Neset med e og ein s. Då det er det som er mest i samsvar med talemålet.
                                                         

                                                                
           
 

                    Torkel T. Neset 1825-97 og kona Adlaug Olsdatter Ousdal 1826-97

Mellom gamle folk i Sirdal har namnet Torkel Neset framleis god klang. Han var bonde, lekpreikar og kommunepolitikar.
Verkeområdet hans var først og fremst i Sirdal, men nedslagsfeltet for forkynninga og påverknaden hans var frå Åseral i aust til Forsand og stavangerområdet i vest. Han vart rekna som ein av leiarane, for ikkje å seia leiaren, for dei sterktruande. Dei sterktruande var teologisk sett ei konservativ grein av Den lutherske kyrkja. Dei var svært opptekne av rett lære og at ordet skulle forkynnast klårt og reint, dei var sjølvmedvitne og stod ikkje med hatten i handa for korkje fut eller prest.
Men i sosiale og kulturelle saker som var oppe i tida, tok dei ofte standpunkt som vart sett på som avvikande frå god kristen skikk, dersom dette ikkje var mot skrifta sitt ord.
I alkoholspørsmålet var dei nok typiske måtehaldsfolk.  Dette vart dei sterkt kritiserte for. Dei sterktruande såg på alkoholen som medisin: Bruk kunne vera av det gode, men ovdrykk var synd. ”Det er synd å drikka seg fodle, men det er toskeskap å ikkje ha det i hus”, vert det hermt etter Torkel Neset.
Det er også døme på at dei ikkje hadde syn for at fela som musikkinstrument i seg sjølv var syndig. slik mange i samtida meinte. På denne tida skjedde det at folk som vart omvende,  fekk beskjed om at dei laut øydeleggja felene sine.

Eg nemnde at Torkel Neset sin påverknad strekt seg også til stavangerområdet. I Stavanger var det på den tida to markante prestar, Lars Oftedal og Johan Ernst Welhaven (bror til Johan Sebastian Welhaven). I striden som oppstod mellom Oftedal og Welhaven, tok Torkel Neset parti for Welhaven og Welhaven refererte til utsagn frå Torkel Neset.

Berge Furre skriv i Boka si om Lars Oftedal - presten, politikaren, velgjeraren og avismannen: Lars Oftedal kom opp i en hard teologisk disputt med Torkel Torjusen Næset. Oftedal klemde hart til: ”De legge mer Magt paa at forstaa Guds ord med Forstanden end paa at drage næring deraf for Hjertet”. Oftedal påstod også at helliggjørelsen bekymra dei sterktruande lite. Torkel Neset tilbakeviste anklagene, og han kravde at Oftedal også skulle  prenta tilsvaret i bladet sitt, Bibelbudet. Etter nøling gav Oftedla etter og prenta tilsvaret som eit vedlegg til bladet, slik at Bibelbudet ikkje skulle verta forureina, som Oftedal uttrykte det.
Det var harde tak. Torkel Neset vann i første omgang, men saka var ikkje slutt.

I striden med Welhaven klaga Lars Oftedal saka inn for biskopen, som var den velkjende diktaren og eventyrsamlaren Jørgen Moe. Torkel Neset vart dregen med fordi Oftedal henviste til ”sjølvmotseiande” formuleringar om Jesus som sann Gud og sant menneske som var ført i pennen av Torkel Neset.
I følgje Berge Furre visste ikkje biskopen korkje ut eller inn, korleis slike innfløkte spørsmål skulle taklast.
Etter purring frå Oftedal kom svaret frå biskopen, og det gjekk ikkje i Welhaven og Neset sin favør. Berge Furre skriv: ”Det var Torkel Neset som her for med ranglære, ikkje Oftedal. Og det var altså Welhaven som var ute på ein farleg veg.”

Kapplanstriden el. Oftedalstriden i Stavanger pågjekk i åra 1875 – 1879.
I 1893 gav Torkel Neset ut ei lita bok med tittelen ”Om Gudsrikets kamp og seier paa jorden”.
Eg trur ein kan sjå på boka som eit forsvarsskrift, skrive 12 – 13 år etter Oftedalstriden.

