fredag 10. februar 2017


Tankar omkring kristen (luthersk) forkynning
Mennesket i paradishagen.
Kjell Arild Pollestad sa i si tid kloke ord om begrepa «historisk fakta» og «myte»: Myten og historisk fakta er sanningar på ulike plan. Den historiske sanninga fastslår kva som skjedde på eit bestemt tidspunkt i historia. Den mytiske sanninga formidlar noko som framleis gjeld, og som gjentek seg. Myten forklarer kvifor virkeligheten er slik den er, kvifor den forbodne frukta framleis har ei slik tiltrekkingskraft på oss menneske at vi igjen og igjen gir etter for trongen til å plukka ho. (Fritt sitert etter K. A. Pollestad.)
Eg synest at ovannemnde sitat kasta eit konturskapande, skarpt og tankevekkande lys over situasjonen i Den norske kyrkja. Den forbodne frukta – å rangera eigne meiningar og idear som den høgste visdom og å ikkje vera bunden av Guds ord i Bibelen, gi etter for homosex og vigsling og velsigning i kyrkja av homofilt samliv og å kapitulera for det som i tida er politiske motesaker etc. - virka så forlokkande på leiarskapet i kyrkja at dei fylgde Adam og Eva i deira aktivitet. Dei let seg sjarmera av Djevelens intellektuelle fundering: «Har Gud verkeleg sagt?» --- eit framifrå «tre» sidan det «kan gjera ein klok».

Nok eit sitat frå Pollestad: «Syndefallsberetningen er en fortelling om menneskets overtredelse av livets lover, med døden til følgje.»

At denne forteljinga er så lite brukt i preiker som tilfellet er, det kan ein berre undra seg over. Det er jo ei beskriving av vår situasjon som menneske til alle tider.

Gud vår fiende som krev godtgjersle eller sonoffer.
I Matt 10,1 og 10,8 og Mark 16, 17-18 kan vi lesa om det som skal kjenneteikna dei som trur.
Og det er vel også forkynnaroppdraget kort formulert.
Forkynninga i lutherske samanhengar synest eg ofte kretsar om kjernebegrepa i vår teologi på ein slik måte at ein viktig del av sanninga i bodskapen vert fordunkla. Eg vil seia at det vert overfokusert eller overeksponert på begrepa synd og nåde og at Jesu gjerning opna den blokkerte vegen til Gud. Går det an? spør du. Ja, for så vidt som at viktige oppdrag i formidlinga av evangeliet (av plasshensyn?) vert nedprioriterte. Det som er i tankane mine, er bøn for sjuke og helbreding, tungetale og profetisk tale. Dette er sentrale emner både i evangelia og i breva, og bør difor vera ein viktig og sjølvsagd del i forkynnar- og møteverksemda vår. Eg trur også at Guds lovnader til fedrane og til Israel og endetida er tema som får for liten merksemd i forkynninga. Jesu siger over Djevelen og vondskapens rike, og kva dette betyr for oss i dag, er eit emne som må fram i lyset! Det er vel ikkje slik at Djevelen fortset med si gjerning relativt uforstyrra av oss kristne? Stikkord kan vera mishandling av barn, valdsinnslag i underhaldning både for barn og vaksne, plaging, baktaling og mobbing, nettverk som organiserer og distribuerer vald og øydelegging av menneske, eldåtil av små barn.

Løysepenge: Frikjøpt og utfria.
Er det ikkje slik at frelsesverket har to ledd: 1)Frikjøpt og fria ut frå mørkrets makt, frå djevelens velde og 2)av Gud gitt tilgjeving for syndene og sett inn som ny skapning i Kristi rike? I forklåringa til 2. trusartikkelen seier Luther det slik:  «Eg trur at Jesus Kristus er min Herre, sann Gud, fødd av Faderen frå æva, og sant menneske, fødd av Maria møy. Han har atterløyst meg, fortapte og fordømde menneske, frikjøpt og frelst meg frå alle synder, frå døden og djevelens makt, ikkje med gull og sølv, men med sitt heilage og dyre blod og med si skuldlause liding og sin død. Dette har han gjort så eg skal vera hans eigen, leva under han i hans rike og tena han i evig rettferd, skuldløyse og sæle, liksom han er oppstanden frå dei døde, lever og råder i all æve.»

I brevet til Kolossarane 1, 11ff skriv Paulus:  «Og med glede skal de takka Far, som gjorde dykk i stand til å få del i den arven dei heilage får i lyset. For han har fria oss ut frå mørkrets makt og ført oss over i riket til Sonen, som han elskar. I han er vi frikjøpte og har fått tilgjeving for syndene.»  Her beskriv apostelen med få ord kva frelsa består i. Alt er av Gud!
I Mark 10,45 og i Matt 20,28 seier Jesus dette: «Menneskesonen er ikkje komen for å tenast, men for å tena og gje sitt liv til løysepeng for mange.»  Løysepenge er eit sentralt evangelisk begrep. Men det er vel ikkje Gud som krev og har behov for ein løysepenge?! Han framskaffa det middelet, den løysepengen som kravdest for å frigjera menneskeheten som hadde vendt Gud ryggen.
Vi menneske var tekne til fangar og gjorde til trælar under vondskapens fyrste og hans åndehær, og vart utfria frå hans helvete ved hjelp av Guds løysepenge. Dette fordi vi alle har late oss sjarmera av Djevelens tankeangrep: Har Gud verkelig sagt?!

Kvinesdal 04.02.2017

Kjell M. Sinnes

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar