tirsdag 12. april 2011

Stølslivet i Sirdal



Stølslivet slik eg opplevde det

                  Stølslivet slik eg opplevde det heime i Sirdal


Kjære barnebarn.

Hanna Marie, Svein Tore, Ådne, Kristina, Torkel, Jøren Ådne og Sondre


Eg har lyst til å fortelja dykk korleis stølslivet arta seg i mi barndoms- og ungdomstid – slik eg minnest det.

Ut i den store verda

Første gongen eg var på stølen, var eg sju år. Bror min Sven hadde vore heime med helga for å proviantera og for å slipa ljåane; Jednane som det heiter på dialekt. Vi brukte mange jedna i løpet av ei veke, forstår de. Og vi hadde ikkje slik ein stor, rund slipestein, som vart driven med vasskraft, på stølen. Difor måtte alltid ein  av dei vaksne heim og slipa ljåane på laurdagane.

Under ein slik helgetur vart det bestemt at eg skulle få vera med Sven til støls, til Surtekvæv, for første gong. Dette var i 1945. Eg vart, som sagt, sju år den hausten.
Dei som var att heime, var mor mi og småsystrene, Erna og Karen. Det å reisa til støls var ikkje noko for småungar.

Det eg hugsar best frå min første stølstur er kor useiande trøytt eg vart. De veit jo at det er langt å gå frå Kaldebekk til Surtekvæv. Og den gongen måtte vi først gå heimante Ousdal og opp til stemmen. Der låg pråmane. Den tre km lange roturen enda under Sagebakken; likeved Sagefossen. I gammal tid, eg trur det var på 16 og 1700 talet, var det der ei sag som saga planker.
Så tok den 6-7 km lange turen inn til Surtekvæv til. Eg hugsar enno at eg tykte det var eit kav det at Sven skulle springa att og fram i Halheia og leita etter molter. Det gjorde det ikkje betre at han gong på gong sa at no var det berre att eit lite stykke.
”Eit lite stykke” er nok noko heilt anna for eit sju år gammalt barn enn det er for ein 24 år gammal mann.
Men langt om lenge såg vi ei hytte. Vi gjekk over nokre våte myrar. Der var lagt ut bordfjøler til å gå på. Kvar trur du no vi er, Spurde Sven? Det gjekk som ei krisling gjennom heile meg - dette var Surtekvæv! Den forjetta staden!

For ei høgtid å koma på stølen og møta att Pappa, Ingeborg, Thom og Jarleiv. Og tenk å skulla både eta og sova og koka i same rommet – klart det var stas!
Og der var veggfast skap og kjøkenbenk – det hadde vi ikkje heime!

Men stasen fortok seg ein smule når kvardagen kom. Eg var ikkje frakta til støls berre for å gå på stas, det forstod eg snart. Mi oppgåve skulle vera å gjeta kyrne, iallfall halda meg i nærleiken av dei og passa på at dei ikkje byrja å stanga i høystakkane. Skjedde det, måtte eg få dei vekk med ein gong, eller gjera anskrik, slik at dei vaksne kunne koma til hjelp.
Men heia var stor, og kvar var no eigentleg dei vaksne! henne? Uhygga låg på lur.
Men det gjekk godt, og etter denne eine veka mi flytte vi heim.

For ei oppleving det var å koma på Kleiveberget og sjå ned og heim på Ousdal! Eg trur eg veit korleis Nansen kjende det då han hadde gjenge på ski over Grønland og kom ned til Vestbygda.





Vi var på stølen for å samla vinterfor til dyra  

                               Jarleiv og Thom har sett opp ein høystakk. Dei har alltid vore to utifrå flinke karar.

Stølslivet i Sirdal var noko heilt anna enn seterlivet på Austlandet. Der var dei på setra for å utnytta dei gode fjellbeita – for å produsera ost og smør. I Sirdal var vi på stølen for å samla vinterfor til kyrne og sauene.

Vi hadde, rett nok, nokre kyr med oss. Men det var for å kunna bruka mjølk så mykje vi ville.
Og mjølka var feit og god. De skulle ha kjent dei romekodlene /rømmekollene Ingeborg laga til! Det var mat for mons! Litt rome vart også sett til sides så vi kunne ha nykinna smør – gult og godt.