Dette var ein liten smakebit av soga om Torkel Neset.
Dei som er interessert i å lesa meir vert henviste til nettstaden http://kjellmsinnes.blogspot.com






                                            ************************************************


Foredrag på Jortveitmøtet 14.03.2016

1. Personopplysningar

Torkel Torjussen Neset 1825 – 1897
Voks opp på garden Neset i Sirdal. Garden ligg på austsida av Sira-elva. i retning aust når ein er ved Svartevatn / Sinnes. Kona, Adlaug, var frå Ousdal. Dei fekk 6 born. Ingeborg Tonette vart gift med Sven Jakobsen Sinnes. Dei er mine besteforeldre på farssida. Adlaug og Torkel er mine oldeforeldre.

På 1700- og 1800-talet vart bygda ramma av misvekst og naud. Det vart t.d. innsamla pengar (300 spd.) i 1852 i Stavanger som vart brukte til å avhjelpa nauda i dalen ved at ein kjøpte inn og leigde ut kyr for 72 sk. i årleg leige pr. ku. I 1860-åra heldt ein fram med innsamling av pengar til kufondet. I 1868 administrerte kufondet 70 utleigekyr. Det var ei vonlaus og vond tid. (Nuland s.42) Per Seland fortel i bygdeboka at første gongen ein høyrer om poteter i Sirdal var i 1788, visstnok i eit notat frå presten. Etter 1814 vart potetene til stor velsigning for bygda.


2 Om oppveksten i Sirdal

Torkel voks opp i ein frilyndt heim. Men katekismeboka, som ungdommane måtte kunna til konfirmasjonen, var i bruk av eldre søsken. Frå desse eldre søskena fekk den vesle guten, som var i førskulealderen, den forståinga at for å koma til himmelen måtte ein kunna katekisma. Då kunne ein bli omvend! Og vegen til omvending og himmelen - den gjekk gjennom det å kunna lesa (Sjå s 88-90). (Forfatterens levnetsbeskrivelse)
Om ungdomstida fortel Torkel at han vart fanga i sjølvrettferdighetens garn. Han var ein ungdom som gjorde rett og skjell for seg, men vart ofte sjikanert av andre unge: «Den hellige Torkel» eller «Den skinnhellige Torkel». Han tykte sjølv at det stod relativt bra til. Han såg ikkje noka spesiell synd i livet sitt. ( Kortspel) Men så vart han stansa av Matt.5,28 hvor Jesus siger: «Hver den som ser paa en kvinde for at begjære hende, har allereie bedrevet hor med henne i sitt hjerte.»

«O, Gud! Nu fik jeg synd nok! –da jeg fik se at den skjulte begjærlighed regnedes for gjerningssynd.» (s. 95-96.)
s.99: «Nu var tiden kommen for Herren at meddele min sjel den forsikrede overbevisning, at mine synder, saa anklagende og truende de end stod over mig med helvedes grufulde fordømmelse, dog selv var fordømt og tilintetgjort i den korsfæstedes kjød (Rom. 8,3), og at jeg af Gud var frikjent fra synd, fra død, fra satans og hans rige, idet jeg ansaaes af Gud i Kristus ligesom jeg aldrig havde syndet.»

Åra gjekk og Torkel Neset utvikla seg til å bli ein betrudd og avhalden mann både i Sirdal og i andre bygdelag. Per Seland s186 I: Torkel Neset var i sin tid en av de mest kjente og avhaldne legpredikanter både i Rogaland og Vest-Agder.

Gamlepresten her i Kvinesdal, Simon Johan Egeland, fortalde meg at Torkel Nesets namn hadde god klang hos dei historieinteresserte i bedehusmiljøet i Kristiansand. Eit bedehus der i byen vart kalla for Torkels bedehus. Han utvikla seg til ein sjølvstendig mann med synspunkt og meiningar i åndelege og dagledagse spørsmål.