Men det heile gjekk ut på å slå høy. To menneske, ein slåttekar og ei rakstejenta, kunne slå og setja opp i stakk eit lass til dagen.

Dette avsnittet tok til med eit bilde som viser Jarleiv og Thom og ein høystakk dei har sett opp.
Å stekkja ein fin og god stakk var ein kunst. Familien Sinnes var kjend for å laga store, gode og fine høystakkar. Ein god høystakk: Det vil seia at stakken var sett opp slik at vinden ikkje fekk tak i han og reiv han sund. Han måtte også vera sett opp slik at regnet ikkje fekk trekkja inn i høtet og øydeleggja det.
Høyet vart køyrt heim til garden om vinteren med hest og slede. Ein høystakk som de her ser, var eit hestelass.

Viss de finn dei store steinane de ser i bakgrunnen, kan de slå nøyaktig fast kor stakken stod – i heimre kant av Dridardalen.

Dette bildet viser heimkøyring av høy. Det er dei same to gutane, Thom og Jarleiv, som har
lest høy på Kartemyrane.

Bildet er teke på Gamle Gautstøl. Denne vinteren låg Sven, Thom og Jarleiv i Surtekvæv og hogg ved for sal. Veden køyrde dei om Løkjedalen og Raudåheia til Solheim, Raudåstøl som garden heitte før 1903. Viss eg ikkje hugsar feil, hogg dei 83 famnar ved den vinteren. Og hugs på at motorsag var ikkje oppfunnen då. Det var bogesag og øks som var reiskapane for ein skogskar.

Lat meg også nemna ein ting til. På bildet ser de den stupbratte (kvite) bakken ned frå Øvra Hedletona. De ser han øvst til høgre på bildet. Den bakken køyrde far min ned med hest og høylass! Eg veit ikkje om nokon som har gjort det verken før eller seinare! Oldefar dykkar var ein utifrå flink køyrekar, og han hadde ein særs sterk og god hest – den kvite de ser på bildet.

Dette med hest og køyrekar. Eg hugsar godt frå min barndom/ungdom at dei andre mennene i Ousdal stod og ”lurte” i middgjevet og ”venta på at Ådne skulle dra til skogs”. Så kom dei etter i oppkøyrt braut. Og der han hadde køyrt på isen, der våga dei andre seg også utpå – så vidt det var.

Ein ting til om det førra bildet. Til høgre på bildet ser de ei høyløa. Men dersom ein ikkje hadde slike høyløer, måtte ein altså settja høyet opp i stakk. Ei løe romma gjerne 2 – 3 lass.

Vi slo til vanleg om lag 40 lass i skogjen.
I ein høystakk var det 9 -12 byrar. I ei byr var det 4-5 fengjer.

Litt om stølane i Ousdalsdalen

Gamle Gautstøl var ein av hovudstølane i Ousdalsdalen før utskiftinga av marka, som fann stad i 1929. Det at det var ein hovudstøl, vil seia at fleire bruk hadde sine stølshus der, ei stølsgrend. Andre hovudstølar var Kaldebekk og Vigje. Etter utskiftninga av marka, vart stølshusa flytte ut til dei respektive teigane. Surtekvævhytta vart t.d. flytta frå Vigje og til Surtekvæv. Den hytta vart forresten kalla for kyrkja. Kanskje det kom av at det var ei etter måten stor og fin hytte?
Men kanskje namnet kom av noko anna: Ein summar mot slutten av 1960-talet skulle Berit og eg og ungane skifta kledning på ein del av hytta. Då vi tok ned den gamle kledningen, kom eit stort raudmåla kors tilsyne på tømmerveggen. Korset er på den veggen som vi trur vende mot nord då hytta stod på Vigje. No er det den veggen som vender mot aust.

Lat meg nemna dei ulike stølane i Ousdalsdalen. Dei første ein trefte på heimante garden, låg i indre enden av Ousdalsvotna. På nordsida av vatnet og Sagåna låg Vigje.

                      
   
                Dette bildet av Karen, Randi Netland, Anna Ousdal, Ingeborg og Erna ser de Vigje i bakgrunnen.
                Jentene står på Legå. I det mørke fjellet i bakgrunnen kjem tunnelen med Sira inn i dag.