Brennevin såg han på som medisin, og han rådde til å ha det i hus. Men ovdrikking var han sterkt i mot. (Historien om naboen vår i Ousdal, Ola Persen Ousdal og avholdspredikanten.) I sine siste år hadde Torkel eit godt samarbeid med soknepresten i Sirdal, Bernt Andreas Lindeland. Han arbeidde for å få slutt på eit altfor høgt forbruk av alkohol.

Torkel var kommunepolitikar og hadde mange tillitsverv i Sirdal gjennom mange år. Dei såkalla kyrkjekyrne vart administrert av presten, men med god hjelp frå folk som kjende bygda, slike menn som Torkel. Og det er grunn til å tru at han hadde ein finger med i spelet med pengeinnsamlingane i Stavanger, spesielt på 1870-talet.

Litt om prestegjeld, kyrkjesokn og formannskapsdistrikt for å feste merksemda på at dei store avstandane i seg sjølv kravde og skapte bygdehøvdingar.

Stavanger bispedømme vart oppretta ved deling av Bjørgvin i 1125.
I 1684 vart bispesetet flytta til Kristiansand og fekk namnet Kristiansands stift. Den 40 år gamle byen fekk titelen Stiftsstad.
1919 skifte ein namn frå Kristiansands Stift til Agder bispedømme. Frå 1925 består dette bispedømmet av dei to Agder-fylka + Telemark.
1925 Stavanger bispedømme vart gjenoppretta.i samband med høgtidinga av at det var 800 år sidan Stavanger vart bispestol. Ein 240 år gammal urett vart gjort god att.

Lund prestegjeld bestod i perioden 1660 – 1741 av desse kyrkjesokna: Tonstad, Bakke, Gyland, Nes og Lund (som det var i katolsk tid).
Bakke prestegjeld i 1741. Prestegjeldet hadde tre kyrkjesokn Bakke, Gyland og Tonstad. Gyland og Tonstad var annekssokn under Bakke.
Sirdal prestegjeld i 1854. Tonstad som hovudsokn. Lunde som annekssokn.

Dette om prestegjeld og kyrkjesokn er teke med for å leia tanken inn på dei store avstandane og at presten ikkje kunne vera over alt. Det kunne heller ikkje lensmannen. Difor var det naudsynt og naturleg at bygdehøvdingar sto fram og hjelpte folk. Ein god attest tykkjer eg det er det Per Seland skriv i bygdeboka: Når Torkel preika på heimstaden (Neset, Tjørhom, Sinnes), då var stova alltid fullsett.
Pengegåva frå Setesdal til kornkjøp.


3. Kva kjenneteikna Dei sterkttruande?

Dei siste 30-åra av 1800-talet var ei brytningstid i kyrkja. Liberal teologi var på sterk frammars og endringar (reformar) i kyrkja skjedde ofte. På 1800-talet sto lekfolket fram med større sjølvstende og tok etter kvart skeia i eigne hender. Ein må sjå dette i samband med bondereisinga og jåbekianismen. Men dei delte seg i mange grupper. I boka si fortel Torkel om korleis han granska desse grupperingane for å bli trygg på kven han skulle slutta seg til.

Frå s. 109 og utover kan ei lesa om beskrivinga han gir dei enkelte trusgrupperingar: Kvekerne, Brødremenigheten, Haugianerne og Lutheranerne.

Torkel slutta seg til Lutheranarane, men til den mest konservative (Lutherske) gruppa i vårt land. Dei fekk tilnamnet «Dei sterkttruande». Og fekk ord på seg for å vera meir lutherske enn Luther; meir katolske enn Paven. Etter mitt syn framsto dei som karismatiske og bibeltruande kristne. Men dei var lite begeistra for nymotens liturgiske påfunn.

Frå Store Norske leksikon:
Sterkt troende, vanlig betegnelse på et religiøst parti på Vestlandet på midten av 1800-tallet. I opposisjon mot haugianerne betonte de troen og rettferdiggjørelsen i stedet for boten og helliggjørelsen og hevdet at «det er umulig for et Guds barn å falle ut av sin nådestand». Deres leder var Knud K. Spødervold (1791-1848). Retningen eksisterer fremdeles i Kristiansand og på Egersund-kanten, vanligvis kalt «lomelendinger» etter sin leder i 1880-årene, Bernt B. Lomeland (1836-1900). Se Samfundet.


4.Frå Lars Oftedals tid som Stiftskapellan i Kristiansand Stift, fortel Berge Furre:

Hausten 1873 var det behov for stiftskapellanen i 4 veker i Åseral.
Berge Furre s166: Det braut t vekking i Åseral i forbindelse med Lars Oftedal. Men han møtte konkurranse. Dei «sterkttruande» hadde sin flokk som kom saman til bøn og oppbygging. Tilhøvet til Oftedal vart tilspissa. Oftedal kom opp i ein hard teologisk disputt med leiaren for dei sterkttruande på dei kantar, Torkel Torjusen Neset, frå Sirdal. Oftedal hevda at det var synd både å bryggja øl og å drikka ølet. Åsdølane sende bod til Sirdal, til Torkel Neset, at no hadde dei behov for hjelp mot denne stridbare presten, som ikkje unte dei ølet.

I følgje Berge Furre møtte Lars Oftedal sin overmann. Dersom Oftedal med klåre bibelord kunne visa dei at det var synd, så skulle dei visa respekt for Bibelen og skikka seg etter det som skrive står. Men dersom det var påfunn av menneske, då ville dei stå frie til å vurdera det sjølve. I bygda vår gjekk det ei herme etter Torkel: «Det er synd å drikka seg fodle, men det er gale å ikkje ha brennevin i huset. Men var ein først komen på kant med Lars Oftedal, la han seg visstnok dette på minne til seinare vegkrossingar. Vi får eit glytt inn i striden ved å lesa Oftedals menighetsblad «Bibelbudet».

I september 1873 fekk Oftedal eit brev frå «Tre ukjende Brødre». Brødrene klaga over vranglære hjå dei sterkttruande. Dei bad om at han utdjupa utfallet han hadde hatt mot dei om sommaren då han hadde vitja Åseral.

Oftedal klemde til og la ikkje fingrane imellom: «De lægge mere magt paa at forstaa Guds Ord med forstanden end paa at drage næring deraf for Hjertet…om Livets Helliggjørerlse bekymre de sig lidet… Nød, Nødraap, Taarer, Anfektelse, Angst m.m., som pleier at høre med til alle sande Kristnes Erfaring, det omtale de med stor Foragt og kalde det Loviskhed, Trældom osv., og raabe kun Tro, Tro, som de altid have nok af». Han hevda at dei for med mykje rang lære. Han hevda at dei meinte at dåpen ikkje var noko «Igjenfødelsesmiddel», «at Jesus har paataget sig vor syndige Natur», at fråfall og fortaping «er umulig for de virkelig igjenfødte Guds Børn» og at dei var imot heidningmisjonen.

Berge Furre fortset (s 166): Men så skjedde noko som Oftedal ikkje hadde venta, sidan han rekna Bibelbudet som si personlege brevveksling med gode vakte vener:

Torkel Neset sende eit svar og kravde at det skulle prentast i Bibelbudet! Det vegra Oftedal seg for å gjera. Han meinte at det ville forureina bladet hans. Oftedal venta lenge, men måtte til slutt gje seg: Svaret frå Torkel Neset, som var skrive 1. desember 1873, vart prenta som vedlegg til Bibelbudet i april året etter! (Bladet kom ut kvar veke.): «Jeg kan nemlig ikke lade Bibelbudet selv blive et Stridsblad.» Men det stod ikkje til å nekta at det var Oftedal som hadde opna striden med temmeleg uvøren skrivemåte (i nettopp Bibelbudet).

Torkel Neset, som var leiar for «Samfundet» i Sirdal (og hadde stor innflytelse mellom Stavanger og Kristiansand), viste Oftedals åtak tilbake: Visst var dåpen eit «Igjenfødelsesmiddel» for de små! Og han hadde ingen høgare «Bestræbelse» enn «Helliggjørelsen», og det var «Løgn» at dei hånte «Anfektelser og Angst». Der Oftedals kritikk råka betre, vrei Neset seg unna med fikse seiemåtar. Og han kravde at Oftedal skulle svara.

Svaret kom i det same vedlegget: Han ville slett ikkje vedgå at han skaut over målet, eller «bomma på målet», som er den klassiske definisjonen av synd. Kritikken råka nok dei rette sterkttruande sjølv om Neset kjende seg fri. Og han meinte at dei sterke ikkje aktivt støtta heidningemisjonen. Der Oftedal stod svakt, visste han å dekka retretten sin i ei skodde av spissfindige formuleringar. Mei debatt ville han ikkje ha. Dermed gav han seg sjølv siste ordet.

Den store kapellanstriden i Stavanger 1875-1879.

I boka om Lars Oftedal skriv Berge Furre s. 223 –ff: Stavangers embetspresteskap var ein noko fargelaus flokk av ikkje altfor ruvande menn. Men ein ein av dei lyste over dei andre:Johan Ernst Welhaven (1818 - , residerande kapellan til St. Petri. Han kunne by Oftedal motstand, og han var ein verdig motstandar. Fargerik, kunnskapsrik og glødande av natur. Kunstnarsinnet delte han med den eldre broren, diktaren, Johan Sebastian Welhaven (1807-1873) (Henrik Wergeland (17. juni 1808 – 12 juni 1845) Ofte kom det dikt frå Johan Ernst Welhaven i Stavangeravisene. Welhaven gav også ut bladet «For Fattig og Rig». Welhaven vart Oftedals motpol i ein tvikamp om om det religiøse hegemoniet i byen. Då Oftedal stod sigrande att og såg Welhaven dra frå slagmarka, var byen blitt annleis. Det religiøse tyngdepunktet var ikkje lenger Domkyrkja og prestane, men bedehusa og lekfolket kring Lars Oftedal. Og Stavanger var blitt venstre-byen med embetsmenn og gamle handelshus på vikande front. Den politiske endringa var like synleg som den religiøse.

Kvar er dei sterkttruande i dette bildet?
Torkel Neset tok parti med Johan Ernst Welhaven. Og i følgje Berge Furre henviste også Welhaven til skrift frå Torkel Neset. Noko som Berge Furre sa at irriterte Oftedal: Det var teologisk lågmål av ein prest å henvisa til lekfolk!

s.235: I striden i Stavanger mellom Oftedal og Welhaven, som eigentleg var ein kamp om det kristne hegemoniet, leiarskapet, i byen, pågjekk det ein kamp mellom dei to partane i åra 1875 til 1879. Då stod Oftedal sigrande att og såg Johan Fredrik Welhaven dra bort frå slagmarka, der uendeleg mange avisartiklar og publikasjonar, Bibelbudet (Oftedal) og Kirkebudet (Welhaven), låg att på valplassen.

Sluttstrek og punktum for striden vart sett ved at dei gjensidig skulda kvarandre for vranglære. Kvar av dei hadde sine leke tilhengjarar. «Kaninane» støtta Oftedal. Welhaven fekk stytte frå overklassen og mengda av mellomklassen i Stavanger. I tillegg fekk han stytte frå Torkel Neset og Dei sterke. Ein parentes: Då Welhaven kom til Stavanger på 1860-talet, starta han ein måtehaldsbevegelse mot misbruk av alkohol.