På sørsida hadde vi Vigelega eller berre Legå, som vi sa. Vigje var stølen til Salvane, som Ola og Torjei Salvesøner vart nemnde. Torjei og Ola Salvesen. Desse to bruka eig Torleiv og Tor Ousdal i dag. Eg minnest berre ei hytta på Vigje, men det var ei gammal hytte med eldstaden midt på golvet. Før mi tid var det åre og ljore i den hytta. Eg hugsar berre at der var ein liten omn som stod på sjølve åren.
På Legå var der to stølar, ein heimanfor og ein på innsida av bekken som kjem ned or Vigeheia. Desse to stølane tilhøyrde Tarjei Olsen og Tarjei Persen Ousdal. I dag er eigarane Tormod og Samuel.
Begge desse stølsplassene står no under vatn. Men Samuel og Olaf flytta hytta opp på ei høg ufs. Der står ho i dag på odden mellom Lomstjørn og Ousdalsvatnet.

                    

Så kjem vi inn til Kaldebekk, den heimre stølen vår. Hytta vart ikkje sett under vatn av Sira-Kvina, men far min og Thom og Jarleiv hadde dyrka opp mange mål.  20 – 30 mål førsteklasses jord til å produsera høy på, vart sett under vatn. Jord som kunne pløyast og verta slege med traktor.

Dette med å dyrka opp på Kaldebekk var noko som kom i staden for å slå i uteslåttene. På nybrotet der fekk vi svære avlingar. Og graset vart tørka på hesjer. Så det var ein mykje sikrare måte å få for på enn å fara rundt i utmarka.

De veit sikkert alle kor de kan sjå håndsteinane /hjørnesteinane til den store høyløa på Kaldebekk - i haugen ut mot Lomstjørn,

Mormor/farmor Berit har også vore med og slått på Kaldebekk.

           

                Bildet viser Jarleiv ved ein stor stein vi skaut vekk. Vi skaut han på den måten
at han blei delt opp nesten som ei bløtkake. Så kunne desse stykka køyrast vekk.

Betalinga eller erstatninga ved Sira-Kvina-utbygginga var skral. Og styresmaktene har gjort det så ”visleg” at beløpet vert regulert kvart 20 år. Inflasjonen sørgjer difor for at verdien av det vesle vederlaget ver redusert ganske fort. I gammal tid var Kaldebekk ein hovudstøl med mange hytter.         

                                           Eg og far min treivst godt i lag på Kaldebekk. Det var stas for Oldefar å få
                                           ei ung og vakker svigerdotter Berit til hjelp på stølen.


Rundt Myrstøltjørnet ligg det fire stølar: Kvæven – Karsten Ådneram, Listøl – Jøeren-Ola Ousdal, Middstøl – John Magne Ousdal og to stølar på Myrstøl som høyrer til Georg Ådneram og Torleiv Ousdal.

Fossbrotet – Odd Kvinen er den neste stølen. Nesefolket hadde berre ein støl.

Ved Gautstøltjørnet(a) var det i mi tid tre stølshytter: Salvane / Torleiv Ousdal sin støl ved den vesle heimre debelen. Gunrane (Georg Ådneram) og Torkjel / Torleiv Ousdal sin støl ved heimra Gautstøl tjødnet. Gunnarsfolket flytte på 1950-talet sitt hus (attende?) til Gamle gautstøl. Hytta vart så seld frå garden.
Torkjel sitt hus står enno på dei gamle tuftene, men ho vart seld til Helge R. Myhre / Eva Myhre.

Gamle gautstøl har eg nemnt.

Så kjem den indre stølen vår, Surtekvæv.

                      
                                         Fiske i Gautstøltjørnet betydde svært mykje for oss når vi var på stølen. Dette
                                         måtte også bestemor Berit vera med på etter at ho kom inn i bildet.

I Storekvæv hadde Tarjei Persen / Samuel sin indre støl. Den hytta er no borte. Og i Tverrli låg den indre stølen til Tarjei Olsen / Tormod. Hytta vart seld frå bruket på 30 el. 40-talet.

På nordsida av Vardetjørn hadde Krist / Jøren / Karsten Ådneram sin indre støl. Hytta er selt frå bruket. Det er den hytta som ligg noko åleine midt på nordsida av vatnet.

                                           
                                              Bestemor Berit med kløvhest i unge dagar.

Som gjetargut på stølen

I dei følgjande åra var eg fast gjetargut på stølen.
Gjetaren hadde i hovudsak ansvar for to ting: At kyrne ikkje reiv sund høystakkane og at dei ikkje gav seg på heimveg. Då vart dei ikkje stansa av noko gjerde før dei kom til Kaldebekk.

Det kunne vera langsame dagar å rusla etter kyrne frå morgon til kveld. Men dersom dei andre slo i nærleiken, kunne eg gå frå kyrne og vera i lag med dei andre lange stunder. Særleg galt det når kyrne tok middagskvilda si.
Og dersom dyra gjekk roleg og beitte på stader der ein kunne sjå dei frå slåtteteigen, var det inga sak. Då kunne eg vera i lag med slåttefolket.


     Ingeborg er i gang med molkinga. Maken til fine kyr – og så snille.
           

Men det kunne skje, særleg utpå sommaren, at kyrne gav seg til å eta sopp. Uttrykket for det var at ”kyrne søppte”. Då sette dyra halen rett til vers og sprang i alle retningar og leita etter sopp. Dei frøste i nasen og oppførte seg som dei var galne. Når kyrne slik sprang i alle retningar, då var gode råd dyre for gjetaren. Eg sprang meir enn ei gong og gret og var redd. Råda var som regel å få hjelp av Jarleiv. Og det hende at han måtte like til Kaldebekk etter beista. Forbanka kyrepelsar!!
Frå Surtekvæv til Kaldebekk er det ei halv mil.

Lat meg nemna ein ting til før eg forlet dette med gjetinga. På varme dagar sette gjerne kyrne kursen mot indre enden av Gautstøltjørnet når det leid mot 12-tida og middagspause. Det kunne vera gode stunder. Då vassa dei gjerne ut i vatnet så langt at vatnet stod oppunder vomma. Slik kunne dei stå, gjerne ein halv time og meir, før dei vassa i land og la seg for å slappa av.
Slike stunder kunne eg spikka fløyter, fiska, bada eller gå til slåttefolka. Dei sa gjerne til kvarandre at no høyrer eg ”plistraren” kjem. Eg hadde lært meg å plystra.
Dette med plystringa kunne nok også vera for at eg sjølve skulle høyra ein lyd. I skogen kunne det vera uhyggeleg stilt. Så i blant var eg nok på kanten til å vera skogsredd. Og plystringa hjelpte på einsemda og uhyggekjensla.

Ein plass likte eg ikkje å gjeta, eller følgja etter kyrne. Det var når dei tok vegen slik at vi kom i nærleiken av Skrigarhølen. Den hølen er i åna eit par hundre neter nedanfor der bekken frå Gautstøltjørna møter Ousdalsåna. Tarjei Persen hadde nemleg opplevd noko der som eg tykte var forferdeleg uhyggeleg. Tarjei fortalde: ”Ein gong eg gjekk og fiska medan vi var på stølen, kom eg til den fine høen i heimer kanten av Surtekvæv. Der beit det på noko forskrekkeleg tungt. Stonga bøydde seg som ein klave. Men etter kvart kom det eg hadde fått på kroken  opp, og då viste det seg å vera eit badn; og det skreik så det gjekk gjennom marg og bein! Eg hadde så ny og god ein fisketaum. Den ville eg ikkje mista for nokon pris, så eg tok kniven og bøygde meg neg så langt eg kunne – så kutta eg taumen.”
Etter den hendinga fekk hølen namnet Skrigarhølen med Surtekvæv. Det er nemleg ein Skrigarhøl heime i Ousdal også.

Som vaksen forstod eg at slike soger og namn som dette, hadde sin misjon i å halda borna borte frå badeplasser der dei vaksne ikkje kunne halda augo med dei.