Biskopen, Jørgen Mo, prøvde å ta midt på treet og gav ris og ros til begge kantar. Berge Furre skriv s.236: «Men han måtte gi Oftedal rett i hovudsaka- inkarnasjonen: ‘Forskjellen mellom Herrens Kjød og vort er den, at hans Kjød er uden Synd, altså ikkje syndigt.’ Skulle ein gå ut frå noko anna, ‘vilde vor Frelse ved ham været umulig.’ Det var Torkel Neset som her for med ranglære, ikkje Oftedal. Og det var altså Welhaven som var ute på ein farleg veg. Og biskopen kravde at Welhaven / Neset skulle offentleg tilbakekalla klagemåla mot Oftedal.»

Welhaven forlet Stavanger som ein slagen mann. For Torkel Neset fekk det lite og ingenting å seia, anna enn at det fekk positive ringverknader i Sirdal. Bispen hadde åpenbart ikkje forstått kva Torkel meinte, og likevel stempla han som vranglærar.

Det som skjedde i Agder og Rogaland, er lokale uttrykk av ein teologisk strid som gjaldt heile landet. I 1853: Indre Missions-foreining i Skien, 1855: Oslo indremisjon, 1868: Den norske lutherstiftelsen og Gisle Johnson gjekk pga. nødsprinsippet med på at lekfolk kunne forkynna.

Lekfolket skydde grundtvigianismen som framheva på bekostning av omvendinga at «kyrkja» er dei som er kristeleg døypte og som bekjenner den kristne trua. Dette meinte Gisle Johnson at: Dette er halvt katolsk, uluthersk og ubibelsk.
Johannes Ording: Dåpen var et teikn på nåden.

Sluttord om verksemda i Sirdal.

Torkel drog rundt i Sirdal og forkynte ordet. Det var vanleg når han kom til eit hus der han skulle halda møte, at stovebordet vart skuva frå midt på golvet og bort til ein vegg. Torkel sette seg på bordet med ryggen mot veggen og heldt preike. Folk sat på benker og krakkar rundt bordet og lytta til denne bygdemannen som så kunnig utla Guds ord.

Preika varde sjeldan så kort som ein time, men han talte gjerne i to timar. Talen vart gjerne stykka opp med songvers.

På 1890-talet kom B. A. Lindeland til Sirdal som prest. Det utvikla seg til eit nært venskap og samarbeid mellom Lindeland og Neset. Og Lindeland fekk sterk støtte av Torkel i sitt arbeid mot alkoholmisbruk.

Oskar Handeland skriv i boka «Vårløysing» at dei Sterkttruande likte seg best når brennevinsflaska vart send rundt i stova. Men eg trur nok at det som prega deira omgang med alkohol var måtehaldslinja.

Det vert fortalt at kommunestyret diskuterte om dei skulle ta i bruk P.A. Jensens lesebok i skulen. Torkel var lite begeistra. Der var teikningar som viste at jorda var rund. Der var visstnok også skrive at det var likskaper mellom menneske og dyr. Torkel sa frå om at han ville stemma nei. Andre prøvde seg med «at der er då også mykje godt i boka!» Torkel sin replikk var dette: «Viss du sede og ede med ei gode skål med dravle (skilt) framføre deg, og du så finne ein lorteklump. Då er det meste som du ikkje fær (får) lyst på meir». P. A. Jensen vart ikkje vedteken. Men i 1860-åra vart ho innført i skulen av Kyrkjedepartementet.

Dei sterkttruande i Sirdal (kanskje også i dei indre bygder på Agder) heldt fram som ei gruppe innan kyrkja. Dei slo ikkje i lag med dei i Kristiansand og Eigersund som i 1890 stifta sitt eige trussamfund, dei såkalla Lomelendingane. Ei vekkjing i Sirdal kring 1. verdskrigen assimilerte dei sterke i den bygda.

Boka av Torkel Neset er tilgjengeleg på mi heimeside: http://kjellmsinnes.blogspot.no


Litteratur:
Thorkild T. Næset (1893): Om Gudsrigets kamp og seier paa jorden
Berge Furre: Soga om Lars Oftedal, Det norske samlaget
Bygdeboka for Sirdal bd.I
Kjell M. Sinnes: Tonstad kyrkje, 150 år i år 2002


Kvinesdal 05.03.2016

Kjell M. Sinnes