Jarleiv har gjort meg merksam på når han har lese dette, at Skrigarhølen ikkje er den hølen eg har nemnt. Det er den hølen i Heimre-åkroken som åna fossar ned i når ho renn ned frå Finnane. Men eg trur at Ingeborg i forteljinga si om Tarjei Persen like godt flytta Skrigarhølen inn til ein høl eg visste om, og som for meg vart Skrigarhølen, slik at eg som 7-8 åring ikkje skulle gå dit. Eg sette i allfall ikkje mine bein der utan i følgje med vaksne.
Ola T. Ousdal (Ola bortafor) fortalde forresten no i sommar (2004) at soga til Tarjei Persen opphaveleg var slik: Han fiska i hølen der elva fossar ned frå Finnane, i Skrigarhølen. Der dannar det seg ei fin bakevja når det er godt med vatn i åna, og i slike bakevjer er det alltid godt å fiska. Brått fekk han sjå noko som låg og sveiv i hølen. Han stivna all i gjennom då han såg at opp av vatnet stakk ei lita barnehand som vinka (kom-bevegelser) til han.                                                                                                                                                                                                        (Ola hadde nå den teorien at det kunne vera ei trerot som hadde kome drivande, låg og duppa i vatnet med ein rot- elle greinstump over vatnet, og som ollane i hølen fekk til å sjå ut som vinkerørsler. Men det er sjølvsagt berre ein teori.)


Bildet som står endanfor, er frå ein søndag i 1947. Pappa og eg drog av garde til støls alt på søndagen. Dei andre kom etter på måndagsmorgonen.
           
           
I kløva hadde vi mesteparten av maten vi trong for tre veker i tillegg kom sengklede og andre
ting så langt vekta tillet. Eg synest å hugsa at ei slik kløv ikkje skulle vega over 70 kg.

1947 Matpause. Maten som vi hadde med oss i slåtå (på slåtteteigen) var eit spann eller to med graut og minst eitt spann med mjølk. Denne sommaren reiste Sven, den eldste bror min, til Amerika for å studera.

På bildet ser de: Ingeborg f. 05.04. 1923, Thom f. 18.03. 1931, Sven f. 15.08. 1921, Erna f. 20.11. 1942, Kjell f. 05.10. 1938, Karen f. 20.02. 1940, Ådne 20.07. 1897 – 17.06.1974, Jarleiv f. 08.06. 1933.
Fotograf må ha vore mor vår, Tonette Amanda 28.09. 1898 – 22.08. 1984.

Slåtegrauten åt vi i slike blekkboksar som de ser oldefar held i handa. Dei var kjekkare enn skåler. Dei var lette og dei vart ikkje knuste.
Etter grauten hadde vi gjerne ein god middagskvil. Vi trong å kvila, og høyet måtte tørka før vi  bar det saman enten til høyløene eller sette det opp i stakk. Det vanlegaste var å stekja høyet (setja det opp i stakk).

Stølslivet var hardt arbeid, men det var ikkje berre slit. Vi sette regelmessig garn i Gautstøltjørnet for å få fisk til middag, og for å ha det moro. Garnsetjinga vart elles ofte kombinert med bading. Fisken i Gautstøltjørnet er spesielt velsmakande. Feit og fin og raud i kjøtet som han er.
Enkelte kveldar rusta vi oss ut med stenger og makk og gjekk til Løgjetjørna og fiska. Det er også ei spesielt god fisketjørn.

Men skulle vi få retteleg stor og fin fisk, måtte vi inn i Stora Kviheie. Det var helst onkel Thom og eg som i blant var der og fiska. Der har eg ofte fått fisk mellom to og tre kilo.
Dokumentasjonen er dette bildet.

           
                                                 Thom – ein stolt fiskar.

For at de skal få sjå korleis ei slik høyløe kunne sjå ut, har eg med eit bilde av ei slik løe. Eg trur denne løa er frå Løgjedalsstølen på Kvæven. Det var der mor mor mi var frå.
           
                                                    Høyløe

Dette vart litt av kvart om stølslivet i Ousdalsdalen i gamle dagar – for 50 – 60 år sidan.
Til slutt kjem to bilder av Mormor/Farmor og eg.    
                  
                       
                                       Mormor/Farmor Berit og Morfar/Farfar Kjell i yngre år (1959).
                                                 Bildet er teke på Kvæven ca 1960.  Bildet nedanfor er av frå 2003.

           
                                                 
           
                                 Beste helsing til alle frå Bestefar Kjell og Bestemor Berit

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar